!

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Des 2012

Godt nytt handballår



Vellukka samling i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2012

Også i dagens kampar mot to svært gode Vikinglag, fekk våre gutar synt seg synt seg flott fram.  Sjølv om regionslaga tapte begge kampane, vart det synt mange flotte prestasjonar ute på bana.  I første kampen spela alle tre GHK gutane.  Daniel som vanleg god i mål, Runar som fotrapp og fintesterk ving, medan Ørjan som vanleg var i basketak i begge endar av bana som strekspelar.  Ørjan spela også siste kampen, med same jobb der.  Alt i alt ei fin helg i Bergen, og no vert det spanande å sjå om gutane vert med vidare til det endelege regionslaget.


GHK gutar på regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Des 2012

Våre tre gutar som  er på regionslagssamling i Bergen i helga, har alle gjennomført ein flott dag i Olsvikhallen. Sjølv om nivået blant spelarane er høgt, heng ikkje våre spelarar noko tilbake for dei andre. I dag har dei gjennomført to knallharde treningsøkter med litt teori innimellom.  I morgon er det først ei treningsøkt, før dei skal spele to kampar mot Viking 1 og 2. Vert spanande å sjå kva Daniel, Ørjan og Runar HÅ får til då :)


Romjulscup i Firdahallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Des 2012

I morgon, fredag 28.des, vert det spela romjulscup i handball i Firdahallen. På herresida skal G18, H3 og eksGHK spelarar gjere opp seg imellom, medan litt eldre og litt yngre damer skal sjå kven som er best av dei. Truleg vert det mykje god handball å sjå for dei som tek turen i hallen.  Kampane startar kl 12 med kampen G18-H3, og varer ut over dagen.

Gloppen sitt hittil ubesigra 18 års lag for gutar skal opp mot tøff motstand, når dei møter litt eldre karar med hår på brystet i dagens første kamp :)



GOD JUL

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Des 2012

GHK vil med dette få ynskje alle handballvener ei riktig god jul



Toppgruppa tar juleferie

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Des 2012

I dag var siste morgonøkt for toppgruppa før julefreden tar over.  I heile haust har i snitt 14-15 unge lovande handballtalent trena styrke og basis to morgonøkter før skuletid kvar veke.  At det gir resultater har vi sett mange døme på i den seinare tid.  No tar dei ein velfortjent juleferie og lader batteria til nye økter i 2013.

"Planken" er tungt men effektivt :)



Også Runar Helland Åmot til regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Des 2012

I dag kom beskjeden om at også GHK sin gode spelar Runar H Åmot er teken ut til regionslagssamling i Bergen i romjula.  Frå før er Daniel H Reed og Ørjan Sundal tekne ut.  Også Elise H Hansen var teken ut, men ho lyt diverre melde skadeavbod.  Vi gratulerer Runar med uttaket.

 



Flott gjennomført styrketest av toppgruppa i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Des 2012

Eirik Nedrehagen frå Idrettssenteret i Sogndal var i dag på plass i styrkerommet i Firdahallen og gjennomførte styrketest med toppgruppa.  Målet i dag var Max5R i øvingane markløft, benkpress, knebøy og kroppsløft.  I følge Eirik var det markant framgong over heile linja, og ein flott og positiv gjeng å arbeide med.  Dette lovar bra for utviklinga for kvar enkelt handballspelar.

Runar imponerer med 140 kg i markløft

Andreas Kleppe syner styrke i kroppsløft, medan Eirik føl nøye med.

Dette var lett, Vegard :)

 
Ein anna sterk handballspelar, Alex med full kontroll
Sjekk fletta til Amanda!! Truleg resultat av ein vektløftar med full utblasning :)



Åsmund på toppen i den lokale VM-managerkonkurransen

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Des 2012

Heilt øverst denne gongen var det Åsmund som trona åleine på Sjeducupen med 866 poeng. Med det resultatet kom han på sterke 24 plass i Norge. Osmund Vereide jobba seg godt opp utover mesterskapet og greidde å kapre 2. plasen med 815 poeng.

Mest imponerande var likevel Runar Gåsemys som frå å ligge håplaust sist første veka kom sterkt på slutten og vart nr. 5.

Den store skuffelsen var nok "Edvins gledespiker" som hamna nest sist med den beskjedne poengsummen 541. Bedre lykke neste gong.

I januar er det EM for herrane og nye sjangsar for å skaffe seg heder og ære.




Månadens talent i GHK for oktober og november er kåra

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Des 2012

Runar Gåsemyr og Lauritz Bjørnereim fekk prisen for månadens talent for henholdsvis oktober og november. Prisane vart delte ut i samband med heimekampane i Firdahallen i helga.  Runar er ein sentral mann både på G18 og herrelaget, medan Lauritz er det same på G16.  Vi gratulerer med prisane.

Lauritz, månadens talent i GHK for november

Som eit ledd i vår talentutvikling, og i tett samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, skal trenarkorpset og styreleiar kvar månad kåre månadens talent i GHK. Kriteriane vil vere ting som utvikling som spelar, treningsinnsats og frammøte, samt innsats i kamp.


Storseier til Gutane

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012

Eid/Haugen sitt unge mannskap vart idag eit enkelt bytte for våre gutar. Sluttresultatet vart 35-16.

Hans Sande med mange flotte mål i dag

Utan storspelaren sin Kristian Rønnestad, som var ute med skade, vart det enkelt for våre gutar å knekke Eid/Haugen idag. Etter ein jamn start på første omgang der Eidaren følgde oss til 3-3 var det igrunnen aldri mer spenning i kampen.
 
Kristian Henden med fleire flotte vingskåringar

Pauseresultatet var 13-6, og utover 2. omgang fekk gutane sving på bevegelsane sine framover. Dei fekk køyrd ein del avtaler og det resulterte som regel i mål. Bakover var dei solide og det resulterte i kontringar. Gledeleg med Kristian Henden som er tilbake for fullt etter skade og skora i dag 5 flotte mål. Han blir ein viktig spelar utover sesongen.
Jon Andreas Kornberg med gjennombrot og skåring

Neste heimekamp er 20 jan. mot Årdalstangen 1 og 2. Årdalstangen 2 har knust eine laget etter det andre i det siste og vert ein reell utfordrar i toppen av serien. Skal vi slå dei må det trenast godt framover.

Desse var med: Måge (keeper) 2, Hans 5, Erlend 6, Jon Andreas 2,  Sindre 1, Lauritz 5, Sander 4, Mikael 4, Kristian 5, Magnus 1, Peter.


Stang ut for damelaget i 3.div. Tap mot Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012

Det var knyta stor spaning til om damelaget i 3.divisjon kunne revansjere seg etter det leie tapet mot Dale i seriepremiera i dagens kamp mot same motstandar på heimebane.  Men trass i leiing 15-12 til pause, måtte ein til slutt innsjå at Dale var hakket kvassare og vann kampen 27-24.

Første omgong var for så vidt godkjent av heimelaget, og ein var ei stund oppe i seks måls leiing.  Men Dale kom betre med mot slutten av omgongen og knappa inn på GHK si leiing. Elise H Hansen måtte ut med ei skade midt i første omgong, og då mista heimelaget mykje balltempo.  Sjølv om Marte H Hansen skåra 8 mål og Heidi Sægrov 5 mål, makta ein ikkje å stå imot Dale sin kollektive innsats på slutten.  Det som først og fremst svikta for heimelaget i andre omgong, var tempoet i angrep.  Det vart for stilleståande og lett å lese for motstander.  I tillegg var det mykje stang ut skyting.  Her er det berre og brette opp armane, og trø til i kampane etter nyttår.  Elise H Hansen vart kåra til dagens GHK spelar.

Målskårar i dagens kamp: Heidi Sægrov(5), Ingrid Gimmestad(1), Elise H Hansen(2), Marte H Hansen(8), Ingvild Slagstad(1), Torill H Gaasø(3), Katrine N Hole(3), Ragnhild Ryssdal(1).



Lokalopgør mod Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012

GHK har spillet mange treningskampe mod Stryn som ofte har været en vanskelig nøtt at knække. Edvin trakket over på fredagstreningen og vi mangler en af profilerne til lokalbraget. 

Dagens to mestskårande for GHK, Jan Kristoffer og Bjørn Magnus med henholdsvis 7 og 6 mål.  Jan Kristoffer vart også kåra til dagens GHK spelar.

Begge lag starter bra og det står 2-2 efter 5 minutter. Stryn dækker offensivt og guttane spiller sig igennem til gode muligheder. Vi står godt i forsvar og kommer foran 6-3 på rush og ankomst. Ole Martin er særdeles god idag og brillierer med scoring og flotte assist. Stryn fighter sig tilbake og det står 7-7 efter 15 minutter. Stryn får en udvisning og Sundal er sikkerheden selv fra 7m. Åmot spiller med god attitude begge vejer og GHK trækker fra til 10-7. Jan Kristoffer kommer bedre og bedre ind på laget og finter ud forsvaret ti Stryn gang på gang. Efter 30 minutter og 33 scorede mål leder GHK 18-15 til pause. 

Daniel redder denne straffa frå kampens toppskårar, Gunnar Sigurdson
 

Andre omgang starter et rent G18 lag på banen og de rutinerede kræfter tager sig en hvil på bænken. Ole Martin er "on fire" scorer fra højre og venstre ving og spiller streken fri...fremdragende. Daniel redder alle Stryns rush forsøg. Arild er tilbage i godt gammelt slag og går forrest både fremme og bak. Det er periodevis meget flott håndbold. Det bliver lidt vanskeligt når treneren får rødt kort for at komme på banen efter Åmot lå nede efter en stygg takling. Gutter kører på og vinder fortjent 39-31. Vi glæder os til topkamp 5.januar når Viking 2 gæster Firdahallen. 
Velmøtt og god jul til alle jer GHK supportere derude. Et stort tak til formand Sunddal som jobber utrolig hårdt i kulisserne. Kom forbi firdahallen den 28/12 for at se den store dysten mellem GHK, Ex-ghk og G18 hvem er stærkest i Gloppen. 
Arild er ikkje enkel å stoppe frå strek
Alex "svever" inn eit av sine mål


Bra spel i periodar, trass tap mot Eid for J15

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Des 2012

GHK sitt J15 lag tok i dag imot nabo Eid til kamp i Firdahallen.  Periodevis syner desse jentene at det bur mykje handball i dei, og den dagen desse periodane vert lange skal dei bil vanskelege å slå.  I dagens kamp vart det tap 15-24 mot Eid, etter 7-13 til pause.

Ingen "sure miner" frå denne gjengen etter kampen, trass tap

Jentene til Jostein V Ryssdal har tatt store steg sidan første kampen i haust.  No byrjar ein verkeleg å sjå kva som bur i kvar enkelt av dei.  I periodar syner dei stor speleforståelse og spelar "ball i hatt" med motstandaren, men dett litt for langt ned i andre periodar.  Viljen til å truge motstandaren sitt forsvar vert stadig større, og bakover ser ein òg ein tydeleg framgong. 

Silje Iren Hole Hervik er ei av mange flotte talentfulle jenter på dette GHK laget.

 I dagens kamp mot Eid, var det i første rekke Eid sitt tvillingpar Cecilie og Helga Leivdal som var den store trusselen mot våre jenter.  Dei to laga over halvparten av Eid sine mål, og var vanskelege å få tak på. På heimelaget var det mange som tok ansvar framover, og heile seks teikna seg på skåringslista. Best av desse var stortalentet Susan Solheim Gjærløv med 4 mål.  Men både Solgunn, Linda og Frøydis var tett bak med 3 mål kvar.  Det skal verta spanande å fylgja denne gjengen framover, for ein sit heile tida med følelsen av at når dei først "knekker koden" vert dette strålande.

Jostein med "pep talk" i pausen

Med i dagens kamp: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Lote(3), Linda Årdal(3), Susann Solheim Gjærløv(4), Oda Eide, Silje Iren Hole Hervik(1), Frøydis Seime Øygard(3), Julie Varpe(1), Jennie Falck.



Mange frå GHK til RUM samling i Årdal

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2012

10 gutar og 3 jenter frå GHK er tekne ut til RUM samling i Årdal mandag 7.januar.  Sjå heile uttaket her http://www.handball.no/p1.asp?p=38348


Stor kamphelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Des 2012

Heile 4 GHK lag skal i elden på heimebane denne helga.  Og alle 4 kampane er skikkelege lokalderby.  På laurdag skal Jenter 15 møte Eid.  På søndag går det slag i slag med Gutar 16 kamp mot Eid/Haugen, før K3 damene brakar ihop med Dale. Til slutt skal H3 herrane opp mot Stryn.  Her er det berre for publikum å møte opp og spenne setebelta.

To store talent på GHK sitt J15 lag, Eli og Susann, er klar til å møte Eid på laurdag

Første kamp ut er jentene til Jostein sin kamp mot nabo Eid på laurdag.  Sist kamp til GHK var møte med Haugen, der jentene presterte årsbeste trass tap.  Om dei fortset framgongen mot Eid, kan det fort tyde to poeng til heimelaget.  Vi kryssar fingrane for at so skjer.

Første kamp på søndag er gutane sin kamp mot Eid/Haugen.  GHK gutane topper tabellen etter mange kampar med fantastisk flott handball.  Her møter dei truleg kvalifisert motstand, og må opp mot sitt beste for å vinne.  Det trur vi desse gutane klarer om Torbjørn klarer å få rette tenninga inn mot kampstart.

Så skal damelaget i 3.div opp mot fylkesnabo Dale.  Dale ligg to poeng føre GHK, men har fire kampar meir spela.  Her håper vi damene kjenner si besøkelsestid, og sender Dale heim utan poeng.  GHK har vore uheldig med skader denne hausten, og Amanda Veiteberg er ute i lengre tid med brot i foten.  Likevel trur vi jentene til Kjell er "supertende" til å kjempe til siste slutt for to viktige poeng.

Siste kamp ut på søndag er lokaloppgjeret i 3. div for herrar mellom GHK og Stryn.  Stryningane er så langt utan poeng etter fem spela kampar, medan karane til Bjørn har 3 sigrar og 2 tap på like mange kampar.  Om GHK herrane skal vere med i toppen av divisjonen til slutt, må denne kampen vinnast.  Og det trur vi dei gjer, om tenninga er der den skal vere.



GHK i toppen på EM-manager

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2012

Vegard Sælen er på ein sensasjonell 2. plass i TV2 sin konkureanse EMmanager. Vegard har etter innleiande runder klatra opp på 2 plass. GHK-spelarane er organiserte i ein liga som heiter Sjeducup. Her er vi 26 lag frå Gloppen som konkurerer innbyrdes. At kunnskapen er god blandt denne gjengen er det ingen tivil om. På "ligalista" er Sjeducupen nr. 5. av tilsaman  292 seriar i Norge. 

Deltakarane i Sjeducup har ein samla poengsum på 1396, medan serien som leiar har 1456 poeng. Denne serien er "eigd" av Larvik HK sin dametrenar Tor Odvar Moen.

Blir spennande å følge med vidare. Ikkje berre på damene til Norge, men også på EM-manager.


Uavgjort mellom Vik og GHK 2

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Des 2012

GHK sitt damelag i 5.divisjon var i dag i Vik for å møte heimelaget der.  Etter ein dårleg første omgong der Vik leia 14-6 til pause, kom damene Ragnhild sterkt tilbake i andre omgong og leia med 1 mål like før slutt,  Vik fekk imidlertid straffe i kampens siste sekund og utlikna til sluttresultat 18-18. Ifølge trenar Ragnhild Bakketun Vederhus, spela damene våre ein dårleg første omgong med mange feilpassninger og personlege feil som førte til mange Vikkontringar.  I andre omgong var det eit heilt anna GHK lag som kom på bana.  Då gjekk det heile 17 min før Vik skåra sitt første mål, og GHK tok inn heile forspranget.  Trass i at ein leia like før slutt, er Ragnhild glad for det eine poenget etter den dårlege første omgongen.


K5 damene til Vik på laurdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Des 2012

Damelaget i 5. divisjon er einaste GHK lag i aksjon denne helga.  Dei tar turen sør om Sognefjorden for å møte Vik i Blixhalli.

Både Malin og Eline er klar for kamp mot Vik

K5 damene har så langt i sesongen gjort ein svært så flott innsats.  På 7 kampar har det blitt 5 sigrar og 2 tap, og laget ligg med det på ein flott tredjeplass i divisjonen kun 2 poeng frå leiarlaget Florø 2.  Vik har akkurat halvparten så mange poeng som GHK, etter 2 sigrar, 1 uavgjort og 4 tap.  Moglegheitene til nye GHK poeng trur vi er store for jentene til Ragnhild, men med heimebanefordel skal ein aldri avskrive Vik.  Men klarar Malin Eikenes & co å spele på det nivået vi veit dei kan på sitt beste, trur vi poenga vert med i bussen tilbake til Gloppen.  Lukke til :)


Elise Heien Hansen til Regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Des 2012

Også Elise Heien Hansen er teken ut til samling for regionslag.  Samlinga er i Bjarghallen 29. og 30. desember.  Samlinga vert leia av regionslagstrenarane Andreas Berntsen og Jan Aase.  Vi gratulerer Elise med uttaket, og ynskjer lukke til med samlinga.

Elise H Hansen er klar for regionalsamling



Daniel og Ørjan til samling for regionslag

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Des 2012

Både Daniel Hjohlman Reed og Ørjan Sundal er kalla inn til Regionslagssamling 29. og 30. desember i Olsvikhallen.  Samlinga inkluderer også to treningskampar mot Viking sitt første og andrelag som spelar i andre og tredjedivisjon.

Ørjan og Daniel er klar for nok eit representasjonsoppdrag, her saman med landslagsjefen for G94/95 på forrige samling.



Samlinga går over to dagar, der første dag er via til to treningsøkter, samt individuelle samtalar og fokus på kosthald. Søndagen er det treningsøkt og teori om treningsdagbok, før ein skal spele to kampar mot Viking.  Trenarar er Espen Storetvedt og Rune Kristiansen, samt teamadministrator Kurt Mikkelsen. Vi ynskjer gutane lukke til i Bergen.


Månadens talent/Årets talent i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2012

I samarbeid med ein av våre hovudsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane, skal vi som eit ledd i vår talentutvikling kvar månad kåre månadens talent i aldersgruppa 15-19 år.  Dette gjeld månadane oktober, november, desember, januar og februar.  I mars skal vi  kåre årets talent (gut eller jente).  Årets talent treng ikkje vere nokon av månadsvinnarane.

Månadens talent (gut eller jente), vil få eit Visa gåvekort pålydande kr. 500,-. Årets talent vil få eit Visa gåvekort pålydande kr. 2500,-.  Kriteriane for tildeling vil vere ting som treningsiver/frammøte, innsats på trening, utvikling som spelar og innsats i kamp.  Jury vil vere trenarkorpset og leiar i GHK.     Prisen vert delt ut i samband med ein heimekamp i Firdahallen, der prisvinnar deltek.  Prisane for oktober og november vert delt ut i samband med kampane i Firdahallen neste helg (15. og 16. des).


GUTANE TILBAKE PÅ SPORET

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2012

GHK - Førde 26-15 (13-5)

G-16 fekk vist seg frå ei litt betre side i kveld etter at dei har slete litt i starten av sesongen. Førde har eit lag med mange gode spelarar i år, og hadde nok teke mål av seg til å stele poeng i Firdahallen i dag.
Ein fornøgd gjeng etter årsbeste i Firdahallen i dag.

Men våre gutar opna knallsterkt med mål frå begge vingane. Først Jon Andreas som smatt gjennom mellom ving og back og scora sikkert. Deretter var Lauritz frampå med to flotte vingmål og stillinga var 3-0.

Vi scora jamt og trutt gjennom heile omgangen og bakerst stod Andreas Måge som ein levande vegg, bak eit knallsterkt forsvar. Pauseresultatet var sterke 13-5 til GHK.

Det som var gledeleg idag var at vingane våre kom til avslutningar og laga mykje mål.
Mikael tilbake i velkjent driv er ein viktig spelar for laget.

Pausen vart nytta til å halde fokus på konsentrasjon i andre omgang slik at Førde ikkje kom inn igjen i kampen. Det greidde gutane godt og sjølv om Førde hang litt beire med. Vi vann denne omgangen 13-10 og sluttresultatet vart 26-15 til ein fornøgd gjeng.

Styrken vår er at omlag alle på lage scorar i dag. Det er luksusproblem for ein trenar når det omtrent er det same kven som er å bana. 

Utan å fornærme nokon må vi utnemne Måge til BB idag. Med slikt keeperspel skal ein kvar få litt å bryne seg på framover.
Tre sentrale spelarar. Hans, Lauritz og Magnus Andre viste mykje fint i dag.
Giganten i forsvar er også byrja å bli ein sikker straffeskyttar. I bakgrunnen seg vi dagens meget gode dommar Einar Eimhjellen.


Desse var med: Måge, Jon Andreas 2, Hans Kristian 1, Erlend 3, Hans 3, Magnus 4, Mikael 4, Kristian 1, Lauritz 4, Sander 4, Sindre




Tilbakeblikk GHK-FyllingenBergen G18

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2012

Frå ein film som var teken opp då vårt fantastiske G18 lag slo FyllingenBergen for ei tid tilbake, har "junior" klipt saman ein målkavalkade som er vel verd å kose seg med. Du finn den her http://www.youtube.com/watch?v=YOq75ydw8cI&feature=youtu.be


Jenter 15 med årsbeste, trass tap mot Haugen

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012

GHK sitt lovande 15 års lag for jenter, var i dag på Eid og spela kamp mot Haugen.  Etter å ha lege under 8-3 til pause, synte jentene årsbeste i andre omgong og tok kraftig innpå Haugen.  Sluttresultatet vart 13-10 til heimelaget. Trenar Jostein seier i ein kommentar at jentene syner stadig framgong, og at andre omgong i dag var utvilsomt årsbeste.  dette lovar godt for komande kampar.  Målskårarar i dagens kamp var Solgunn(1), Frøydis(5), Maria(1), Julie(1) og Susann(2).


Bom,bom,bom og uavgjort for damelaget mot Årstad 2.

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012

Eit tydeleg "rustent og kampmanglande" heimelag måtte i ettermiddag nøye seg med uavgjort 24-24 mot Årstad 2 i damene sin 3.divisjon på heimebane i Firdahallen.  Ved pause leia GHK 13-9.

Dagens spelar Benedikte Gåsemyr, heimelaget sin toppskårar Heidi Sægrov, og dagens maskott Tuva :)

Det var knyta usikkerheit korleis over ein månad utan kamp ville slå ut for heimelaget i dagens kamp.  I tillegg måtte strategen og tempohaldar Elise H Hansen kaste inn handkledet før kampen på grunn av sjukdom.  Også Amanda Veiteberg var uaktuell pga skade.  Og det var heilt tydeleg at kamppausen ikkje var av det gode for heimelaget frå start. Dårleg tempo og mange personlege feil gjorde at Årstad 2 kunne leie i starten av kampen.  Utover i første omgong kom heielaget betre med, og spesielt Heidi Sægrov framover og Benedikte bakover, gjorde at GHK kunne gå til pause med ei 4 målsleiing.  Andre omgong vart ei framsyning i bomskot og enkle feil frå heimelaget si side.  Sakte men sikkert kom Årstad opp i ryggen på heimelaget, og kampen låg og vippa dei siste 15 minutta.  Benedikte Gåsemyr gjorde ein flott kamp i mål, og vart kåra til heimelaget sin beste spelar.  Framover var det mykje som ikkje var bra i dag, men med meir kamptrening vil nok fleire melde seg skikkeleg på her.  Kjekt å sjå unge Ragnhild Ryssdal med to flotte mål, og ho kjem nok til å markere seg på GHK framover. Heidi Sægrov får sjølvsagt godkjent med heile 9 skåringar.  Men alt i alt fekk ein med seg eit poeng i ein kamp som kunne vippa begge vegar mot slutten, så her er det berre å sjå framover til neste heimekamp som er mot Dale om 14 dagar.  Årstad sin beste spelar var Maylinn Hove, som sjølv med markering i størstedelan av kampen skåra 9 mål.

Desse var med: Marte H Hansen(4), Heidi Sægrov(9), Irene Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(2), Torill H Gaasø(2), Katrine Hole(3), Celina Nordbø, Ingun Berg, Ingrid Gimmestad(2), Linn-Kristin Øren, Martha S Eide, Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(1).



Knusande seier til herrane

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012

Få problem for herrane i Førde i dag.

I dag gjennomførte GHK-herrane ei "middels treningsøkt" mot Førde og sluttresulltatet vart til slutt "stygge" 15-43. Førde mangla to sentrale spelarar i dag og stilte med ei blanding av veldig unge og veldig gamle spelarar. Det måtte bli slakt, og det vart det. Etter 16 minutt hadde Førde klart å score 3 mål og GHK hadde laga 12.

Sander debuterte på herrelaget idag og scora 2 flotte mål.

Unggutane til Gloppen herja med Førde i dag. Dei fotrappe gutane Runar Åmodt og Ole Martin scora idag 6 mål kvar. Det same gjorde ein svært god Ørjan, og når dei meir rutiterte karane som Jan og Edvin leverer solid spel vert det stygge siffer. Jan virka veldig spelesugen i dag og med lynraske finter, innspel og gjennombrot var han nesten eit angrep åleine.

Banens beste spelar Runar Åmodt var i storslag idag

Mange leverte gode prestasjoner i dag ein sjølvutnemd jury kåra Runar Å til BB. Han er utruleg våken på alle returer og hadde 100% uttelling på sjangsane sine idag. Guten er heilt klart byrja å spele seg varm i GHK-trøya.

Berre godord og finpuss i dagens pause. Trenaren var nøgd.

Det er ikkje lett å halde konsentrasjonen oppe i slik kampar men laget skal ha ros for at dei jobba godt i forsvar gjennom heile kampen, og greidde å halde seg til avtalane framme.

Desse var med: Paulen og Daniel i mål, Ole 6, Runar Å 6, Ørjan 6, Vegard 2, Runar G. 3, Edvin 6, Bjørn M. 5, Alex 2, Jan 5, Sander 2.


Ny SUM samling for jenter 97/98

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Nov 2012

GHK har fått med 3 jenter til SUM(soneutviklingsmiljø) samlinga i Nordfjordhallen onsdag 12.12.12.  Frå før er både Eli Kristin Arnestad og Frøydis Seime Øygard ein del av dette miljøet.  No er også talentet Susann Solheim teken ut i troppen. Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til på samlinga.


Spanande kamphelg i vente

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Nov 2012

Komande helg skal både dame og herrelaget i 3. divisjon spele kamp på laurdag, medan G16 laget skal i elden på søndag. Damelaget møter Årstad 2 i Firdahallen, medan herrelaget skal til Førde for å møte naboen der.  Gutelaget tar imot Førde på heimebane.

Fem gutar som er klare for å kjempe mot Førde på søndag

For herrelaget sin del har sesongen så langt enda opp med 2 sigrar og 2 tap. Sist med eit knepent heimetap for studentlaget BSI.  Førde sitt herrelag har kun slege Stryn på heimebane, ellers har det stort sett enda med til dels store tap for bylaget frå Sunnfjord. På heimebane vann GHK med 15 mål over Førde, og vi trur laget til Bjørn Roth vil gjere alt for å halde på trona som det beste laget i fylket. Einaste usikkerheitsmomentet er at det er over ein månad sidan siste kamp for GHK, så kampforma kan vere så som så.

Også damelaget har hatt ein lang periode utan kamp, men dette har truleg vore like greit då ein har slite med mange skadar siste tida. Til kampen på laurdag er det vel kun Amanda Veiteberg som er heilt uaktuell.  Årstad 2 vert inga enkel oppgåve for damene til trenar Kjell Aske.  Dei kjem frå uavgjort mot topplaget Voss, samt to store sigrar over Bjørnar 2 og Dale.  Men med støtte frå eit entusiastisk heimepublikum, håper vi på ein knepen heimesiger og to nye poeng.  Då vil ein framleis henge med heilt i toppen av divisjonen.

Gutelaget til Torbjørn Sælen skal møte Førde på heimebane.  Begge lag har kun eit tap så langt. GHK ligg heilt i teten saman med Stryn, men Førde har spela ferre kampar og kan med siger her kome opp i ryggen på tetlaga. Truleg vert dette ein jevn kamp der heimebane kan vere avgjerande for resultatet i kampen.  Begge lag kjem frå tomålssiger over Florø.

 



J15 kampar avlyste

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2012

Begge kampane til GHK sitt J15 lag vart avlyste denne helga.  Jentene skulle møtt Dale på laurdag og Florø på søndag.


Møbelringen Cup

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2012

GHK si toppgruppe reiste i går til Bergen for å sjå nokre av verdens beste damelandslag i aksjon. Først såg vi Frankrike slå Danmark, før vi var vitne til ein spanande kamp der Norge til slutt slo Sverige med to mål.

Fullsett hall, Norge-Sverige, stor stemning:)

Grytidleg laurdag morgon var det avreise frå Firdahallen med 15 forventningsfulle ungdomar, som stort sett nytta turen nedover til Bergen til å forlenge nattesøvnen:)  Vel framme i Haukelandshallen, var vi dei første som inntok tribuna og kunne på den måten få dei plassane vi ville.  Fram mot kampstart Frankrike-Danmark, var det mange som nytta høve til å sikre seg dei norske landslagsdraktene.  I den første kampen var det Danmark som sat i førarsete i starten, men Frankrike var alt i alt det beste laget og vann til slutt fortent.

Dagens spelar for Norge, Heidi Løke varmer opp

Fram mot Norge sin kamp mot Sverige, seig det på mykje publikum og hallen var stappfull (3300) då kampen starta. Norge hadde stort sett kontroll på sine svenske søstre, men kampen var jevn heilt til slutt.  Stor stemning i hallen, og ei flott oppleving for GHK sine talentfulle ungdomar.  På heimvegen måtte vi sjølvsagt innom burgersjappa i Åsane, før vi rulla inn mot Sandane ved midnatt.

Godt med mat etter ein lang dag.



Julenek 2012

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Nov 2012

 GHK – Økonominemnda

 

Sandane Nov 12

 

JULENEKASKJONEN 2012

 

Årets Julenekaksjon vert tysdag 4. desember eller torsdag 6.desember dersom det passar betre. Neka er komne til Sandane. Det står berre att å selje dei. Dette er ei mangeårig tradisjon der dei aktive, foreldra og evt. andre stiller opp.

 

Julenekaksjoner er ein stor dugnad for GHK, og ei god inntekts kjelde.  Vi har laga lister over dugnadane tidlegare i år, og har prøvt å plukke ut spelarar som ikkje har vore i aksjon fleire gonger før.

 

Aksjonen vert omtalt på førehand i Firda Tidend, slik at folk veit at dei får besøk, erfaringsmessig er det derfor mange som ventar oss.

 

Nokon ynskjer av ulike årsaker ikkje å kjøpe, då går det godt an å be om ei pengestøtte.

 

Juleneka er i år lagra på i Fiskå Mølle, blå hallen her kan gruppesjefane – med strek under namnet – hente nek.

Gruppesjefane skal og stille med bil.

Utlevering frå 17:00 til 19:00 begge dagar.

 

Ein frå økonominemnda vil vere på lagerplassen fram til kl 21:00, slik at de kan levere pengar og evt. nek som er til overs. (Vi gjer andre avtaler ved behov):

Det kan vere lurt å ta med plast el.l å legge neka på i bilen.

 

Alle oppsette har møteplikt, Høver det ikkje for deg, finn ein annen i din stad.

 

Pris pr nek kr 70,- To nek kan seljast for kr 100,-

 

Vi levere ikkje ut vekslepengar, ta med litt mynt og sedlar sjølv.

 

Lykke til!!

Helsing Økonominemnda : Sølvi, Else Torunn, Staffan, Rakel, Oddrun og Ann Kristin.

Julenekaksjon 2011 2012 Gloppen Handballklubb
RUTE OG SELJARAR   Pris: kr 70 per stk,2 stk kr 100,-
2011 2012 Kommentra
Hjelmeset  - Jølet og opp svingane 35    
Oda Eide Ingvild  Slagstad      
     
Grustaket i Jølet  - Krysset på Øyrane 35    
Magnus Andre Moritsgård Alexander Moritsgård      
     
Krysset hjå Nedrebø - Krysset ved       
Barnehagen + Kaalebakkane+ Solås 35    
Runar Gåsemyr Osmund Vereide      
     
Vereide: Frå busskuret opp til Bakkelid -       
frå barnehagern t.o.m Tystadbakken 10    
Torill Henden Gåsø Eline Åsebø      
     
Frå Tystadbakken - Øyrakrysset 31    
Irene Slagstad Eli Kristin Arnestad      
     
Vereide: Frå Busskuret til Aasebø- 15    
Føleide -Rye      
Ingrid Gimmestad Elise Tystad      
     
Gimle og Ytre Fjellbygda 19    
Eirhild Alme Solgunn Lothe      
     
Indre Fjellbygda 20    
Marie Kvamme Susanne  Gjærløv      
     
Leirbrekka - Øyrane til 55    
Fargehandelen (Øvre og nedre Linje)      
 + Mølla      
Peter Wilke Mikael Alander 25    
Elisabeth V. Hansen Amalie Mundal 30    
     
Sandane frå Fargehand. (inkl.opp bakkane) 20    
- Gjestland - rundt Firda vgs. -Vonh.krysset      
-nedre linje til Storebru      
Malin K. Eikenes Benedickte Gåsemyr      
     
Kjørvika og Kandalen 25    
Frøydis Seime Øygard Ayla Myklebust Seime      
     
     
Ryssdalen-Søreide - Storebrua 25    
Ragnhild Ryssdal Ørjan Sundal      
     
Bukta: Mardal, Fitje til krysset mot Rygg 30    
Sander Nesdal Ingunn Berg      
     
     
Ingolfkrysset - Nedre Arnestad - 30    
nedre Gimmestad, nedre Rygg, Sande      
Erlend Ulvestad Hans Sande      
     
Grov,Rauset, Sandefeltet 40    
Åsmund Sælen Vegard Sælen      
     
Ingolfkrysset - Øvre Arnestad 20    
Øvre Gimmestad - Øvre Rygg (bru til      
Grov - Heggadalen)      
Ole Martin Flatjord Bendik Eikenes      
     
Devik - Hestenesøyra 25    
Olav Devik Evald Devik      
     
     
Valborgkleiva - Grasdalen 15    
Andreas S. Kissner Daniel Hjohlman Reed      
     
Bustadane ved sjukeheimen (frå       
Sion til krysset på dammen -       
Begge sider      
Kristian Henden Runar Åmot 15    
     
Kleivedammen, frå kanten av  25    
Ulvesbakken - Mona- Eide(inkl.      
Åsavegen frå krysset ved Sandane Kyrkje)      
Martha Sofie  Eide Amanda Veiteberg      
     
     
Gotavegen -Ulvesbakken  30    
og Åslyvegen      
Benedicte Vederhus Sofie Djupegot      
     
Åsen: Lyngvegen, Kreklinga 25    
Porsvn.      
Hanne B Bjørshol Julie Varpe      
     
Åsen: Vonheimsbakken, Åsavegen 20    
(til krysset ved Sandane Kyrkje)      
Orevegen, Evebøvegen      
Elise Heien Hansen Benedicte Lotsberg      
     
Åsen: Furelia, Søråsen, åsahøgda 30    
Silje Iren Hervik Ingeborg Volle      
     
Åsen: Nordåsen, Åsaberget 20    
Paul Remi Kvandal Bjørn Magnus Nystad      
705    
*  Namn med strek under har hovudansvar for bil med sjåfør..
*  Alle har møteplikt til denne dugnaden. Dersom det ikkje høver må de finne ein person i staden er finne  ein person i staden
*  Det kan vere lurt å ta med plastikk el.l til å legge juleneka på i bilane
*  Vekselpengar må de syte for sjølve
NB!! Dersom det får for lite nek på oppsett rute, kom og hent fleire,  
det er viktig at vi får selt dei neka vi har kjøpt inn.
MVH
For Økonominemnda i GHK
Oddrun Else Torunn
-48 998 088 (9086 17 17)

 



Fyldig GHK tropp til Møbelringen Cup i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Nov 2012

Komande helg er det klart for Møbelringen Cup i Haukelandshallen i Bergen. Laurdag reiser ca 20 unge handballspelarar frå GHK nedover for å sjå nokre av verdens beste damehandballag i aksjon. Vert kjekt å få sjå topphandball på nært hald for våre utøvarar, og kanskje er vår eiga June med, og kanskje ein gong.....


