Arkiv
Årsmøte: 30.03.2010 V/ AM
Minner om årsmøtet Onsdag 7. april kl. 19:00 på Gloppen Hotel. Vanlege årsmøtesaker. Årsmeding finn du her, og reknskap med budsjett finn du her.
Vi ligg som nummer 1
06.02.2010 v/
HRA
Gloppen
sine karar tok imot Nornen 2 i
Firdahallen idag. Litt spennande er det
alltid når 2.laga kjem, men gutane var godt
budde og gledde seg til å gje motstandarane
kamp uansett.
Nornen 2 fekk kampen sitt fyrste mål og leia 0-1, 1-2 og 3-2. Jens Christian Andenæs sette inn våre to fyrste mål på straffe, den fyrste var beint fram ei perle og den andre ikkje so perlete, men mål er mål.
Laga fylgde kvarandre tett og Nornen 2 tok
time-out på stillinga 8-8, noko som viste
seg å vere eit godt tidspunkt også for oss.
Etter time-out'en er Gloppen-spelarane betre
til å gå på mål og til å halde avtalane, vi
spelar oss til store sjansar, men ikkje alle
ballane treff nettmaskene dessverre. Dette
fører til 11-8, 13-9 og 15-10 leiing og
Simon GImmestad vartar opp med fleire flotte
redningar mellom stengene.
Gloppen
går til pause med leiinga 17-11.
"Vi har spelt ein av vår beste angrepsomgongar", seier trenaren i ein pausekommentar.
Som i forrige kamp borte mot Gneist spelar
karane topp-handball frå fløyta går i
2.omgong og går raskt opp til 19-11.
Topp-handballen varer dessverre ikkje så
lenge. Uvisst av kva årsak kjem det rusk og
snusk i GHK-maskineriet etter 35 minutt og
Nornen 2 reduserer til 20-15 dei neste
minutta.
Ole Andrè Elvebakk scorar eit viktig mål til 21-15 og mestscorande i dag, Nicolay Eikeset Mundal, følgjer opp med 22-17.
Andreas Hole bind spelet godt saman i begge ender av bana og vartar opp med fine innspel, mål og solid forsvarsspel.
Gloppen held fast på 5-måls leiinga og vinn kampen komfortabelt 32-27.
Elles må vi nemne Arild som har rutinen og
ikkje minst scorar på straffe når det gjeld.
Dagens referent tykkjer også Jon Kåre Lundestad gøtt kan "fyre kanonar" oftare - dei går pålag alltid inn!
Les tabellen kjære handball venner, det er hyggeleg lesnad.
I morgon er det ny kamp mot Florø, og karane lovar å gjere det betre no enn i heimekampen mot dei brunkledde. Florø sin islandske trenar var observert på tribuna, og hadde måååånge tettskrevne ark om Gloppen sitt framifrå angrepsspel med seg i dokumentmappa tilbake til Sunnfjord.
Dommarar:
Thorstein Kvam og Rolf Lefdal
GHK: Paul Remi Kvandal,Simon Gimmestad,Jens
Christian Andenæs(3),Erik Slagstad,Øystein
Ellingsvåg(4)Hans Arne Lundestad(2),Jon Kåre
Lundestad(3),Martin Sivertsen(2),Arild
Fjellestad Tystad(4),Vegard
Flatjord(2),Nicolay Eikeset Mundal(5),Ole
Andre Elvebakk(4),Andreas Nyhagen Hole(2)
1 gult kort(Andreas Hole)
Nornen 2: Even Kvalvåg 11 mål
1 gult kort
2 x 2 min
GHK Damene hala sigeren i land ! 23.01.2010 v/EMA

