KLUBBDAGAR for GHK på Intersport 18.-20. september

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Sep 2023

Frå mandag 18. september til og med onsdag 20. september inviterer Intersport Sandane til klubbdagar for alle medlemmer i GHK. Det blir ei rekkje rasande gode tilbod, så stikk innom for å fylle på med treningskle, sko, utstyr og alt anna som er nødvendig for å sparek i gang ein ny handballsesong!

Støttespelarane våre er utruleg viktige for oss, så stikk innom og handle det du treng lokalt, og gje di støtte tilbake! 




Sesongavkast på Eid laurdag 9.september

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2023

Laurdag 9. september inviterte Eid handball spelarar frå Gloppen med på sesongavkast i Eid Idrettshus. Det var lagt opp til 3 økter med trening og treningskamp, fordelt på alder. Vår eigen Ørjan Sundal stilte på som trenar, og det var tydeleg kjekt å trene saman. Det var god stemning i hallen, og dei oppmøtte spelarane var godt fornøgde med opplegget og treninga.  Frå Gloppen var det J/G 15-16 som stilte på med flest spelarar denne gongen. Her er nokre glimt frå dagen. 

Tusen takk til Eid handball for initiativet og invitasjonen. Dette gjer vi gjerne igjen!  




Er du trenaren vi er på jakt etter?

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Jun 2023

Vi søker etter ein engasjert trenar som kan gje seniordamene i 3. divisjon eit løft, og bidra til vidareutvikling av det gode handballmiljøet i klubben. Du er opptatt av spelarutvikling, og gir god rettleiing. 

Laget har treningane sine i Trivselshallen, med svært gode fasilitetar. 

Kompetanse:
- Trenarkurs handball, eller anna relevant erfaring

Søknadsfrist: Snarast


Ta kontakt med leiar, for meir informasjon. 

Ole Marius Gloppestad, telefon: 466 88 989
e-post: gloppen@rvn.handball.no 

Vi håpar å høyre frå deg, og tar gjerne ein uformell prat og svarar på spørsmåla dine. 



Klubbdagar på Intersport

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Sep 2021

Tysdag 14. til laurdag 18.september vert det klubbdagar ved Intersport Sandane, med mange gode tilbod til klubbens medlemmer. Ny og flott hettejakke er på plass, i tillegg til mange andre gode tilbod. Treng du å fornye garderoben før sesongstart, er det no du bør gjere det.