GHK sitt damelag i 5.div med to flotte sigrar i helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2012

GHK sitt gode 5.divisjonslag har denne helga sanka 4 nye poeng.  I går vann dei 28-27 over Eid i ein svært spanande kamp, medan dei i dag "feia" Aurland av bane og gav seg ikkje før det stod heile 39-14 i målprotokollen.  Meir info om kampane kjem kanskje etterkvart.

Trenar Ragnhild og tausene :) (arkivbilete)



G-16 med 2 poeng i Florø

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2012

Gutane fekk ein kjærkomen siger i Florø idag etter det sure tapet mot Stryn tidlegare i veka.

Med Erlend i Oslo og Hans Måløy der han sto fadder, var det knytta stor spenning til om resten av gjengen kunne knekke Florø denne helga.  Gunnar Atle vikarierte som lagleiar i Torbjørn sitt fråvær, og greidde å dra i land sigeren i ein tett og jamn kamp.

Rapportane fortel om uavgjort 12-12 til pause, og GHK i føring stort sett heile andre omgangen. Var på det mest oppe i 4 målsleiing.  Sluttresultatet vart  26-24 til Gloppen, og to nye poeng. GRATULERA vi er framleis med i tetsjiktet.

 

Desse var med: Måge i mål, Jon Andreas, Sindre, Håvard Magnus, Kristian 1, Peter, Magnus Andre 7, Lauritz 9, Sander 4, Mikael 5. Magne Moritsgård stødig sjåfør.

 

 

 



Amputert kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Nov 2012

Komande helg vert ei litt amputert kamphelg for GHK.  Både damelaget i 3.divisjon og G18 laget har fått utsett sine kampar denne helga.  Men damelaget i 5. divisjon skal spele dobbelkamp, først mot Eid borte på laurdag og deretter mot Aurland heime på søndag. Gutar 16 skal til Flørø for å møte heimelaget der på søndag.

Dobbelkamp i vente for Eline og Malin

Damelaget i 5.divisjon møter overkomeleg motstand i begge sine kampar.  Eid har så langt sanka  2 poeng, medan Aurland ligg heilt sist utan poeng.  GHK har 3 sigrar og 2 tap, og er nok innstilt på å kjempe for nye poeng her.  Gutelaget tapte sist mot Stryn, og er nok svært revansjelystne til denne kampen mot Florø.  Florø ligg sist på tabellen, og siger bør vere målet til GHK gutane på søndag.  Ein må unnvere strategen Erlend Ulvestad, samt Hans Sande i denne kampen.  Likevel trur vi gutane kjem heim med nye poeng frå kystbyen.


GHK gutar på regional landslagssamling i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Nov 2012

Daniel Hjohlman Reed og Ørjan Sundal gjorde begge ein flott innsats under dagens regionale landslagssamling i Haukelandshallen i Bergen.  Samlinga vart leia av landslagstrenar for LM94, Einar Veierød, med god assistanse av regionlagstrenar Rune Kristiansen.

Landslagstrenar Einar Veierød var godt nøgd med innsatsen til våre gutar.

I to knallharde økter vart dei beste gutane i vår region (94 og 95 mod) drilla i øvingar som forsvarsspel, hurtige overgangar, rush og etablert angrep. Kvaliteten og intensiteten på øvingane låg på eit høgt nivå, men våre gutar gjorde ein god innsats.  Alt i alt ein fin dag, men trøtte bein på veg heimatt :)

Her er det GHK mot GHK

Tøffe tak på strek for Ørjan



Tap mot Stryn for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2012

Dei ellers så seirsvante gutane frå Gloppen tapte idag mot Stryn i Firdahallen. Stuttresultatet vart 17-20 Eit imponerande stort publikum hadde benka seg for å sjå toppkampen i G-16 avdelinga mellom Gloppen og Stryn. Stryn kom best igang og leia stort sett heile førte omgang. Vi sat liksom å venta på at Glopparane skulle vakne og hadde godt håp då dei gjekk til pause og hadde henta opp leiinga til Stryn og gjekk i garderoben på stillinga 8-8.

Men det var Stryn som ville mest i denne kampen. Med stor innsats og spel på grensen fekk dei Gopparane ut av stilen, og dei fekk til veldig lite i angrep. Statestikken på utvisningane viste 0 til Gloppen og 4 til Stryn og raudt kort.

Idag mangla det både balltempo og trykk mot mål og det vart enkelt for strynegutane å stå i forsvar. Det vart heller ikkje lettare når Hans trakka over i første omgang og måtte sjå resten av kampen frå sidelinja.

No er det berre å brette opp ermane og sjå framover til neste kamp i Florø til helga. Her bør vi plukke med oss poeng skal vi henge med i toppen.

Desse var med: Håvard Magnus 1, Jon Andreas, Erlend 3, Peter 2, Kristian 1, Hans 2, Mikael 3, Magnus 4, Sander 1, Måge, Lauitz


Toppkamp i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Nov 2012

I morgon (mandag) er det duka for toppkamp i gutar16 serien, når heimelaget GHK tar i mot nabo Stryn til kamp i Firdahallen.  GHK står med 3 strake sigrar, medan Stryn har vunne begge sine kampar så langt.  Vi trur mest på Torbjørn sine gutar, men forventar ein tøff kamp om poenga.  Kampen startar kl. 20.00.


GHK jenter til SUM samling i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Nov 2012

Eli Kristin Arnestad og Frøydis Seime Øygard er tekne ut til SUM samling for jenter97-98.  SUM samlinga er lagt til Lindåshallen ved Knarvik, og helga inkluderer også ein tur til Haukelandshallen på laurdagen for å sjå Møbelringen Cup.  Vi gratulerer jentene med uttaket og ynskjer lukke til.

 



G-18 med ny siger

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Nov 2012

Daniel "The Wall" viste keeperspel vi knapt har sett maken til i Firdahallen før, då 18-åringane kunne putte ein ny skalp i beltet. I dag var det Kjøkkelvik som fekk kjenne på GHK -gutane sine musklar. Dei imponerer stort bakover og bergensgutane kom nesten ikkje til målsjangsar. (Arkivbilde)

GHK har verkeleg noko på gang med denne gjengen. Det virka som den auka treningsinnsatsen er byrja å gjere seg gjeldane, og vi står ikkje lenger med lua i handa nå vi møter gode lag frå Bergen.

Kampen i dag starta med to gode lag i forsvar og bakerst var det to svært gode målvakter. Kjøkkelvik sin gode keeper tok det meste i starten av første omgang, og i den andre enden var ikkje Daniel noko dårlegare. Etter 5 min kom det første målet på rush med Kissner. Kjøkkelvik kvitterte rett etter og utlikna til 1-1.

Neste målet til Kjøkkelvik kom når tavla viste 20.00 min. Då vart stillinga 6-2 til Gloppen. Erlend hadde laga mål frå strek, Ørjan på straffe og Vegard og Runar G. frå distanse. Bakerst hadde Daniel redda straffe, rush, langskot, og gjennombrot eller sagt på ein annan måte, stort sett alt.

Før pause hadde Osmund også meldt seg på frå høgre bakspelarposisjon og vi gjekk til pause med ei "smått" legendarisk stilling 10-4.

Andre omgangen starta litt svakt frå Gloppen si side, og Kjøkkelvik lagar 4 mål på rappen medan vi berre lagar 1. Det byrja å bre seg litt usikkerhet når Kjøkkelvik berre var 3 mål bak på stillinga 11-8. Men så tar kapteinen Morits grep og roar nervane med ei flott scoring. Runar G. og Sander Nesdal puttar to mål og vi er atter i trygg føring. Etter dette er sigeren aldri truga og dei drar sakte og sikkert ifrå, og vinn veldig fortent 25-16.

Flott innsats av heile gjengen, men dagens store namn er Daniel Hjolman Reed, men framfor seg hadde han idag ein kanon forsvar. Gledeleg med debutant Sander Nesdal som fortsett den gode trenden frå forige helg. Idag putta han to rushmål og er verkeleg byrja å få blod på tann.

Desse var med: Daniel og Olav i mål, Hans, Erlend 4, Ørjan 4, Runar G. 5, Vegard 3, Osmund 2, Alexander 1, Sander 2, Runar Å 2, Kissner 1, Ole Martin 1, Åsmund.


K5 damene til Florø på torsdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2012

GHK sitt damelag i 5.divisjon skal til Florø på torsdag for å møte topplaget Florø 2.  Florø sitt andrelag har sålangt 4 strake sigrar, medan damene våre har 2 sigrar og 1 tap.  Venteleg vert dette ei tøff oppgåve for det unge GHK laget, men trua på siger er der, og med rett mental innstilling kan dette gå vegen.  Lukke til.


Ørjan og Daniel til regional landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2012

Både Ørjan Sundal og Daniel Hjohlmann Reed er tekne ut i troppen til regional landslagssamling for gutar fødd i 94-95 i Haukelandshallen tysdag 13.november.  Daniel er sjølvsagt teken ut som keeper, medan Ørjan er teken ut som strekspelar.  Dette er ei fin "fjør i hatten" for begge to, og vi gratulerer og ynskjer dei lukke til på samlinga.



GHK med stor tropp til RUM samling i Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Okt 2012

GHK stiller med den suverent største troppen til RUM samling i Fjalerhallen i Dale 10. og 11. november.  Heile 13 spelarar er teken ut, og det syner at nivået i klubben er høgt. 

Amanda Veiteberg er blant dei uttekne til samling

Desse er tekne ut av NHF Region Vest: Elise H Hansen, Irene Slagstad, Amanda Veiteberg, Ørjan Sundal, Vegard Sælen, Evald Devik, Daniel Hj Reed, Runar Åmot, Osmund Vereide, Sander Nesdal, Lauritz Bjørnereim, Magnus-Andre Morritsgård og Mikael Alander. Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.

Samlinga føregår som sagt i Fjalerhallen.  Lørdag start kl. 12.00-20.00....middag 20.30.  Søndag frå 09.00-13.30.  Overnatting er på Dale VGS.



G16 med dagens dobbel i Årdal.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012

GHK sitt gode 16års lag for gutar var i dag i Årdal og slo begge Årdalstangen sine lag. 25-24 og 29-27.  Meir om denne kampen kjem seinare når trenaren er komen vel heim att.  Frå Årdal har vi fått bilde av dagens vinnarlag :)

Årdalstangen-Gloppen 24-25 (13-13)

I dag møtte vi eit godt og velspelande Årdalslag. Dei opna knallhardt og vi fekk ikkje opp intensiteten i spelet vårt. Motstandaren gjekk tidleg opp i 4-1 leiing og dei gode langskyttarane til Årdal herja med oss utan at vi kom ut på dei. På det meste var vi 4 mål bak og måtte ty til "timeout".  Her fekk vi justert forsvarsarbeidet vårt og Hans Sande kom på bana og roa nervane med 3 kjappe mål. Underarm og to ganger hoppskudd som det lukta svidda av. Erlend traff med langskot og var sikker på straffe og til pause hadde vi utlikna, og kunne kvile på stillinga 13-13.

Andre omgang var jevn og laga følgde kvarandre tett, men det var Årdal som hadde føringa i kampen og vi måtte stresse for å halde følge. Magnus var god på strek, og han og Mikael brukte mykje krefter i midten for å halde Årdøladn frå livet.

30 sekund før slutt var stillinga 24-24 og stor stemning bland heimepublikumet. Mikael snappa ei dårleg passning og rushar åleine mot keeper. Idet han hoppar inn oppdaga han at han er komen for nær og må ty til ein dristig lobb som heldigvis dalar bak i hjørnet.  Motstandaren klarer ikkje å svare og vi har rodd i land ein arbeidssiger.

Desse var med: Jon Andreas keeper, Erlend 5, Sander 1, Magnus 4, Mikael 5, Lauritz 2, Hans 6, Peter 1, Kristian 1, Hans Kristian, Sindre.

Årdalstangen 2 - Gloppen 27-29 (13-16)
Dagens profil
Super kamp av Sander mot Årdalstangen 2 idag. Han var ustoppeleg og gav seg ikkje før han hadde putta 10 mål.


Gutelaget har ikkje målvakt i år og nokre av utespelarane må byte på denne jobben. Heldigvis har vi nokon som har prøvd dette før og ofrar alt for laget. Første kampen stod Jon Andreas Kornberg i mål, og andre kampen var det Hans som tok ansvar.

Etter ein times pause var det ny kamp. Dei som hadde tatt dei tyngste taka i første kampen fekk kvile litt meir i denne kampen. Med Hans i mål og Mikael på benken var det andre som måtte ta ansvar. Lauritz Bjørnereim fekk jobben som midtspelar og løyste det på glimrande vis. To fantastiske underarmsskott og flotte hoppskot bidrog sterkt til at vi parkerte Årdalstangen 2 i starten av kampen. I midten av første omgang var vi oppe i 12-6 leiing og saman med ein strålande Sander Nesdal hadde vi god kontroll. Til pause var stillinga 13-16 i Gloppen sin favør.

I staden for å spele på det sikre byrja gutane å slurve i starten av andre omgang. Ei rekke tekniske feil gjorde at vi inviterte Årdal inn i kampen. Dei var ajour på 21-21, men då sa Gloppen takk for seg og stakk ifrå- Sjølv om sigeren til slutt vart på berre to mål hadde dei bra kontroll og to nye poeng i boks.

Kampens store profil var Sander som putta heile 10 ballar i nettet. Han er lynrask på kontringar, sikker i avslutningane både på langskot og gjennombrot og fekk verkeleg vist potensialet sitt idag. Her blir det mykje å glede seg til framover.

Desse var med: Hans keeper, Hans Kristian, Sindre, Erlend 2, Sander 10, Lauritz 6, Magnus 5, Mikael 3, Peter 1, Jon Andreas 1, Kristian 1.


Tap for J15 borte mot Skavøypoll

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012

Etter gårsdagens flotte siger over Stryn2, var jentene i dag på tur til Skavøypoll for å møte heimelaget der.  Fleire av dei sentrale spelarane frå gårsdagens vinnarlag, var diverre ikkje med i dag.  Likevel hang ein godt med i kampen, sjølv om ein til slutt tapte 4-8.  Solgunn Reed Lote var GHK sin beste spelar i dag, og skåra likegodt alle måla våre.  Susann Solheim Gjerløv gjorde ein flott innsats som keepervikar, i Eli Kristin Arnestad sitt fråver.


Herrane tapte mot BSI

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012

GHK sitt 3.divisjonslag for menn tapte heimekampen mot BSI 28-31, etter å ha lege under 15-20 til pause.  Sjølv om heimelaget sin Edvin Øygard sette inn 10 mål åleine, var det ikkje nok mot eit godt BSI lag.

Dagens spelar på heimelaget, Edvin Øygard, samt Jan Kristoffer Sletteland, prøver det dei kan for å stoppe BSI.  I bakgrunnen ser vi Runar Gåsemyr. (foto:Jan N Hansen)

Bortelaget kom best i gang i Firdahallen og tok leiinga tidleg.  Utover i første omgong var det tydeleg at heimelaget sleit med å demme opp for BSI sine spelarar Jørn Aadne Ram, Fabian Tandberg og Håkon Dalsbø.  Desse fekk gang på gang sette ballen bak ein ellers god Daniel Reed.  Desse 3 spelarane sette inn 25 av bortelaget sine mål.  I andre omgang kom GHK betre med, og etter 20 min var dei ajour på stillinga 21-21.  Dei mange tilskodarane i hallen venta då på at GHK skulle sette inn nådestøtet i kampen, men det var bortelaget som ville mest og som kunne juble for siger 31-28.  Best på heimelaget var utvilsomt Edvin Øygard, som sette inn 10 mål.  Men her er fleire sentrale spelarar som ikkje melde seg på i denne kampen, og når nivået er så høgt som det er i 3.div, er det vanskeleg å vinne slike kampar.


Flott siger av J15 mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2012

GHK sitt jente15 lag slo i dag Stryn 2 8-4, etter fortjent 3-0 leiing ved halvtid.  Sjølv i ein kamp med lite mål, synte jentene til Jostein klar framgong frå forrige kamp.

To av kampens profiler. Eli Kristin som ein levande vegg bakerst, og kampens toppskårar Susann med 3 mål.

Bakover på bana syner jentene svært godt forsvarsarbeid, og bakerst står Eli Kristin Arnestad som ein levande vegg.  Trur vi allereie no kan slå fast at her har GHK eit keepertalent av dei skjeldne.  Kjekt å sjå at også fleire og fleire melder seg på utover i kampen, og sigeren i dag er heilt klart ein stor lagsiger. Første omgong vart svært målfattig, takka vere godt forsvarsarbeid og ein god keeper bakerst.  Framover på bana er det fortsatt ein del ting og ta tak i, men av og til ser ein flotte kombinasjonar som resulterer i skåring.  Tydeleg at Jostein arbeider godt med å få jentene til å bli betre.

Full kontroll av våre jenter heile kampen gjennom.

Andre omgong er mykje ein repitisjon av første.  Godt forsvarsspel, men enno betre utteljing framover.  Fleire vågar å avslutte, og dette er kanskje den største forbetringsdetaljen for jentene.  Den dagen fleire vågar å gå på mål oftare, vert det mange lag som kjem til å slite mot dette GHK laget.

Desse var med i dag: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Reed Lote(1), Linda Helen Årdal(1), Frøydis Seime Øygard(1), Susann Solheim Gjærløv(3), Oda Eide, Jennie Agnete Falck, Silje Iren Hole Hervik(1), Julie Varpe(1), Maria Kvamme.



Stortap for K3 damene mot Voss

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2012

Det gjekk diverre ikkje vegen for damene våre i dagens heimekamp mot Voss.  Til slutt kunne jublande Vossatauser gå av bana med ein solid 30-18 siger over eit tafatt heimelag.  Stillinga ved pause var 16-9 til Voss.

Dagens GHK spelar Torill H Gaasø, prøver å stoppe ei Vossetaus.  Bak Irene, Ingrid og Ingvild. (foto:Jan N Hansen)

Det var knytta visse forhåpningar til at heimelaget skulle kunne slå gjestane frå Voss i denne kampen.  Men bortelaget tok tak i kampen frå start. Sakte men sikkert drog dei frå heimelaget og kunne gå til pause med ei komfortabel 16-9 leiing.  Der det gjekk stang inn for Voss, gjekk det stang ut for GHK.    Amanda Veiteberg var toppskårar for heimelaget med 4 mål.  Prisen for dagens GHK spelar gjekk til Torill H Gaasø, som saman med Helene Sundal i mål, var dei mest positive i eit heller "bleikt" heimelag.  Denne kampen må ein berre gløyme snarast råd er, og heller sjå fram mot neste kamp.

Desse var med: Benedikte, Helene, Ingrid(1), Ingunn(1), Heidi(3), Elise(3), Irene(1), Torill(3), Marte SE, Katrine, Ingvild(2), Amanda(4), Ragnhild, Elisabeth.



"Superlaurdag" i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2012

Då er det klart for ein ny spanande laurdag i Firdahallen.  Både dame og herrelaget i 3.divisjon skal ut i kampar mot høvesvis Voss og BSI, medan vårt unge jente15 lag skal møte Stryn 2.

Første kamp ut på laurdag er jentekampen mellom GHK og Stryn 2.  Stryn 2 er komen til etter sesongstart, og vert ein kamp eg trur Jostein sine jenter har gode moglegheiter til å vinne. I første heimekampen tapte ein mot Stryn 1, men den kampen synte at her er mange jenter, som med meir kamptrening og trening i lag, kan yte dei fleste laga i serien god motstand.

Så er det klart for damekamp mot Voss.  Det unge GHK laget har overraska dei fleste så langt i årets sesong.  Jentene står med 4 strake sigrar, og møter her eit lag som truleg er omlag på same nivå. Voss kjem frå ein storsiger over Bjørnar 2, og har truleg mykje sjølvtillit i bagasjen med til Sandane.  Korleis dette vil slå ut i kampen på laurdag gjennstår å sjå, men underteikna er budd på nye spanande minutt langs sidelinja.

Herrelaget møter så BSI. BSI har så langt 1 siger og 3 tap, men har møtt gode lag som Os og Kjøkkelvik.  Vi trur at om gutane til Bjørn Roth-Andenes skal halde liv i opprykksdraumen, skal denne kampen vinnast.  Utifrå kampane så langt i sesongen, og ikkje minst kampane til G18 laget, vil eg tru at GHK er favoritt.  Herrelaget til GHK denne sesongen er ei flott blanding av G18 laget og nokre fantastisk gode "veteranar".  Når laget får spelet til å gli som vi veit dei kan, er det truleg berre Os som er like gode i årets 3.divisjon. 



G16 til Årdal, J15 til Måløy...på søndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2012

GHK sitt gode 16 års lag for gutar dreg til Årdal på søndag for å møte Tangen sine to lag der.  Årdalstangen1 og 2 har så langt ein siger og eit tap kvar.  GHK har kun spela ein kamp til no, og den enda med braksiger over Florø.

Det er venta hardare motstand i Årdal, men vi trur Torbjørn sine gutar kjem heim med minst to poeng, kanskje fleire.

J15 laget til Jostein spelar som kjent i Firdahallen i morgon mot Stryn 2, men skal også til Måløy for å møte Skavøypoll på sondag. "Poljen" har tre strake tap, og skulle vere overkomeleg motstand for jentene våre. Vi trur GHK sitt lag vil verte betre og betre for kvar kamp, og ser fram til kampane i helga.



Toppidrett handball med besøk frå NHF

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2012

Dei som har valfag Toppidrett handball ved Firda vgs fekk i dag besøk av Rune Kristiansen frå NHF Reg Vest, som saman med vår eigen herretrenar Bjørn Roth-Andenes, gjennomførte ei flott treningsøkt med våre handballtalent i skuletida.

Rune Kristiansen (i midten) i full sving med dagens økt.

Meir om dagens økt kjem etterkvart.



G-18 Imponerer

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2012

G-16 og G-18 har de senere år haft mange sure 1 og 2 målstab til Fyllingen og gutta var revancelyste før opgøret. Den vaneligvis meget positive til tider på grænsen til det overmodige trener havde tippet 25-20 før kampen. Fyllingen havde for 14 dage siden kvalificeret sig til sparserien men har 2 spillere ude med skade.  

Gutta starter med ballen og kører en kjell(aske) der Vegard Sælen bliver helt fri med keeper skorer let til stillingen 1-0. Daniel plukker Fyllingen afslutningen ankomst og 2-0. De første 8 minutter var der kun et lag på banen og stillingen var 6-1. Ingen havde forventet denne åbning på kampen. Intensiteten i forsvaret går lidt ned Fyllingen skorer 2 hurtige mål og er med i kampen 6-3. De næste 10 minutter er GHK 2-3 mål foran og begge lag presterer flot håndball. 6 minutter før pause er stillingen 10-7 og første 7 er er tilbag på banen. Perioden vindes 4-0 og huskes for millimeter precise rushpasninger fra D.J-Reed og en doppelredning som tok modet fra fyllingen spillerene. 

I begyndelsen af andre omgang viser Fyllingen at de har spillet mange tøffe kamper før og henter ind GHK forspringet på 5 minutter. Kampbilledet var vendt på hovedet tekniske fejl fremme og dårlig forsvarsspil førte til stillingen 15-14. Tilskuer holder pusten og trener tager time-out. Herefter tager magic Moritz og Ørjan the Stallone Sundal ansvar og viser samspil i høj klasse. Kommer forsvaret frem ballen ind til Ørjan som med 1 til tre spillere på ryggen gang på gang klarer at få ballen forbi keeper. Bliver forsvaret inde på 6 meter er keeper chanceløs mod Moritzgård og Gåsemyr. Man må ikke glemme meget vigtige scoringer i denne tette periode af Hans Sande som lobber i det korte og Os Vereide som på mirakuløsvis skorer fra 0 grader. Rocky Aamot viser attitude og tager en skoring coast to coast da han får frimærke på sig. Gutta ser sig ikke tilbake og 15-14 bliver til 30-21. Kampens bedste for GHK var Ørjan Sundal og Alex Moritzgård efterfulgt af mange meget gode prestationer. Idag var vi gode.    

 



GHK gutar på SUM samling i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2012

5 gutar frå GHK har i helga vore på SUM96(soneutviklingsmiljø) samling i Stryn, under kyndig rettleiing av Geir Giil.

Lauritz, Magnus-Andre, Sander, Andreas og Mikael er flotte ambasadørar for GHK.

Gutane gjennomførte ei økt laurdag kveld, samt 2 økter i dag.  SUMmiljøet er ein viktig arena for unge handballtalent som ynskjer å satse på handball.  Herifrå går vegen vidare til regionale miljø. Uansett er det flott at GHK har heile 5 gutar med her.

Heile gjengen samla.



K5 damene til Leikanger i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012

Damelaget i 5. divisjon reiser i kveld til Leikanger for å møte heimelaget Syril til returkamp. I kampen i Firdahallen i september var våre damer fleire hakk kjappare enn sognetausene og drog iland ein komfortabel 23-16 siger.  Reknar med at heimelaget i kveld er innstilt på å revansjere dette tapet, men får hard motstand frå våre jenter som har opna sesongen med to flotte sigrar så langt.  Syril kjem rett frå ein knusande siger over Florø 2, der dei vann 26-6.  Kva det resultatet seier, er vanskeleg å spå noko om.  Men truleg får damene våre hardare kamp om poenga i kveldens kamp.  I trenar Ragnhild sitt fråvær, er det Norunn Sunde som er kveldens sjef på benken.  Vi ynskjer lukke til, og kjem med ei oppdatering på heimesida seinare i kveld.


G18 spelar toppkamp på laurdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012

GHK sitt gode 18års gutelag skal spele heimekamp mot topplaget FyllingenBergen i Firdahallen på laurdag.  Sjølv om GHK kun har spela ein kamp og FyllingenBergen to kampar sålangt, er det mykje som talar for at det er to av dei beste 18års laga i serien som møtast her.

Klarer desse gutane ein ny siger, denne gong på heimebane?  Her etter sigeren over Stord Elite på bortebane.

GHK opna med smått utrulege 25-20 siger over Stord Elite på bortebane. Utifrå det vi såg i den kampen har GHK dobbel dekning på alle plasser utan at det svekker laget i stor grad.  Det var kanskje skildnaden på dei to lage i den kampen.  FyllingenBergen opna med uavgjort mot nettopp Stord Elite, før dei knuste Sotra heile 29-12 på heimebane denne veka.  GHK hadde spionar på tribuna i den kampen, og her er det verdt å merke seg at Sotra på langt nær held nivået til dei andre laga i divisjonen.  Såleis skal ein ikkje legg alfor mykje i dette resultatet, men at det vert ein tøff kamp for våre gutar på laurdag er nok sikkert.  Om GHK kjem opp på det nivået dei var mot Stord Elite, trur vi likavel FyllingenBergen skal få slite for poenga i "Fort Firdahallen".  For dei som vil oppleve fartsfylt og fin handball, er nok Firdahallen rette staden på laurdag ettermiddag kl. 14.30.

GUDD LØKK (som Hege ville sagt)



Tap på Leikanger

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012

K5 damene tapte kveldens kamp for Syril med same siffer som dei vann heimekampen mot same lag: 23-16.  Frå leikanger får vi meldt om at våre damer brukte halve første omgong på å finne ut av spelet til Syril.  Spelet til GHK var prega av mange dårlege avslutningar og tekniske feil. Vi låg under med 3 mål til pause. I andre omgong fekk ein meir fart på spelet og tok innpå.  Midtveges låg ein berre 1 mål bak, men så rakna det litt og heimelaget drog frå att. Dette var ein kamp ein berre må legge bak seg, og heller sjå fram mot neste kamp. Det bur mykje i dette laget, det har kampane før i dag synt.  Ayla Myklebust Seime fikk sin debut på seniornivå i dagens kamp.


June i vinden!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Okt 2012

Les om vår eiga June Andenæs på nrk.no/sfj. Søndag ventar Flint/Tønsberg borte før Byåsen tek imot Larvik heime onsdag 17.10. Følg med følg med!

June Andenæs i aksjon for landslaget.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8355867



Stimuleringssamling på Fosshaugane Campus

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Okt 2012

Det er på nytt klar for stimuleringssamling i Sogndal. Dato er 20.oktober, frå kl.10.00 og utover. Bl.a. med foredrag v/Geir Eithun og Iver Horrem med baktittel "Vegen til Rio de Janeiro".  Sjå heile programmet her : stimusamling haust 2012


Lokaloppgjer i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Okt 2012

Lokaloppgør er alltid vanskelige kampe selvom GHK på forhånd var tippet som favoritt til opgjeret. Gutta havde stor lyst til at tage revansje efter tab forrige helg.

Arild Fjellestad Tystad set inn eit av sine fire mål.(foto:Aadne Gloppestad)

 

Førde er godt med i begyndelsen og det står 2-2 efter 4 minutter. Gutta ønsker at presse op farten og glider fra til 6:3. Førde tager time out og resten af omgangen kan betegnes som 20 minutters natten. Når vi kommer til klare chancer skyder vi ret på keeper og når vi har fintet os helt igennem på 6 meter vil vi spille ballen til en anden fri spiller og taber ballen. Vi spiller 7-7 resten af omgangen og det lovede festhånbold var ikke til at se.

Fra starten af 2. omgangen var det de unge kræfter som viste vejen. Moritzen holder Moritztime med en opvisning af håndbold i høj klasse. Manden skorer både udefra og i gennembrud når han ikke skorer selv er det no look pass til Bjørn Magnus som er sikker som banken. Efter 5 minut er stillingen 17-10 og trenerens blodtryk på vej unnder 200 i overtryk. Efter 10 minut er det 19-12 og det er tid for comeback treneren skifter sig selv ind og starter straks med en fejlpasning og mål bakover. Hege Roth-Andenæs kunne ikke være mere flau på de tidspunkt, men så vender det. Jan og Edvin finder storspillet frem treneren lobber fra spids vinkel og keeperen så ud til at tænke det var sådan de skød på 70 tallet.

Bjørn Magnus Nystad er i storform og skåra 7 hye mål frå strek. (foto:Aadne Gloppestad)

Vi vinder perioden 10-3 og leder 29-15 og kampen er i realiteten over. Sundal og Rocky får samspillet til at fungere på venstresiden og GHK cruiser inn til en fortjent 38-23 sejer. Anden omgang var mindeværdig og første har vi allerede glemt. Tak til de mange som kom i firdahallen. Vi glæder os til storkamp i G18 GHK mod Fyllingen Elite om 14 dage.

 



Ny fantastisk siger til damelaget i 3. divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2012

GHK sitt damelag i 3.divisjon sluttar ikkje å imponere.  I dagens heimekamp i Firdahallen var det Gneist som kom til kort mot våre damer, då GHK snudde kampen etter pause og kunne gå jublande av bana med ein feiande flott 25-23 siger.

Glade jenter etter den fjerde strake sigeren i 3.divisjon

Før sesongen var det mange som tippa årets utgåve av GHK sitt damelag som ein klar nedrykkskandidat etter dei mange avgongane av spelarar etter fjorårets sesong.  Men etter ein litt svak start i første kampen, har damene synt at dei absolutt vert å rekne med, også i år.  I dag var det klart for den andre heimekampen mot eit lag som er tippa høgt oppe på tabellen.  I første omgong var det også bortelaget Gneist som styrte kampen. Anført av ei god Maren Clementsen leia dei heile første omgong og kunne gå til pause med ei klar 16-12 leiing.  Heimelaget sleit med ein del dårlege valg i etablert angrep, og klarte heller ikje å stå godt imot bakover.

Dagens spelar Elise H Hansen og Benedikte Gåsemyr som hadde ein fantastisk andre omgong i målet.

Men i andre omgong kom jentene på bana med klar innstilling på å kjempe for poenga.  Eit langt betre forsvarspel gav rom for hurtige kontringar og etter 13 min var dei ajour på 19-19.  Derifrå og ut vart det ein fantastisk underhaldane kamp.  Benedikte Gåsemyr stengde målet bakover, og framover synte Elise H Hansen variert og godt angrepsspel.  Syster Marthe H Hansen dundra ballen i vinkelen til 20-19, og frå då av var aldri Gneist føre.  Amanda Veiteberg feia inn 21-19, før dagens spelar på heimelaget, Elise H Hansen la på til 22-19 og 23-20.  Så fekk GHK ei 2min utvisning og straffe imot.  Den redda Benedikte, og jentene kunne "jobbe" inn 25-23 siger til stor applaus frå eit talrikt heimepublikum.  Trenar Kjell Aske var sjølvsagt nøgd med den fjerde sigeren på rad og to nye poeng, men strekar under at jentene har meir å gå på.  Og det lovar godt for eit ungt, men stadig betre heimelag.  Underteikna må berre "ta av seg hatten" for ein ny fantastisk "triller" av damene våre, og det er berre å gratulere med 2 nye poeng.

Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Helene Sundal, Marte H Hansen(6), Elise H Hansen(5), Heidi Sægrov(2), Ingrid Gimmestad, Amanda Veiteberg(3), Torill H Gaasø(3), Irene Slagstad(6), Ingvild Slagstad, Ragnhild Ryssdal, Ingunn Berg, Marthe Sofie Eide, Elise Øygard.



Heimekamp både for dame og herrelaget i 3.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2012

Det går mot ein spanande ettermiddag i Firdahallen på laurdag når K3 damene tar imot Gneist, og herrelaget får besøk av nabo Førde til eit skikkeleg lokaloppgjer.  Fest setebelta, her vert det liv!!

Damene til Kjell får den ultimate test kor laget står, når ubesigra Gneist kjem på besøk.  Bergenslaget står med to strake sigrar, og er venta heilt i toppen av 3.divisjon.  GHK kjem frå oppløftande sigrar i Bergen sist helg, og har med seg ein god porsjon sjølvtillit inn i denne kampen.  Til denne kampen er Celina Nordbø ikkje med, og fleire slit med småskader etter sist helg.  Likevel håper vi at det unge GHK laget vil gje Gneist kamp om poenga, og får synt seg fram frå si beste side ovanfor heimepublikumet.  Underteikna tar gjerne ein ny "gysare".

Herrelaget får besøk av naboen frå Førdebyen.  Førde har spela kun ein kamp, og den enda med "braktap" for BSI.  GHK kjem frå tap i toppoppgjeret mot Os sist helg, og er nok meir enn gira på å koma attende på vinnarsporet i denne kampen.  Faren her er at dei er overtende, men vi trur Bjørn klarer å motivere dei rett slik at publikum får ei feststund når Edvin & co entrar golvet på laurdag.  Vi trur Førde må reise heim utan poeng!



Daniel og Ørjan til regional dagsamling.

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Okt 2012

Daniel Hjohlman Reed og Ørjan Sundal er uttekne til regional dagsamling for G95/96 i Haukelandshallen tysdag 16. oktober.  Samlinga startar 09.30, og er ferdig ca kl. 15.00. Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.  Heile uttaket finn du her http://www.handball.no/p1.asp?p=37364

 



Ny sterk bortesiger av damelaget i Bergen i dag.

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Sep 2012

Etter gårsdagens dramatiske kamp mot Fyllingen, var det venta tøffare motstand i dagens kamp mot NHHI.  Men jentene imponerte med ein feiande flott kamp og siger 32-28.

 

I gårsdagens kamp var jentene gode i ein omgong, men i dagens kamp hadde dei bestemt seg for å trø til i to fulle omgongar.  I følge trenar Kjell var dagens kamp ein solid lagsiger der mange "melde" seg på.  Marte HH "prikkskyt" 9 ballar i nota, Amanda og Celina tar mykje ansvar, og arbeidsjernet Irene er høgt og lavt.  Men som sagt, ein solid lagsiger.  Dermed reiser damene heim med full poengpott, og ein god porsjon sjølvtillit etter helgas to kampar i Bergen.  Pauseresultatet var 17-11 til GHK.

Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Linn Kristin Øren, Heidi Sægrov(4), Celina Nordbø(5), Marte H Hansen(9), Elise H Hansen(2), Torill H Gaasø(3), Irene Slagstad(5), Amanda Veiteberg(4), Ingrid Gimmestad, Ragnhild Ryssdal, Elisabeth V Hansen og Ingvild Slagstad.



K5 damene med ny heimesiger (oppdatert)

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012

Damelaget i 5.divisjon gjorde ein ny flott heimekamp då dei knuste sognelaget Fjøra 30-20 på heimebane i Firdahallen i dag. Stillinga ved pause var 15-9 til GHK.  Kampens store profil var Malin Eikenes som skåra smått utrulege 13 mål.  K3 neste, Malin?

Malin Eikenes (til venstre) med 13 mål i kampen. Sofie Djupegot med 2 mål. (arkivbilde)

 

GHK sitt damelag i 5.divisjon har fått ein pangstart på årets sesong.  Lørdag ettermiddag kom den andre strake sigeren, då sognalaget Fjøra vart sendt heimatt til Sogndal med 10 minusmål i bagasjen.  Jentene til Ragnhild gav seg ikkje før det stod 30-20 i kamprapporten.  Kampen sin store profil må seiast å vere fotrappe Malin Eikenes som sette heile 13 ballar i nota bak Fjøra si målvakt.  Ellers var det gledeleg at Elise Øygard var tilbake på bana att, og at Helene Sundal, etter mange års fråvær, var på plass mellom stengene igjen. Håpet er at helsa "held", slik at desse to kan vere med å bidra på eit eller anna nivå i GHK framover.  Frå K3 laget var Ingunn Berg henta inn som forsterkning.                       

Frå start av kampen var det GHK som tok leiinga og held seg 2-3 mål føre.  Etter ein litt dårleg forsvarsperiode, tok Fjøra innpå og gjekk forbi med 2 mål.  Men jentene skjerpa seg  og kunne gå til pause med 6 måls leiing.  Andre omgong starta med eit par kjappe Fjøramål, men så gira jentene opp eit par hakk og såg seg aldri tilbake.  Godt forsvarspel og høgt tempo i angrep gjorde at GHK til slutt vann med 10 mål.

 Desse var med på den flotte sigeren: Benedikte Vederhus, Helene Sundal, Eline Aasebø, Malin Eikenes(13), Sofie Djupegot(2), Anne Kristin Haraldsvik(3), Turid Vilgun Aspheim, Benedikte Lotsberg(1), Marie Zachariassen(1), Ingunn Berg(5), Elise Øygard(4), Elise Tystad(1).



Damelaget i 3.divisjon slo Fyllingen 2 i dramatisk kamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012

Damelaget i 3.div slo i ettermiddag Fyllingen 2 med knappast mogeleg margin 27-26, etter å ha leia med solide 18-12 til pause. For ein med atrieflimmer, er ikkje slike kampar av det beste, men så lenge det går godt til slutt er formen fin. K3 damene hadde stort sett brukbar kontroll på Fyllingen i første omgong.  Ein relativt jevn første halvdel, men fram mot pause drog GHK ifrå og leia enkelt 18-12.  I andre omgong var vi vitne til kollektiv svikt i dei fleste ledd i store periodar, og Fyllingen kom ajour og gjekk i leiing.  Kampen stod lenge å vippa med vekselvis leiing til dei to laga.  Denne perioden var prega av mykje enkle personlege feil.  Men Kjell gjorde ein del taktiske grep, bl a kom Linn Kristin inn i mål og redda fleire 100% sjangsar i denne perioden.  Samstundes klarte dagens suverent beste GHK spelar, Elise H Hansen, å sette inn fleire viktige mål.  Alt i alt ein heil klart fortjent siger, men at det skal gjerast så spanande er for underteikna ei gåte :)
Kjell Aske seier i ein kommentar at han saknar at fleire melder seg på undervegs og at det vert spela for mykje på tvers utan at det vert truga mot mål.  Men for all del, vi er stolte over at damene vinn og gratulerer heile gjengen med ein ny siger i 3.divisjon.

Laget: Benedikte Gåsemyr, Linn Kristin Øren, Ingrid Gimmestad(1), Heidi Sægrov(5), Irene Slagstad(3), Amanda Veiteberg(5), Elise Heien Hansen(5), Rafnhild Ryssdal, Elisabeth V Hansen, Marte H Hansen(6), Celina Nordbø, Ingvild Slagstad, Torill H Gaasø(2).


Stærk G18 prestation

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012

2 måneders hård trening er over, nu skulle vi se om gutta kunne måle sig med et af de stærkeste lag i regionen Stord Elite.

Sterk kamp av G18 laget i dag.  Då er det greit med jubel.

 

 

I begyndelsen af kampen skiftes lagene til at lede. Gåsemyr er sikker som banken og hamrer den ene ball efter den andre i mål. Fra stillingen 4-4 er det Stord som leder, 10-7 på det meste. Stord er gode på rush men sliter i etableteret angreb. I timeout aftaler vi bedre returløb og mere trykk i ankomst. Dette giver pote og 5 minut senere leder GHK 10-11. I al glæde over målfesten forærer vi Stord et par gratis chancer og og de fører 12-11 til pause. I andre omgang havde gutterne bestemt sig. Høj fart, flotte kombinationer gør at ledelse bar vokser til 14-18 og 17-22. Ørjan tryller på stregen og Vegard Sælen scorer på 5 af 6 mulige. Stord klarer ikke at stoppe ham med lovlige midler og helt frit foran mål bliver han most af 2 Stord spillere.Det ser længe ud som brudd men heldigvis er det bare blodansamling og Vegard kan begynde at løbesidst i næste uge.

Ein av kampens store profiler, dagen derpå :)

Runar (rocky) Åmot er kommet flot ind på laget og leverer. Alle melder sig på og spiller en god kamp som GHK til sidst vinder 20-25 over storfavoritterne.

Laget: Hjolmann Reed, Devik, Alander(1), Ulvestad (1), Å.Sælen (1), V. Sælen (5), Sundal (4), Gåsemyr (7), Kissner, Hauge(2), Åmot, Moritsgård(2), Flatjord(3), Vereide(1).



Handballfamilien til Bergen denne helga!

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2012

Komande helg reiser både G18, K3 og M3 til Bergen for å spele handball.  Kun damelaget i 5.divisjon har heimekamp, då dei møter Fjøra frå Sogndal i Firdahallen på laurdag.

Kjell og damene er blant dei som skal til by,n

Ei fyldig tropp reiser som sagt til Bergen denne helga.  Først ute til kamp er G18 laget som møter Stord Elite i Bjørnarhallen på laurdag. Då dette er første kampen i denne serien, veit vi lite om kor vi står i forhold til dei andre laga.  Men truleg møter gutane våre tøff motstand. G18 laget er samansett av mange som også spelar på H3 laget, samt nokre andre 95 og 96 modellar.  Vert spanande å sjå korleis dei fungerer som lag.

Laurdag ettermiddag møter så K3 damene Fyllingen 2 til kamp i Framohallen i Fyllingsdalen. Fyllingen har så langt tapt for Os 2 og slege Årstad 2 med heile 11 mål. Våre damer kjem frå ein flott siger på heimebane sist over Askøy.  Til kampane i Bergen kjem Celina og Marte over frå Oslo, og vil såleis forsterke laget i helga.  Korleis dette vil slå ut gjennstår og sjå, men vi trur på poeng for damene i Bergen.

Søndag møter dei NHHI i Lehmkuhlhallen.  Studentlaget har sålangt ikkje spela kamp så her veit vi ingenting, men tradisjonelt har dei eit brukbart lag så våre jenter får nok å bryne seg på her.  Som sagt, vi trur poengmoglegheitene er store i helgas to kampar og tida vil syne om vi trur rett :)

Søndag skal også herrane i aksjon mot ein av opprykksrivalane, Os.  Dette vert nok ei nøtt for Bjørn og gjengen hans, men vonaleg vil våre tapre menn gje kamp til døra. Os har ikkje spela kamp enno, men er venta, og tippa heilt i toppen.  GHK kjem frå ein overtydane siger heime mot Kjøkkelvik sist, og har nok ambisjonar om å ta poeng frå Os.  Vår nysignering, Jan Kristoffer Sletteland, vil venteleg få sin debut her.

Som einaste lag på heimebane denne helga, skal K5 damene ta i mot Fjøra til kamp i Firdahallen på laurdag.  Damene overtydde i første kampen og sende eit anna sognelag, Syril, heim med stortap.  Fjøra vert nok ei tøffare nøtt for Ragnhild sitt lag, men heimebane og publikum i ryggen kan gje heimesiger. Av ulike årsaker er det litt usikkert kva lag ein kan stille med her, men vi håper på eit sterkt nok lag til å sende sogningane heim utan poeng.

Lukke til med helgas kampar!



Kurs i kosthald, ernæring og restitusjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Sep 2012

Som ein del av       Matamål

 vil Firda vidaregåande skule, GFIL, GHK og Fjellhug/Vereide IL inviterer til kurs i kosthald, ernæring og restitusjon for unge idrettsutøvarar.  Det er Sunn Jenteidrett som tilbyr dette kurset, men ein presiserer at kurset er aktuelt for alle, både gutar og jenter. 

Kurset er i Kultursalen i Trivselshagen torsdag 27.september kl. 19.00

Gratis inngang.

Les meir her: http://www.matamål.no/program2012/

 



Jenter 15 opnar sesongen i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2012

I kveld er det klart for sesongopning for det heilt nye J15 laget vårt.  Dei tar i mot Stryn til kamp i Firdahallen kl. 20.00. Alle jentene på dette laget er nye i GHK drakta, og det vert spanande og sjå korleis trenar Jostein har fått samspela gjengen.  Uansett vert Stryn ei hard nøtt, men i handball er ingenting umogeleg.  Møt fram og sjå.


Flott kamp av J15 laget tross tap mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2012

Jenter 15 laget til GHK hadde sin første kamp i serien i kveld.  Sjølv om det vart tap 5-16 mot eit godt Strynlag, var her mykje positivt å sjå av heimelaget.

Glade jenter etter kampen i kveld. Trass tap, kjem desse jentene garantert sterkare att ved neste høve

Det var først og fremst to ting som var skildnaden på laga i kampen. Det eine var at våre jenter heilt klart var mindre vant til å bruke klister enn nabojentene frå Stryn. Det andre var Stryn si Maria Veng. Ho var eit angrep åleine, og sette heile 9 ballar i nota bak ei ellers god målvakt, Eli Kristin Arnestad.  Når Jostein får drilla desse jentene både i klisterbruk og i å bli flinkare til å gå på mål, har dette laget eit svært bra potensiale.  Bakover fungerer dei bra allereie no, så det skal bli moro å sjå kva dei får til ved neste høve.  Stillinga til pause var forøvrig 7-1 til Stryn.

Desse var med: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Reed Lote(3), Linda Helen Årdal(1), Oda Eide, Jenni Falck, Silje Iren Hole Hervik, Frøydis Seime Øygard(1), Julie Varpe, Susann Solheim.



G16 opna sesongen med storsiger

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2012

Gloppen-Florø 31-20 (13-10)

16-åringane viste i sesongens første kamp at dei blir å rekne med i år også. Florø blei slått klart i ein tidvis velspelt kamp.
Fornøgde gutar etter at tre av dei fekk sin debut i GHK trøya i dagens kamp. Sindre Flatjord, Jon Andreas Kornberg og Hans Kristian Seim Arnestad kan alle vere førnøgd med sin eigen innsats i dag. Mats Sollid Eide vart ikkje spelaklar i dag, men er klar til neste kamp.
Etter ein nølande start der stillinga lenge var 1-1 og Førø gjekk opp i 2-4 leiing tok kampen etterkvart fyr for våre gutar. Erlend byrja å treffe på langskota sine og forsvarsarbeidet vart skrudd opp fleire hakk. Dette førte til mykje rushmål utover omgangen. Till pause leia GHK 13-10.
Mange slike situasjoner i dag, Erlend heng høgt over Florø sitt forsvar og dundrar ballen i mål

Andre omgang starta slik som første og våre gutar drog sakte og sikker ifrå. Florø hadde vanskar med å kome til gode målsjangsar etter eit intensivt og godt forsvarsarbeid. Særleg Magnus Andre sitt arbeid i midten er imponerande, med god timing i støting og låsing, og hurtig fotarbeid tilbake. (sjå og lær). Peter hadde full kontroll på Florø sin storskyttar Olav Arne Sundal og det var tydleg å sjå at mange har trent godt sidan i fjor. Med Hans Sande tilbake for fullt denne sesongen og Mikael i storslag vart det tungt for Florø å stå i mot på slutten. 
Magnus-Andre Moritsgård synte strektakter av høg klasse. Her med eit av sine mål

Bakertst i mål vikarierte Jon Andreas Kornberg på imponerande vis og tok det meste som kom. Grunnen til at han måtte vikariere var at Mats Sollid Eide sine overganspapir ikkje er klar, men er i orden til neste kamp.

Det var også veldig kjekt å sjå at dei nye 97-modellane på laget blir viktige tilvekstar. Debutant Hans-Kristian Seim Arnestad scora på sin første sjangse på 16-årslaget og Sindre Flatjord løyste oppgåva som både kant og bakspelar på ein framifrå måte. Dette lovar godt framover.

Desse var med: Jon Andreas, Hans 6, Erlend 9, Lauritz 3, Magnus Andre 4, Mikael 8, Peter, Hans Kristian 1, Sindre, Sander.




"Triller" då damene vann mot Askøy

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2012

Det vart ein "gysare" av ein handballkamp i Firdahallen i ettermiddag då damelaget i 3.divisjon slo tilbake etter forrige helgs tap i Dale.  Etter ein fantomkamp i andre omgong, der underteikna sprenge pulsskalaen, kunne damen og eit talrikt heimepublikum juble for 21-19 siger og 2 viktige poeng.

Dagens spelar Irene Slagstad flankert av to andre sentrale spelarar i dagens kamp, Heidi Sægrov og Ingrid Gimmestad.

Det var knyta stor spaning til korleis damene ville takle forrige helgs forsmedelege nederlag i Dale framføre dagens kamp.  I starten av dagens kamp såg det ut som fortsatt var litt prega. Sjølv om kampen var relativt jevnspela var det heile tida Askøy som låg nokre mål føre.  Askøy rykte ned frå 2. divisjon i fjor og var venta å vere ei hard nøtt for våre damer.  Askøy hadde i tillegg ein fantastisk god keeper som tok veldig mange GHK skot i første omgong.  Fram mot pause seig Askøy litt frå og leia 11-7 når laga gjekk i garderoben.  Trass lite mål framover, stod GHK godt i forsvar så her var ingenting avgjort.

Kanonkamp i forsvar av våre damer i dagens kamp.

I andre omgong fortsette GHK med fantastisk forsvarspel og iløpet av dei første 10 min skåra bergenslaget berre to mål, samstundes som GHK starta å treffe betre med skota og var kun eit mål bak på stillinga 11-12 og 12-13.  Etter 13 minutt kunne Ingrid Gimmestad dundre ballen i mål til 14-14 og stemninga i hallen auka.  Fleire 2min utvisningar kunne kosta heimelaget dyrt, men no var det tydeleg at damene til Kjell hadde bestemt seg: Denne kampen skal vinnast!!  Elise H Hansen sprang inn 16-15 ledelse etter 16 minutt og GHK var i leiing før første gong i kampen.  Like etter "klinka" Heidi ballen i vinkelen til 17-15 leiing. Fleire nye 2min på heimelaget gjorde at Askøy spela 6 mot 4 ein periode, men heimelaget med dagens spelar Irene Slagstad i spissen ville ikkje gje seg.  Irene hadde fleire mål og sette og 2 frå 7m kaldt i nettet.  Sjølv om Askøy utnytta overtalet og var oppe på 17-17 og 19-19 med 5 min att, held damene hovudet kaldt og drog iland ein svært kjærkomen 21-19 siger.  Som sagt, ein glitrande 2. omgong av GHK damene, og dette gir sjølvsagt ein god porsjon sjølvtillit fram mot neste helg og 2 kampar i Bergen.  Heile laget stod fram etter pause, og dette vart ein skikkeleg lagsiger til slutt.  Ein lokal jury kåra Irene Slagstad til "women of the match"

Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Linn Kristin Øren, heidi Sægrov(6), Ingrid Gimmestad(4), Torill H Gaasø(2), Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(2), Amanda Veiteberg(3), Elisabeth V Hansen, Ingunn Berg.



God start på sesongen

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2012

Gloppen møder Kjøkkelvik som er prestasjonsklubb for Mathopen og Vadmyra med ringriven Stig Jøsendal i spissen i sesongopning. Det bliver en tempofyldt og velspilled kamp med Gloppen som fortjent vinner!

Ørjan Sundal åbner ballet med en venstre/høgre finte og et skud der fik det til at løbe kaldt ned over rygger til Kjøkkelvik. I næste angreb fik vi passiv imod oss og Ørjan skød ballen nede i hjørnet uden chance for keeper. Lagene fløges i begyndelsen ikke mindst takket være god keeperspil fra kjøkkelvik. Daniel (the wall) Hj. Reed ville ikke være ringere og rushpasninger af ypperste klasse fører til GHK ledelse 10-6. JC skyder hårdere jo flere spillere han har hængende på ryggen. Kjøkkelvik fighter godt tilbake og kommer på 12-9 men så stenger Hjolmann ”the wall” kassen. Vi vinder de sidste 8 minutter 5-0 og går til pause med 17-9 ledelse.

 

Andre omgang starter på samme måde som første ed et par mål til hverte af lagene. Nu begynder vi at holde show i dårlige rush afslutninger og kjøkkelviks keepere reder 10 100% på 12 minutter. De er i ryggen på os med 21-18. Trener sætter ind Bjørn”man of the match” Magnus som scorer på 4 af 4. Lidt efter kommer Ørjan og Roadrunner ind på høgre side, Ørjan nulstiller kjøkkelsviks topscorer no 36 og Gåsemyr smetter igennem gang på gang. Vi øker til 25-19 og kampen er reelt lukket. Jarle Rykkje har et landslagsrush med et håndsmodtak i luften men gutta cruiser ind til sikker 32-25 siger.



Testsamling for toppgruppa i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2012

I dag var det klart for andre testrunde for toppgruppa vår. Idrettssenteret i Sogndal var tilstades og testa våre utøvarar i bl.a. knebøy, benkpress og markløft.

Også målmenn treng styrke i armane.  Her, Daniel.

I alt 24 stk var med på dagens testrunde.  Av desse var heile 19 frå toppgruppa. Solid frammøte og solid innsats.  Desse testane danner no grunnlag for individuelt treningsprogram når det gjeld styrektrening.  Dette, saman med eit nært samarbeid med Firda vgs og våre eigne trenarar på seniornivå, danne grunnlag for at kvar enkelt skal utvikle seg maksimalt som handballspelar.

Andreas med null problem i knebøy.



Kamphelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2012

Både herrelaget i 3.divisjon og gutar 16 spelar sine fyrste kampar for året, når dei møter høvesvis Kjøkkelvik og Florø til heimekamp i Firdahallen.  Damelaget i 3.divisjon spelar sin andre kamp for sesongen når dei møter Askøy, også det i Firdahallen.

Herrelaget er "steinklar" til helgas kamp

Første kamp ut i helga er damekampen i 3.divisjon mellom GHK og Askøy.  Askøy kjem frå ein sterk bortesiger over Voss, medan GHK damene som kjent tapte knepent for Dale på bortebane.  Her vil nok damene til Kjell gjere alt for å heve seg nokre hakk frå forrige helg, og vi reknar med at dei er innstilt på å sende bergensarane heim med minst mogeleg poeng.

Herrelaget spelar sin første kamp mot Kjøkkelvik etter damekampen på laurdag. Bjørn har hatt ei kjempegod oppkøyring med laget sitt til årets sesong, og det er knytta store voner til at laget vert å finne i teten dette året.  Nokre er vekk frå fjorårets lag, men nye gode er komt til.  Siste forsterkning er Jan Kristoffer Sletteland frå Bergen Handballklubb.  Jan går på skule i Sogndal, og er ein spanande og god spelar.  Han er ikkje speleklar til denne kampen.  Det er derimot Florø sin Runar Helland Åmot. Vert spanande å sjå om han får sin debut i GHK trøya.  Ellers mønstrar GHK ein stor, brei og god spelarstall.

Guter 16 får også sin sesongdebut i helga når dei møter Florø på heimebane søndag. Her er komt opp ein ny årgang med mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil syne att på handballbana i årets sesong.  I lag med litt meir rutinerte karar som Erlend Ulvestad, Mikael Alander & co, trur vi evigunge Torbjørn Sælen kan mønstre eit slagkraftig lag utover i sesongen. Kva nivå dei andre lage i serien er på, er vi usikre til.  Venteleg vil Årdal ha eit brukbart lag, og Førdegutane har fått eit nytt år på seg frå i fjor.  Kanskje også Florø kan overraske??

Uansett, vi ynskjer laga våre lukke til med kampane.



RUM samling i Førde i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2012

GHK hadde ei stor tropp på dagens RUM samling i Førdehuset.  Heile 10 gutar og 3 jenter var med i dagens to treningsøkter i regi av Andreas Berntsen og Rune Kristiansen frå NHF.

Rune Kristiansen fortel gutane kva som må til for å bli god.

Dei tre flotte jentene våre på dagens samling



Surt eitmålstap i Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Sep 2012

GHK sitt damelag i 3.div gjekk på eit svært surt eitmålstap i seriepremiera i Dale i dag.  Etter at GHK leia 13-11 til pause, var det til slutt heimelaget Dale som kunne juble for 2 poeng og 23-22 siger. Trenar Kjell Aske seier i ein kort kommentar at spelarane må sjå på denne kampen som ein læringssituasjon, og venteleg vil jentene heve seg noko til neste kamp. Desse var med i dagens kamp: Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(9), Amanda Veiteberg(1), Elise H Hanse(2), Irene Slagstad(3), Katrine Hole(2),Ingvild Slagstad(3), Torill H Gaasø(1), Marthe Sofie Eide, Elisabeth Hansen(1)


K5 damene opna med storsiger på heimebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Sep 2012

GHK sitt damelag i 5.divisjon opna sesongen med å banke sognelaget Syril heile 23-16, etter å ha leia 8-4 til pause. Etter ein litt famlande første omgong av begge lag, tok heimelaget fullstendig kontroll i den andre og sigeren var aldri truga.

Glade jenter etter kampen i dag

Årets første GHK kamp, vart ein kamp mellom eit gloppelag der spelarane er mellom 16 og 18 år og eit sognelag der dei fleste var over 30.  Utover i kampen var det tydeleg at ungdomen var betre trena, og sognejentene måtte gong på gong bruke ufine midlar for å stogge meir fotrappe gloppejenter.

Frå kampstart var det tydeleg at dette var årets første seriekamp for begge lag.  Men GHK var det beste laget og drog sakte men sikkert ifrå. Etter 2 mål av Amanda og 1 av Malin, skåra Ingvild på straffe til 4-1 leiing.  Like etter var det Malin igjen som sleit seg gjennom forsvaret til Syril og 5-1.  Det gjekk heile 17 min av første omgong før Syril skåra sitt andre mål i kampen og reduserte til 6-2. Så brende GHK ei straffe og Syril er oppe på 6-4, men jentene tar seg flott saman og går til pause med ei 8-4 leiing.  Bakover står ein kjempegodt i forsvar og Benedikte Vederhus tek det meste som kjem forbi.

Eline og Malin, to sentrale spelarar på K5 laget som banka Syril

I andre omgong vert det snart tydeleg at GHK damene er betre trena enn motstandaren.  Syrildamene måtte tåle mange 2 min på benken for stygg armbruk i førsøk på å stanse våre jenter.  Dette utnytta sjølvsagt GHK til fulle. No sat samspelet betre i etablert angrep, og fleire rush vart avslutta med skåring.  Både Amanda og Malin skåra fleire mål i andre omgong, men no var det fleire som melde seg på også.  Eline Åsebø hadde fleire flotte mål frå distanse, og Amalie Mundal kriga inn eit par frå strek-det første på underarm til 15-7, det andre etter skåring frå strek til 16-8 etter halvspela andre omgong.  Siste kvarteret vart ein rein transportetappe for jentene våre.  Heile laget bidrog til at ein kunne innkassere ein grei 7 målssiger til slutt, men lyt dra fram Malin Eikenes som berre vart betre og betre utover og var kampens toppskårar med 8 mål.  Trur nok K3 lagets trenar som sat på tribuna merka seg dette :)

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Aasebø(4), Malin Eikenes(8), Sofie Djupegot, Anne Kristine Haraldsvik(1), Amalie Mundal(2), Martha Sofie Eide, Ingvild Slagstad(2), Amanda Veiteberg(6) og Turid Vilgun Aspheim.



God generalprøve før seriestart.

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Sep 2012

Herrane var i Stryn i kveld med siste treningskamp før seriestart mot Kjøkkelvik komande helg. Med Sælen bak rattet var det god stemning på veg til Stryn etter ei hard veke.  Også god stemning efter 27-16 sejer, ikke mindst over 2. omgang som vi vinder 14-5.

Edvin 4 Bjørn Magnus 2Runar Aamot 1 Ørjan 1 Vegard 3 Ole Martin 3 Alexander 2 Runar Gåsemyr 6 Jens Christian 5
Gloppen spiller bra fra starten og lejer 7-2 efter 10 min men så spiller vi forfærdeligt de næste 10 minutter og Stryn kommer på 7-6. Runar Gåsemyr har truelig bedste indsats på hø bak og scorer sit 3. Mål til 8-6. Resten af omgangen kniver lagene men Ghk beholder ledelsen hele tiden og leder 13-11 til pause. Anden del af 1. Omgang var kendetegnet af utrolig mange tekniske fejl og lidt dårlige afslutninger. Stryn spiller bra 5-1 forsvar og vi får ikke til balltempo og bliver låst ned igen og igen.
I pause aftaler vi 2 ting højere balltempo og mere tryk på rush. Dette giver pote. Roadrunner skærer gennem forsvaret i fart og afslutninger sidder i nettet hver gang. Vegard Sælen scorer 3 på rappen Ole Martin har hangtime på niveau med airjordan og vi sætter Stryn til vægs 14-5. Det er dejligt at være dansk i gloppen.



Serieopning til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Sep 2012

Førstkomande helg er det klart for seriepremiere for nokre av GHK sine lag. Både damelaget i 3.divisjon, damelaget i 5.divisjon og jenter 15 laget skal alle spele sine første kampar for sesongen.

"Nye" GHK damelag klar for 3. divisjonskamp

Først ute er damelaget i 5.divisjon som tar imot Syril på laurdag.  K5 laget har mista mange spelarar frå i fjor, og nye treng tid å venne seg til laget.  Likevel trur vi trenar Ragnhild Bakketun Vederhus har god kontroll på laget, og det er venta ein jevn kamp.

På søndag er det så laget til Jostein Vada Ryssdal som skal prøve seg.  Jente 15 laget er samansett av nye ansikt i GHK drakt.  Frå Breimsbygda,Fj/V og STIL har vi fått ein bukett flotte handballspelarar.  Det vert spanande og sjå korleis desse tar eit nytt nivå i handballutviklinga.  Etter det vi har sett til no, er det ingen grunn til bekymring. Dette laget kjem til å bite frå seg.

K3 damene til Kjell Aske skal til Dale for å møte heimelaget der.  Dale er eit lag GHK normalt sett bør slå, men etter bortfall av omtrent heile stammen frå laget sist sesong, er det knytta stor spaning korleis dei unge vil takle ansvaret. Såleis er dette ein open kamp, der nyopprykka Dale nok vil gjere sitt beste for å sende GHK heim utan poeng.  Men kjenner vi Kjell rett, vil nok han gjere dei taktiske grep som må til for å vinne. 

Uansett er det godt å kome igang med ein lang handballsesong.  Vi gler oss :)



K3 damene spelar mot Sogndal i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2012

Kjell Aske tar med seg damelaget til Sogndal i kveld for å møte heimelaget til treningskamp.  For ei veke sidan vart Sognatausene nedsabla i Firdahallen, men GHK møter nok langt tøffare motstand i kveld. I ein frå før tynn spelarstall, reiser damene til Sogndal med fleire forfall.  Men no er det viktig at dei unge tar ansvar, og at Kjell,en får samspela laget fram mot seriestart.

"Slik skal vi spele, jenter"



Tap i Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2012

Damelaget gjekk på eit 5 målstap i treningskampen borte mot Sogndal i kveld.  Sognatausene leia 18-14 til pause og vann til slutt 34-29. Trenar Kjell fortel om ein tildels rotete kamp med mange feilvalg, men trenaren brukte kampen til å prøve ulike formasjonar og legg ikkje så mykje vekt på resultatet.  Viktig no at ein får nokre gode treningar fram mot seriestarten i Dale.


Info G18

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Sep 2012

Gutar 18 2012/13

Trenararar:

Torbjørn Sælen torbjorn.saelen@enivest.net mobil: 48249599

Bjørn Roth Andenes hotbearscom@hotmail.com mobil: 95493841

 

Oppmann: Magne Devik magne.devik@nordea.no mobil: 95079603



"Nye"GHK valsa over Sogndalsdamene

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2012

I kveldens treningskamp i Firdahallen var det unge GHK K3 laget sine naboer frå Sogndal overlegne i det meste.  Etter å ha leia 18-10 til pause, gav dei seg ikkje før det stod 35-22 på lystavla.  Unge Amanda Veiteberg stod åleine for 10 av GHK sine mål.

Om Amanda Veiteberg held seg skadefri, er det fleire enn Sogndal sine damer som får bryne seg på denne "juvèlen"

Det var knytt ei viss spaning til det nye, unge GHK laget før kveldens kamp.  Fleire av dei rutinerte er vekk, og dei unge får meir ansvar. To nybakte mødre var likevel tilbake, og saman med Heidi bidrog både Ingrid og Ingunn til rutinen i laget. 

Spelarmøte før kampen. Spelaren til høgre i biletet fekk ikkje speletid i kvald, men kan vere aktuell seinare :)
 

Saman med mange unge flotte handballtalent, der fleire fekk sin debut på førstelaget, var dette meir enn godt nok til å slå Sogndal.  Frå start stod jentene godt i forsvar, og framover meldte fleire og fleire seg på. 

Full kontroll i angrep!!

Når alvoret startar i 3. divisjon, får nok damene våre meir å bryne seg på, men alt i alt var kveldens kamp ei god og grei gjennomkøyring i ein hard treningsperiode for Kjell sine damer.  Amanda Veiteberg med 10 og Elise H Hansen med 6, var kampens mestskårande.God dommar som vanleg, var Einar Eimhjellen.

Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(3), Ragnhild Ryssdal(3), Elisabeth Hansen, Amanda Veiteberg(10), Elise H Hansen(6), Marthe Sofie Eide, Irene Slagstad(4), Torill H Gåsø(2), Ingun Berg, Heidi Sægrov(4), Ingrid Gimmestad(3).