Mange hadde funne vegen i Firdahallen i dag for å heie på damene, og damene svarte med gode handballtakter og scoringsiver. Etter 6 min spel ledar GHK fortent 5-2 og har verkeleg taket på kampen. Damene klarar å halde tempo oppe og spelar seg til gode sjansar. Etter 10 min leiar GHK 9-3 og BSI tar timeout. Noko som fungerte bra for dei for no byrja GHK verkeleg å få måltørke . Etter 3 scoringar på rad for BSI, er 6 måls leiing blitt til 3 og stillinga er 9-6. GHK har mista trøkket og BSI utnyttar sine sjansar og kan dermed vere svært fornøgde med å gå til pause med eit måls leiing 12-13.
Andre omgang startar roleg ,men GHK vil mest og etter 4 min viser tavla 14-14.Når så BSI får si fyrste 2 min utvising gjev det damene sjansen til å skaffe seg overtaket og det står 17-15 til GHK. Men så får GHK 2 min utvising på Ingunn Reikvam Hansen og dermed står laga likt igjen etter 18 min og GHK tar timeout. Ståle gjev klare beskjedar og då vaknar fighterviljen og damene festar grepet om kampen og viser flott spel. Etter 23 min har dei fått 4 måls leiing og kan ro siger tryggt i land .Sluttresultat 28-22
Dommarar:
Terje Holvik og Asbjørn Kjetil Håre
GHK: Heidi Sægrov (4),Ingrid Gimmestad(2),Karoline Oppheim(3),Celina Nordbø(2),Hege Roth-Andenæs(3),Eva Fortun,Benedikte Pettersen(2)Amanda Hjelmeset,Nina Helen Oppheim(4)Ingunn Reikvam Hansen(6),Tiril Seppola Reed,Ingunn Berg.
2 gule kort
1 x 2 min
BSI:
Toppskårar Kine Sundal Nilsen 7
2 gule kort
2 x 2min
GHK herrane krusa inn til siger ! 23.01.2010 v/EMA

Det var eit tent BSI lag som møtte GHK herrane i Firdahallen i dag. Dei ville verkeleg vise seg fram og kom godt i gong og tok leiing 6-4 etter 9 min. GHK forsvaret sleit med å finne ut av fintene til bergensarane i forsvar og avslutta altfor kjapt i angrep og dermed kunne BSI etter 17 min gå opp i 3 måls-leiing. GHK tar timout og det ser ut til å hjelpe. For no er gutane litt tøffare og satsar meir mot mål og dermed ryk BSI på si fyrste utvising. GHK har funne mål og etter 23 min scora Erik Slagstad på rush og gutane er i siget. Minuttet etterpå puttar Erik sitt andre mål og GHK utliknar til 11-11 og BSI tar timeout. Deretter følgjer laga kvarandre ut omgangen ,men det er GHK som kan gå til pause med eit måls leiing etter ein susar i krysset frå Edvin Øygard.
Etter pause kjem GHK godt i gang og går raskt opp i ei 4 måls-leiing. Når då BSI ryk ut på ny utvising ,klarar dei aldri og hente inn att forspranget. Etter ni minutt av andre omgang tek kampen ei dramatisk vending då Edvin Øygard får skuldra ut av ledd og må forlate bana. Men dei andre gutane viser ansvar og fortset scoringsballet . Etter 15 min er BSI slitne og tar timout på stillinga 26-18 til GHK. Dessverre for BSI er den korte pausa ikkje nok ,og gutane frå Gloppen viser flott samspel og rushar inn mål . Når det er 5 min igjen av kampen er det heile avgjort og dermed kan gutane cruise inn til 35-23 seier. Dermed sikra GHK sine lag full pott i helga

