6 mill. til TOPP Idrettsutvikling
Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) vil bruke 6 millionar på prosjektet TOPP idrettsutvikling for ungdom 16-19 år. Dette er eit samarbeid mellom SSF og Sogn og Fjordane idrettskrins (SFIK). Prosjektet skal gjennom lokal oppfølging vere med på å styrke aktivitets-, kunnskaps- og kompetanseutviklinga i idretten i Sogn og Fjordane.
Idrettsungdom og klubbar frå Sogn og Fjordane skal få høve til utvikling i kompetente fagmiljø i fylket. Tett, lokal oppfølging på høgt nivå er sjølve nøkkelen til utvikling og framgang. Sparebanken Sogn og Fjordane og idrettskretsen ønskjer i endå større grad å legge til rette for at enkeltindivid og klubbar kan ha moglegheit for god utvikling. Dette utan å misse banda og tilknytinga til heimstaden sin.
Klubbar med lovande utøvarar i aldersgruppa 16-19 år som har ein vidaregåande skule i nærleiken, får tilbod om jamleg tilgang på ny kunnskap om trening og idrett. Dette vil vere kunnskap på generell basis som styrketrening, spenst, uthald, motorikk, kost, motivasjon og liknande. Denne kunnskapen er detIdrettssenteret i Sogndal som skal stå for. Ein tilsett prosjektleiar vil vere den som samordnar dette arbeidet og syter for at kunnskapen kjem utøvarane og klubbane til gode.
Prosjektet skal inngå i eit samarbeid med 3 klubbar hausten 2008, der dei 3 regionane i fylket er representert (Nordfjord, Sunnfjord og Sogn). Det er eit mål å auke omfanget med 1-2 klubbar kvart år framover. Val av klubbar vil skje i samråd med idrettskrinsen og kvar enkelt særkrins.
I 2008 er det Førde Volleyballklubb, Kaupanger Idrettslag og Team Statkraft Nordfjord skiskytingsom er plukka ut.
Sparebanken Sogn og Fjordane og SFIK tek med TOPP prosjektet initiativ til å legge til rette for at endå fleire utøvarar kan utvikle seg, og prestere godt i sin idrett – i lag med dei gode klubbmiljøa som eksisterer i fylket. Utøvarane er hovudmålet for prosjektet, men involvering av trenarar og støtteapparat vert og prioritert.
Finansiering
Prosjektet har ei ramme på 6 millionar, fordelt på 5 år. SFIK er eigar og formelt ansvarleg for gjennomføring av prosjektet.
Kontaktpersonar: Sogn og Fjordane Idrettskrins
v/idrettsjef Odd Bjarne Solheim, tlf. 419 00 135Sparebanken Sogn og Fjordane
v/Reiel Haugland tlf. 410 27 905
Aktivitetsregistrering og vidare planar. TOPP idrettsutvikling.
Hei alle !
Viser til nedanforståande - og vil minne trenarane om at de føl opp aktivitetsregistreringa.
Vidare aktivitetar som skal skje og som er under planlegging i samband med TOPP - idrettsutvikling:
Onsdag 25. november vil våre prosjektmedarbeidarar kome til Sandane.
Frå kl 15.00 - til ca 16.30 vil dei være til stades i Firdahallen for å sjå litt på fellestreninga som går då.
(reknar med at vi har mange treningsivrige utøvarar med der)
Frå ca kl 16.30 - til vi er ferdig -opplæring i bruk at "terapimaster" / "slynger", der alle trenarar og ein del spelarar skal være med.
Vi bør være ca 12 - 14 spelarar, halvparten av kvart kjønn.
Ansvar for å plukke ut jenter / kvinner er Ståle
Ansvar for å plukke ut gutar / menn er Bjørn og Kjell i samarbeid
Aktivitetsregistrering
Viser til tidlegare informasjon om utfylling av skjema for aktivitetsregistrering.
Vedlagt vil de finne skjemaet som vi skal bruke for å prøve å registrere utøvarane sin fysiske aktivitet over ein periode.
Skjemaet er enkelt tillaga i høve til at skjemaet er delt opp i 4 delar:
Handballtrening – All handballtrening i hall og gymsal og liknande
Fysisk trening – Eigne økter der fokus er fysisk trening
Handballkamp – Alle kampar, inkludert treningskampar
Annan idrettsaktivitet – All anna trening som ikkje fell inn i dei 3 andre gruppene
Kvar del har sin farge: Blå – Grøn – Raud – Gul
Aktivitetsarena = stad / arena der aktiviteten / treninga går føre seg:
Den individuelle arena(skule / individuell trening)
Klubb
Regionalt(SUM, RUM, regionslag, regionale landslagsmiljø)
Sentralt(landslagsaktivitetar)
Registrering av aktivitet
Skjemaet er ikkje meint som treningsdagbok, men ein registrering av aktivitet i tid.
Legg då inn minutt så lenge ein aktivitet varer, for eksempel ein skuletime = 45 min.
Kampar skal registrerast slik:
Kampens lengde – for eksempel 2 x 25 min = 50 minutt kamp
Oppvarming skal bereknast til 30 min
Sum kampaktivitet vert då 80 min
Vi reknar med andre ord ikkje speletid, men kampens totale lengde + oppvarming.
Vi ønskjer i denne omgang å registrere aktiviteten i vekene 45 – 48.
Etter nyttår planlegg TOPP - idrettsutvikling ei felles samling for "ball-idrettane".
(dette er Kaupanger fotball kvinner / Førde Volleyball / Gloppen HK.)
Program blir sendt ut så snart detaljane er klar.
.
Spørsmål ? Ta kontakt med Arvid