Stor tropp frå GHK til RUM samling i Førdehuset

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Sep 2012

GHK stiller med heile 13 spelarar til sesongens første RUM samling(regionalt utviklingsmiljø) i Førdehuset 18. september. Uttaket syner at GHK si satsing på talentutvikling er på rett veg. Frå GHK er desse teken ut: Ørjan Sundal, Vegard Sælen, Evald Devik, Daniel Hj. Reedf, Runar Åmot, Osmund Vereide, Sander Nesdal, Lauritx Bjørnereim, Magnus-Andre Morritsgård, Mikael Alander, Elise H. Hansen, Irene Slagstad og Ingvild Slagstad.  Vi gratulerer med uttaket og reknar med at fleire melder seg på etterkvart. Meir om samlinga her:    http://www.handball.no/p1.asp?p=36903


Full treningsaktivitet i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Aug 2012

Sesongen er like om hjørnet, og dei ulike laga i GHK er i full treningsaktivitet i Firdahallen.  Utifrå treningsinnsats, går det mot ein god sesong for handballen i Gloppen :)

Her er det G16 og K5 som er i aktivitet



Historisk bra sesongopkjøring

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Aug 2012

Fredag 24/8 kom Sotra sitt herrelaget til gloppen. Sotra slutter fjordårets 2. div på en flott 6. plads og må dermed siges at være favoritter til treningskampen. Lagene har mødtes i de to foregående sesoner i 2. div hvor begge lag har vundet heimekampene, så dermed skulle det ikke være helt umuligt at spænde ben for storebroder fra 2. div.


 

 

Lagene følges ad i begyndelsen til stilling 6-6, begge lag har gode skyttere og keepere. Efter 10 minutter får GHK sat forsvaret bedre end Sotra og rykker lidt fra. Når de store gutter Jonken-FT bygg-Lillebjørn-Eddy står på 2'er og 3'pladser er det vanskelig at finde hullet i muren. Edvin må have pause pga for lite matinntak uken før kampen og de unge krefter og Arild viser muskler. Efter de første 20 minut er stillingen 10-8. GHK sætter fart og er ved at glide fra omkring 30 minutter spilt, men der skifter Trond Førde Eriksen sig ind for Sotra og knapper ind et par vigtige mål. Landslagsspilleren fra vm 2008 har fortsat nogle esser i ærmet. Stillingen 10 minut før slutt er 25-21 og vi glæder os over flot modtak og skoring af Osmund Vereide og gode finter af Runar Aamot, som har skiftet klub fra Florø og nok kommer til at skore mange mål i gloppentrøjen. Vegard Sælen hænger ud hele midtblokken til Sotra og keeper er chanceløs. Sotra kommer lidt nærmere til slut men sejren er aldrig rigtig i fare og GHK vinder 30-28 i spændende og seværdigt opgør.



Lørdag 25/8 stod på treningsturnering i Ørsta. I løbet af natten havde road runner fået spysyke, Moritzen måtte jobbe pga Sandane dagene og Jonken var forhindret, så vi stiller med få bakspillere. Når Edvin får lårhøne i første kamp mod stærke Ålesund tynnes det ud i rækkerne. Det bliver til to tab mod Ålesund og Ørsta men igen viser de unge sig frem med initiativ og selvtillid. Især kampen mod Ørsta lå og vipper 7 min før slut ved stilling 18-14 der vi har 2 rushmulighedder for at komme på 18-16. Vi nytter ikke mulighederne og Ørsta vinder. Sidste kamp mod Bergsøy spiller vi uden press og løber fra sunnmøringerne og vinder 29-15 og afslutter god treningshelg 1 måned før sessonstart. Mundal er tilbake i GHK trøjen og viser periodevis storspil begge vejer. Det ser meget lovende ud foran årets sesong i 3. division.



GHK herrane til Møre på laurdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Aug 2012

Herretrenar Bjørn Roth-Andenes tar med seg laget sitt til Ørsta på laurdag for å møte lag derifrå i ei miniturnering.  Men allereie fredagskvelden er det duka for årets første treningskamp i Firdahallen, då Bergenslaget Sotra kjem på vitjing for å møte herrane våre.

Edvin & co møter Sotra til treningskamp på fredag kveld (bilde frå heimekampen mot Sotra i fjorårets sesong)

Fredagens kamp går mot fjorårets divisjonskollega Sotra.  Truleg god og høveleg motstand for det unge GHK laget.  På laurdagen skal ein så møte Ørsta som spelar i 3.divisjon, samt Bergsøy og Ålesund som er å finne i 2.divisjon komande sesong.  Med andre ord knallhard motstand for GHK, men det er som kjent gjennom slike kampar ein har høve til å utvikle seg og ta steg i utviklinga for dei unge i laget.  Vi ynskjer Bjørn og gjengen lukke til.


K3 damene i hardtrening

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2012

Kjell Aske er i full gang med å få damelaget i kampform.  Då vi var innom dagens trening, var det god stemning og høg aktivitet i alle ledd.  Gledeleg å sjå at fleire nybakte mødre allereie er tilbake i trening att.

 



Godkjent trass kvartfinaletap

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Aug 2012

GHK herrane rauk på ein liten smell i dagens kvartfinale i åpningscupen i Bergen, men kan i det store og heile vere godt nøgde med utbytte av helga.

Nye, unge GHK herrelag etter kvartfinalen

Nye , unge GHK herrelag etter kvartfinalen i dag. Det gror godt på gutesida i GHK.

Trass i tap med nokre mål mot BHK i dagens kamp, gav helga peikepinn om eit GHK lag som ikkje vert lette å skubbe seg på i årets 3.divisjon.  Den store skildnaden på laga i dag var to ting.  GHK brende eit "hopetal" hundreprosentar, der BHK skåra sikkert   òg så hadde ikkje nokon av målmennene våre dagen.  Men dette vert retta på fram mot seriestart.

BHK er eit godt 2.div lag, og vi må også ta med at GHK slo 1.div laget Bjørnar i går.



GHK herrane med siger i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012

GHK sitt herrelag er denne helga i Bergen for å delta på Årstad IL sin åpningscup i Haukelandshallen.  Og det unge GHKlaget slo til i første kamp og vann 18-15 over 1.div laget Bjørnar.  Frå Bergen får vi rapportert om ein flott kamp av våre gutar, og dei møter Årstad i neste kamp i dag.


Tap for herrane i andre kampen

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012

Sjølv om GHK herrane kom godt i gang og leia 5-2, vart fjorårets vinnar av 2.divisjon, Årstad for sterke i andre kampen i Bergen i dag. Dei vann tilslutt 16-10, etter å ha leia 9-6 til pause.

Herrelaget er i gong med sesongen, då dei deltek på åpningscup i Bergen i helga. (Arkivbilde)
Som sagt kom GHK godt i gang i denne kampen, og spesielt Edvin herja stygt med heimelaget då han sette inn mange mål i denne perioden.  Så pådrog GHK seg fleire utvisningar, der dei spela 4 mot 6 i to periodar.  No skal det vere forskjell på 1. og 3. divisjonslag, men GHK karane har absolutt ingen grunn til å henge med hovudet etter desse to kamapne.  Dei har derimot synt at dei vil vere med å prege årets sesong.  Bakover står dei kjempegodt, men det skortar enno litt framover.  Men når Bjørn og Torbjørn får nokre veker til på seg med desse karane, er eg overtydd om at også måla framover kjem.   Ny kamp i ettermiddag mot Kjøkkelvik.


Ny siger for herrane i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012

GHK slo tilbake og utklassa Kjøkkelvik med heile 22-13 i dagens siste kamp for gutane våre.  Ved pause leia GHK 12-6.  Frå Bergen vert det meldt om godt forsvarsspel og ein Edvin Øygard i storslag framover.  No skal gutane ha det sosialt utover kvelden, så ventar nye kampar i morgon.


Kvartfinale i morgon kl. 11.15 mot Bergen Handballklubb

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012

GHK herrane skal møte Bergen Handballklubb i kvartfinale i Årsatd Il sin åpningscup kl.11.15 i morgon.


Dametreninga på søndag er flytta

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Aug 2012

K3 treninga i morgon er flytta til kl. 12.30 i Firdahallen. Her er det berre å hive seg med damer ;)


Trening fredag og søndag i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Aug 2012

Firdahallen har vore stengd denne veka, men fredag er det klart for trening inne att.  Med Kjell Aske tilbake frå ferie og Bjørn Roth i stadig stigande form, er det klart for både dame og herretrening på fredag.  Damene trenar kl. 18.00, medan herrane trenar kl. 19.30.  På søndag er det herretrening frå 14.00, og dametrening kl.15.30.

Irene Slagstad & co trenar i Firdahallen på fredag.

Då det har vore mykje att og fram med Firdahallen i sommar,har vi enno ikkje kunne sette faste treningstider.  Dette håper vi kjem på plass med det første.  Inntil vidare må dei aktive fylgje nøye med på "fjesbokja".  Her vil info bli lagt ut.  Vel møtt til trening fredag då :)


Trenar 1 kurs i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Aug 2012

Helga 7.-9.september vert det høve til å ta trenar 1 kurs i Firdahallen i regi av NHF og STIL. GHK ynskjer at fleire frå klubben vil ta denne utdanninga, og vil sjølvsagt dekke utgiftene til dette for den enkelte.  Les meir om kurset og om påmelding her  Trenar 1 2012

 



GHK bussen "avskilta"

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Aug 2012

Då Eid sitt fotballagi 3.div for herrar, på veg til kamp på Voss tidleg søndag morgon fekk havari på bussen sin på Kleivedammen, ville dei leige GHK bussen vidare.  Problemet var at då dei kom til bussen var denne "avskilta" iløpet av natta.  Korleis Eid kom seg vidare veit ikkje underteikna, men skilta vart funne på ein stolen bil som hadda krasja på Lote. Forholdet er anmeldt til politiet.



Stille på heimesida

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Aug 2012

Sommaren er ferietid og lavsesong når det gjeld handballspel. Som mange sikkert har fått med seg, har det vore liten aktivitet på heimesida ei stund. Dels på grunn av at nettredaktøren har vore på ferie, dels fordi sommaren er ei tid med forholdsvis liten handballaktivitet.  Frå og med no av vil aktiviteten berre auke framover.  Firdahallen er klar for treningsaktivitet att, og i tillegg er styrketreningsrommet snart klart for bruk.   Herrelaget er allereie i full gang med si sesongoppkøyring, og så snart Kjell Aske er tilbake frå ferie, vil nok damene også dra i gong fellesaktivitet så det held.  Også damelaget i 5.divisjon, samt gute og jentelaget vil nok også kome igong med det første.  Vi ser fram mot ein ny og spanande sesong.


Kjell Aske ny trenar for damelaget!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Jun 2012

Kjell Aske har i dag sagt ja til trenarjobben for damelaget til GHK i 3.divisjon.  Etter at Øyvind Indrebø slutta etter årets sesong, har leiinga i GHK vore på trenarjakt.  Kjell Aske var førstevalet til klubben frå dag ein, men vi har òg vore i dialog med andre trenarkandidater etter sesongslutt.

Ein "overlukkeleg" leiar og den nye trenaren for damelaget :)

Etter samtalar dei siste dagane, vart det i dag endeleg klart at Kjell tar på seg jobben for komande sesong.  Dette er klubben naturleg nok svært glad for.  Vi veit kva Kjell står for som trenar, og reknar med at dette også vil gje eit løft for klubben i den satsinga vi er inne i.

"Ringreven" Kjell Aske er tilbake ved roret for damelaget.

Damelaget er inne i eit generasjonsskifte, der fleira av fjorårets profilar enten har slutta eller reist frå bygda.  Dette vil nok syne att på bana komande seong, men med Kjell ved roret, er klubben trygg på at den sportslege utviklinga til dei unge og framadstormande jentene i klubben vil halde fram. Med litt iblanda "gamal" rutine frå nokre eldre spelarar, vert det ein spanande og utfordrane sesong for damene våre.  Uansett ynskjer vi Kjell og damene lukke til i komande sesong.



Trenar 1 kurs

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jun 2012

STIL skal arrangere trenar 1 kurs i handball helga 7.-9. september. I tillegg til dei som er trenarar i dag, kan dette også vere noko for dei som går med ein liten "trenarspire" i magen.  Gamle som unge, aktive som passive.  Ta kontakt med Øystein for påmelding...tlf 90634853.


Flott dugnad av GHK sine aktive medlemmar.

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jun 2012

REMA 1000 er på flyttefot til nye lokaler, og i den samanheng var GHK engasjert til å hjelpe til med å pakke ned den gamle butikken.  Frå kl.10 i dag har unge og eldre vore i full sving. Kl.14 kom ei ny gruppe på plass.

Flinke dugnadsfolk. Odd Martin, Solgunn, Kristian og Lauritz.

Då heimesida var innom butikken rundt kl.15, var hyllene stor sett tomme.  Sjefsparet Torleif og Ragnhild var i ferd med å pakke unna ulike drikkevarer, medan GHK sine dugnadsfolk sytte for at resten av butikken vart tømd.  Torleif sjef var svært godt nøgd med innsatsen til dugnadsgjengen, og rekna med å vere ferdig pakka litt over kl. 16.  Stor takk til alle som har delteke i dag.

Runar, Irene og Ragnor er snart ferdige

Peter gjer klar ein ferdig pakka palle.



Handballtreninga i gang att

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jun 2012

Etter ein kort pause, drog herretrenar Bjørn RA igang med trening i Firdahallen søndagskvelden. 10 stk var med på økta.  Trur det kribla litt i skotarmen til nokon og ein kvar :)

Bjørn RA (til venstre) og gjengen i fint driv



Endringar i vaktlistene til Countrytreffet

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jun 2012

Det er gjort noko mindre endringar på vaktlistene til Norsk Countrytreff.  Gå inn i menyen til venstre for å sjekke om du har vakt :)


GHK er årets arrangør!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jun 2012

Sjølv om herrelaget til GHK måtte ta vegen ned i 3.divisjon etter årets sesong, vanka det litt heider til klubben likavel.  Dei andre klubbane i 2.divisjon har kåra GHK til beste arrangør blant herrane, medan Sotra fekk den same heider for damene.  Vi gratulerer til alle som har bidrege til dette innad i klubben.  Les meir her: http://www.handball.no/p1.asp?p=36264

Spelarar og publikum er med på å lage flotte rammer rundt kampane i Firdahallen



Toppgruppa med basistrening

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jun 2012

Toppgruppa har vore i sving med morgonøkter ei tid.  Etter ein pause i april/deler av mai, er planen er å halde på fram til ferien i denne omgong.  Oppmøte har gått litt ned i forhold til i mars, men gruppa er no på eit meir realistisk antal (ca.20stk).

Vakkert syn på idrettsplassen kl.07.10 i dag. Nils Ove,n & gjengen :)



June- årets spelar i Byåsen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jun 2012

 

June Andenæs

June blei onsdag kveld kåra til sesongens BYÅSENSPELAR, med heile 67% av stemmene. GHK gratulerer med både tittelen og med 29 års dagen i morgon!

Vi ønskjer June lukke til på kvinnelandslaget si OL samling i Portugal som startar i dag.

Les meir: http://www.byaasen.no/artikkel/156358

 



Topphandball i Leikanger

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Jun 2012

For dei som har lyst å sjå nokon av verdens beste mannlege handballspelarar i aksjon, kan ta turen til Leikanger på søndag. Det danske landslaget skal på treningsleir i Sogn frå helga av, og vil spele ein internkamp i "safthallen" på Leikanger. Les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8184741

Danmark - Serbia (Foto: Andrej Cukic/Ap)

Verdens beste?? Mikkel Hansen frå Danmark



Ny oppdatert dugnadsliste for countrytreffen

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Mai 2012

Det er lagt ut ei ny oppdatert dugnadsliste for countrytreffen i Breim.  Gå inn på linken til venstre i menyen og sjekk om du har vakt.



Nytt landslagsuttak for June!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mai 2012

Gloppejenta June Andenes er teken ut på det norske handballandslagets siste samlingar før OL i London.  Om ho får reise til England er vel enno usikkert, men ho kan vere høgaktuell for EM og VM seinare i år.  Uansett er vi svært stolte av June og ynskjer ho lukke til med uttaket og samlingane.

June til landslagssamling



June på landslaget!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mai 2012

June på landslaget

June Andenæs er teken ut til beachhandballandslaget som skal ha samling i Danmark 16-20 mai.

 

Beachhandballjentene skal forsvare sitt VM gull som i år går av stabelen 8.-13. juli i Oman.

Vi er som vanleg stolte og ønskjer June lukke til!

 

Les meir på www.byaasen.no og www.handball.no

http://www.byaasen.no/artikkel/155671



Countrytreffen 2012

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2012

DUGNAD GHK Rema 1000 24. juni og Countrytreffen 13.-15. juli

Ein av dei viktigaste inntektskjeldene til Gloppen handballklubb er Norsk Countrytreff på Breim. I 2011 fekk vi 32 200 kr for dugnadsinnsatsen som vart lagd ned desse dagane og året før 41 000. Tusen takk til alle som stilte opp! Vi har fått spørsmål om å stille i år også. Dei som stiller på Countrytreffen får ein

gratisbillett til ein dag dei ikkje har vakt, og i tillegg mat på vakta.

I tillegg har vi fått spørsmål frå Rema 1000 om å hjelpe dei med flytting til den nye butikken søndag 24. juni.

Vi har prøvd å fordele vaktene rettferdige ut frå tidlegare innsats, og vonar du ser positivt på å stille. Hugs at det er avgjerande for drifta av GHK at vi får desse inntektene! Dersom du ikkje kan stille skal du anten bytte vakt med nokon eller finne ein annen til å stille for deg. Alle endringar må meldast til kontaktperson (sjå nedanfor).

Svarfrist er 20. mai, med stadfesting på at du stiller, evt. namn på den som stiller i din stad.

COUNTRYTREFFEN 2012

Svar innan 20. mai til: Else Torunn Kvamme , tlf 9086 1717, else.torunn.kvamme@sfj.no

Nattevakt laurdag /søndag kl.23.45 – 08.00

Jon Kåre Lundestad

Hildegunn Lotheim                                 

Per Ola Lotsberg                                           Ate Eilander

Linn Kristin Øren                                           Staffan Hjohlman

Beate Kårstad Støfring                                Leiv Slagstad

Laila Kandal                                                    Edvin Øygard

Reserve: Marie Midthjell, Sigrid Fjellestad, Hildegunn Lekanger Otneim, Ingrid Holsen, Celina Nordbø, Beate Kårstad Støfring, Marte Heien Hansen,

Kiosk fredag 13. juli

kl.20.00 – 01.30                                                KL.23.00- 03.00

Ingvill Slagstad                                                 Amanda Slagstad

Oddrun Slagstad                                               Christina Slagstad

Elisabeth Vollstad                                             Marte Sunde Hjelle

Ann Kristin Vollstad                                          Sigrid Heien Hansen

Solgunn Alme                                                     Elise Heien Hansen

Daniel Hjohlman Reed                                      Martha Sofie Eide

Birte Eilander                                                     Kristin Eide

Amalie Mundal                                                   Grethe Liv Tisthamar

Kiosk laurdag 14. juli

kl.20.00 – 01.30                                                KL.23.00- 03.00

Peter Wilke                                                        Torill Henden Gåsø

Hans Sande                                                        Kristine Book

Else Torunn Kvamme                                       Aina Heggdal Elvebakk

                                                                             Malin Kristine Eikenes

Reserve: Evald Osnes Devik, Åsmund Sælen, Vegard Sælen, Sarah Nordbø.

For Gloppen Handballklubb Økonominemda v/Else Torunn Kvamme



Flytting av REMA 1000

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2012

DUGNAD GHK Rema 1000 24. juni og Countrytreffen 13.-15. juli

Ein av dei viktigaste inntektskjeldene til Gloppen handballklubb er Norsk Countrytreff på Breim. I 2011 fekk vi 32 200 kr for dugnadsinnsatsen som vart lagd ned desse dagane og året før 41 000. Tusen takk til alle som stilte opp! Vi har fått spørsmål om å stille i år også. Dei som stiller på Countrytreffen får ein

gratisbillett til ein dag dei ikkje har vakt, og i tillegg mat på vakta.

I tillegg har vi fått spørsmål frå Rema 1000 om å hjelpe dei med flytting til den nye butikken søndag 24. juni.

Vi har prøvd å fordele vaktene rettferdige ut frå tidlegare innsats, og vonar du ser positivt på å stille. Hugs at det er avgjerande for drifta av GHK at vi får desse inntektene! Dersom du ikkje kan stille skal du anten bytte vakt med nokon eller finne ein annen til å stille for deg. Alle endringar må meldast til kontaktperson (sjå nedanfor).

Svarfrist er 20. mai, med stadfesting på at du stiller, evt. namn på den som stiller i din stad. Fristen gjeld begge dugnadene.

FLYTTING AV REMA 1000

Søndag 24. juni. Vi kjem tilbake med tidspunkt. Hald av dagen så lenge! Svar innan 20. mai til: Oddrun Slagstad , tlf 4899 8088, oddrun.slagstad@sfe.no

Sander Mardal                                                         Magnus Andre Moritsgård

Osmund Vereide                                                      Sander Nesdal

Paul Remi Kvandal                                                    Ørjan Sundal

Bjørn Magnus Nystad                                               Dag Håkon Moen

Edvin Øygard                                                            Bendik Eikenes

Runar Gåsemyr                                                         Peter Wilke

Eirik Hellerud                                                            Hans Sande

Odd Martin Hauge                                                    Lauritz Bjørnereim

Tom Wilke                                                                 Erlend Ulvestad

Frode Hansen                                                            Kristian Henden

Jon Slagstad



Tid for dugnad

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2012

GHK har fått tilbod om to dugnader denne sommaren.  Først skal vi hjelpe REMA 1000 med flytting til ny butikk, deretter skal vi som vanleg gjere ein innsats under Countrytreffet i Breim. Dette gir kjærkomne pengar i klubbkassa, og eg vil oppfordre alle som er sett opp på dugnadslista om å syne ansvar og ta sin tørn.  Om alle stiller på vert det mindre på kvar, og pengane går til å gjere dokke som aktive betre.  De finn dugnadslista i menyen til ventre.  Gå inn og sjekk kor tid du er sett opp, og gje tilbakemelding til rette vedkomande.  Dette får vi til!!!


GHK og Sparebanken Sogn og Fjordane einige om ny sponsoravtale

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mai 2012

Samarbeidet mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og GHK held fram.  I dag vart partane einige om ei ny treårig sponsoravtale som gjer at banken held fram som ein av GHK sine hovudsponsorar.

Leiar i GHK, Øystein Sundal og sponsoransvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ingvill Hestenes, er godt nøgde med den nye avtala.

Då både sparebanken og GHK er opptekne av å støtte opp under talentutvikling, vil ein del av midlane klubben får vere øyremerka stipend til unge talent i GHK som syner treningsvilje og som oppnår framgong i komande sesong. Mindre stipend vert delt ut kvar månad i kampsesongen til ein gut og ei jente, medan det ved sesongslutt vil tillfalle eit større stipend til den guten og den jenta som samla har synt størst framgong gjennom heile sesongen.  Her vil også viljen til å trene for å bli best mogeleg vektlagd. 


GHK får raus gåve frå Sparebankstiftinga

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mai 2012

GHK har søkt Sparebankstiftinga om midlar knytt opp mot toppgruppeprosjektet klubben er ein del av.  Dette prosjektet er i samarbeid med Firda vidaregåande skule og idrettskrinsen.  I dag kunne salsleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ingvill Hestenes overrekkje 100 000 blanke kroner til GHK på vegne av Sparebakstiftinga.  Desse pengane skal gå til arbeidet med å utvikle unge handballtalent som verkeleg vil bli gode i idretten sin medan dei tek utdanning ved Firda vgs.

Ingvill Hestenes i Sparebanken gjev (på ein symbolsk måte) 100 000 kroner til leiar i GHK, Øystein Sundal, samt ei "knippe" unge talentfulle handballspelarar frå toppgruppa.

Då fylkespolitikarane vende tommelen ned for at Firda skulle få status som vidaregåande skule med valfag Toppidrett handball, valde likevel skulen og GHK å gå vidare med planane for eit slikt tilbod.  Håpet no er at også Gloppen Kommune kan sjå verdien av eit slikt tilbod og bidra opp mot Firda vgs slik at tilbodet vert så godt som råd er alt frå skulestart til hausten.  Vi trur òg at dette kan vere med på å styrke Firda sin posisjon som skulestad i fylket og soleis vere ein "vinnvinn" situasjon for kommunen.


Gutane frå Vestlandet fekk det tøft i NM for regionslag

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mai 2012

Region Vest laget med Daniel Hjohlmann Reed mellom stengene, fekk det tøft i årets NM for regionslag. Etter 3 tap innleiingsvis, vart det siger mot Nord med 33-20 i kampen for å unngå sisteplassen.

Daniel H Reed og regionslaget fekk det tøft i helga



Trekning i lotteriet vårt

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mai 2012

Det har vore trekning i lotteriet vårt, og dei 10 første gevinstane gjekk til følgande:

Vinst 1: Ipad Kjellfrid Solheim

Vinst 2: Sykkel Else Tystad

Vinst 3: Bag Emma Alme

Vinst 4: Måleri Olav Moen

Vinst 5: Pulsklokke Kirsten Stensaker

Vinst 6: Regnsett Norodd Støffring

Vinst 7: Service Jonas Alander

Vinst 8: Hårprodukter Pikant Frisør Siri Anne Hellerud

Vinst 9: Hårprodukter Tora Frisør Siri Anne Hellerud

Vinst 10: Gåvekort hotellet Bertil Austheim



Rose Cup i bilder

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mai 2012

Frå ein av leiarane på turen til Molde og Rose Cup har heimesida fått tilsendt nokre bilete både av sportsleg aktivitet og meir sosial aktivitet under turen.  Her kjem ein del av dei:

Heile gjengen samla

Avslapping i vårsola

Forsvarsarbeid

Meir forsvarsarbeid

Pokalen for tredjeplassen er i boks

Sjekk smilet til Anne Kristin

Sosial aktivitet :)



Flotte prestasjonar i dagens kampar i RoseCup

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Apr 2012

Jentelaget tok heim sigeren i B-sluttspelet etter å ha slege Skåla IL 8-6 i finalen.  Også GHK2 gutane kom til B-finalen, men måtte sjå seg slegne av Molde med 17-11.  For GHK1 gutane sin del, så vann dei bronsefinalen i A-sluttspelet etter å ha banka Florø heile 21-10.  Frå Molde får vi rapportert om god stemning i troppen som no er på veg heim til Sandane att.


To nye sigrar for GHK i RoseCup

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Apr 2012

GHK 1 gutelag banka Rollon med heile 12-7 i dagens første kamp under Rose Cup i Molde.  Ny sterk kamp av alle, men TS trekk fram vingspelet til Dag Håkon Moen som særdeles glimrande.

Jentelaget fekk òg ein god start på turneringa då Kolstad vart slegne med 15-8. Har ikkje meir info om denne kampen.



Rosecup: Jentelaget har gått på 3 strake tap/GHK 1 gutane klar for semifinale

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Apr 2012

Etter ein flott siger i første kampen i dag, har jentelaget gått på 3 strake tap etterpå.  Først eit knipe eitmålstap for Elnesvågen, før dei gjekk på to "smeller" mot Klæbu og Rival. (8-17 og 5-17). Dermed vert det B sluttspel for jentene til Ingrid og Norunn.

For gutane sin del er lag 1 klar for semifinale, sjølv om dei tapte med eit mål for Molde i siste kampen (9-10).  For lag 2 sin del, vil dei med siger mot Florø i siste kampen i kveld vere klar for semifinale dei òg. Hadde vore kjekt med 2 GHK lag i finalen .-)



Firda vgs har beste skulejentelaget i fylket

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Apr 2012

Firda vidaregåande skule vann den utsette/avbrotne jentefinalen i Chess cup, då dei torsdag slo Dale vgs 7-6 i Førdehuset.  Sigeren var fortent nok, og kunne med hell vore fleire mål større.

Glade jenter med pokalen etter kampen

Denne finalen gjekk eigentleg i Firdahallen i februar, men då strømmen gjekk midtveges i kampen på stillinga 6-5 til Firda, måtte den utsettast til eit seinare tidspunkt.  Kampen gjekk på nytt i Førdehuset denne veka.  Firda sitt lag er samansett av GHK spelarar frå 3.div laget, 5.div laget og jentelaget.  Då kampen varer kun i 18 min, vart det litt oppjaga spel frå begge lag si side.  Dale tok leiinga 1-0, men etter det var det GHK som styrte kampen.  Sjølv om ein aldri greidde å dra skikkeleg ifrå Fjalerlaget, var sigeren aldri truga.  Kampen var eit nytt prov på at det gror godt i handballmiljøet både ved Firda og i Gloppen generelt.  Vi gratulerer!!


GHK med kjempestart på RoseCup

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Apr 2012

GHK sitt gutelag fekk ei pangåpning av RoseCup i kveld då dei nedsabla det sterke trønderlaget Tiller med 13-12 siger. Torbjørn Sælen fortel om ein kjempelaginnsats der alle bidrar til sigeren.  Kampane foregår over 1x25min.


Tap for GHK 2 sitt gutelag

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Apr 2012

GHK sitt andre gutelag tapte noko ufortjent 7-9 for Vaaler i kveldens andre GHK kamp i RoseCup.  Trenar TS fortel om minst 10 brende store sjangsar som vart utslagsgivande for resultatet.  Litt kjipt, men dette laget kjem sterkare att i morgondagens kampar.


Første testøkt for toppgruppa gjennomført i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Apr 2012

I dag var Idrettsenteret i Sogndal på plass med to mann for å gjennomføre første testbatteri for toppgruppa.  Det vart testa både i hurtigheit, spenst og kondisjon.

Gåsemyrexpressen (Runar) testar på 20 m sprint.

Ein del fråfall på grunn av skader, gjorde at ikkje alle fekk tatt testen. Desse lyt vente til neste gong.  No skal ein studere testane med tanke på å utarbeide forslag til kva kvar einskild bør trene meir på, og ikkje minst, korleis ein skal trene for å førebyggje skader i treningsarbeidet framover.

Irene testar spensten

Evald i starten av sin sprinttest

Elise tar sats!!



GHK til Rosecup i Molde

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Apr 2012

GHK reiser denne helga til Molde med to gutelag og eit jentelag for å delta på Rosecup.  Dette markerer slutten på ein lang sesong for våre unge talent. GHK har delt inn sine gutespelarar i to jevne lag, og begge laga skal ut i kamp allereie i morgon kveld mot Tiller og Vaaler.  På laurdag venter Rollon/Langevåg og Molde for GHK 1, medan GHK 2 møter Klæbu og Florø.  Jentelaget skal spele fire kampar laurdag, og møter Kolstad, Elnesvågen, Klæbu og Rival.  Heimesida skal prøve å halde lesarane oppdatert på utviklinga i turneringa utover i helga.  Vi ynskjer laga lukke til.


LOTTERIET VÅRT!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Apr 2012

Hei alle spelarar. No haster det med å få inn loddbøkene og pengane for lodda. Trekking skal skje onsdag den 2 mai. Vi manglar over halvparten av loddbøkene. De kan gjerne levere dei til meg på Fagmøbler Norge. NB! Skriv ein lapp med namnet ditt inni posen saman med loddbøkene og pengane. Lurer de på noko så berre ta kontakt med meg.

 

Helsing økonomigruppa i Ghk
Ellen Skipenes
97716633





Daniel Hjolhman Reed til NM for regionslag

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Apr 2012

Daniel Hjolhman Reed er, ikkje uventa, teken ut til NM for regionslag.  NM går helga 04. til 06. mai, og vi ynskjer Daniel lukke til.

Daniel Hj Reed skal til NM for regionslag



GHK på tredjeplass i regionsluttspelet for G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Apr 2012

GHK sitt gutelag slo Eid/Haugen 23-20, men måtte gje tapt 20-31 for Bergens beste gutelag, Kjøkkelvik, under dagens sluttspel i Strynehallen.  Dermed enda våre gutar på 3 plass i sluttspelet.  Vinnar vart Kjøkkelvik 1, medan Kjøkkelvik 2 tok andreplassen.

Slitne gutar etter at tredjeplassen var i boks.

I dagens første kamp sleit våre gutar lenge med naboen over fjorden.  Til slutt vart det likevel ein fin 23-20 siger, etter at GHK leia 12-10 til pause.  Dei beste på GHK i denne kampen var Daniel i mål og Erlend på strek som netta 8 gonger.  Ørjan hadde 6 mål, Osmund 3 og Laurits 2. Dag Håkon, Evald, Åsmund og Odd Martin hadde 1 kvar.

Stort sett kontroll mot Eid/Haugen

I dagens andre kamp var det aldri den store spaninga.  GHK leia 1-0, men derifrå og ut handla det meste om Kjøkkelvik i første omgong.  Dei hadde 2 mann, som tilsaman dundra 19 mål bak Daniel og Olav. Pauseresultat 15-7 til K. I andre omgong kom GHK langt betre med, men sigeren til Kjøkkelvik var aldri truga.  Vegard Sælen skada seg i laurdagens kamp og var sårt sakna i dag, og når også Ørjan får raudt kort etter 3x2min, misser GHK mykje skotkraft.  Erlend Ulvestad vert toppsårar også i denne kampen med 6 mål frå strek, medan Hans Sande har 4 flotte skåringar i denne kampen.  Ellers har Laurits, Odd Martin og Mikael 2 mål kvar, medan Ørjan, Dag Håkon, Evald og Osmund har 1 kvar.

Ørjan mottar diplomet for 3.plassen av NHF sin representant Torleif Landa



9 stk på stimulansesamling i Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012

7 aktive og 2 leiarar var i dag på stimulansesamling i Sogndal.  Samlinga var i regi av Topp Idrettsutvikling, og gav deltakarane høve til fagleg påfyll både i form av teori og praksis.  Innleiingsforedraget var ved Per Øyvind Torvik frå talentutviklingsbygda Meråker i Trøndelag.


Tap for gutelaget i første regionssluttspelkamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012

Gutelaget var i dag i Stryn for å spele første kamp i regionssluttspelet.  Dagens motstandar var Kjøkkelvik 2, som er det nest beste laget i Bergenregionen.  Frå Stryn får vi meldt om ein jevnspela kamp stort sett heile vegen, men der Kjøkkelvik til slutt vann 23-20.  Stiilinga ved pause var 12-10 til bergensarane.