Dommarar: Terje Holvik og Asbjørn Kjetil Håre
GHK: Paul Remi Kvandal,Jens Christian
Andenæs(1),Erik Slagstad(7),Edvin
Øygard(7),Øystein Ellingsvåg(4)Hans Arne
Lundestad,Jon Kåre Lundestad(2),Martin
Sivertsen(3),Magnus Årskog (3),Arild
Fjellestad Tystad(2),Vegard
Flatjord(2),Nicolay Mundal(2),Ole Andre
Elvebakk
2 gule kort
1 x 2 min
BSI: Toppskårar Mats Lerum 8 mål
2 gule kort
4 x 2 min
GHK basar
17.01.2010 V/ IH
Her er nokre bilete frå basaren.
![]()
Framtida.... Lille Tuva var òg med
![]()
Registrering av loddkjøp Det var "stinn brakke"
![]()
Kakene smakte fortreffeleg
Talentsamling/Regional samling jenter
13.01.2010Trenerteam jenter 92-93 med Lars Riis Ellingsen og Trygve Johnsen har nå gjort uttak til nye samlinger. GHK spelar Karoline Oppheim er ein av dei som er tatt ut til denne samlinga.
Les meir:
Ny samling for RUM sone 1-3
Les meir:Det er tatt ut 35 spillere til sesongens tredje Regionale Utviklingsmiljø i sone 1-3. Samlingen er berammet til tirsdag 12. januar i Førdehuset. Ghk køyre med eigen buss denne dagen. Detaljer om avreise finn du
her:
Kven er årets idrettsnamn?
Er du samd i Firda si kåring? Gje di stemme! sjekk firda.no. Og stem på June so klart :)
Legg også merke til at det er ei god overvekt av Gløpparar på denne kåringa..:)
Nyhende frå Kjokkelvik.no:
3 div.: Lekk mot Gloppen
[13.12.2009]
Kjøkkelvik forsvaret lakk som en sil
mot ivrige jenter fra Gloppen. Lite
stemte bak og de felste duellene
gikk GHK seirende ut av.
Mariell Graave og de andre jentene i
rødt gjorde sine saker bedre i
angrep, men det hjalp veldig lite
når Gloppen fikk lage mål i tide og
utide. Som en liten
trøst registrerte vi at fjorårets
kjøkkelvikspiller, Eli-Anne
Birkelund, var Gloppens gigant og
gjorde en veldig bra kamp i kjente
omgivelser.
Kjøkkelvik tapte fortjent 27-38 og må heve seg betraktelig i kampene over jul om poeng skal være innenfor rekkevidde.
Litt bilder frå turen:
Marte ute med skade! 05-12-2009 v/ IH
Marte er ute med skade etter ein handballkamp forrige helg. Det er uvisst omfanget av skaden. Ho vert nok lenge ute, men vi håpar skaden ikkje er for alvorleg og at vi kan sjå ho på handballbana igjen i løpet av sesongen.
Handballkamp G18, GHK- Sotra 05-12-2009 v/ AM
Laurdag kl. 13:30 var det kamp mellom GHK og Sotra i Firdahallen. Dei som møtte opp for å heie fekk med seg ein forrykande kamp med det ein kan kalle for knusing av motstandar. Sluttresultatet blei heile 26-15 til GHK. Her er nokre bilete frå kampen:
Dobbelsiger til GHK 03-12-2009 v/ MR
Nok ein siger til Damer 3. Div.!
Torsdagskvelden, 3.desember, møttest GHK og Jotun2 i ein utsett seriekamp i Firdahallen. Jotun gjekk tøft ut og leia kampen dei første 10 minuttane. Så kom GHK meir inn i kampen med tempo, solid forsvar og skot som sat der dei skulle. Men bortelaget hadde fotrappe og fintesterke spelarar, og gjennom første omgangen følgde laga kvarandre tett. GHK fekk aldri eit markert overtak. I andre omgang, derimot, rista heimelaget motstandaren av seg og kunne gå av bana med ein solid siger. Eli - Anne Birklund var treffsikker frå strekposisjon og mestskorande i kampen med åtte nettkjenningar..
Kampfakta:
Resultat: 28-19 (14-12)
Amanda Hjelmeset, Ingrid Gimmestad (2), Karoline Oppheim ( 5), Hege Roth Andenæs (5), Elise Øygard (2), Eva Fortun, Benedikte Pettersen, Eli-Anne Birklund (8), Ingunn Reikvam Hansen (6)
Dommarar: Terje Holvik og Einar Eimhjellen
Bortesiger til Herrar 3. Div.
Herrane var på besøk på Eid der der vart siger på dei òg. Her blei det også ein bekvem siger, med eit sluttrsultat 26-18.
Nyhende frå NHF:
Vellykket SUM Målvakt i Førdehuset
Lørdag 28. november 2009 var det klart for SUM Målvakt for 15 ivrige målvakter i sone 1-3 i Førdehuset. SUM Målvakt er et tilbud til gutter og jenter i alderen 14-15 år og Benedicte Gåsemyr fra Gloppen (bildet) var en av målvaktene som deltok på denne første samlingen.
02.12.2009 18:39 Les Meir:
Endra dugnadsliste 01-12-2009
Det er lagt ut ny endra dugnadsliste i dag. Sjekk her
Handballkamp J16, GHK- Stryn 27-11-2009 v/ AM
Kampen mellom GHK og Stryn som skulle vert på søndag 29. Nov. kl. 14:15 er utsatt og blir spelt tirsdag 8.desember kl.20.00. i Firdahallen.
June utteken på rekruttlandslaget for kvinner 25.11.2009 v/ IH

I samband med Møbelringen-cup i Trondheim i helga var det også samling for rekruttlandslaget for kvinner. Tidlegare GHK-spelar June Andenæs var utteken til denne samlinga. Ein kjempeprestasjon og ei fjør i hatten for både June og GHK!
Nyhende på handball.no 21-11-2009
"Gloppen med webside"
Les meir
Nye medlemmer i GHK !? 16-11-2009 v/ AM
Vi har idag fått to nye potensielle medlemmar i GHK. Heidi og Edvin har fått ei jente og leiar Ingrid har blitt besta til ein gut.:) Vi gratulerar !!
Ellers kan vi også nemne at Roth-Andenæs jumior har jebuss i dag, Så dette blir nok ein dato som kjem til å bli markert i framtida her i GHK. :)
Aktivitetsregistrering og vidare planar. 16-11-2009
Hei alle !
Vil minne trenarane om at de føl opp aktivitetsregistreringa.
Vidare aktivitetar som skal skje og som er under planlegging i samband med TOPP - idrettsutvikling les de om her:
G18 siger over Stord 14-11-2009 av HR-A

