Er du trenaren vi er på jakt etter?

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Jun 2023

Vi søker etter ein engasjert trenar som kan gje seniordamene i 3. divisjon eit løft, og bidra til vidareutvikling av det gode handballmiljøet i klubben. Du er opptatt av spelarutvikling, og gir god rettleiing. 

Laget har treningane sine i Trivselshallen, med svært gode fasilitetar. 

Kompetanse:
- Trenarkurs handball, eller anna relevant erfaring

Søknadsfrist: Snarast


Ta kontakt med leiar, for meir informasjon. 

Ole Marius Gloppestad, telefon: 466 88 989
e-post: gloppen@rvn.handball.no 

Vi håpar å høyre frå deg, og tar gjerne ein uformell prat og svarar på spørsmåla dine. 



Sesongstart!

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2015

Endeleg. Endeleg er helga her. Sesongstart!

Denne helga vert tettpakka med handballmoro for store og små og vi håpar difor på stort publikumsoppmøte både laurdag og søndag.

Laurdag skal herrelaget i elden kl. 15.45 mot bergenslaget Bjørnar 2. Årets herrelag er meget spennande. Vi har fått opp nokre nye, unge spelarar og nokre "eldre" er komne heimatt for å ikle seg den raude trøya.

Søndag er det heile fire GHK-kampar i hallen. J14 2 opnar festen med kamp mot Askvoll/Holmedal kl. 12.00, medan J14 1 møter det same laget kl. 14.00. Kl.15.00 er det G14 som skal i aksjon, når Høyang står på motsett banehalvdel. K3 sesongopnar òg denne helga, med kamp mot Sotra 2, kl. 13.00. Det er knytt litt usikkerheit kring årets damelag, så det vil vere spennande å sjå kva dei kan vise oss på søndag.

Seniortrenar Daniel har delt sine tankar kring helga i eit eige innlegg her på heimesida. Det er det verdt å få med seg.

Som de forstår er det ingen grunn til å leggje andre planar i helga, då vi håpar og trur GHK vil stå for underhaldninga (og poenga).

Møt opp og gje laga ein god start på sesongen!
Tips: under fana "komande arrangement" på startsida finn du kamptidspunkt for alle kampane i helga.

Heia GHK!


Tine handballskule

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Jul 2015


I høve landslagssamlinga i Gloppen i veke 30 arrangerar GHK handballskule i samarbeid med Tine. No er påmeldingsfristen ute, og vi er glade for å kunne seie at påmeldinga har vore stor. Skulen er delt i to med dei yngste (fødde i 2004/2003) på tysdagen, og dei eldste (fødde i 2002/2001) på onsdagen.

Onsdagen er no heilt fullbooka (90 stk)! Faktisk har vi måtta flytta nokre deltakarar til tysdagen for å få plass. På tysdagen har vi framleis nokre ledige plassar, så dersom det er nokon som vil vere med, men ikkje fekk meldt seg på innan fristen, kan ein framleis melde på ved å sende ein e-post til ghk.handball@gmail.com.

Då det ikkje er fullt på tysdagen har vi opna opp for at spelarar som eigentleg er eitt år for unge kan få vere med. Dette er både for å få fylt opp, og fordi vi den siste månaden har fått spørsmål om dette kan vere mogleg.

Vi gler oss stort til å treffe mange unge, lovande og engasjerte handballspelarar i Trivselshallen om berre nokre veker!



Velkomen til vår nye heimeside!

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Jul 2015

GHK-damene

No er endeleg vår nye heimeside klar til bruk, og vi håpar de vil halde fram med å bruke den.
Den nye sida har ein del funksjonar som den gamle ikkje hadde, og som det vil ta litt tid å setje seg inn i. Vi håpar difor at de vil ha tolmod med oss medan vi lærer oss korleis vi kan bruke sida på best mogleg måte. Når det er sagt tek vi gjer i mot tilbakemeldingar og tips til korleis vi kan betre sida. Om det er noko de saknar frå den gamle sida er det mogleg vi kan overføre det til den nye.

Det vil kome sider/områder for alle laga våre, men det kan ta litt tid før det er sikkeleg på plass då landslagssamlinga og handballskulen har fyrsteprioritet no når sida er oppe og går.

Vi håpar de likar den nye sida!

Heia GHK!