I starten av andre omgong opparbeida Kjøkkelvik seg ei 6 målsleiing, men GHK kom tilbake på stillinga 18-18.  Men Kjøkkelvik greidde å dra ifrå igjen mot slutten.  Ifølge rapportane var det først og fremst tempoet og viljen til å true forsvaret i etablert angrep, som var skildnaden på laga og som førte til at Kjøkkelvik vann kampen.


Flott avslutningsfest i Gimle

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012

Som ei avslutning av ein lang sesong, var alle spelarane og støtteapparatet invitert til pizza og brus i Gimle i kveld.  Heile 65 stk var møtt fram, og det var også utdeling av velfortjente prisar i mange ulike kategoriar.

Alle kveldens flotte prisvinnarar samla

Det var stor stemning og høg partyfaktor då spelarane og støtteapparatet fekk sin velfortjente takk for innsatsen etter årets sesong.  30 store pizzaer gjekk ned på høgkant og "søjen" rundt om i lokalet tyda på at alle kosa seg.  Det er alltid knytt spaning til kven som får dei ulike prisane etter ein sesong.  I år var kategoriane mange, og det var stort sett dei ulike trenarane som stod for utdelingane og som grunngav dei ulike vala.  Dei som fekk prisane var følgande:

For damelaget i 3.divisjon:  Årets spelar er Eli-Anne Birkelund, årets toppskårar Heidi Sægrov med 100 mål, innsatsprisen gjekk til Torill Henden Gaasø.  Årets komèt vart, velfortjent, Celina Nordbø.

For herrelaget i 2.divisjon: Årets spelar er Arild Fjellestad Tystad.  Årets toppskårar, Edvin Øygard med 108 mål og Aleksander Morritsgård fekk innsatsprisen.  Årets komèt blant herrane/gutane vart Daniel Hjohlman Reed.

For damelaget i 5.divisjon: Her gjekk innsatsprisen til Eline Åsebø.

For gutelaga: Her gjekk innsatsprisen til Ørjan Sundal på G16-1, og til Laurits Bjørnereim på G16-2.

For jentelaga: På J16 gjekk innsatsprisen til Irene Slagstad, og på J15 gjekk den same prisen til Solgunn Alme.

Årets trenar i GHK vart damelaget sin eminente trenar, Øyvind Indrebø.

Styret vil med dette takke alle for ein strålande gjennomført sesong, og vi gledar oss allereie til neste sesong.

Under er litt stemningsbilder frå festen.



Gutelaget til regionssluttspel i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Apr 2012

I morgon og på søndag, skal gutelaget til Stryn for å delta på regionssluttspelet.  I morgon møter dei Kjøkkelvik 2, medan dei søndag skal møte både Eid/Haugen og Kjøkkelvik 1.

Kampklar gjeng som møter tøff motstand i helga.

Gutelaget vårt har feia all motstand av bana(stort sett) i årets sesong og vart suveren vinnar av serien her i fylket. I morgon og søndag er det tid for å avgjere kven som er beste laget i regionen.  Bergenslaget Kjøkkelvik vert nok ei hard nøtt for våre menn, men med full tenning er alt mogeleg.  GHK stiller stort sett med fullt lag, men Vegard Sælen har slite med ei skade og er usikker.  "Sjefsinnpiskar" Torbjørn er vekke denne helga, så det er kollega Gunnar Atle som skal få gutane til å yte max.  Vi ynskjer lukke til i Stryn.


Kontinuitet i GHK styret

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Apr 2012

Under årsmøte i GHK i kveld, vart Øystein Sundal attvald som leiar for eit nytt år.  Med seg får han mesteparten av det gamle styret, samt nokre nye. 

 Hege Roth-Andenæs hadde sagt frå seg attval etter mange år i styret, og i hennar stad kjem Ellen Skibenes frå økonominemnda over til styret. I tillegg er Ingrid Heien, Jonas Alander, Ragnhild Bruvoll og Bjørn Kåre Eikenes med vidare, og Magne Morritsgård er ny varamedlem.

Leiar i valnemnda, Laila Niiranen Henden, hadde gjort ein god jobb i forkant av årsmøtet, og alle tillitsverv var på plass utan problem i god tid, også økonominemnda, revisorar og ny valnemnd.

Årsmeldinga er prega av at GHK er ein klubb som fungerer godt i alle ledd.  Sjølv om utgiftene har auka ein del siste året, har også inntektene auka tilsvarande.  Klubben kjem ut med eit lite overskot i drifta, og har ein sunn økonomi.

Ellers var det eit roleg årsmøte utan dei store sakene til handsaming.  Årsmeldinga finn du under:

årsmelding 2012



Inspirerande foredrag av Eigil Indstebø

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Apr 2012

Ein stad i overkant av 60 personar møtte opp då Eigil Indstebø held foredrag om behandling og førebygging av idrettsskader i lokala til SFE i kveld.  Her var både aktive og trenarar frå fleire ulike lag, og alle fekk beskjed om kor viktig det er å trene allsidig.

Eigil Indstebø held eit engasjerande foredrag.

 Indstebø gjekk gjennom kroppen frå botn til topp, då han forklarde ei lydhør forsamling om årsaker til skader, behandling av skader, og ikkje minst korleis ein trenar seg opp att etter skade.  Han var og krystallklår på kor viktig det er å trene allsidig, for å styrke kroppen i alle ledd.  Gledeleg nok var det mange aktive handballspelarar frå GHK som var møtt fram, samt ein del frå trenarteamet og styret. GHK vil takke GFIL for initiativet til kvelden, og Eigil for ei framifrå gjennomføring.

Overtråkk??  I kveld fekk vi svaret korleis ein i så fall trenar.



Daniel Hjohlman Reed til regional landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Apr 2012

Vårt store keepertalent Daniel Hj Reed er på nytt teken ut til regional landslagssamling i handball for gutar fødde i 94-95.  Samlinga er torsdag 19.april.  Vi gratulerer med uttaket.


Årsmøte

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Apr 2012

Minner om årsmøte i GHK torsdag 12.april kl.19.00  på Gloppen Hotell.  Håper

på supergodt frammøte av medlemmane :-)

 



June utteken til landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2012

June Andenæs er ein av spelarane landslagssjef Thorir Hergeirsson samlar til treningssamling i Trondheim fra 16. til 22. april. Utenlandsspelarane deltek ikkje, og det gjev mogelegheiter for nye spelarar å vise seg fram. Det er utteke 19 spelarar til samlinga.

Vi heiar på deg June!



SFE vert generalsponsor for Gloppen Handballklubb

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2012

Sogn og Fjordane Energi og Gloppen Handballklubb er einige i å utvide samarbeidet.  Sponsoransvarleg ved SFE, Kai Petter Sårheim, seier i ein kommentar til heimesida at satsinga GHK no gjer med toppgruppe og utvikling av eigne talent er eit spanande prosjekt som dei ynskjer å vere med på.  Samstundes er det og viktig for SFE at GHK er best i fylket når ein ser samla på breidda av dame/herre/ungdomshandball. Alle detaljer i avtala er enno ikkje heilt klare, men det som er heilt klart er at SFE med dette får status som generalsponsor for GHK.

Sponsoransvarleg og nestleiar i GHK, Ingrid Heien og sponsoransvarleg i SFE, Kai Petter Sårheim er svært nøgde med avtala, og begge ser fram til eit nært samarbeid dei neste 3 åra.



idrettsskader - Føredrag om behandling og førebygging

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2012

GFIL innbyr til foredrag om behandling og førebygging av idrettsskader onsdag 11.april.  Foredraget bør vere midt i blinken for mange i GHK miljøet, unge og eldre som slit med skader.  Sjå meir info om tid, stad og program herIdrettsskader

 



Foredrag om behandling og førebygging av idrettsskadar

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2012

GFIL innbyr til foredrag om behandling og førebygging av idrettsskader onsdag 11.april.  Med den skadeproblematikken GHK har hatt i år, bør dette vere ein glimrande moglegheit å lære meir om temaet.  Les meir om tid, stad og program her:Idrettsskader


Festkveld med braksiger til GHK damene i sesongavslutninga

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Mar 2012

Det var til tider festhandball då GHK damene avslutta sesongen med å knuse Jotun 2 heile 40-22 i kveldens kamp i Firdahallen.  Ved pause leia GHK 21-12.  Celina Nordbø avslutta si karriere i GHK for denne gong, ved å vere kampens store profil og banka heile 10 baller i nota bak Jotun sin keeper.

Dagens glade gjeng, inkludert rekruteringsgruppa, ei skada veterantaus samt "knoll og tott" i trenarteamet.

Med nesten alle jentene kampklare (berre Torill mangla, og Hege er ute med langtidsskade), vart det ein skikkeleg festkveld for dei mange frammøtte tilskodarane.  Etter ein litt famlande åpning av kampen, drog GHK sakte men sikkert frå frustrerte Sognajenter.  Anført av fotrappe og fintesterke Celina Nordbø samt venstreslegga til Marthe H Hansen, var det aldri tvil om at denne kampen ville ende med heimesiger.  I tillegg var Eli-Anne tilbake på strek og "lynet frå Nordåsen" Elise i kontringshumør.  Legg ein så til ei Amanda Veiteberg i stadig stigande form, fleire andre ungjenter på bana, samt dei altid trygge bakspelarane Heidi og Bodil, ja då har ein fantastisk flott gjeng å byggje vidare på. Celina Nordbø reiser vekk på skule til hausten, og spela i kveld sin siste kamp for GHK, for ei stund iallefall. Og for ei avslutning. Den jenta har det både i bein og armar, og vart kampens toppskårar med 10 mål. 

Dagens profil

Kjekt å sjå at også Marthe set dei tunge skota sine gong på gong. Prikkskyting!!  Linn Kristin var god i mål, og hadde mange flotte redningar i kveldens kamp. Unge Amanda Veiteberg kjem inn eit stykke ut i kampen, og syner eit stort potensiale ved å hamre fleire ballar i mål. Irene er også i ferd med å bli skikkeleg varm i GHKtrøya, og spelar betre og betre, kamp for kamp.  Fleire andre unge jenter fekk også sin heimedebut i kveld.  Marte S Hjelle og Ingvild Slagstad syner at det gror godt på jentesida i klubben.  Marte fekk diverre ei skade rett etter at ho kom på bana og måtte ut, men både ho og Ingvild får nokm fleire kampar på dette nivået.

Ikkje lett for Jotundamene å kome gjennom forsvaret til GHK.

Desse var med i kveldens kamp: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(2), Malene Støylen, Amanda Veiteberg(4), Elise H Hansen(5), Celina Nordbø(10), Marte S Hjelle, Maria Kleppe(2), Eli-Anne Birkelund(5), Marte H Hansen(8), Irene Slagstad(1), Bodil Hjelmeset(3), Ingvild Slagstad.



Flott sesongavslutning for J-15

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012

Jentene leverer ei flott sesongavslutning mot Høyanger i Firdahallen.

Første omgang er jamnspelt,og Gloppen leier 8-7 ved pause.I andre omgang tek jentene skikkeleg i  med flott forsvarsspel,og ikkje minst flott kontringsspel.Vi dreg jamt ifrå,og avslutter kampen med behagelige 23-13.

Det er flott med så mange spelarar på skoringslista.Det er jamt fin innsats frå heile laget.Solgunn står som vanleg godt i mål,og Ayla Myklebust Seime speler ein kjempekamp i forsvar.

Måla vart skora av:Amalie,Ragnhild og Elin -4 ,Eisabeth og Stine -3 ,Benedikte og Birthe -2 og Ayla -1

JVR

 



Sesongavslutning med braksiger for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012

I kveld var det Årdalstangen som fekk kjenne på musklane til det gode 16-årslaget til Gloppen. Dei dominerte frå start til slutt og vann til slutt 31-12
Tre solide karar
Første omgang starta med konsentert forsvarspel og solid keeperspel, og det vart tungt for Årdalstangen. Etter at Årdøladn hadde teke leiing med 1-0 laga dei sitt neste mål etter at gutane vår hadd laga 9. Ja du las rett, etter 15 minutt var stillinga 9-1. Då hadde Ørjan og Vegar dunka inn frå distanse, Åsmund åla seg gjennom forsvaret, og Evald herja frå ving og på rush.

Etter dette vart det litt konsentrasjonssvikt og Sogningane greidde å kome 5 mål bak til pause på stillinga 13-7.
Tungt forsvar å trenge gjennom


Andre omgang starta like brutalt som første og gutane gjekk tidleg i frå, Vi har den siste tida trena på offensivt forsvar og fekk prøve ut dette i store deler av kampen. De funka fint og motstandaren vart stadig pressa til avslutningar på dårleg sjansar, eller dei kasta ballen opp i nevane våre eller ut over sidelinja. Osmund var solid som midtspelar og dreiv motstandaren stadig til å gjere feil.

Slikt blir det kontringar av og Kissner og Evald visste å utnytte dette og starta villeg gong etter gong. Med presise ballar frå Daniel vart det mange mål i kontra for to fotrappe gutar.

Ein veldig solid kamp av Gloppen1 og det lovar godt framfor regionsluttspelet i Stryn den 14. og 15. april. Då skal vi møte Kjøkkelvik 1 og 2 og Eid/Haugen til finalespel.

Dette blir tøffe kampar spesielt mot KJøkkelvik som satsar knallhardt og har mange tøffe kampar i Bringserien i vinter. Men vi skal gjere det vi kan for å nå potensialet vårt og glede oss til å møte gode lag.

Desse var med: Olav, Daniel, Vegard 4, Åsmund 5, Ørjan 8, Osmund 5, Evald 5, Kissner 3, Odd Martin 1, Dag Håkon, Erlend.


Farvel til 2. div

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012

Det blev til næsten i sidste kamp i
andre division for GHK for denne gang. Andre division er nu en
...historie blot men gutta har haft 2 flotte år på 3. højeste niveau
og vist at vi kan få det til på landet. Med glæde husker vi
heimesejre over sotra, stord og norrøna og strålende spil heime mod
Årstad selvom det blev tab. De ærgelige er 1 målstab mod NHHI og
Sotra der vi leder 1 min før slut, men sådan er det den erfarne
lurer den mindre erfarne. Det gode er at vi har mange som har fået
mye mere erfaring.

Dagens toppskårer, Edvin, (arkivbilde frå kampen mot Sotra)

Nu tilbage tildagens kamp.

Vi har for vane at tabe første halvdel
af 1. omgang og det fik vi til igen. 2-9 efter 18 minutter vi tager
timeout og Edvin kommer tilbake på bana lidt senere skifter Paulen
sig ind. Vi begynder at spille håndball og kommer op til 10-17 til
pause.
I andre omgang fortsætter vi der vi
slap i slutte af første. Sander er sikker som banken fra streken og
skorer 5 af 5 Edvin misser lite fra 9m og ingenting fra 7m til slut
står han med 10 nættinger.Vi er lige ved at gøre kampen rigtig
spændende men det vil sig ikke helt. Arild holder forsvaret sammen
og Paulen tager den ene efter den anden pragtredning. JC skyder som
vaneligt lidt for lite men har 5 scoringer 1 i blokken og en i
stangen. Jonken har en meget bra kamp begge veje han er noteret for 3 nettinger men bliver fløtet af helt uforståeligt 2 ggr efter overslagsfinte så egentlig var det 5 scoringer. Northug sparer til held i kærlighed og skød så ofte på
stængerne at jeg holdte på og grine. Det blev ved næsten og 30-33
stod på tavla til sidst. De unge er på vej til at fylde skoene til
de ældre. Der bliver truelig stor udskiftning efter sesonen og jeg
takker for at kunne have jobbet med disse talentfulde spillere.



Damelaget med tap mot Stord

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012

Det ville seg ikkje for damelaget i dagens kamp mot Stord 2 på bortebane.  Det vart diverre tap 24-20, etter at heimelaget leia 15-13 til pause.

Kaptein Hege med 6 mål i dagens kamp.

Frå dagens "step in" trenar Kjell Aske, får vi opplyst at GHK var generelt dårlege framover i dagens kamp.  Etter dei første 20 min av første omgong og ut kampen, leverer keeper og forsvar "varene", men når det "buttar" framover vert det tap.  Vår eminente kantspelar og kaptein, Hege Roth-Andenes, vert GHK sin toppskårar med 6 mål.  Ny kamp for jentene i morgon mot BSI.


NHF Region Vest ser på toppgruppesatsinga vår.

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2012

Også NHF Region Vest har regsitrert at vi er i ferd med å endre treningskulturen i klubben vår gjennom toppgruppesatsinga.  Les kva dei skriv her: http://www.handball.no/p1.asp?p=35343


Siste kamphelga denne sesongen

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2012

Då er det klart for siste kamphelga i sesongen 2011-12.  På laurdag er Firdahallen arena for både gutelaget, jente15 laget og herrelaget.  Damelaget i 3.divisjon skal på bytur og møte Stord 2 på laurdag og BSI på søndag.

Desse jentene avsluttar sesongen mot Høyang i Firdahallen på laurdag

GHK sitt eldste gutelag skal møte Årdalstangen på heimebane.  Gutelaget vårt er den suverene vinnar av denne avdelinga, og er allereie klare for regionssluttspel.  Vi trur Torbjørn og Gunnar sine elevar brukar denne kampen til å finpusse forma inn mot sluttspelet.  Med alle mann skadefrie, bør dette vere ein grei heimesiger i sesongens siste kamp i denne serien.

Jenter 15 laget skal òg ut i sin siste kamp for sesongen når dei møter Høyang på heimebane laurdag.  Dei har så langt ikkje tatt poeng i sluttspelserien, og vil nok bruke denne kampen til å spele på seg "godfølelsen" av å vinne igjen.  Dette laget har mange flotte handballtyper, og vil heilt sikkert syne igjen på handballbana i mange sesonger framover.  Utifrå det vi har sett av dette laget i mange kampar i år, vil GHK få eit godt J16 lag til hausten.

Herrelaget har framleis moglegheit til å overleve i 2.divisjon.  Klarer dei å slå Bergen Vest i FH på laurdag, går dei forbi laget frå Bergen og opp på "sikker" plass på tabellen.  Dette bør vere motivasjon nok for laget, som på sitt beste, kan spele jamnt med dei fleste laga i divisjonen.  I år har dei hatt veldig mykje "stang ut" og tapt ein del jamne kampar.  Om dei likevel skulle rykke ned, er det på ingen måte nokon katastrofe.  Eit år i 3.divisjon, med mange unge som bankar på døra til a-laget, kan vere sunt med tanke på utviklinga av dei unge talenta.  Men, no er det først kampen om å overleve som gjeld!!  Større under har skjedd, gutar......så gje alt på laurdag, så får vi sjå kva det held til.

Damene skal som sagt på Bergenstur.  Dei skal møte to lag som ligg på nederste del av tabellen, så 4 poeng bør vere innafor rekkevidde.  Litt synd at dei denne helga må klare seg utan 3 av dei faste jentene på laget.  Både Eli-Anne, Torill og Bodil vert ikkje med til Bergen av ulike grunnar.  Dette svekkar nok laget ein del, og det vert spanande å sjå om ein likevel klarer "brasane".  I mangel av strekspelarar, har Øyvind plukka med seg Marte S Hjelle frå J16 og Sigrid Kissner frå K5 laget.  Vi håper og trur at desse to debutantane skal klare overgangen frå spel i 5.divisjon og på jentelaget.  Men spanande og tøft vert det.

 



Daniel til regionlagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2012

Vår talentfulle målmann Daniel Hj Reed er teken ut til påskesamling for regionslag torsdag 5. og fredag 6.april.  Samlinga er i Framohallen.

Vi gratulerer Daniel med uttaket.



Kjemperespons på toppgruppetreningane før skuletid

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2012

GHK si satsingsgruppe, som er eit utvida spissa treningstilbod med bl.a. styrketreningsøkt før skuletid to dagar i veka, er ein formidabel suksess så langt.  I løpet av dei 5 første morgontreningane har oppmøtet lege mellom 25 og 28 stk kvar gong.  Dette er 94,95 og 96 modellar av begge kjønn som ynskjer å utvikle seg ekstra innan idretten sin. 

Imponerande syn kvar mandag og fredagsmorgon mellom 0700 og 0800.



GHK sitt gutelag slo Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012

Kissner i fint driv
GHK sitt gutelag slo i dag Stryn 30-17, etter å ha leia 13-8 til pause.  Fyldig referat kjem frå trenaren seinare. Ja, her kjem det fyldig referatet frå trenaren som "sjefen" har annonsert. Stryn heldt lenge fylgje med gutane utover første omgang. Det virka som dei ikkje klarte å tenne skikkeleg i fyrste omgang. Vart for passive bak og for lite intensitet framover. Til pause var dei 5 mål føre.

Andre omgangen var noko betre. Ein fekk stramma opp forsvaret litt, sjølv om dei sleppte inn 9 mål var det større intensitet. Framover fekk dei litt meir fart i bevegelsane sine noko som etterkvart opna opp forsvaret til Stryn. 17 mål i andre omgang var bra og dei gjer ein del fine ting. Spesielt når dei får til taktomslag og temposkifte og "kjem på" kvarandre er det flott å sjå på. 

Ut over omgangen redda Daniel det meste og med presise framspel vart det ein del rushmål mot slutten.

Desse var med: Daniel, Vegard 5, Åsmund 1, Evald 4, Osmund 3, Odd Martin 2, Kissner 3, Ørjan 9, Dag Håkon 3.




Også GHK sitt andrelag for gutar slo Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012

God kamp av Mikael i dag
GHK sitt andrelag for gutar ville ikkje vere dårlegare enn sine eldre lagkamerater då dei møtte Stryn.  etter å ha leia 18-11 til pause, kunne dei gå av bana med ein solid 33-23 siger.  meir om kampen kjem seinare. Så var det Gloppen2 sin tur. Dei var i fint spelehumør idag og gjorde ein framifrå kamp. Med bevegeleg og oppfinsamt angrep levna dei liten tvil om kvar sigeren ville hamne.

Med det giftige samarbeidet mellom Mikael og Magnus Andre tok dei raskt føringa i kampen og til pause leia dei 18-11, og kampen var i realiteten køyrd. Då hadde Lauritz herja på ving, Mikael "trikka" inn eit fantasimål og Vegard dunka hoppskot frå distanse.

Andre omgangen fortsette med speleglede og Evald fekk på nytt vist at han også er ein særs dugande bakspelar. Den guten nølar ikkje når der opnar seg ein mulighet mellom motstandarane. Veldig god kamp. I mål stod broder Olav også veldig bra og gutane hadde full kontroll.

Til slutt vart det komfortable 33-23 siger over eit Strynelag som var byrja å få trøtte bein etter to vanskelege bortekampar.

VEL BLÅST SESONG for ungkalvane som no har spelt sin siste seriekamp for i år. Dei hamna til slutt på 2.plass bak Gloppen1. Det store skoret i gleda er at vi ikkje har fått møte Vik til ein einaste kamp. Vik har eit godt lag i år og vi trur det kunne ha vorte kjekke kampar å spele, men dei prioriterer fotball og har vore opptatt med det kvar gong vi skulle møte dei.

Desse var med: Olav, Peter 1, Mikael 6, Hans 1, Lauritz 9, Magnus Andre 5, Vegard 5, Evald 6.


Superspanande då GHK slo Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012

Det var dramatikk til siste slutt då GHK damene slo nabo Sogndal i ettermiddagens kamp i Firdahallen.  Då sluttsignalet gjekk kunne jentene juble for 30-29 siger, etter å ha leia 16-15 til pause.

Sjølv om herren til høgre ser litt mellomfornøgd ut, har jentene grunn til å juble etter kampen

Sogndal vart ei vanskeleg nøtt for GHK damer i medvind.  Sogningane gjekk respektlaust i angrep og leia store delar av første omgong.  Mot slutten klarte jentene til Øyvind å kome ajour og leia med eit mål til pause.

Marte fyrer av venstrekanona si med kraft!!

I andre omgong var GHK oppe i 4 målsleiing på 22-18, men Sogndal kom attende.  Mot slutten var det ulideleg spanande, men jentene held hovudet klart og drog sigeren i land.

Øyvind må minne jentene om alvoret like før slutt!

Igjen må vi berømme laginnsatsen til desse jentene.  Sjølv om det går imot litt i perioder, og Sogndal ligg fleire mål føre, klarer dei å moblisere tilbake.  Heile 9 damer teikna seg i målprotokollen i dagens kamp, og det var kanskje den store forskjellen på laga til slutt.  Maria Kleppe og Celina Nordbø var gode, Heidi styrer det meste frå sin posisjon, Bodil Fotrapp kjem inn og lager 4 mål og ......Hege avgjer kampen med si skåring like før slutt.  På ein dag då forsvarspelet ikkje er heilt patent, klarer jentene likevel å dra sigeren i land.  Sterkt!

Dagens lag: Linn K, Benedikte, Heidi(6), Malene, Elise H(2), Celina(5), Hege(4), Maria(4), Eli-Anne(2), Irene(1), Amanda, Marte(2), Bodil(4), Torill.

Høyr intervju med trenarane etter kampen :-) : http://radio.oppdateringsfabrikken.no/media/Oppsumering_av_Gloppen_-_Sogndal.wmv



Herrane vart eit nummer for små mot Viking

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012

GHK sitt herrelag fekk bakoversveis av Viking i dagens 2.divisjonskamp i Firdahallen og tapte til slutt 15-36.  Spesielt i første omgang herja bergenslaget med våre gutar.  I andre omgong kom GHK noko betre med, men dagens kamp bør gløymast snøggast råd er.  Daniel Hj Redd kom inn i målet eit stykke ut i første omgong, og var dagens lyspunkt for heimelaget.


"Superlaurdag" i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2012

For dei handballfrelste vert det ein god dag i Firdahallen i morgon.  Begge GHK sine gutelag skal møte Stryn, medan damelaget i 3.divisjon skal møte Sogndal sine beste kvinnelege handballspelarar.  Til slutt skal så herrelaget i 2.divisjon møte Bergenslaget Viking til kamp om "livsviktige" poeng i kampen for å overleve i divisjonen.  Jente15 laget skal til Askvoll for å møte heimelaget der til kamp på søndag.

Edvin&Co skal prøve å ta poeng frå Viking. (Her lurer Edvin Norønna sin keeper på straffe i ein tidlegare kamp)

Først ut på sportsdekke i Firdahallen i morgon er gutelaget som møter Stryn.  GHK sine 16åringar er allereie klare for regionsfinalane, og vil nok bruke denne kampen som eit ledd i oppkøyringa mot desse kampane.  Vanlegvis ein sikker heimesiger, men i handball kan som kjent alt hende så gutane må vere "på" når kampen startar.  Litt seinare skal så 15års laget også møte Stryn. Dette laget har vore sterkt plaga med skadar i den seinare tid, men ligg likevel bra plassert på tabellen.  Om dei klarer å få flyten i angrepsspelet sitt, tru vi at Stryn må reise heim att over Utvikfjellet utan poeng i morgon.

Så er det klart for damekamp mellom GHK og Sogndal.  Vert spanande å sjå om damene våre fortset den gode trenden frå kampane i Bergen sist helg.  Klarer dei det, trur vi Sogndal skal slite med å ta poeng.  Det som kjenneteiknar årets utgåve av GHK, er høgt tempo og mange variasjonar i angrepsspelet. Ein er heller ikkje avhengig av enkeltspelarar, då dette laget har ei fin breidde i spelarstallen.  Om damene tar opp tråden frå Åsanekampen, må Sogndal verkeleg slite for å ta poeng.

Sist ut i morgon er herrekampen mellom GHK og Viking.  Viking ligg på tredje plass på tabellen, og har framleis mogelegheit om å kjempe om opprykk.  GHK ligg på nedrykksplass, og har såleis alt å vinne i denne kampen.  Difor reknar vi med at Bjørn RA sine menn vil vere topp motiverte til å syne heimepublikumet vilje til å overleve i 2.divisjon. Jens Cr Andenes har slite med ei skade ei tid, men både han og resten av troppen er klare for "krig".

Einaste laget som ikkje spelar heime denne helga, er jente15 laget.  Dei skal møte Askvoll/Holmedal i Askvoll på søndag.  Jentene til Jostein står så langt utan poeng i kampen om sluttspelplass, men her er tabellen svært jamn så mykje kan enno skje her.  På GHK sitt lag er her mange spanande talent, som med litt meir både samtrening og ikkje minst styrketrening har ei lys handballframtid.



Direkte overføring av kampen GHK-Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2012

Frå Sogndal får vi meldt at 3.divisjonskampen mellom GHK og Sogndal, vert kommentert direkte på noko som heiter Hallo Sogn TV.  Sendinga vert ikkje synt på TV, men kun kommentert.  Du finn sendinga her: www.hallosogn.moo.no


Sølvmedalje til June Andenes

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Mar 2012

Tidlegare GHK spelar og Gloppejente, June Andenes, sikra seg sølvmedalje i årets Postenliga i går kveld. Dette vart klart etter sigeren over Gjøvik, samstundes som Storhamar tapte mot Larvik.  Vi i GHK er svært stolte av det June gjer på toppnivå, og gratulerer så mykje med sølvmedalja.


Stimuleringssamling på Fosshaugane Campus

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2012

Sogn og Fjordane Idrettskrins innbyr til stimuleringssamling på Fosshaugane Campus laurdag 14.april.  Denne samlinga er sterkt knytta opp mot prosjektet TOPP idrettsutvikling, og vi bør absolutt reise inn til Sogndal her.  Eg håper vi kan fylle GHK bussen med aktive frå Toppgruppa (G16 spelar regionsfinale i Stryn denne dagen), samt nokon frå trenargruppa.  Meir info om samlinga her: stimusamling vår2012, og detaljprogram under.

Stimuleringssamlinga 14. april 2012. Fosshaugane Campus

Detaljprogram praktiske økter frå kl. 11.30

Økt 1 og 2 kl. 11.30-13.15

Stasjon 1 Eirik Nedrehagen

Basistrening for hofte og bekkenkontroll på sklibrett og slynger med fokus på betring av føresetnader for utvikling av langrennsteknikk.



Stasjon 2 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo

Korleis hoppe høgare og springe fortare ved hjelp av styrketrening?

- Passar bra for handball, fotball og volleyball.

Stasjon 3 Rune Loven

For dei som ynskjer å verta testa på 40 m sprint. I Tillegg får ein splittider på 5-10-20 og

30 meter.

Stasjon 4 Atle Sæterbakken

For dei som ynskjer å testa spensten sin. 2 ulike hopptestar. Ved å samanlikne desse får ein eit godt bilete på kva ein bør prioritere av trening for å hoppe høgare.







Økt 3 og 4 kl.14.00 – 16.15



Stasjon 1 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo

Spesifikk maksimal styrketrening med formål å betra utnyttingsgrad på langrenn.



Stasjon 2 Eirik Nedrehagen

Hurtigheit og koordinasjonstrening i ballidrettar.

Stasjon 3 Atle Sæterbakken

Prestasjonstest på stakeergometer (vo2 peak og utnyttingsgrad?)



Stasjon 4 Rune Loven

Repetert sprint test for ballidrettar, test og treningsprinsipp.



RUM samling i Firdahallen i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2012

I dag var dei fleste av dei beste 95 og 96 modellane i fylket samla til Regionalt Utviklings Miljø i Firdahallen.  Under leiing av Rune Kristiansen og Andraes Berntsen, hadde gutane og jentene vekselsvis økter frå kl 11.00 til 17.00.

Her er gutane i gang med første økta.

 

 

Frå GHK var 10 gutar og 1 jente med på dagens økter.

 

Her er jentene klare for første økt. Einaste GHK jente i gjengen, Irene, midt på bilde.

Gutane får instruksar av Rune Kristiansen



Årsmøte

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2012

ÅRSMØTE I GLOPPEN HANDBALLKLUBB

Torsdag 12.april 2012 kl.19.00 på Gloppen Hotell

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar, sekretær og 2 til å skrive under møteboka
  3. Årsmelding 2011
  4. Rekneskap 2011
  5. Budsjett
  6. Medlemskontingent 2012
  7. Val
    1. Leiar
    2. Nestleiar
    3. Sekretær
    4. Kasserar
    5. Styremedlemar og vara
    6. Økonominemnd
    7. Revisorar
    8. Valnemnd
  8. Ymse

Saker til årsmøte må vere komne til styret inna 29.mars.

Styret



stimusamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2012

Stimuleringssamlinga 14. april 2012. Fosshaugane Campus

Detaljprogram praktiske økter frå kl. 11.30

Økt 1 og 2 kl. 11.30-13.15

Stasjon 1 Eirik Nedrehagen

Basistrening for hofte og bekkenkontroll på sklibrett og slynger med fokus på betring av føresetnader for utvikling av langrennsteknikk.



Stasjon 2 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo

Korleis hoppe høgare og springe fortare ved hjelp av styrketrening?

- Passar bra for handball, fotball og volleyball.

Stasjon 3 Rune Loven

For dei som ynskjer å verta testa på 40 m sprint. I Tillegg får ein splittider på 5-10-20 og

30 meter.

Stasjon 4 Atle Sæterbakken

For dei som ynskjer å testa spensten sin. 2 ulike hopptestar. Ved å samanlikne desse får ein eit godt bilete på kva ein bør prioritere av trening for å hoppe høgare.







Økt 3 og 4 kl.14.00 – 16.15



Stasjon 1 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo

Spesifikk maksimal styrketrening med formål å betra utnyttingsgrad på langrenn.



Stasjon 2 Eirik Nedrehagen

Hurtigheit og koordinasjonstrening i ballidrettar.

Stasjon 3 Atle Sæterbakken

Prestasjonstest på stakeergometer (vo2 peak og utnyttingsgrad?)



Stasjon 4 Rune Loven

Repetert sprint test for ballidrettar, test og treningsprinsipp.



Jenter 15 tapte mot Eid på bortebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012

Jentene til Jostein var i dag på Eid for å spele kamp mot heimelaget.  Kampen enda med 8-11 tap. Frå Eid får vi rapportert om eit fotrappt heimelag som var "hakket" betre enn våre jenter, Særleg i angrep vart våre jenter altfor stilleståande og då er det vanskeleg å vinne kampar. Rapportane seier at vår eminente målvakt, Solgunn Alme gjorde ein god kamp. Toppskårar vart Amalie med 3 mål, Elisabeth hadde 2 mål, medan Ayla, Ragnhild og Marita skåra 1 mål kvar.