Gloppen
sine gutar 18 tok imot Stord i Firdahallen
idag.
Gutane var revansjesugne etter 9-måls tapet
på Stord for 3 veker sidan. Mange spente
tilhengarar hadde møtt opp i hallen og gleda
seg til kamp.
Etter ein fyrste omgong der laga fylgde
kvarandre tett gjekk Stord til pause med
9-10 leiing og ein mann mindre på bana.
Kva Kjell sa i pausen, vites ikke... men det
funka iallefall. Laget som kom på bana var
hissigare både framover og bakover.
Eitt minutt ut i 2. omgong var Stord
redusert til 4 mann og Magnus sette sikkert
to ballar i mål. Etter 9 minutt var
stillinga 13-13. Etter 14 minutt stod det
framleis 13-13 og Simon varta opp med fleire
klasseredningar. Mathias scorar på straffe

og Gloppen er tilbake i føringa.
Stord tek time-out etter 16 minutt etter 3 kjappe scoringar av Jensen, Føleide og Mundal.
No er vi i siget. Nicolay får utvisning, Simon tek alt som kjem og Jens Christian scorar i undertal.
No har til og med publikum vakna, vi misser ballen, Stord rushar, men kva gjer vel det når vi har Simon mellom stengene
.
19 minutt: 17-13, det er ti minutt sidan Stord fekk ballen i nota. I forsvar er gutane på hugget og pressar Stord-skota over.

Flatjord-Mundal viser seg å vere ein god
kombinasjon, Hole dundrar inn ein underarm
og Nicolay fastset sluttresultatet til
20-15.
Stord var ikkje noko dårleg lag, og keeperen
var vanskeleg å lure.
Trenar Kjell Aske var sliten etter kampen,
han skulle sta å handle og hadde ikkje tid
te noko lang kommentar, men var gøtt nøgd
med 2. omgong.
Det var god underhalding i Firdahallen i
ettermiddag, vi gler oss til neste kamp.
Desse spelte for Gloppen idag (måla bak):
Simon Gimmestad, Erik Slagstad, Nicolay
Mundal 6, Jens Chr. Andenæs 4, Andreas
Vereide 1, Magnus Årskog 4, Mathias Jensen
1, Joakim Føleide 2, Andreas Hole 1, Vegard
Flatjord 1 og Edvard Aske.
Bilder ved Hege Roth-Andenæs og Sjur Åge Gimmestad


Suveren siger over Førde 09-11-2009 av MR
Etter 6 minutt stod det framleis 0-0 i kampen mellom GHK og Førde i Firdahallen i kveld. Like etter fekk Førde hol på byllen og kunne sette inn kampens første mål, men gleda ved å ta leiinga varte ikkje lenge. GHK-damene svarte prompte, og dei neste minuttane drog GHK-spelarane sakte men sikkert frå.
Tempoet
var høgt dei første 20 minuttane, og kampen
var prega av mange feilpasningar, tidlege
avslutningar og skot på halvgode sjansar. I
angrep stonga Førde stadig mot eit GHK som
hadde full kontroll. I det heile var det
ein kamp der heimelaget stod lange periodar
i forsvar. GHK vann likevel ein suveren
siger mot eit Førde som skuffa.
Kampfakta:
GHK – Førde (13 – 2) 26 – 6
GHK: Ingrid Gimmestad (1 mål), Karoline Oppheim (1), Marte Heien Hansen (7), Hege Roth Andenæs (9), Elise Øygard (2), Eva Fortun, Benedikte Pettersen, Eli-Anne Birklund (3), Amanda Hjelmeseth, Ingunn Reikvam Hansen (3), Irene Myklebust Tunhold.
Dommar: Rolf Lefdal, Eid, Asbjørn Kjetil Grinde Håre.