Tap for damene i 5.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012

GHK sitt 5.divisjonslag tapte siste heimekampen 23-27 for Sogndal 2, etter å ha leia 14-11 til pause.  På grunn av andre arrangement måtte ein del sentrale spelarar fråtre undervegs, og dette førte til at spelet til GHK "rakna" litt.  Difor måtte ein innsjå at "Sognatausene" vart for sterke til slutt.  Uansett har dette laget gjort ein god sesong, og kan vere stolt av innsatsen sin.


Ny fantastisk kamp av damelaget på bortebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012

Etter den flotte kampen i går med siger over Gneist, var det venta ein langt tøffare kamp i dag mot eit av topplaga, Åsane.  Men var kampen i går god frå GHK si side, var kampen i dag eit fyrverkeri av ei handballopppvisning av handballdamene våre.  Til slutt kunne jentene gå av bana med ein fortjent 35-30 siger.

Desse jentene tok 4 poeng på bortebane i helga.

 

 

 

Etter ein fartsfylt og jevn opning av kampen, der begge lag synte fint spel, klarte GHK å få ei lita leiing.  Men Åsane kjem attende og utliknar og går forbi med eit mål.  Dette er siste gong bydelslaget frå Åsane er i leiinga.  Til stormande jubel frå ein entusiastisk bortesupportergjeng som stadig måtte gni seg i auga for å tru det dei såg, fekk GHK opparbeida seg ei 4 målsleiing til pause.  Eli-Anne er eit råskinn på strek og har ei fantastisk evne til å få tak i ballen før ho nesten uten unntak set den bak målvakta.  Dette, saman med ein superspeleglad gjeng  med venstreslegga til Marthe som eit farleg våpen, gjorde at vi byrja få trua på at dette skulle gå vegen.

I andre omgong rekna vi med at Åsane ville gå ut i hundre, men dei skjøna knapt kva som hende dei første 5 minutta av andre omgong.  Det var våre jenter som "høvla" over vertane og banka 6 baller i nota utan at Åsane skåra.  GHK var oppe i ei 10 målsleiing.  Utover i omgongen fortsette jentene å imponere.  Ei stund var vi 12 mål føre, etter glitrande målvaktsspel av Linn Kristin, tunge skot av Marthe, strekspel i toppklasse av Eli-Anne - dagens toppskårar med 9 mål, ving og straffeskåringar av Hege, fleire vingskåringar av Maria og Irene, fleire flotte mål av spelemotorane Heidi og Celina, kanon forsvarspel av forsvarsjef Torill, samt flott spel både framover og bakover av Elise, Amanda og Malene.  Då er det berre rett og rimeleg at Benedicte kjem inn i mål mot slutten og gjer fleire flotte redningar ho òg.  5 minutt før slutt er vi framleis 10 mål føre og har stålkontroll.  At dei siste 5 minutta vert litt ukonsentrerte frå GHK si side, legg ingen dempar på dagens prestasjon.  Rett og slett ein knallgod gjennomført kamp av damene.   Og når 4 poeng vert med i bagasjen heimatt, var det ein svært glad og nøgd gjeng som sette seg i bussen med kurs mot Gloppen.

Dagens målskårarar var: Eli-Anne(9), Marte(7), Hege(7), Celina(5), Heidi(4), Maria(2), Irene(1)



Kjempekamp av damelaget i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Mar 2012

GHK sitt damelag i 3.divisjon slo i dag Gneist 25-21, etter å ha leia 15-7 til pause.  Jentene til Øyvind Indrebø hadde ein formidabel førsteomgong, og køyrde over frustrerte Gneistjenter med glitrande spel.  Bakerst stod Linn Kristin som ein levande vegg, og leverte rett og slett ein praktkamp.

Dagens kvinne, Linn Kristin (arkivbilete)

Kampen starta med 2 kjappe Gneistskåringar, før showet tok til.  Med glimrande ankomstspel og lynraske kontringar var brått stillinga 9-2 til GHK.  Derifrå og ut kampen såg jentene seg aldri tilbake.  Alle bidrog til at måla rann inn jevnt og trutt.  Heidi styrte spelet med glimrande blikk for innspel til strekspelar Eli-Anne.  Hege var sikker frå 7meter. Celina dreiv Gneistspelarane til vannvidd med sine finter, og det var ein fryd å sitje på tribuna ilag med ein ivrig supportergjeng leia av Peder Hauge.  8 måls leiing til pause.  I andre omgong fortset jentene med å imonere.  Ein periode er vi oppe i 10 måls leiing.  Marthe treff med langskota sine gong på gong, og bakerst står dagens GHK spelar som ein kopi av Cecilie Leganger.  Mot slutten av kampen slakker jentene litt av på tempoet for å spare seg til morgondagens kamp mot Åsane, og Gneist knapper litt innpå.  Men sigeren er aldri truga, og jentene "surfar" inn for halv maskin.  Seier 25-21.  Celina Nordbø, Hege R Andenes og Marthe H Hansen skåra alle 5 mål i dagens kamp, og vart GHK sine mestskårande.

Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov, Celina Nordbø(5), Marthe H Hansen(5), Hege R Andenes(5), Irene Slagstad(1), Maria Kleppe(1), Malene Støylen(1), Amanda Veiteberg(1),Eli-Anne Birkelund(3), Toril H Gaasø, Heidi Sægrov(3).



Tap for Gloppen 2 på Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2012

Haugen/Eid vart for sterk i går kveld, og fekk revansje etter tapet i Firdahallen.

Gloppen 2 var på Eid og møtte Haugen/Eid i går kveld og tapte 26-22.
Første omgang var veldig svak frå våre gutar. Det virka ikkje som dei var heilt klar til kamp og klarte aldri å få intensitet i spelet. Bakover tapte dei stadig duellane, og framover var det stilleståand og lite trøkk i gutane. Til pause leda Haugen/Eid heilt fortent 14-8.

Etter ein god pause der vi fekk snakka gjennom problema og justert tenningsnivået vårt var det eit heilt anna lag som kom på bana i 2 omgang. Forsvarsspelet byrja å sitje og med det kom kontringane. Hans var raskt frampå og laga eit par kontingsmål utan at Eid klarte å kvittere og dermd var vi med i kampen igjen. Vi drog sakte og sikkert inn på og når det gjenstod 5 minutt av kampen var stillinga 22-22. Vi var verkeleg i siget og det tilreisande puplikummet frå Gloppen augna at no skulle vi knekje dei.

Dessverre svikta vi i den avgjerande fasen på slutten når kampen stod og vippa. Med ein del uheldige vurderingar i angrep med for tidleg avslutning på dårlege sjansar var det Eidarane som utnytta våre feil og skora på sine sjangsar. Når vi i tillegg fekk ei utvisning i sluttminutta styrde Eidarane kampen til ein grei siger med 4 mål.

Desse var med: Hans 3, Peter, Mikael 2, Lauritz 4, Vegard 1, Ørjan 7, Erlend 1, Magnus 4 og Olav i mål.


Toppgruppeøkt tiiiiidleg fredag morgon

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2012

I dag hadde toppgruppa si andre morgonøkt, denne gong i lag med GFIL.  Òg fantastisk nok, heile 31 stk møtte opp.  Først ei oppvarmingsrunde ute i ausande regnvær, deretter ei knalløkt inne under kyndig leiing av Nils Ove Roset.  Av desse 31, var 25 stk handballspelarar frå GHK. Nokre hadde fråfall pga skade.

Flott syn!!!! Klokka er framleis såvidt over 07.00

No ventar ny økt på mandag, der dei som skal på RUM samling seinare på dag har fri.  Her er nokre bileter frå dagens økt:

Instruktøren......Dagens sprekaste???

Her er nokre av gutane i gang med styrkeøvelse.

Amanda og Irene med den same øvelsen.

 



Torsdag 8.mars - To 16års kampar i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012

I kveld skal J16 laget til Førde for å møte heimelaget der, medan gutane sitt andrelag skal over fjorden til Eid i møte med samarbeidslaget Haugen/Eid.

Marthe Sofie, Ingvild, Marte &co møter Førde i kveld (arkivbilde frå kampen mot Jotun)

GHK sitt J16 lag skal til Førde for å spela sin siste kamp for sesongen.  Dei møter her eit av topplaga i serien.  Førde har så langt kun tapt i bortekampane mot dei suverene Strynejentene, samt Dale.  Jentene våre får ei tøff oppgåve, men ryktene seier at dei langtidsskada sentrale spelarane er på veg tilbake på laget. Kanskje kan GHK overraske i kveldens kamp og ta med seg 2 poeng i bussen tilbake til Sandane.

Det gode 15års gutelaget skal til Eid for å møte heimelaget her.  Gutane vann heimekampen mot Haugen/Eid, og reiser nok over fjorden med tankar om å gjennta dette på bortebane òg.  Haugen/Eid er eit godt lag, men gutane til Torbjørn har synt før at dei kan slå alle lag på ein god dag. 

Vi ynskjer begge laga lukke til i kveld.



Viktige bortekampar for damelaget til helga.

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012

GHK sitt damelag i 3.divisjon skal på bytur til helga for å spele dobbelkamp der, medan damelaget i 5.divisjon skal avslutte sesongen på heimebane mot Sogndal sitt andrelag. Jente 15 laget skal til Eid for å møte heimelaget i kampen om sluttspelplass.

Det er lov å håpe på liknande jubel når damelaget dreg til Bergen til helga. (Her etter sigeren over Fyllingen 2 i februar)

Når damene reiser til Bergen denne helga, er det i håp om å ta poeng mot lag nr 2 og 3 på tabellen.  Laurdag møter damene Gneist, medan dei søndag skal opp mot Åsane.  I denne divisjonen kan det meste skje framleis, så her er moglegheitene for poeng absolutt tilstades.  Om jentene hentar fram finspelet slik vi veit dei kan, trur vi på poengfangst med heimatt på søndag.  Bodil Hjelmeset er diverre ikkje med til Bergen og vert nok sakna, men resten av gjengen er gode nok for poeng.

Damelaget i 5.divisjon er einaste GHK lag med heimekamp denne helga, når dei møter Sogndal 2 på laurdag.  Dette er siste kampen denne sesongen.  Ein sesong som har vore oppløftande for det unge laget.  Om dei klarer å vere stabile i 2x30 minutt, kan poeng vere innan rekkevidde.  Diverre har laget ein del forfall til denne kampen, men dei som er med er heilt sikkert innstilt på å kjempe for siger.

Jente 15 laget skal til Eid.  Laga i denne serien er no inne i kampen om sluttspelplass i Stryn.  GHK og Eid har opna med kvart sitt tap her, men den som vinn denne kampen kan ha gode moglegheiter til å nå sluttspelet.  Reknar med at Jostein sine jenter vil gjere alt for å nå denne "gulrota".  GHK skal òg møte Askvoll/Holmedal og Høyang før alt er klart, så dette vert spanande.

Lykke til med helgas kampar.



Tap for jentelaget i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012

GHK sitt jentelag tapte i kveld 26-22 for Førde på bortebane.  Stillinga ved pause var 16-10 til Førde.

Ragnhild, Amanda og Ingvild legg slagplan i pausen

Frå start av synte Førdejentene meir vilje og hadde større fart i føtene enn våre jenter.  Etter ei stund sette vi innpå Amanda og Sigrid, og kampen jevna seg ut.  På førehand var det avtalt at Amanda skulle spele lite for å spare ho til Bergenstur med damelaget.  Elise sat på benken heile kampen av same årsak.  Førde seig frå fram mot pause og leia med 6 mål halvveges.  I andre omgong starta spelte GHK kjempebra i forsvar og sette inn fleire mål etter fint angrepsspel.  Etter 10 min var stillinga 18-18.  No følgde laga kvarandre til 21-21. Men Førde drog ifrå og vann 26-22. 

Desse var med i dag: Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Amanda Veiteberg(6), Sigrid H Hansen(7), Marte S Hjelle(3), Irene Slagstad(2), Martha Sofie Eide, Anne Kristin Haraldsvik, Ingvild Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(3)



Firdahallen - mandag 5.mars - kl.07.01

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mar 2012

27 morgonfriske ungdomar i Toppgruppe Handball er i full gang med oppvarminga under kyndig leiing av trenar Bjørn Roth Andenes

Nysatsinga Toppgruppe Handball hadde si fyrste morgonøkt i dag tidleg.  Kl.07.00 var 27 stk jenter og gutar klar til trening. Trass tida på døgnet, var det stort sett berre smil og glede og sjå.  Det virka som ungdomane gleda seg til økta.  Bjørn hadde laga til stasjonar rundt om i hallen, der grupper av ulik størrelse roterte mellom stasjonane.  Her trur eg dei fleste muskelgrupper vart vekte til live. Men alle såg ut til å gjennomføre treninga utan problem, så dette er forhåpentlegvis starten på ein ny treningskultur i GHK.  Etter uttøying, fekk alle med seg frukost på veg i dusjen.  Ny morgonøkt på fredag, då i lag med/i regi av GFIL.  Under nokre bilder frå dagens økt:

Engasjert trenar

Engasjert trenar

Alex,Runar og Ole M driv styrketrening

Alex, Runar og Ole M driv styrkeøvelsar

Amanda med armheving

Antal armheving på 1 min......her Amanda ;)

Uttøying

Viktig med god uttøying etter trening



Nytt tap for damelaget i 5.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2012

Heller ikkje i dagens bortekamp mot Vik lukkast det å vinne for damene våre.  Trass mykje betre innsats i dagens kamp og 12-11 leiing til pause, måtte ein til slutt innsjå at Vikjatausene vann 26-22. Også i dagens kamp var dei mange personlege feila utslagsgivande for resultatet av kampen.  Ettersom Sigrid Kissner vart skada i gårsdagens kamp mot Fjøra, steppa Eline Åsebø inn som strekspelar i dagens kamp.  Ho var god både i forsvar og angrep, og var GHK sin beste spelar i dag.  No er fokus retta mot neste helg og siste kamp i serien mot Sogndal 2.  Komande veke skal dei personlege feila lukast vekk, og damene skal "gi jernet" i avslutningskampen.


Herrelaget med to tap i Bergen denne helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2012

Herrelaget var på Bergensturnè denne helga.  I gårsdagens kamp mot Årstad vart det eit klart tap med 33-22, medan dagens kamp mot Sotra var ein jevn batalje.  GHK leia 24-23 rett før slutt, men måtte sjå seg slegen 25-24 når sluttsignalet gjekk.  Fortsatt ligg GHK over streken, men i denne divisjonen kan alt hende.  Her er det berre å stå på heilt inn og sjå kva det held til.


Gloppen 2 med solid siger mot Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2012

Det vart klar favorittsiger for 16-åringane mot Førde i Firdahallen i dag, då Gloppen 2 møtte Førde. Dei vann til slutt 30-21.

Sander Nesdal med 3 flotte mål i dagens kamp, alle med "venstrekanona"

Gloppen 2 er litt reduserte for tida med Hans og Kristian ute med langtidsskade og Erlend på Bylagsturnering. Vi måtte defor låne nokre 95-gutar for å kunne stille lag. Det var likevel 96-gutane som måtte dra lasset og det gjorde dei til gangs.

I første omgange spelte dei veldig konsentrert og disiplinert i forsvar og det var vanskeleg for Førde å kome til gode sjangsar. Det som kom tok Olav i målet seg av, og det vart ettekvart ein komfortabel leiing for GHK. Tl pause leia dei 14-7.
God kontroll bakover, iallefall før pause.

Andre omgangen starta bra med mål av Mikael, Lauritz og Kleppe, men Førde hadde bestemt seg for å køyre meir tempo i andre omgang. Det klarte dei og spelte til tider fin handball og heldt følgje med våre gutar ut over i omgangen.

Konsntrasjonen vart også dårlegare i denne omgangen og sluttresultatet vart til slutt 30-21 til våre gutar.

Best på Gloppen i dag var Lauritz og Mikael som begge hadde fleire fotte mål, men heile gjengen scora jamt og trutt og det var eit jamt godt lag.

Desse va med Olav i mål, Lauritz 6, Mikael 5, Ørjan 5, Kleppe 4, Sander 3, Magnus 3, Peter 2, Evald 2.





J-16 spela uavgjort 14-14 mot Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2012

Lovande start der jentene tok føringa i kampen og leda kampen 3-1 etter 6 minutt.

Flotte handballjenter klare til kamp

I alt for godt fjellver gjekk turen til Dale for å prøve å revansjere tapet med 6 mål på heimebane. Jentene starta bra med skåring etter få sekund av Irene, og etter 6 minutt leda vi 3-1. Forrige kamp mot Dale var det ein spelar som utmerka seg stort  og henne skulle vi passe godt på i dag. Denne jobben greidde dei med glans. Så snart ho var i bevegelse så vart ho stoppa, unntatt 2 gongar. Dale spelte offensivt 5-1. Etter kvart vart det ein del baklengsmål pga feilpasningar og rush. Etter første omgang var stillinga 7-5 til Dale.
Dagens toppskårar Irene, fyrer av sitt frykta stegskudd mot Dalemålet

I andre omgang takla vi betre 5-1 forsvaret deira. Vi vart flinkare å krysse opp bak midtspelaren." Kjell" gjekk som det suste fleire ganger. Totalt fekk vi 3 2-minuttarar og då spela jentene veldig godt. Kjempeflinke sidelengs og skåra i undertal. Veldig godt lagspel. Sluttresultatet vart 14-14. Veldig god dømming av dommar Kurt Midtbø.

Desse spela: Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Irene Slagstad (5), Marte Sunde Hjelle (2), Martha Sofie Eide  (2), Ragnhild Ryssdal (2), Anne Kristin Haraldsvik, Amalie Mundal ( 1) og Elisabet Hansen (2)






Damelaget i 5.divisjon tapte møt Fjøra

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2012

GHK sitt damelag i 5.divisjon var i dag i Sogndal og spelte kamp mot Fjøra.  Det enda med 29-23 tap, etter at heimelaget leia 14-11 til pause.  Trenar Ragnhild Bakketun Vederhus seier i ein kommentar at det først og fremst var enkle feil bakover og generelt dårleg forsvarsspel som var hovedårsaka til dagens tap.  I morgon skal damene til Vik for å prøve å ta poeng der.


Kamp mot Vik utsett

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2012

G-16 skulle søndag ha vore i Vik og spelt to toppkampar, men på grunn av KM fotball kan ikkje Vik stille lag. Dei foreslo å spele i Firdahallen laurdag medan dei var på veg til Florø for å spele fotball noko vi aksepterte. No viser det seg at dei ikkje klarer det heller så kampen blir i beste fall utsett til 18.3.12. då vi skal prøve å gjere eit nytt framstøt.


Handballen i gang att etter vinterferien

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2012

Til helga er det klart for nye kampar med GHK lag på eine banehalvdelen.  Herrelaget i 2.divisjon skal til Bergen for dobbelkamp, medan damelaget i 5.divisjon skal til Sogndal for å møte Fjøra på laurdag og til Vik for å møte heimelaget der på søndag.  Jente16 laget skal møte Dale i Fjalerhallen, medan 15års gutane skal møte Førde på heimebane i Firdahallen.

Damene i 5.divisjon skal spele 2 kampar denne helga

Herrelaget i 2.divisjon ligg utsatt til på tabellen, og reiser til Bergen for å møte lag som ligg føre dei på tabellen.  På laurdag skal dei møte Årstad som er eit av dei beste laga i divisjonen.  På heimebane tapte GHK med 7 mål for Årstad, men Årstad har nett spela uavgjort mot botnlaget Norønna så poeng er innan rekkevidde.  På søndag skal karane våre møte Sotra.  Eit lag vi slo med 2 mål heime, så bør absolutt Edvin & co kunne hente livsviktige poeng om laget får til det spelet vi veit dei kan.

Damelaget i 5.divisjon har hatt ein flott sesong så langt, og skal denne helga møte to lag der poengmoglegheitene bør vere store.  På lørdag møter dei sentrumslaget Fjøra frå Sogndal.  Uavgjort på heimebane mot dette laget bør gje jentene til Ragnhild håp om å kunne "krige" til seg nye poeng frå denne kampen.  Det same er tilfelle i søndagens kamp mot Vik.  Vikjatausene vart knebla på heimebane, og her håper vi på to nye poeng til "smilets lag" i GHK.

Jentelaget skal til Dale for å prøve og revansjere heimetapet mot Fjalerjentene.  Håpet er at kamppausen no har gjort laget godt og at jentene verkeleg kan få syne kva som bur i dei på tampen av sesongen.  Det bør ikkje vere tvil om at med alle spelarane skadefrie, er dette laget eit av fykets beste jentelag.  Vi trur no jentene er innstilt på å legge mange "trøblete" kampar bak seg og reiser heim frå Dale med to poeng i bagasjen.

GHK sitt gode 2. lag i guteserien skal møte Førde på heimebane.  Førde har eit ungt lag med mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil hevde seg betre neste år om dei fortset framgongen på bana.  I denne kampen reknar vi med at Sander Nesdal & co vert eit nummer for store for Førdianarane, og to nye poeng vert att i Firdahallen på laurdag.

Begge GHK sine gutelag skulle også møtt Vik på bortebane denne helga.  Desse kampane ville vere avgjerande for toppstriden i serien.  Men å få avvikla kampar mot Vik syner seg å vere svært vanskeleg.  Om vi ville kunne vi tatt alle poenga utan kamp, men trenarteamet og gutane sjølve ynskjer å spela kampane.  Så får tida syne om laga kjem fram til ein speledato som høver for Vik.



RUM samling i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Feb 2012

Regionalt utviklingsmiljø i sone 1-3 skal ha samling i Firdahallen mandag 12.mars.  Som vanleg har NHF Region Vest plukka ut mange GHK spelarar til samlinga.

Irene og Elise er tatt ut til RUM samling i Firdahallen

Samlinga startar kl. 10.45 med registrering, og vert avslutta kl. 17.00.  Frå GHK er desse tatt ut:

Elise Heien Hansen, Irene Slagstad, Daniel Hj Reed, Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Osmund Vereide, Evald Devik, Mikael Alander, Sander Nesdal, Magnus Andre Morritsgård, Hans Sande og Lauritz Bjørnereim.

Vi ynskjer lukke til på samlinga.

Heile uttaket finn du her: http://www.handball.no/p1.asp?p=35067



Toppgruppe i handball

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2012

GHK har ein visjon om å vere best på talentutvikling i Sogn og Fjordane. Klubben er i dag med i eit samarbeidsprosjekt, TOPP - idrettsutvikling, som er drive av Sogn og Fjordane Idrettskrins og Sparebanken S & Fj.  Dette prosjektet har som mål å tilby eit godt sportselg tilbod til ungdom i alderen 16-19 år som mellom anna skal gjere at ungdom i denne alderen ikkje må reise ut av fylket for dette i den tida dei går på vidaregåande skule.

Amanda Veiteberg er med i Toppgruppa

GHK tar no, i nært samarbeid med Firda vidaregåande skule og idrettssenteret i Sogndal, dette eit steg vidare og tilbyr Toppgruppe/satsingsgruppe i handball.  Dette er først og fremst eit tilbod til dei som ynskjer å trene meir og riktig og for å tileigne seg ein god treniningskultur.  GHK skal framleis vere ein breiddeklubb med tilbod til alle som vil spele handball på sitt nivå.  Toppgruppa er eit tilbod til alle 94, 95 og 96 modellane i klubben. Vi har i dag smått utrulege 26 stk som har meldt seg på gruppa, og som ynskjer å ta handballen eit steg vidare i utviklinga si.  Denne gruppa vil starte opp med 2 tidlegøkter i veke med basis/styrektrening allereie 5.mars.  Frå hausten av vert så dette eit opplegg i samarbeid med skulen, som gjer at handballspelarane på toppgruppa kan trene/utvikle seg nokre timar for veka i skuletida.  Skulen og GHK arbeidar i desse dagar for å sy saman eit attraktivt og godt tilbod i desse timane.  Vidare skal utøvarane i gruppa testast jamnleg, via idrettssenteret i Sogndal. 


Gutelaget slo SUMlaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Feb 2012

GHK sitt gutelag slo i dag SUM96gutar 30-24 i ein treningskamp i Firdahallen, etter å ha leia 17-8 til pause.  Kampen var eit ledd i SUMsamlinga som har vore i Firdahallen denne helga, under leiing av damelaget sin trenar Øyvind Indrebø.  Gutelaget vann kampen mykje på grunn av sin overlegne fysikk og var sjølvsagt også eit meir samspela lag.

Deltakarane på helgas SUM samling

Etter denne kampen måtte SUMgutane ut i ein internkamp, så det var dyktig slite handballspelarar som reiste heim att ut på ettermiddagen i dag.  I tillegg hadde dei også ei treningsøkt tidleg på føremiddagen i beina. 

 

Slik vil eg ha det... Øyvind i kjent stil :)

Øyvind Indrebø er nøgd med det han såg iløpet av desse to dagane, og at det gror godt i handballmiljøa rundt om i fylket er heilt sikkert.  Han rettar òg ei stor takk til Magne Morritsgård og Jonas Alander som har lagt forholda til rette for samlinga i regi av GHK.

Evald med kunstskåring



SUM samlinga i gang!

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Feb 2012

Helgas SUM samling for dei beste 96modell gutane i fylket er i gang i Firdahallen.  Under fast og dyktig leiing av Øyvind Indrebø, er 18 gutar frå heile fylket i full sving med trening.  I kveld skal gutane kose seg med pizza på Mona Lisa, før nye økter ventar i morgon.  Kl. 13.00 i morgon skal SUMlaget møte GHK sitt 16årslag til kamp.

Øyvind Indrebø forklarer gutane kva dei skal gjere!



SUM samling for 96 gutane i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Feb 2012

Førstkomande laurdag og søndag er Firdahallen arena for dei beste 96 gutemodellane i fylket.  I Geir Giil sitt sjukefråvær, er det vår eigen dametrenar Øyvind Indrebø som skal leie samlinga.  GHK er representert med fleire spelarar på samlinga, sjølv om to av dei uttekne er med GFIL på treningsleir i utlandet akkurat no.  Vi kjem tilbake med meir frå samlinga i løpet av helga.

Strektalentet Magnus-Andrè Morritsgård vert å finne på samling i Firdahallen til helga



Firda vidaregåande skule "skvisa" ut i kampen om valfag Toppidrett Handball

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Feb 2012

Opplæringsutvalet i fylket gjekk i dag inn for at Hafstad vgs fekk det tredje tilbodet om toppidrett (volleyball), i tillegg til Stryn (skiskyting) og Sogndal (fotball).  Dette til tross for at fylkesdirektøren hadde innstilt Firda vgs og handball.

I mellomtida har det òg vore forslag om å dele den siste "potten" mellom Firda og Hafstad.  Førde Kommune ville då gå inn og dekke Firda sin "del" for Hafstad slik at Hafstad skulle få like stor del som Sogndal og Stryn.  Likevel vert handballen, ein av dei store idrettane i fylket, strokne frå lista.  Forstå det den som kan.

Kva som har føregått i dei siste dagane og nettene skal vere usagt på dette forumet, men at dette er eit politisk spel som kan få følgjer både for Firda og handballen i fylket synest klårt.  Uansett må vi no ta dette til etterretning og sjå framover.  GHK er ein del av TOPP idrettsutvikling, og hadde klart eit opplegg nært knytta opp mot valfag Toppidrett Handball som vi forventa skulle kome ved Firda.  Gjennom prosjektet Topp idrettsutvikling vil vi opprette ei toppgruppe/satsingsgruppe i GHK som vil få tilbod om å trene meir og riktig i forhold til å utvikle seg innanfor handballen.  Dette er eit prosjekt vi har stor tillit til vil kunne bidra til at ungdom som tar vidaregåande ved Firda vil kunne trene spesifikt på handball og utvikle ferdigheiter som gjer at dei vil kunne bli ein betre handballspelar og nå eit høgare nivå.  På førstkomande torsdag vil GHK orientere alle 94,95 og 96 modellane i klubben om tilbodet.  Dei som då i etterkant vel å gå vidare med dette tilbodet, vil danne toppgruppe handball med dei krav som dette medfører den enkelte.

To potensielle toppgruppedeltakarar



Erlend Ulvestad klar for bylagsturnering!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Feb 2012

Vår eminente gutespelar Erlend Ulvestad er tatt ut i troppen til bylagsturnering i Stjørdalshallen første helga i mars.  Ikkje overraskande, sidane Erlend også har vore på landslagssamling nyleg. Dette er ei ny "fjør i hatten" ,spesielt for Erlend, men også for GHK som klubbutviklar.  Vi er svært stolte på Erlend sine vegne, og ynskjer lukke til i Stjørdalen. 

Erlend er klar for bylaget. Vi skal få fleire framover....



Rein "GHK" finale i fylkesmeisterskapen i handball for vgs

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Feb 2012

I dag vart fylkesmeisterskapen i handball for dei vidaregåande skulane i fylket skipa til i Firdahallen. Blant gutane var dei ingen tvil......rein Firdafinale, der mesteparten av spelarane høyrer heime i GHK drakta.  Blant jentene var også Firda i finalen med eit lag der alle til dagleg spelar på K3 laget til GHK.  Her møtte dei Dale vgs.  I ein jevn finale, gjekk straumen i Firdahallen etter vel 7 min på stillinga 6-5 til Firda.  Straumen kom ikkje att før Fjalerjentene var på veg heim att, så denne kampen må takast att.

Rein Firdafinale blant gutane

Her er begge gutelaga til Firda vgs etter kampen.  Vinnarlaget til høgre.



GHK damene banka Fyllingen2 i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Feb 2012

Med gårsdagens uavgjorte kamp mot Kjøkkelvik2 friskt i minne, var det knytta stor spaning til dagens kamp mot Fyllingen2.  Og spanande vart det.  Men denne gangen ville jentene vinne, og kunne til slutt juble for 2 nye poeng og siger 30-27.

Jentene kune sleppe jubelen laus etter å ha slått Fyllingen 2.

Om kampen i går var ein triller, vart ikkje dagens kamp noko mindre spanande.  Begge lag synte mykje fin handball og følgde kvarandre i målstatistikken utover i første omgong.  GHk klarte i ein periode å kome 3 mål føre, men Fyllingen kom tilbake og kunne gå til pause med 15-14 leiing.  GHk sleit med å få tak på Fyllingen si Elise Fedje som banka inn mål etter mål.  Samstundes var det kjekt å sjå Bodil Hjelmeseth og Heidi Sægrov som til tider herja med Fyllingenforsvaret.  Heidi var sikker som banken frå 7meter og vart til slutt kampens toppskårar med 11 mål.  Bodil stoppa på 9 mål, men var glitrande til å ta tak når det butta litt imot.

Kampens giganter, Heidi og Bodil

I andre omgong fortsette kampen i same spor som før kvilen.  Laga veksla på å ligge føre med eit og to mål, men begge lag var flinke til å kome tilbake sjølv om ein låg under.  Så fekk Eli-Anne Birkelund litt uforståeleg direkte raudt kort etter ei litt uheldig takling, og ein spurde seg om dette ville påvirke heimelaget.  Og det gjorde det, men i positiv forstand.  Dei andre jentene tok tak, også i undertal og klarte på mesterleg vis å opparbeide seg ei 5 målsleiing.  Sjølv om denne krympa noko, klarte jentene å halde hovudet klart og kunne til slutt juble for to velfortjente poeng.  Som før sagt var Heidi og Bodil dei to store profilane på heimelaget i dagens kamp, men òg Eli-Anne fekk synt seg fram frå streken før ho måtte ut.  Heile laget skal ha ros for at dei held på humøret og aldri gav opp.  Denne kampen ville dei vinne.

Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(11), Malene Støylen, Bodil Hjelmeseth(9), Elise H Hansen(2), Celina Nordbø(1), Eli-Anne Birkelund(4), Maria Kleppe, Irene Slagstad, Marte H Hansen(2), Torill H Gaasø(1)



Internoppgjer enda med siger til Gloppen1

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Feb 2012

GHK1 - GHK2 24-16 (11-4)

Etter mykje fram og tilbake greidde vi endeleg å få spelt kampen som har vore flytta fram og tilbake i lansameleg tid.
Tett forsvar av dei "raude" GHK 16åringane.
Kampen skulle eigentleg ha vore spelt sist tysdag, men vart flytta til i morgon og deretter til tysdag, men den vart spelt idag. Men det var så vidt det let seg gjere. Med mykje sykjer og skader klarte vi så vidt å stille med 2 lag, og det var 1 innbytar på G1 og ingen på G2. Dei som var der gjorde imidlertid sitt beste og det var ikkje uventa Gloppen1 som førte kampen.

I starten av kampen vart det laga lite mål og det skuldast nok både gode keeperar og bra forsvarsspel, men begge laga slurva mykje i angrep.

Etterkvart festa G1 grepet og drog sakte og sikkert i frå. På slutten av omgangen skada Magnus Andre seg og måtte gå ut. Sidan dei ikkje hadde nokon å sette inn tok G1 ut ein spelar slik at dei vart like mange. Til pause leda G1 11-4. 
Magnus Andrè spela ein stor andre omgong i dag. Her har han rive seg laus frå Vegard og Ørjan før han set ballen i mål.

I pausen vart Magnus Andre oppteipa og klar til ny omgang, og for ein omgang han hadde. Her fekk han vist seg fram og hadde vel 100 % uttelling på sjangsane sine. Han er flink å sette sperre, flink å bevege seg i rom  og flink å få tak i ball.  Eit flott strektalent som vi må klare å utvikle framover.

Også Lauritz imponerte på backplass. Han spelar eigentleg ving, men idag måtte han spele back. 5 flotte mål vart det og han er byrja å få eit supert hoppskot. Ellers var det kjekt å sjå Hans tilbake på bana etter lang tids ryggplager. Det er no byrja å rette seg og han når kanskje slutten av sesongen.

På G1 var Åsmund god i dag og scorar mål i tillegg til å spele opp dei andre. Alt i alt ein grei dag på jobben for dei fleste, der begge lag spelte litt på halv maskin. Det var tydleg at to harde kampar i går og lite innbyttarar idag sette sitt preg på kampen.

G1: Daniel, Ørjan 7, Åsmund 5, Vegard 5, Odd Martin 4, Kissner 2, Peter 1.

G2: Olav, Lauritz 5, Magnus Andre 5, Mikael 2, Hans 2, Sander 1, Dag Håkon 1. 


Gutekamp spelast i morgon

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

Internkampen for gutar mellom GHK og GHK 2, vert spela i Firdahallen i morgon (søndag) kl. 15.00.  Rett etter damekampen mellom GHK og Fyllingen 2.


GHK sitt 15års jentelag tapte mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

GHK sitt 15års jentelag tapte med 10 mål mot Stryn på heimebane i Firdahallen i dag.  På førehand var det venta ein tøff kamp mot eit godt Strynelag.  Stryn er ein av favorittane til å vinne denne serien, og hadde kontroll frå start til slutt og vann 23-13.

Sentrale jenter i dagens kamp. Elin, Elisabeth og Ragnhild med 3 mål kvar + fantomkeeper Solgunn

Det var først og fremst i første omgong at Stryn la grunnlaget for sigeren.  Dei leia då også med 10 mål til pause (14-4).  Stryn gjekk rett opp i 3-0 leiing, før Amalie reduserte på straffe.  Ragnhild følgde på med redusering til 2-4.  Så starta Solgunn med fleire flott redningar, bl a ei straffe.  Solgunn skulle også seinare i kampen syne at her har Gloppen eit stort keepertalent i emning.  Det var likevel Stryn som drog ifrå utover i omgongen og leia 12-3 etter 20 min.  Ayla finta seg fint gjennom frå kant og reduserte til 4-12, før Stryn fastsette pauseresultatet til 4-14.  Det var Stryn sin nr 14 Lone Vik som var den store spelaren før pause og skåra heile 6 mål.  Ho fortsette i andre omgong og vart kampen sin toppskårar med 10 mål totalt.

Ikkje lett å kome gjennom forsvaret til Stryn

Andre omgong vart ei positiv oppleving for jentene våre.  I denne omgongen held dei uavgjort mot det gode Strynelaget.  Først og fremst var jentene våre mykje flinkare framover på bane med mange fine kombinasjonar som resulterte i flotte mål.  Og bakerst stod Solgunn som ein levande vegg til tider.  I tillegg til før omtala Lone Vik, var nok Solgunn kampens store profil.

Ein av kampens store profilar, Solgunn Alme

Elisabeth og Elin skåra GHK sine første mål i andre omgong til stilling 6-15, før Stine Raad banka inn 7-15 og Ayla til 8-16.  Ragnhild Ryssdal synte godt spel med eit flott gjennombrot til 10-19.

Alt i alt ein oppløftande kamp av dei unge jentene på GHK. Når dei får litt meir samtrening og erfaring, kjem desse jentene til å prege handballen framover.  I dagens kamp mangla også strategen Ingvild Slagstad som er sjuk.

Desse var med: Solgunn Alme, Amalie E Mundal (1), Ayla M Seime (2), Elin Møll (3), Birte Eilander, Ragnhild Ryssdal (3), Eirhild B Alme, Benedikte G Lotsberg, Elisabeth V Hansen (3), Marita Veiesund, Stine Raad (1).



GHK2 damene tapte mot Bjørn i 5.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

Sognelaget Bjørn vann 24-13 over våre damer i dagens 5.divisjonskamp i Firdahallen, etter å ha leia 10-7 til pause.  Kampen var på mange måtar jevnare enn resultatet skulle tyde på, men der GHK skaut stolpe ut sette Bjørnjentene ballen i mål.

To flotte handballspelarar frå dagens kamp:Beate Støfring med 3 mål, og Sigrid Fjellestad med 1 mål

Bjørn kom også best i gang i dagens kamp og gjekk tidleg opp i 4-0, før Marie dundra ballen i mål til 1-4 og 2-4 etter 10 min. Etter 15 min var stillinga 2-6.  Hildegunn reduserte til 3-6, før Sofie reduserer 2 ganger til 5-7.  No er GHK i siget og kjem heilt opp i ryggen på Bjørn til 7-8 etter flott skåring av Sigrid Fjellestad.  Bjørn drar ifrå att til pauseresultat 7-10.

Konsentrert forsvarsspel

I andre omgong aukar Bjørn til 8-14, før Ragnhild tar "timeout".  Beate Støfring reduserar til 9-14, før ho litt etter prikkskyt i vinkelen til 9-16.  Etter dette virkar det som om jentene slepp seg litt ned i tempo og Bjørn drar ifrå til ei 10 målsleiing, før Eline reduserar til 11-21 og Beate til 12-22.  På slutten får Bjørn nokre enkle mål på kontring og sluttresultatet vert 13-24.

GHK mangla viktige spelarar i denne kampen i Jenny Holvik og Tiril S Reed og det merkast.  Men jentene kjem nok sterkare attende i neste kamp, for det bur mykje handball i denne gjengen.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Bodil Fjellestad, Eline Aasebø(2), Hildegunn L Otneim(1), Sigrid S Kissner, Sigrid Fjellestad(1), Marie N Midthjell(2), Kristine S Book(2), Malin Eikenes, Sofie Djupegot(2), Beate Støfring(3)



Trillerkamp mellom GHK og Kjøkkelvik

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

Kveldens kamp i Firdahallen mellom GHK og Kjøkkelvik2 i damene sin 3.divisjon, vart ein kamp med full nerve frå start til slutt.  I dramatiske sluttminutt vart det til slutt poengdeling og 28-28 i målprotokollen.  Stillinga til pause var 14-13 til heimelaget.

Tett og jevnt, heile vegen

GHK kjem best i gang i kampen og er oppe i 10-6 etter halvspela første omgong, etter flotte mål av bl a Celina, Eli-Anne og Bodil og ei susande skåring frå kant av Maria Kleppetaus.  Kjøkkelvik kjem tilbake og på stillinga 11-10 tar Øyvind "timeout" for å minne jentene på at det er kamp.  Laga går i garderoben ved halvtid med ei snau leiing til heimelaget 14-13.

Tett og tøft gjennom heile kampen

Etter pause klarer Kjøkkelvik å snu kampen til sin fordel og er oppe i ei 17-14 leiing tidleg.  I denne perioden har GHK "stang ut".  Men jentene kjem tilbake og utliknar til 17-17 etter 12 min.  Så drar Linn fram ei flott redning og Heidi kontrar til 18-17, før same dame set inn 19-17 på straffe etter 15 min.  Celina skårer også på straffe til 20-18, og Malene til 21-19 etter 18 min.  Eli-Anne frå strek til 22-20, men Kjøkkelvik gir aldri opp og når det er 5 min att av kampen er stillinga 24-24.  Heidi set straffe til 25-24. Kjøkkelvik til 25-25-4 min igjen.  Så aukar Heidi til 26-25 på straffe, før Malene legg på til 27-25 og alle trur at no er sigeren i boks.  Men Kjøkkelvik kjem nok ein gong tilbake og utliknar.  Stillinga er 27-27 med 1,30 att av kampen og underteikna har alarmerande høg puls.  Begge lag skårar ein gong til og kampen endar uavgjort.  Dette var ein kamp heimelaget burde vunne, men Kjøkkelvik hadde mange flotte spelartypar og gav våre jenter kamp til døra og difor var kanskje uavgjort ei rettferdig resulat trass alt.

Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(8), Malene Støylen(3), Bodil Fjellestad(3), Celina Nordbø(5), Maria Kleppe(1), Eil-Anne Birkelund(5), Marte h Hansen(3), Irene Slagstad og Torill H Gaasø.

Godt med stødige folk i sekretæriatet under slike kampar. Liv og Ole Jonny med full kontroll :-)



HEIM ATT MED 4 POENG

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

Begge gutelaga var i Florø i dag og gjorde reint bor. Stor stemning i GHK-bussen heim att.

To gutar med målteft: Ørjan med totalt 14 mål i dag, og Sander med 5 mål

Sjølv med stort fråfall på grunn av sjukdom og skader greidde vi å stille to gode lag i Florø.

Florø - Gloppen1 14-29 (8-12)

Gutane var i storform i dag. Sjølv med mange brende sjangsar i starten av kampen førte vi heile første omgang klart.  Osmund hadde ein praktkamp idag og skora på gjennombrot , underarm, hoppskot og var rett og slett knallgod. Til pause leia vi med 4 mål og det var ikkje eit mål for mykje.

Andre omgangen dominerte vi fullstendig. Med Ørjan i storslag både bak på bane og på linja gav Florø etterkvart opp. Vi spelte dei ut med mykje flott ankomstspel, og smarbeidet Vegard/Ørjan var spesielt giftig.  Bakerst stod Daniel glitrande, bak eit meget solid forsvar.

Vingane våre, Dag Håkon og Bendik, kom også godt frå kampen, og når Kissner fekk orden på avslutningane sine i kontra fossa vi frå dei. Årsbeste av gutane og det va flott å sjå at dei får uttelling for treninga dei har lagt ned. Når vi til slutt nemner dirigenten i midten (Åsmund) som driv det heile, og ein god Odd Martin på strek, har vi i grunnen oppsumert. STRÅLANDE

Desse var med: Daniel i mål, Osmund 8, Ørjan 7, Åsmund 4, Kissner 3, Dag Håkon 3, Vegard 2, Bendik 1, Odd Martin 1

Florø - Gloppen2 17-22 (7-10)

Så var det 96-ane sin tur. I dette laget herjar sjukdom og skader så dei var litt reduserte. Vi kan flytte inntil 3 spelarar frå det andre laget og det vart Ørjan, Åsmund og Dag Håkon som fekk seg to kampar idag.

Gutane kom veldig godt igang og leia tidleg i omgangen 4-1. Sander hadde score 3 av dei på rush etter gode pasningar frå Olav som stod glimrande i mål. Florø kom tilbake og kampen vart tett og jamn heile vegen. Gloppen gjekk til puse med ei 3 målsleiing.

Andre omgangen starta Florø sterkt og gjekk opp i leiing 15-14, men gutan let seg ikkje stresse av den grunn. Dei heldt roa og gjekk forbi og låg føre med 1 og 2 mål gjennom omgangen. I andre omgang kom Åsmund på bana og Mikael spelte høgre back. Med Mikael sitt vanvittige taktomslag og temposkifte glei han igjennom gang på gang. Sander laga flotte mål frå ving og hadde nesten dagens mål med eit vannvittig "trickskot". Desverre traff det stolpen. Lauritz utfordra skikkleg på ving og putta 3 fine mål. Med Ørjan på bana brer det seg ein ro i laget og han scorar jamt og trutt. 

Til slutt tar vi med dagens flottaste mål, servert av Åsmund til Magnus Andre. Eit "blindt" innspel til Magnus som har rykka i rett rom til rett tid. Vil gå så langt som å kall det eit lite kunstverk. SOLID KAMP AV UNGGUTANE.

Desse var med: Olav i mål, Ørjan 7, Sander 5, Mikael 4, Laurits 3, Magnus 2, Åsmund 1.



Jentehelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2012

Til helga er det dei unge jentene og dei litt eldre damene som skal i elden på heimebana i Firdahallen.  Jente 15 laget tar imot Stryn, medan damelaget i 5.divisjon skal måle krefter med Bjørn. Damelaget i 3.divisjon skal ha dobbelkamp.  Først mot Kjøkkelvik 2 på laurdag, før Fyllingen 2 ventar på andre banehalvdel på søndagen.  Gutelaga skal til Florø før å møte heimelaget der.

Både Malin og Sofie vil nok gjere sitt for at K5 damene vinn på laurdag

Først ute på sportsgolvet i Firdahallen på laurdag er jente 15 laget.  Dei skal møte naboen frå Stryn i den nyoppretta serien som skal lede fram mot sluttspelplass.  Det vert garantert ein knallhard kamp for Jostein sine jenter, men dei har synt fin framgong gjennom sesongen og vil heilt sikkert gje Stryn kamp til siste slutt. Vert ikkje overraska om dei tek poeng.

Neste lag ut er dei blide K5 damene.  Dei skal møte eit av topplaga når sognelaget Bjørn kjem på besøk.  Men GHK ligg ikkje mange poenga bak, og kan med siger her krype heilt opp i ryggen på motstandaren.  Dette trur vi er motivasjon nok til at damene spelar opp mot sitt beste, og då er dei gode.  Klarer dei i tillegg å vere stabilt god i lange perioder av kampen, trur vi på poeng.

Til slutt på laurdagen møtes GHK og Kjøkkelvik 2 til kamp i damenes 3.divisjon.  GHK må klare seg utan lynvingen Hege R Andenes, som reiser til varmere strøk for ein periode.  Likevel trur vi Øyvinds "gaseller" spring motstandaren i senk med hurtig angrepsspel og "lynande" kontringar.  Denne kampen skal vinnast.  På søndagen er det Fyllingen 2 som er motstandar.  Dette er nok eit betre lag enn Kjøkkelvik, men poengmessig nokså likt GHK (fleire poeng, men også fleire kampar).  Her vil ein nok flyte på ein god opplevelse frå laurdagens kamp, og spikre 4 poeng opp på veggen i heimegarderoba.

Gutelaga reiser til Florø med begge sine lag på laurdag for å møte heimelaget der.  Florø har eit brukbart lag, så poenga må kjempast for.  Begge laga våre slo Florø på heimebane, men i kystbyen får ein det nok litt tøffare.  Spesielt andrelaget slit med sjukdom og skader, men òg førstelaget har skader.  Likevel tru vi gutane kjem heim med full poengpott.

Lykke til



Gutane fekk revansj mot Haugen/Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Feb 2012

16-årsgutane ser endeleg ut til å vere kvitt Haugenkomplekset. Etter det forsmedelege tapet på Eid før jul fekk dei endeleg revansjert seg i kveld.

Brukbar kontroll bakover i kveld

Kampen starta jamt med Gloppen ett og to mål føre gjennom heile første omgang. Framover vart det for mange bomskot og bakover sleit vi veldig med Vebjørn Espe og hans samarbeid med strekspelaren. Gong på gong lurte dei forsvaret vårt, noko som gjorde til at Haugen/Eid heldt følge utover omgangen.

Men enkelte lysglimt var der. Dag Håkon hadde mange gode sjangsar og sette inn fleire flotte mål frå ving. Åsmund spelte godt i angrep og hadde både langskot og gjennombrot. Vi gjekk til pause med eit måls leiing 12-11.


Byrjinga av andre omgang var den beste perioden i kampen. Her vart kampen i realiteten avgjort og gutane leia på det meste 20-14. Hadde dei fotsett i same stimen hadde det vorte ein solid siger. Vegard spelt høgre back i forsvar og tok fulstendig krafta frå Haugen på den sida, og då vart det vanskeleg å lage mål for Hugen.

På slutten slakna gutane av litt og Haugen nerma seg, men gutane hadde full kontroll og vann fortent 22-19.

Desse var med: Daniel i mål, Vegard 5, Åsmund 3, Osmund 4, Odd Martin 2, Kissner 2, Ørjan 2, Dag Håkon 2, Sander 2.


Gutelaget på revansjetokt i morgon kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Feb 2012

Motivasjonen til gutelaget før morgondagens kamp mot Haugen/Eid i Firdahallen er truleg betre enn nokon gong.  Bortetapet mot naboane på nordsida av Nordfjorden svir nok enno, og spesielt at ein opplevde noko nær måltørke i andre omgong der ute.  Men, alle handballkampar lever sitt liv, så gutane til Torbjørn og Gunnar må hente fram sitt beste for å vinne.

Tirsdagens internkamp mellom gutelaga prøver vi å flytte til neste mandag, då den er oppsett i andre si treningstid.



Daniel Hjohlman Reed til regional landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Feb 2012

Daniel H Reed er på ny tatt ut til regional landslagssamling for gutar fødd 94-95.  Samlinga er i Haukelandshallen tysdag 14.februar.  Vi gratulerer med uttaket.

Daniel til nok ei reg landslagssamling



K5 damene vann på ein dårleg dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2012

GHK sitt 5.divisjonslag for damer var på langtur til Aurland i dag for å møte heimelaget til kamp.  Ein del sjukdom og skader gjorde at kun 9 spelarar kunne vere med.  Uansett, damene gjorde jobben sin og vann 33-25, etter å ha leia 13-12 til pause.

Klar siger for damene mot Aurland. (her frå heimekampen mot same lag)

Trenar Ragnhild fortel på telefon frå ferja Manheller -Fodnes at dette var ein rotete kamp frå start til mål.  GHK laga mange mål på kontringar, men hovedsaken i dag var at ein klarte å vinne på ein dårleg dag.  Og det er som kjent ein svært god egenskap og ta med seg vidare.  Dei fleste teikna seg òg på skåringslista i dagens kamp.


Ny spennande kamp av J-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2012

På grunn av skader og sjukdom stilte Jotun berre med eit lag i Firdahallen i dag. Det var ein jamn kamp stort sett heile vegen, med spenning heilt til slutt.

Kampens store profil,Irene Slagstad (nr14) overvaker eit Jotunangrep

GHK-J-16 er fortsatt prega av skader. I dag var ikkje Elise og Christine med og Ingvild var veldig forkjøla og spela lite. Sigrid har pga skade ikkje spela sidan vi var i Jotun i haust. Det var ein jamn kamp heile vegen, men vi låg for det meste under med 1-3 mål i periodar. Irene var den store målskåraren. Sarah og Helene stod veldig godt i mål, spesielt i 2.omgang var det dei som redda oss.

Helene Djupegot stod godt i mål.

 Vi slit fortsatt med å få ballen inn til linjespelarane våre. Det var ikkje ei einaste straffe i kampen. Vi har fortsatt for mange personlege feil. Heldigvis for oss hadde Jotun mange bomskudd. Jentene skal ha ros for god innsats og fin avslutning på kampen. Sterkt å klare å ta poeng i ein kamp der vi stort sett heile tida låg under. Etter første omgang leda Jotun 14-13 og etter full tid var resultatet 20-20.

Stort sett kontroll i forsvar.....

 Desse spela:Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Irene Slagstad (10), Maret Sunde Hjelle (2), Martha Sofie Eide, Anne Kristin Haraldsvik, Inger Margrethe Sørland,Elisabeth V. Hansen (4), Elin Møll (2), Amalie Mundal (1), Aila Seime (1) og Ingvild Slagstad



Jenter 16 med dobbelkamp heime til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2012

Det går mot ny helg og nye kampar for nokre av våre lag. GHK K5 tar den lange turen til Aurland for å møte botnlaget i 5.divisjon, medan vårt jente 16 lag tar imot både Jotun 1 og 2 til kamp i Firdahallen på laurdag.

Marte Sunde Hjelle & Co tar imot Jotun til kampar på laurdag

Dei gode og blide jentene på 5.divisjonslaget vårt tar altså turen til Aurland for å møte eit heimelag som står utan poeng så langt i serien.  Vi trur ikkje Ragnhild lar jentene ta lett på denne kampen, så vi håper Malin & Co tar med seg alle poenga tilbake til Sandane.

Jente 16 laget tar imot begge Jotun sine lag til heimekamp i Firdahallen.  I dei motsatte kampane i Årdalshallen i haust, var det GHK som feia parketten med Årdalsjentene og vann begge kampane etter glimrande spel i begge kampar.   I dag ligg Jotun på plassen føre våre jenter, medan dei nest beste frå Årdal ligg sist på tabellen.  GHK fekk ein opptur forrige helg med ein sterk bortesiger mot Sogndal, og det ville ikkje overraske oss om dei fortset denne oppturen med å slå begge Jotun sine lag på laurdag.



Erlend Ulvestad i bruttotropp til bylagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Jan 2012

Eit av våre multitalent i klubben, Erlend Ulvestad, er teken ut i bruttotroppen til bylagsturnering for 96-97 mod i Stjørdalshallen 3.-4. mars.  Erlend er teken ut som strekspelar.  Det vert samling for denne troppen i Haukelandshallen 11. og 12. februar.


Ørjan og Sindre i toppen på EM-manager

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Jan 2012

Ørjan viste seg nok ein gong som ein stor taktikar og var beste av 16-årsgutta.

Ingen på gutelaget klarte å slå Ørjan denne gongen heller. Trass i at mange ville tukte han denne gongen er han vrien å slå. Kissner "flagga" tidleg at han vill ta opp kampen men Ørjan då han valde å kalle laget sitt "Ørjans overmenn", men enda nesten nederst på side to. 

Det var berre ein som klarte å halde nokelunde følge med Ørjan og det var nykomaren Sindre Flatjord, som enda opp på ein fin 3. plass på Sjeducupen. Nr. 2 vart Ørjan, men øverst i Sjeducupen kom ein velkjend slugger frå Indre Breim, Runar Gåsemyr. Han enda opp med 779 poeng og vart nr. 118 av totalt 6600 lag.

Ørjan hadde 764 poeng, og 739 poeng til Sindre.

Då blir det pause fram til juli då det er Tour de France, men der er det heilt andre favoritter utan at eg skal nemne namn.


Viktigt oppgør i Firdahallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2012

GHK herre skulle møde NHHI, som har ligget i toppen af 2. div de seneste år. Gutta har brug for en sejer for at komme sig væk fra nedryksplads.

Alt var klart, publikum på plads, NHHI var kommet, dommeren fløjter og GHK går helt i stå. Ball tempo i angreb var for lavt, vi går ikke på mål men spiller på tværs af forsvaret. I forsvaret mangler tænding og NHHI afslutter fra 6-7 m afstand relativt upresset hver gang. Efter 15 minutter er stillingen 11-2 og man kan med rette spørge om 2. div er 2-3 niveau for højt for os.

Efter et par omrokeringer kommer angrebsspillet i gang og NHHI slakker lidt på tempoet. Ved stillingen 16-6 har Paulen fået nok og beder om at Daniel får prøve sig.

Unggutten tager frisk fat og starter med en 100% redning på rush noget som får publikum til at vågne efter 20 minutter med kedelig spil. Laget løfter sig og går til pause med 9-18 imod sig. Andre omgang bød på til tider flot spil, Runar udfordrer bra på høgre back og scorer på 3 af 4. Edvin og Vegard havde nogle flotte kombinationer, som bevidner at vi kan spille Handball. Arild scorer på straffe og bremser NHHI i forsvaret, Jens Christian banker ind et par mål helt på tampen. Efter en elendig start kommer vi bedre og bedre i gang men det er nedtur at prestere så dårligt foran et talstærkt fremmødt hjemmepublikum. Daniel står frem som kampens bedste for GHK og har gjort meget store fremskridt i løbet af denne sæson.



Nordstranda og Breim dagens vinnara i skuleturneringa

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2012

Nordstranda skule slo Breim skule i finalen for 6.klasse, medan Breim tok revansje då dei slo Nordstranda i finalen for 7.klasse i dagens kampar under skuleturneringa i Firdahallen.

Breim og Nordstranda med fleire tøffe tak i dag

I dag var det 6. og 7. klassingane som inntok Firdahallen for å kjempe om pokalar og heder til sin skule.  Stor stemning på tribuna, og ikkje minst frå benkane, mange tette og jevne kampar med gode lag og mange flotte handballtalent gjorde dette til ein fin handballdag.

I 6.klasse var det berre påmeld 3 lag.  Desse vann kvar sin kamp så målskildnaden måtte til for å kåre Nordstranda og Breim til finalistar.Sandane skule var kun eit fattig mål frå.  Finalen vart ei tett og tøff batalje, der Nordstranda greidde å få ei luke på slutten slik at dei jublande kunne ta imot pokalen som vinnande lag

I 7.klasse var det som før nemnt også Breim og Nordstranda som møttes i finalen.  Også her var det mange harde tak, og det kokte både på bana og benken mot slutten.  Til slutt kunne Breimingane feire sigeren og ta med seg den største pokalen heim att til Breim.  Sandane 2 slo Sandane 1 i bronsefinalen.

Alt i alt to kjekke dagar i Firdahallen med mykje flott handball og stor stemning og entusiasme.  Og at det gror i handballen i Gloppen fekk vi mange døme på iløpet av desse dagane.  Mange flotte talent imponerte både med teknikk og fart, og kjem heilt sikkert til å prege handballmiljøet om nokre år.

Kjem nok fleire bileter etter kvart, vil eg tru.



Endeleg seier igjen til J-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2012

Laurdag 28.januar var J-16 til Sogndal for å ta revansj for eit-målstapet på heimebane.Vi var veldig spente om målet vårt held. Vi har komt inn i ein tralt med å tape jevne kampar med eitt mål.

Glade jenter etter siger mot Sogndal

Kampen var heilt jevn frå første stund. Sogndal var veldig raske heim att. Dette førte til ein del kontringsmål. Bakspelarane deira var veldig høge. Greidde vi ikkje å stoppe dei lagt ute skaut dei over hovudet på våre spelarar og i mål. Spesielt Irene, Elise og Marte var flinke å stoppe dei. Etter første omgang var stillinga 13-12 til Sogndal. Andre omgang vart som første. Halvegs i siste omgangen fekk Sogndal 2 raske utvisningar som førte til straffe for Ghk. Dette utnytta vi godt og leda ein liten periode med 3 mål, men Sogndal tok oss igjen. Siste minutta var veldig spennande, men endeleg var det GHK som vann sluttduellen i ein jevn kamp. Dette var ein lagseier der alle gjorde ein god jobb. Desse spela: Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Elise Heien Hansen (8), Marte Sunde Hjelle (3), Irene Slagstad (5), Anne Kristin Haraldsvik, Ingvild Slagstad (1), Elisabeth V. Hansen (1), Amalie Mundal (3) og Ragnhild Ryssdal (2).


Mykje fin handball på første dag av skuleturneringa

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2012

Det var mange tette og jevne kampar under første dag av årets skuleturnering.  Mykje flott idrettsglede og eit yrande liv av flotte skuleborn frå alle skulane i kommunen.

I dag var det 4. og 5. klasse sin dag, og frå tidleg morgon til langt på ettermiddagen gjekk kampane tett på to baner.  I 4. klasse var det til slutt Nordstranda skule som drog av med sigeren etter å ha slege Sandane skule lag 1 knepent med 10-8.

Nordstranda skule sitt vinnarlag i 4.klasse

Nordstranda skule sitt vinnarlag i 4.klasse

I bronsefinalen var Breim meir suverene då dei banka Sandane skule lag 2 med heile 16-4.

I 5.klasse var det ein tett og jamn finale med mange mål.  Sandane skule sitt lag 2 drog til slutt i land ein fortjent 16 - 12 siger over Breim.

Sandane skule sitt vinnarlag i 5.klasse

Sandane skule sitt vinnarlag i 5.klasse.

I bronsefinalen her var det ein enno tettare duell mellom 2 lag frå Sandane skule.  Sandane sitt lag 3 vann til slutt 11-10 over Sandane sitt lag 4.

I morgon er det 6. og 7.klasse sin tur, og vi reknar med minst like mykje spenning då.  Vel møtt!



Klart for skuleturnering i handball i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2012

Til helga er det klart for mykje handballmoro i Firdahallen, når alle barneskulane i Gloppen møtast til årets skuleturnering i regi av Gloppen Handballklubb.

Dette er ei årviss turnering som skulle gått av stabelen i haust, men på grunn av ombygginga i Firdahallen måtte vi utsette til no.  At dette er ei godt innarbeidd turnering, syner talet på lag som er påmelde.  Heile 23 lag frå skulane på Sandane, Hyen, Nordstranda og Breim, representerar ein stad mellom 175-190 handballspelarar på plass i hallen.  Laurdagen er det 4. og 5. klassane sin tur, medan 6. og 7. klasse gjer opp seg imellom på søndagen.  4. og 5. klasse spelar på halv bane med tilpassa minihandballreglar, medan 6. og 7. klasse spelar på heil bane med tilpassa vanlege handballreglar.                 GHK har eit stort apparat i sving for at turneringa skal gå så knirkefritt som mogeleg, og frå ansvarleg hald får vi stadfesta at det meste no er klart.        Som ei avslutning av turneringa på laurdagen, får alle aktive og leiarar høve til å sjå 2.div kampen i handball mellom GHK og NHHI gratis.

For dei som ynskjer meir informasjon om kamptider og puljeoppsett, kan ein finne dette i menyen til venstre på heimesida under "skuleturnering 2012"

Då vil eg til slutt få ynskje alle hjarteleg velkomne til handballfest i Firdahallen.



Viktig heimekamp for GHK herrane til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2012

I tillegg til skuleturneringa som varer både laurdag og søndag, skal også herrelaget i 2.divisjon spele ein viktig heimekamp mot NHHI på laurdag medan jente 16 laget tar turen til Sogndal for å møte heimelaget der. Også det på laurdag.

Klarer Edvin å lure målmannen til NHHI også? Her frå kampen mot Norønna sist helg.

Herrelaget skal ut i ein svært viktig kamp på laurdag. Pr i dag ligg GHK på nedrykksplass, men med like mange poeng som 2 av laga som ligg føre på betre målskildnad.  GHK slo dei aldrane Norønnakarane forrige helg, men møter nok tøffare motstand her.  NHHI tapte med 4 mål heime for topplaget Åsane sist, men skal her ut på langtur for å møte eit heimelag i Firdahallen som vil kjempe med nebb og klør for poenga.  Vi trur på heimesiger for Bjørn sine menn.

Jente 16 laget skal til Sogndal for å møte heimelaget i Sogndal Idrettshall.  Laga har like mange poeng sålangt, og ligg på sjette og sjuande plass på tabellen.  GHK tapte heimekampen mot Sogndal med 25-26, og er nok svært svolten på å revansjere seg her.  Som vi tidlegare har skrive linje opp og linje i mente om, så har årets sesong vorte noko heilt anna enn det ein hadde ambisjonar om før sesongstart.  Skadar og atter skadar har råka dette laget svært hardt, men jentene har halde på humøret gjennom sesongen og spelar på sitt beste feiande flott handball.  Vi håper på to poeng i bussen heim att.



Klubbesøk frå NHF Region Vest

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2012

GHK hadde i kveld besøk av klubbutviklar Erlend Vågane frå Regionen.  Ei lydhørt og engasjert forsamling brukte to og ein halv time på diskusjon omkring utfordringar og planer framover for GHK.

Erland Vågane

Mellom 10 og 15 personar vart losa trygt gjennom både diskusjonar og gruppearbeid til beste for handballen i Gloppen av Vågane.  Ein resursperson som kom med fleire nyttige innspel for vidare arbeid i klubben.

Ebgasjert forsamling



Nytt oppsett for jente 15 serien

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Jan 2012

Som meldt i helga, avslutta GHK sitt jente 15 lag seriespelet med siger borte mot Skavøypoll.  NHF Region Vest har no sett opp ein ny delt serie som skal danne grunnlag for kvalifisering til Fylkesmeisterskapen som vert avvikla i Stryn 14. og 15. april.

Sidan GHK jentene tok ein sterk tredjeplass i serien, har dei havna i A pulja saman med Stryn, Askvoll/Holmedal, Høyang og Eid. Her spelar laga enkel serie og nr 1 og nr 2 går til Fylkesfinalen.  Dette er ei knalltøff pulje, der Stryn nok er favoritt på førehand, men GHK sitt jente 15 lag har synt fin framgong gjennom sesongen og vil heilt sikkert vere med å kjempe om ein av dei to finaleplassane. 

Første kamp er mot Stryn i Firdahallen laurdag 11.02.



Jenter 15 avslutta sesongen med sterk bortesiger.

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jan 2012

GHK sitt jente 15 lag var i dag i Nordfjordhallen og avslutta sesongen med å slå heimelaget Skavøypoll 18-16, etter å ha leia 10-6 til pause.

Jostein og jentene avslutt med siger borte, og har hatt ein flott sesong. (Arkivbilde)

Jentene til Jostein har hatt ein flott sesong og enda til slutt på ein flott tredjeplass på tabellen.  I dagens kamp hadde ei stort sett kontroll.  Ifølge rapportane frå Måløy, styrer jentene våre kampen frå start.  Ein er gode i forsvar, men slit litt meir i etablert angrep.  10 minutt før slutt leiar GHK med 8 mål, men dette krympar inn mot slutten.  Trenaren måtte ta ein timeout for å fortelje jentene at kampen ikkje var slutt.  Dei hadde likevel så stor leiing at sigeren aldri var truga.

Måla i dagens kamp kom ved: Stine (1), Elisabeth (4), Amalie (4), Ragnhild (5), Elin (2) og Benedikte (2).



Solid seier!

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jan 2012

Gloppen skulle møte tabellnabo Norrøna etter ein månads kamppause. Vi står med tre sigrar frå tre tidlegar oppgjer og vi var favorittar til å vinne.

 

Starten på kampen vert i rotete affære og begge lag slit med å få ballen i nettmaskene. Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve med raske avslutningar og dårlege innspel. Heldigvis er Paul Remi på hugget mellom stengene og etter 12 minutt leiar vi 6-3. Utover omgongen får vi spelet til å fungere betre og betre og når forsvaret står som ein mur får vi mange lette mål på kontra. Ørjan og Alexander viser seg å vere særdeles raske og effektive. Til pauser viser tavla ei fortent 14-6 leiing.

Vi prøvde å nullstille oss i pausen og vill spele 2.omg som om det stod 0-0 på tavla. Dette lukkast vi ikkje heilt med. Vi tapar dei fyrste 7 minutta 6-1 og plutseleg var Norrøna med i kampen på stillinga 15-12. Vi brenn mange opplagde sjansar i denne perioden og vi kan sjå i ansikta på spelarane at dei lurer på om GHK-spøkjelset er tilbake... Trenaren tek ei dobbel utskiftning og inn kjem Vegard Flatjord på høgre back og Arild Fj på streken. Hola i forsvaret vert tetta og vi kunne begynne å rushe igjen. Gutta viser god geist og vinn dei neste 10 minutta 10-3 og det står 25-15. Vi kunne truleg leia endå meir om vi hadde vore i stand til å spele ballen fram til Gåsemyrekspressen. Som kjent greier ikkje Runar å bli sint-og uttalte etter kampen at: -idag burde eg iallefall ha klikka, for eg fekk jo aldri ballen!

Jens Christian stod fram som den store servitør og fôra Ørjan med ballar som scorar på 4 av 4. Etter fjerde servering og scoring uttalte Jens Christian: "No får du altså ikkje fleire :) ". Like lite hjalp det for Ørjan og Alexander deler plassen som man of the match!

Alle kjem på scoringslista idag-dette er ein kjempe lagseier. I tankane forberedar vi oss allereie frammot neste helg. Det var difor innkalla til ekstratrening for dame og herrespelarar laurdag kveld. På programmet stod Øyvind Indrebø sin forsvarsmetodikk: opp å dans, opp å dans... i forsvaret! Ei framifrå økt!

Vi gler oss til neste helg der vi skal gjere alt for å revansjere ettmålstapet for NHHI på bortebane i haust. For å klare dette har vi bruk for ein stappfull Firdahall. Ring te mosta, hent besta på Gloppebua, få med kameratane på Pelsen, kom nedatt frå Kleivane-det er for kaldt kl 17 og hjelp drengerne til 2 nye poeng.