SPAR-Serien for Marte 08-11-2009 av IH

Marte har denne helga spelt SPAR serie for Årstad i Bergen. SPAR-serien er ein ein landsserie med dei beste 18 års laga i landet. Gloppen Handballklubb har eit partnerklubb samarbeid med Årstad og Marte har eit tilbod om å få spele saman med dei i årets serie. Det vart seier over Tønsberg, Asker og Skrim i denne runda.
H3 Siger i kampen mot florø 01.11.2009 av EMA
Kamp GHK – Florø 1.nov. 2009
Det var eit spent publikum som hadde møtt opp i Firdahallen
1. omgang starta forsiktig og det var mykje stang ut begge veiar. Etter 8 min var stillinga 2-1 til GHK og ingen av laga imponerte. Sakte men sikkert vakna GHK til live og tok føringa i kampen . Etter 11 min rusha Ole Andre Elvebakk inn til 4-2 leiing,men Florø tok seg saman og utlikna til 4-4.
Etter 16 min er GHK virklig i siget og leiar 8-4 i det dei får utvisning. Dette fører Florø på nytt inn i kampen og 4 minutt før omgangen er over utliknar Florø til 10-10 . Heimepublikum vaknar omsider til live og trer støttande til. Dermed kan GHK gå til pause med leiing 13-12.
I andre omgang er det Florø som tar føringa. Medan ballen ikkje vil i mål for GHK, så har Florø absolutt hellet på si side .Men i GHK buret står Paul Remi Kvandal svært godt og held dermed GHK inne i kampen.
Brende målsjansar fører imidlertid til litt frustrasjon blant GHK spelarane og det resulter i ny utvisning for GHK. Framover vert det litt krampaktig og etter korrekt avblåsing av Edvin Øygard ,kokar det over og han vert utvist og får raudt kort på grunn av munnbruk. Noko som er svært upopulært blant publikum.
Florø utnyttar situasjonen godt og går opp i 2 målsleiing. Arild Fjellestad tar ansvar og saman med tente GHK spelarar klarar dei på nytt å hente inn Florø. I denne perioden trer Øystein Ellingsvåg fram og vartar opp med fleire flotte scoringar. Sidan følgjer laga kvarandre ,men GHK sin keeper er god og dermed kan GHK hale i land sigeren. Slutt resultatet vert 19-17.
På GHK spelte : Øystein Ellingsvåg(9),Edvind Øygard(3),MartinSivertsen(2).Arild Fjellestad Tystad(1),Bjørn Magnus Nystad(1),ErikSlagstad(1), Jens Christian Andenæs(1),Ole Andre Elvebakk(1),Joakim Føleide,Hans Arne Lundestad,Jon Kåre Lundestad,Nicolay E. Mundal og Paul Remi Kvandal
Florø sin mestscorande : Bjørn Wefring med 4 mål
her er nokre bilder frå dagens kamp:
Arild i fritt svev..
Følg med karar....
The Bear.....
Paul hadde ein god dag..
Jessss....
We are the Champions !!
TOPP idrettsutvikling
Ghk er så heldige å få vere med i prosjekt TOPP idrettsutvikling. Dette er eit prosjekt støtta av Sparebanken sogn og Fjordane.
Tirsdag 3. november er det klart for høstens andre samling for RUM i Sogn og Fjordane. 36 spillere er tatt ut til samlingen i Årdalshallen med to treningsøkter og teori.
25.10.2009 19:24 Les mer
Ny oppmann for K3 25.okt.2009 v/AM
Det er i dag klart at Marit Reikvam tek over etter Heidi Sægrov som oppmann for K3 laget.
Det blei tap for G18 mot Stord og mot Fyllingen. 25.okt.2009 v/AM
Det var det laget som dei frykta minst som det blei størst tap mot. Stord vann med 8 mål 31-20 mot våre gutar. Mot Fyllingen som var antatt som det sterkaste laget blei det berre tap med 1 mål. Her blei stillinga 29-28.
Så var skuleturneringa vel i hamn.
Vi har hatt to fantastiske dagar med handball, entusiasme og glede.
Deltakarar, føresette og lagleiarar var godt fornøgde.
Heile 23 lag var påmelde i årets turnering, det er ny rekord!
Alle lag spelte minst 4 kampar kvar.
I 4. klassa var det ein utruleg spennnde finale, der Nordstranda skule trakk det lengste strået.
I 5., 6., og 7. klasse gjekk Sandane skule av med sigeren.
Dei flotte premiane i år var ballnett med handballar til skulen, noko som kjem vel med.
Ballnetta vart sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane.
I tillegg vann dei to beste laga refleksband og nøkkelring sponsa av SFE. 1000 takk!!
Kjekt at så mange også fann vegen tilbake til Firdahallen kl16.45
for å sjå at herrelaget vårt få ein god start på sesongen då dei slo Gneist 22-15.
Handball er kjempemoro, vi håpar å sjå deg i hallen gjennom hausten og vinteren.
Takk til alle GHK-spelarar og foreldre som har stilt opp på dugnad heile helga.
De gjorde ein kjempejobb, vi hadde ikkje klart det utan dokke.
Styret i GHK
v/ Hege