HVAD KÆMPER VI FOR? SEJER!!!



GHK damene knuste Stord 2 på heimebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Jan 2012

GHK sitt 3.divisjonslag for damer hadde små problem med å slå Stord sine nest beste med kalassifra 34-19, etter å ha leia 21-11 til pause.  Celina Nordbø vart kampens toppskårar med 7 mål, tett følgt av Eli-Anne med 6 mål.

Celina og Eli-Anne med 7 og 6 mål i dagens kamp

GHK damene starta kampen med høgt tempo og presist spel over heile bane og gjekk tidleg opp i ei 5 målsleiing 7-2 etter flotte mål av Celina og Eli-Anne frå strek og Marte frå distanse.  Etter 8 min la Marte på til 8-3, før Hege sette inn 9-3 på straffe etter 10 min.  GHK seig ifrå utover i omgongen, og Heidi la på til 13-6 på ny straffe etter 20 min.  Malene med 2 kjappe mål på kontring, det siste til 19-9 for heimelaget og 10 måls leiing etter 26 min.  Laga skårer to mål kvar i slutten, og Maria fastset sluttresultatet til 21-11 for heimelaget.

Betongforsvar.....Marte, Eli-Anne, Hege, Torill og Celina

Dei første 10 min av andre omgong føl laga kvarandre i målprotokollen og tavla syner 25-14.  Elise H skårar eit par kjappe frå kant i denne perioden, og syner at det gror godt i handballen i Gloppen.  Linn Kristin har i denne perioden fleire flotte redningar.

Linn Kristin med mange flotte redningar i dag

  Utover i kampen drar GHK ifrå gjestane frå Stord, og dagens debutant for heimelaget, Irene, får æra av å fastsetje sluttresulatet til 34-19 etter eit "timeoutplanlagt" innhopp frå kanten. Alt i alt ein godt gjennomført kamp av damene til Øyvind, og det er kjekt å sjå at alle melder seg på i ein slik kamp.

Dagens debutant Irene med skåring heilt på tampen

Desse var med:Linn Kristin Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov (4), Malene Støylen (4), Elise H Hansen (2), Celina Nordbø (7), Hege R Andenes (1), Maria Kleppe (4), Eli-Anne Birkelund (6), Marte H Hansen (4), Irene Slagstad (1), Torill H Gaasø.



Kampoppsett lørdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jan 2012

GHK Skuleturnering 2012
Kampoppsett laurdag 28.01
Bane 1
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
09:30 1 5 1 Breim 1 Sandane 2
09:50 3 5 2 Breim 2 Sandane 1
10:10 5 5 1 Sandane 4 Hyen
10:30 7 5 2 Sandane 3 Nordstranda
11:00 9 5 1 Hyen Breim 1
11:20 11 5 2 Sandane 1 Sandane 3
11:40 13 5 1 Sandane 2 Sandane 4
12:00 15 5 2 Nordstranda Breim 2
12:30 17 5 1 Breim 1 Sandane 4
12:50 19 5 2 Sandane 1 Nordstranda
13:10 21 5 1 Hyen Sandane 2
13:30 23 5 Semifinale Nr 2 pulje 1 Nr 1 pulje 2
14:00 25 4 Semifinale Nr 2 pulje 1 Nr 1 pulje 2
14:30 27 5 Bronsefinale Tapar kamp 23 Tapar kamp 24
15:00 29 5 Finale Vinnar kamp 23 Vinnar kamp 24
Bane 2
Klokka Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
09:30 2 4 1 Breim Sandane 2
09:50 4 4 2 Sandane 1 Nordstranda 2
10:10 6 4 1 Nordstranda 1 Sandane 2
10:30 8 4 2 Nordstranda 3 Sandane 3
11:00 10 4 1 Breim Nordstranda 1
11:20 12 4 2 Nordstranda 2 Nordstranda 3
11:40 14 4 2 Sandane 1 Sandane 3
12:00
12:30 16 4 2 Nordstranda 3 Sandane 1
12:50 18 5 2 Breim 2 Sandane 3
13:10 20 4 2 Nordstranda 2 Sandane 3
13:30 22 5 Semifinale Nr 1 pulje 2 Nr 2 pulje 1
14:00 24 4 Semifinale Nr 1 pulje 2 Nr 2 pulje 1
14:30 26 4 Bronsefinale Tapar kamp 25 Tapar kamp 26
15:00 28 4 Finale Vinnar kamp 25 Vinnar kamp 25
Alle kampar varer i 1x15minutt. Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart.
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt


Reglar

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jan 2012

REGLAR MINIHANDBALL, 4. OG 5. KLASSE

  1. Det er fire spelarar på bana i gongen. Målvakt er med i angrep.

  1. Vi er ikkje så strenge på steg og dobbeltstuss så lenge spelaren ikkje har uvanleg stor fordel av det.

  1. Spelarane må inn på motstandar sin banehalvdel for å score. Skudd frå eigen banehalvdel som går i mål vert annulert. Regelen er at ein kan score uansett om målvakt er tilbake i målet sitt. Dersom dei to laga som speler vert einige om at målvakt skal ha ein sjanse til å kome seg tilbake er dette ok for arrangør. Laga må avtale dette med dommar.

  1. Målvakt skal kaste ballen ut frå målgården (til medspelarane sine) når han/ho har redda eller ballen har gått bak mål.

  1. Alle skal spele tilnærma like mykje.

  1. Vi dømmer overtramp.

  1. Det skal vere blanda lag. Dersom dette ikkje let seg gjere må ein kontakte arrangørane for å få i stand ei avtale. Det kan verte gitt dispensasjon for skular med lavt elevtal å stille med reine jente/ (gutelag.) Det viktigaste er å klare å stille lag og at flest mogeleg får delta. At ein har berre jenter som har lyst til å spele skal ikkje hindre nokon i å stille opp.

  1. Dersom stygt eller voldsomt spel ber vi lagleiar byte vedkomande spelar ut. Vi deler ikkje ut gult kort, raudt kort eller 2 minutt.

REGLAR 6. OG 7. KLASSE

  1. Vi nyttar vanlege handballreglar.

  1. Det skal vere to av kvart kjønn på bana til ei kvar tid.

  1. Alle skal spele tilnærma like mykje.

  1. Det kan vere lurt å ha minst 2 innbytarar på kvart lag i 6. og 7. klasse.

  1. Dersom t.d mange skadar eller uforutsette forfall/sjukdom og ein ikkje har nok spelarar til å stille fullt lag, skal ein prøve å avtale at motstandarlaget også stiller med færre på bana. Dersom motstandarlaget ikkje går med på dette, får laget hente inn spelar frå lavare klasse. Dette vil føre til at spelaren som blir henta inn likevel får spele på to lag. Ein kan ikkje hente inn spelarar dersom ein har innbytarar på benken. Alt dette skal avklarast med ansvarlege under turneringa.

  1. Dersom laget bryt nokon av reglane kan det få ein konsekvens for laget, t.d at laget blir fråtatt poeng.




EIN SPELAR KAN BERRE SPELE PÅ EITT LAG.

T.d kan ein 6.klassing få dispensasjon til å spele på 7.klasse sitt lag. Dersom denne spelaren spelar i 7. klasse, kan han/ho ikkje spele i 6. klasse òg. Dette gjeld spesielt


Erlend Ulvestad til regional landslagssamling!

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2012

Erlend Ulvestad er på nytt utteken til regional landslagssamling i handball.  Erlend er i desse dagar på landslagssamling i handball for 96 mod  (var tatt ut som reserve, men er kalla inn) i Skien.  Når han kjem heim ventar altså ny samling i Haukelandshallen onsdag 25.januar.  Vi gratulerer med uttaket.

Landslaget neste???



Det er klart for ny kamphelg.

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2012

Både damelaget i 3.divisjon og herrelaget i 2.divisjon har heimekamp denne helga.  Jenter 15 skal til Nordfjordhallen på søndag.

Vegard Flatjord & co skal møte Norønna på laurdag

Først ute er damelaget som skal måle krefter med Stord sitt andrelag i Firdahallen på laurdag kl.15.  Stord 2 ligg på nest siste plass på tabellen med 5 poeng, og bør vere ei overkomeleg oppgåve for våre beste damer som ligg på 5.plass med 8 poeng.  Damene er nok også innstillt på å rette opp forrige helgs tap mot Førde, sjølv om laget er svekka når Bodil Hjelmeset er ute med skade.

Etter at damekampen er ferdig er det herrane sin tur.  Dei skal møte Norønna til kamp kl.17.  Dette er første kampen etter juleferien, så gutane er nok "gira" for å ta heim årets første siger.  GHK og Norønna ligg på dei to siste plassane på tabellen før denne kampen, men heimelaget kan rykke oppover på tabellen med siger her.  Vi trur at dette er motivasjon god nok, og at poenga vert verande att i Firdahallen.

Jente 15 laget hadde ei travel helg sist med 3 kampar.  Denne helga skal dei til Nordfjordhallen for å møte heimelaget Skavøypoll.  Det unge GHK laget har imponert så langt og ligg på ein flott 3.plass, medan Skavøypoll ligg på 5. med to poeng mindre enn våre jenter.  Får Jostein og jentene spelet til å gli som vi veit dei kan, trur vi poenga vert med heimatt til Gloppen.



STORSIGER TIL GUTANE OVER FØRDE 28-7

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012

Gutelaget hadde full kontroll i kampen møt Førde på søndag og vann med 21 mål, etter tidvis godt spel.

Full kontroll. Her er det Vegard som skårer

Det unge Førdemannskapet greidde ikkje å yte våre gutar motstand i denne kampen. Alle spelarane på Førde er 96-modellar eller yngre og hadde som venta litt for lite krefter til å halde følge med GHK-gutane.

Bakerts hadde vi Daniel og Olav i mål som tok det meste. Daniel starta og spelte dei første 15 minutta. Då han bytte med Olav hadde han sleppt inn berre 1 mål. Som lesaren skjøna stod han veldig godt, men han hadde også eit solid forsvar framfor seg.

Framover spelte gutane stødig med litt småfeil her og der, men dei scora jamt og trutt. Ankomstspelet sat bra og vi fekk mange mål før Førde hadde etablert seg i forsvar, og desse lettkjøpte måla er viktige å ta med seg i handball. Til pause var stillinga 13-4.
Bendik med flott kantteknikk
Bendik med fleire "lekkerbisknere" frå kant.
Andre omgangen fortsett i same leia med ein flott kamp av Bendik med både trickmål og flygar. Alt i alt var det kjekt å sjå at vi greidde å brette ut spelet og at vi lagde ein del mål frå ving.  Både Kissner og Evald levert fine avslutning frå kant noko vi er heilt avhengige av når vi møter sterkare lag.
Berre småjusteringar når gutane har timout

No blir det visst ei lang pause i kamprogrammet og det er uheldig når vi ikkje har fått spelt sidan før jul.

Desse var med: Olav, Daniel, Åsmund 1, Vegard 6, Evald 5, Kissner 3, Osmund 1, Odd Martin 1, Kleppe 2, Bendik 4, Ørjan 4, Dag Håkon 1. 
Ingen grunn til bekymring, Torbjørn :-)



Siger og tap for jente15 laget mot Askvoll/Holmedal

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012

Etter gårsdagens flotte siger i Høyanger, var jentene i dag tilbake i Firdahallen for å møte eit av topplaga i serien, Askvoll/Holmedal, og litt seinare på dag for å møte 2. laget til same klubb.

Solid forsvarsmur, her ved Ingvild, Elin, Elisabeth og Ragnhild.

Første kamp mot det sterkaste A/H laget var ein jevn batalje heile første omgong.  Laga følgde kvarandre mål for mål og fleire GHK jenter teikna seg på skåringslista, bl a Elisabeth V Hansen som hadde fleire fine mål. Til pause leia GHK med 12-11.

Konsentrasjon !!

Andre omgong var også jevn til 10 min var spela. Dei neste 10 min vart kampen avgjort. A/H hadde ein notorisk måltjuv på laget. Sandra Strand slo omtrent GHK åleine.  Ha var vanskeleg å stoppe og enda opp med heile 15 skåringar i kampen.  Her vart rett og slett GHK straffa for personlege feil og vart kontra i senk.  Sluttresultatet vart 18 -25 i favør bortelaget.   Desse var med for GHK i denne kampen: Elisabeth (5), Solgunn, Amalie, Ayla (2), Sunneva (1), Ingvild (3), Eirhild, Benedikte (1), Elin (3), Hanna, Marita (1), Ragnhild (2)

 

Litt seinare på dag var det så klart for kamp mot 2. laget til A/H. Kampen her var også jevn i første omgong.  Vi noterte fleire fine mål frå strek av Amalie, samt fine gjennombrot og skåring av Ayla.  Pauseresultat 9-9.

Ingen grunn til å gøyme ansiktet, Amalie. Du vart toppskårer med 7 mål.

I andre omgong fekk jentene synt litt av det som bur i dei.  Frå avkast og til det var gått 7 min, skåra Amalie, Stine og Elisabeth fleire flotte mål og stillinga var 14-9 til heimelaget.  Vidare utover i omgongen noterte vi ein flott susar av Ayla til 15-10, og eit knallskot av Benedikte til 18-13.  Etter 20 min får GHK straffe som Elisabeth set kontant i mål til 20-17, før Amalie set inn 21-17.  Så kjem Sunneva fint gjennom på kant og skårer til 22-17, før Birte Eilander fastset sluttresultat til 23-17.  Ei flott avslutning på ei travel helg for desse jentene som fekk med seg full pott i 2 av 3 kampar.   I denne siste kampen mangla dei også Ingvild og Elin som vart overflytta til J16 laget og deira kamp.

Desse var med:Solgunn, Amalie (7), Ayla (3), Birte (1), Sunneva (3), Elisabeth (2), Maren, Eirhild (1), Benedikte (1), Hanna, Ragnhild (2), Stine (2).



Heimekampar vår 2012

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012

Oppgåvefordeling i samband med heimekampar i GHK vinter / vår 2012.
Her kjem ei ny liste over oppgåver framover. Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte,
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ).
DATO/KL LAG ANSVARLEG FRÅ STYRET SEKRETARIAT KIOSK / BILL. DIV
    Set i gang dei i kiosken mm. TIDTAKAR-SEKRETÆR,    
    Ringer dei i sekretariatet. tar og med ei kanne kaffi kvar!!!    
           
Laurdag 14.01.12   Kjell Heggdal Kjell Heggdal Ingrid Gåsemyr Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.15:00 K3 Gloppen - Førde   Per Andenes    
Søndag 15.01.12   Bjørn Kåre Eikenes Audun Mundal Oddrun Slagstad Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.10:50 J15 Gloppen - Askvoll / Holm   Roger Nordbø Kristin Eide  
kl.12:00 G16 Gloppen - Førde        
kl.13:35 J15 Gloppen - Askvoll / Holm        
kl.14:40 J16 Gloppen - Dale   Karianne Slagstad Anne Rita Andersen Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.16:40 J12 Breimsbygda - Skavøypoll   Jon Inge Sørland Marit Stette Alme  
Laurdag 21.01.12   Lars Ulvestad Anne Britt Henden Merete Sælen Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.15:00 K3 Gloppen - Stord 2   Torbjørn Sælen Lars Ulvestad  
kl.17:00 M2 Gloppen - Norønna        
Laurdag 28.01.12   Solveig Moritsgård Kristen Kleppe Else Torunn Kvamme Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.09:00 J10 Sandane 2 - Breimsbygda   Magne Devik Bente Sunndal  
kl.11:50 G16 Gloppen - Stryn        
kl.12:55 G12 Breimsbygda - Sandane        
kl.14:00 G16 Gloppen 2 - Stryn        
kl.17:00 M2 Gloppen - NHHI Anne Neteland Odd Flatjord Rita Lilletvedt Kaker/bollar/pizza el. likn
      Kjell Heggdal Anne Neteland  
Laurdag 11.02.12   Ellen Skipenes Liv Djupegot Synna Aspheim Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.15:10 K5 Gloppen 2 - Bjørn   Ole Jonny Djupegot Ellen Skipenes  
kl.17:00 K3 Gloppen - Kjøkkelvik        
Søndag 12.02.12   Anne Neteland Solgunn Myklebust Anniken Rygg Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.13:00 K3 Gloppen - Fyllingen 2   Magne Moritsgård Anne Neteland  
Det er ein fordel at ansvarleg frå styret sendere ein SMS til sekretær / tidtakar før kampar.
Sekretariatet møter 45 min. før kamp, for å henge opp segla. Dersom tidspunkt ikkje passar, ber vi dykk byte innbyrdes og sende melding til underteikna.
Lukke til med oppgåva, og takk for at de er med og støttar GHK.
Her kjem ei ny liste over oppgåver framover. Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte,
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ).
DATO/KL LAG ANSVARLEG FRÅ STYRET SEKRETARIAT KIOSK / BILL. DIV
    Set i gang dei i kiosken mm. TIDTAKAR-SEKRETÆR,    
    Ringer dei i sekretariatet. tar og med ei kanne kaffi kvar!!!    
           
Laurdag 10.03.12   Ellen Skipenes Inge Eikenes Laila Marie Kandal Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.16:45 K5 Gloppen 2 - Sogndal 2   Jon Ove Book Ellen Skipenes  
Laurdag 17.03.12   Lars Ulvestad Knut Roger Nesdal Rakel Wilke Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.09:00 J12 Sandane - Breimsbygda   Tom Wilke Lars Ulvestad  
kl.13:25 G16 Gloppen - Gloppen 2        
kl.15:00 K3 Gloppen - Sogndal Solveig Moritsgård Ernfred Øygard Janne Allander Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.17:00 M2 Gloppen - Viking   Allan Mardal Ann Kristin Vollstad  
Laurdag 24.03.12   Kjell Heggdal Audun Mundal Reidun Elvebakk Kaker/bollar/pitza el. likn
kl.15:00 M2 Gloppen - Bergen Vest   Odd Flatjord Sølvi Sælen  
kl.17:30 G16 Gloppen - Årdalstangen        
Onsdag 28.03.12   Anne Neteland Roger Nordbø Anne Neteland Kaker/bollar/pizza el. likn
kl.20:00 K3 Gloppen - Jotun 2   Per Andenes Solfrid Bjørkum  
Reserve   Bjørn Kåre Eikenes Sjur Atle Gimmestad Bjørg Karin Flatjord Kaker/bollar/pizza el. likn
Ikkje tidfesta     Rune Hjelle Janne Osnes Devik  
Reserve     Svein Rune Djupegot   Kaker/bollar/pizza el. likn
Ikkje tidfesta          
Det er ein fordel at ansvarleg frå styret sendere ein SMS til sekretær / tidtakar før kampar.
Sekretariatet møter 45 min. før kamp, for å henge opp segla. Dersom tidspunkt ikkje passar, ber vi dykk byte innbyrdes og sende melding til underteikna.
Lykke til med oppgåva, og takk for at de er med og støttar GHK.


Tap i kampen GHK J-16 - Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012

Dale er eit lag vi aldri har spela mot. Dei ligg som nummer 2 på tabellen, so det vert nok ein tøff motstandar.

I første omgang spela vi jevn . Men jentene hadde mange stang ut. Til pause leda Dale 14-13. I andre omgang fekk Elise frimerke på seg. Periodevis hadde vi store problem med å ve bakspelar som til saman skåra 9 mål. Tidvis spela vi godt bakover, men sleit framover når Elise hadde frimerke. Desse spela:Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Elise Heien Hansen (4), Marte Sunde Hjelle (5), Martha Sofie Eide (3), Irene Slagstad (5), Christine Slagstad, Inger Margrete Sørland, Anne Kristin Haraldsvik, Ingvild Slagstad (3), Elin Møll (2), Marita Veiesund.

Elise knaller ballen i mål



GHK J15 med flott bortesiger mot Høyanger

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2012

GHK sitt jente 15 lag var i Høyanger i dag og slo  heimelaget 18 -17, etter at stillinga ved pause var 8-8.

Ayla med 2 skåringar i dagens kamp. (Arkivbilde)

Trenar Jostein fortel på telefon frå Høyanger at jentene våre spela ein god kamp i forsvar, men at ein har meir å gå på framover.  Første omgong var jevnspela, noko pauseresultatet fortel med 8-8.  I andre omgong drog GHK jentene frå heimelaget og var oppe i 5 målsleiing 10 min før slutt.  Skader på nokre spelarar gjorde at heimelaget kom innpå på slutten, men sigeren var aldri truga og jentene kunne sette seg i bilane heimover med 2 velfortjente poeng i bagasjen etter å ha vunne 18-17. 

Målskårarar i dagens kamp var: Amalie (1), Marita (1), Ayla (2), Ragnhild (4), Elin (4), Ingvild (6).



Stang ut for GHK, stang inn for Førde!

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2012

Topplaget Førde i damene sin 3.divisjon var på besøk i Firdahallen i ettermiddag og slo heimelaget GHK med 29-24, etter at stillinga ved pause var 14-13 til Førde.

Hege, Marte og Eli-Anne måtte sjå at Førde vart for sterke i dagens kamp.

Det var knytta stor spenning til dagens lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon.  Heimelaget synte klar formstigning fram mot juleferien, medan Førde har imponert så langt i sesongen med kun 1 avgjeve poeng.  Heimelaget opna kampen i høgt tempo og var tidleg oppe i 4-1 leiing etter feiande flott angrepsspel.  Førde kom tilbake i kampen etterkvart, og gjekk forbi våre jenter med 4-5 mål. Øyvind tok så timeout, og etter det klarte jentene og kome tilbake og ligg kun eit mål bak til pause.

Førde sine damer hadde best kontroll på ballen

Dei første 15 minutta av andre omgong avgjer Førde kampen.  Der GHK skyt stolpe ut, skyt Førde stolpe inn og opparbeider seg ei 10 målsleiing.  Førde gjer rett og slett mindre feil og er svært effektive i angrep. GHK gjev Førdespelarane rom å springe i og klarer heller ikkje å tette luker på strek.  Men jentene våre skal ha for at dei aldri gav opp, og fleire mål av dagens toppskårar Hege R Andenes, gjorde at avstanden til Førde krympa inn noko fram mot sluttsignalet.

Hege gjorde jobben sin med 7 flotte mål

Førde er eit godt lag med fleire "import" spelarar som gjer at dei pr i dag er eit betre lag enn GHK.  I dagens kamp var målvakta Petya Pinceva ein levande vegg, samstundes som Simona Balkan dundra inn 7 mål.

På heimelaget var veteranen (unnskyld,Hege) Hege R Andenes dagens toppskårar, også ho med 7 mål.  Maria Kleppe var òg strålande framover med 5 mål.  Heidi Sægrov, Eli-Anne Birkelund og Marte H Hansen lage 3 mål kvar, medan Bodil Hjelmeseth, Elise H Hansen og Celina Nordbø laga kvart sitt mål.  Bodil Hjelmeseth skada seg i førset omgong og måtte sjå den andre frå sidelinja.  Dette svekka nok heimelaget noko



Ventetida er slutt!! På lørdag er det klart for storkamp i Firdahallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2012

Komande lørdag er det duka for storkamp og lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon, når topplaget Førde kjem på besøk og skal måle krefter med dei "topptrimma" damene til Øyvind Indrebø.  Her er det berre å benke seg på tribuna i Firdahallen og glede seg til ein, forhåpentlegvis, sjåverdig og spanande kamp.

Klarer Øyvind å få damene til å kople inn turboen på lørdag?

Men det er fleire GHK lag som skal i elden denne helga.  Dei som får det mest travelt er jente 15 laget.  Dei skal spele heile 3 kampar denne helga.  På laurdag skal dei til Høyanger for å møte heimelaget der.  Eit heimelag som ligg 2 poeng føre på tabellen.  Med full tenning bør ein kunne klare poeng her, men det er ein vanskeleg kamp.  På søndag skal jentene møte Askvoll/Holmedal 1 og 2.  Førstelaget til A/H er eit av topplaga, men heimebane og "full trøkk" i hallen bør vere eit godt utgangspunkt for heimepoeng.  Heimepoeng bør det også bli i kampen mot dei nestbeste frå kystbygda litt seinare på dag.  Ingvild Slagstad & Co får som sagt ei travel helg, men på sitt beste kan desse jentene ta poeng frå alle lag så det vert spanande å sjå kva dei får til.

Jente 16 laget skal møte eit av topplaga i sin serie, då Fjalerlaget Dale kjem på besøk på søndag.  Jentene våre har som kjent vore sterkt plaga av skader i lang tid, og resultata har diverre vore prega av det.  Sjølv om fleire fortsatt slit med å bli heilt friske, er stemninga i laget god og innstillinga søndag er nok å gje Dale kamp til døra, så får tida syne om det er godt nok til 2 kjærkomne poeng.

Gutelaget til GHK tar imot Førde til kamp på søndag.  Dette er eit lag gutane våre bør og skal slå, om dei har ambisjonar om å vinne serien. Òg det veit vi at desse gutane vil.  Her vil nok Torbjørn og Gunnar forklare sine elevar kva som må til for å legge 2 nye poeng i heimesekken.

Ei flott handballhelg bør det iallefall bli for dei som likar denne sporten.



6 gutar og 2 jenter på RUM samling i Årdal i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Jan 2012

6 gutar og 2 jenter frå GHK sine 16 års lag var i dag i Årdal på RUM samling i regi av NHF Region Vest. 

Andreas Berntsen frå NHF instruerer jentene i ei av dagens økter

Under kyndig rettleiing av Andreas Berntsen frå NHF for jentene og Jotun sin dametrenar Almir Ljajic for gutane, hadde våre håpefulle to økter kvar iløpet av dagen.  Mykje og mangt vart terpa på under øktene, og GHK sine spelarar låg ikkje noko tilbake for resten av fylket sine unge lovande.

Full fart i Årdalshallen. Her frå ei av jentene sine økter.

Vegard har nett banka ballen i mål, medan Ørjan og Osmund sjekkar vinkelen :-)

Desse var med frå GHK: Elise H Hansen og Cristine Slagstad. Daniel H Reed, Ørjan Sundal, Lauritz Bjørnereim, Evald Devik, Vegard Sælen og Osmund Vereide



Dugnadsliste ved heimekampar

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2012

Då er det lagt ut oppdatert dugnadsliste i samband med heimekampar i Firdahallen våren 2012.  Lista finn du i menyfeltet til venstre under "dugnadsliste".  Ta ein titt innom og sjå om du er ein av dei heldige :-)


Gutane tukta damen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2012

Treningskamp nr. 5 mellom gutane og damene vart spelt i Firdahallen tysdag. Gutane vann klart med 28-19 og leiar innbyrdes oppgjer med 3-2.

Dette var siste generalprøve før damen skal møte Førde til helga, men kampen var ein treningskamp der begge laga mangla mange spelarar. Celina, Hege, Heidi og Maria var ikkje med og det merkast når så sentrale spelarar uteblir.

Kampen starta jamnt. Det stod lenge 0-0 og det var mykje brende sjangsar. Linn Kristin stod knallgodt i mål og gutane reiv seg i håret etter sløseriet i angrep. Etterkvart byrja begge lag å få inn mål og damene leia 8-6, men til pause var gutane i føring med 12-9.

I andre omgang drog gutane sakte i frå og vann til slutt komfortabelt 28-19.  På damelaget måtte Eli Anne ,Bodil og Marte dra mykje av lasset, men Malene var veldig positiv på vingen og putta 4 flotte mål. 

På gutelaget var innsatsen jamt fordelt der alle kom på scoringslista. Best ikveld var Osmund, men i første omgang fekk Erlend vist flotte skot og finter og i forsvar er han sjef.

Då kryssar vi fingrane for damene til helga der det blir storkamp i Firdahallen mot serieleiar Førde. Spelar de slik som siste kampen før jul skal Førdianarane få nok å henge fingrane i. Det blir iallefall fulle tribuner og fullt trøkk i Firdahallen til helga.

Desse var med: Daniel, Olav, Åsmund 2, Evald 4, Erlend 2, Ørjan 1, Osmund 5, Kissner 2, Kleppe 3, Lauritz 3, Magnus 3, Sander 2.

Linn Kristin, Benedicte, Bodil 5, Malene 4, Eli Anne 5, Torill, Ingvild 1, Marte 2, Elise2.


Trillerkamp då K5 damene slo Florø i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jan 2012

Det var stemning til tusen då sluttsignalet gjekk og K5 damene kunne sleppe jubelen laus etter å ha banka, til no ubesigra Florø med 21-18, etter at Florø leia 13-12 til pause.

Rein idrettsglede på sitt beste, etter dagens flotte siger over Florø

Etter å ha tapt bortekampen i Florø med mange mål, var det eit revansjesugent heimelag som gjekk på bana i Firdahallen i ettermiddag.  Det var tydeleg at tenningsnivået var høgt frå start av frå begge lag, og det vart mykje  kjemping og heller lite finspel dei første 7-8 minutta. Temoet var høgt og jentene stod kanonbra i forsvar, men framover "lugga" det litt.  Jenny Holvik synte fram venstreselgga si og banka inn 2-1 leiing, før Eline Åsebø hoppa inn frå kant etter 10 min og auka til 3-2.  No var jentene i siget, og Tiril S Reed sprang inn 6-3 etter 15 minutt.  I denne perioden stod også Benedikte Vederhus som ein levande vegg i mål og redda fleire gode skot frå Florødamene.  Malene Støylen auka til 7-3, før Florø tok sin første "timeout".   Malin Eikenes sette inn 10-5 på straffe, men så byrja Florø å finne ut av heimelaget. Gong på gong braut dei GHK sine angrep og køyrde kontra og sakte men sikkert vart heimelaget si leiing henta inn.  På stillinga 12-12 rett før pause var heimelaget i angrep, men Florø snappa ballen på nytt og sette inn 12-13 i siste sekund.

Ikkje lett å finne rom i Florøforsvaret.

Andre omgong starta som første, med høgt tempo, mykje kriging og lite mål.  Etter 5.30 av andre omgong sette Sofie Djupegot inn 13-13 på straffe, før same dama gjenntok dette etter 9 minutt og GHK var i føringa.  Dette var også stillinga etter halvspela andre omgong.  Laga skåra kvar sin gang dei neste 5 minutta, før Malin Eikenes snappa eit utspel frå Florø si målvakt og auka til 16-14.  Så får GHK starffe og Florø ein spelar utvist i 2 min.  GHK brenn straffa og Florø kontrar inn 16-15 i undertal.  Malene Støylen aukar til 17-15 og Florø får ein ny spelar utvist i 2 min.  Trass spel 6-4, klarer likevel Florø å redusere til 17-16, og fleire enn underteikna byrja tru at dette ikkje skal gå vegen likevel.  Men no syner jentene litt av moralen som bur i dette laget.  Dei vil rett og slett ikkje tape denne kampen.  Etter blant anna 2 flotte mål av Tiril S Reed, kan jentene sleppe jubelen laus og gå av bana samstundes som Kristine S Book set inn straffa som GHK fekk idet sluttsignalet gjekk. 

Gladjenta Tiril med viktige mål i sluttminutta.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Kjendiskokk Bodil Fjellestad, Sofie Djuegot (2), Malin Eikenes (4), Eline Åsebø (1), Sigrid Fjellestad, Malene Støylen (5), Marie Midthjell, Beate Støfring (3), Jenny Holvik (1), Tiril S Reed 4), Sigrid S Kissner, Kristine s Book (1)


Knepent tap mot Sogndal J-16.

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Jan 2012

Jevn kamp til 4-4. Så vart vi for svake bakover. Etter første omgang leda Sogndal 15-11. GHK kom sterkt tilbake i 2.omgang, men dessverre vart det eit 1-måls tap.

Tett og spanande mellom GHK og Sogndal

Kjekt å spele handballkamp etter ein lang juleferie. To av dei langtidsskada var endeleg på bana igjen i korte periodar i angrep. Kampen starta bra med eit godt skudd frå Elisabeth. Fram til 4-4 var det ein jevn kamp. Så vart vi litt forsiktige i forsvar, våga ikkje heilt å ta skikkeleg tak i spelarane slik at dei kom for lett gjennom forsvaret. Dei fleste skudda gjekk i mål.Det vart for mange personlege feil som førte til at Sogndal leda 15-11 til pause.
Elise Heien Hansen med gjennombrot og skåring

2.omgang starta vi opphentinga. Periodevis stod dei veldig godt i forsvar. Jentene gjorde gode avtaler som det blei mål av. Periodevis spela vi 5-1 og tok bort midtspelaren til Sogndal. Dette førte til at Sogndal gjorde ein del feil. På stillinga 20-20 tok vi dei igjen. No vart det spennande. Kjekt med heiagjengen på tribuna. Siste delen av andre omgang var det jamn. Sogndal trekte det lengste strået, men det kunne like gjerne vore omvendt. Dessverre tapte vi 26-25.
Fantastisk kjekt å sjå Amanda tilbake på handballbana

Desse spela: Sarah Nordbø, Solgunn Alme, Marte Sunde Hjelle, Martha Sofie Eide, Elise Heien Hansen, Amanda Veiteberg, Cristine Slagstad, Ingvild Slagstad, Amalie Mundal, Elisabeth Vollstad Hansen, Ragnhild Ryssdal og Aila Seime. 8 av utespelarane laga mål i denne kampen. 


K5 damene og J16 laget i gang igjen til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Jan 2012

Juleferien er over og kampane til dei ulike laga våre er i kjømda.  Først ut er jenter 16, som møter Sogndal på heimebane i Firdahallen på laurdag.

Trass i at både Ingvild og Elise har vore sjuke i det siste, er venteleg begge desse på bana mot Sogndal.

Jente16 laget sleit med mange langtidsskader utover i haustsesongen, og fekk ikkje synt potensiale som bur i dette laget bortsett frå i starten av sesongen.  Framleis slit ein med skadar på sentrale spelarar, men håpet er at juleferien har vore nytta godt til trening og at overskotet er tilbake.  Sogndal har også slite og ligg heilt i botn av tabellen.  Her trur vi at Ingrid og Norunn får skikkeleg fart på jentene igjen, slik at poenga vert att i Firdahallen på laurdag.

På søndag skal damene til Ragnhild prøve krefter mot eit, til no, ubeseira Florølag i 5.divisjon.  Florø har spela kun 4 kampar til no, men har feia alle lag av bana så langt.  Inkludert heimekampen mot GHK, der Florø vann med heile 29-14.  Vil tru at det unge GHK laget er svært lysten på ein aldri så liten revansje for dette tapet, og vil nok kjempe med "nebb og klør" for å sende kystbylaget heim utan poeng.