Godt nytt år

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2013

 



Klart for fjerde SUM samling for jenter 98/99

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Des 2013

NHF Reg Vest har kalla inn til den fjerde SUMsamlinga for jenter 98/99.  Samlinga er i Nordfjordhallen måndag 6.januar kl. 17.45. Tema for samlinga er duellspel.  Frå GHK er desse tekne ut: Malene Berle Naustdal, Sofie Pernille Hole, Hilde Katrin Kvernevik og Siri Henden.  Lukke til, jenter :)


Romjulsmoro i Storhallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Des 2013

I ei uhøgtidleg handballturnering i nyehallen i ettermiddag, var det til slutt Supergirls og 92/93/94 som høvesvis vann dame og herreklassen. Moro med mykje publikum i hallen.

88 laget for jenter får stå som symbol for idrettsgleda som vart synt i hallen i dag.



G16 påJuleturnering i Volda

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Des 2013

Gutane var i Volda idag og spelte mot Stryn og Volda. Stryn kjenner vi godt frå før, medan Volda er eit lag vi aldri har møtt før.


Først møtte vi Stryn. Kampen var jamn lenge og ein knallgod målvakt Ole Kristoffer Sørland heldt oss inne i kampen mot fotrappe stryningar. Mot slutten av omgangen rykka Stryn ifrå, og vi låg bak med 11-7 til pause.

Andre omganen var ganske jamn og sluttresustatet vart 28-22 tap for våre gutar.
Bestemanspremie til Gloppen fekk Preben Indrebø.

Neste kampen mot Volda vart ikkje mykje enklare. Volda hadde 3-4 veldig gode spelarar og etter jamn opning på kampen drog Volda ifrå og leda 22-15 til pause.

Vi kjempa oss tilbake i kampen i andre omgang, og 10 miinutt før slutt var vi berre fem mål bak. Litt rakning mot slutten gjorde at sluttstillinga vart 36-27 til Volda. 
Beststemannspremie i denne kampen gjekk velfortent til Hans Kristian Seim Arnestad som herja på vingen og laga 7 mål. Flott levert.

Konklusjonen på turneringa blir at vi har eit stykke igjen til dei beste laga, men at vi i periodar kan spele god handball. Kjekt å røre på seg i romjula. GODT NYTTÅR



GOD JUL

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Des 2013

Gloppen Handballklubb ynskjer alle handballvener ei riktig god og fredfull julefeiring.



Favorittsiger i VM-manager

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Des 2013

Torbjørns tropp gjekk sigrande ut av den utruleg spennande konkurransen under årets VM for damer. Familien Vereide (Gunnar, Osmund og Tarjei) har ilag med Bjørnar Eikenes dominert toppen av lista gjennom heile mesterskapet, men i sluttspelet kom rutinen til sin rett.

Det vart til slutt ein klar siger til Torbjørns tropp føre Elvebakkjen.(2 poeng). 

No står EM herrer for tur i januar og revansjelysta blandt mange er nok stor.

Då ynskjer vi all ei gledeleg jul og godt nytt handballår


Tap for J16 mot Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2013

Det vart diverre tap for vårt jentelag, då dei møtte Eid til kamp i storhallen i dag. Sluttresultatet vart 16-11 til Eid, etter at Eid også leia til pause med 8-5. Best på heimelaget var Frøydis Seime Øygard med 4 flotte mål frå strek.
Eit flott strektalent, Frøydis Seime Øygard


Full klaff for damelaget mot Dale.

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2013

I ein velspela damekamp i ettermiddag, synte vare damer i 3.divisjon at dei har gløymt forrige helgs tap i Bergen. Til slutt stod det 24-17 i heimelaget sin favør, etter at dei same jentene leia 11-9 til pause.
Dagens beste spelar på heimelaget, keeper Rita Monteiro
Sjølv om det var Dale som starta kampen best, og leia 4-1, kom damene våre sterkt tilbake utover i første omgong. Anført av Ingunn Reikvam Hansen og ei svært god Rita Monteiro i mål, tok GHK over føringa og gjekk til pause med ei tomålsleiing. Utover i andre omgong drog GHK sakte men sikkert ifrå Dale. Flotte mål frå strek av Eli-Anne Birkelund og susande krysskot av kapteinen Irene Slagstad, bidrog til at jentene kunne dra denne sigeren velfortjent i land.  Også månadens talent i GHK for november, Ragnhild Ryssdeal, er eit stadig uromoment for eitkvart forsvar.
Ein flott siger, der keeper Rita endeleg fekk synt seg skikkeleg fram for eit entusiastisk heimepublikum.
Desse var med: Rita Monteiro, Eli Kristin Arnestad, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(2), Ragnhild Ryssdal(6), Torill Henden Gaasø, Ingvild Slagstad(2), Ingunn R Hansen(6), Eli-Anne Birkelund(4), Lena Fossen, Guro Tennefoss, Line Vereide, Amalie Mundal, Solgunn Reed Lote.


Uavgjort for herrelaget....til slutt

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2013

Eit heiltent herrelag gjekk ut i "hundre" i dagens kamp mot Sotra sitt andrelag i herrane sin 3.divisjon.  Første omgong må vere årsbeste av gutane våre, og dei leia då heilt fortjent 17-11 til pause.  Men, til slutt stod det uavgjort 25-25 på måltavla.

I første omgong var det flott å sjå på denne kampen.  Ein suveren Daniel Reed tok det meste bakover, og vart også kåra til heimelaget sin beste spelar. I angrep var gutane bestemte og gode, og drog ifrå Sotra etter flotte mål av Ørjan, Runar og Bjørn Magnus. Til pause hadde dei ei seksmålsleiing, og trua på siger var stor.  Denne leiinga held seg utover i andre omgong ein periode, før Sotra starta med ei opphenting.  Anført av toppskårar Granderudbakken (12 mål), seig dei innpå GHK mot slutten. Fleire gonger var det uavgjort, så GHK eit mål føre.  Heilt på slutten var det mykje rot, og ein skal eigentleg vere glade for at ein ikkje tapte denne kampen i siste speleminutt.
Laget: Daniel Reed, Paul Kvandal, Åsmund Sælen(1), Vegard Sælen(3), Ørjan Sundal(7), Lauritz Bjørnereim, Peter Wilke, Preben Indrebø(3), Sander Nesdal, Osmund Vereide(3), Bjørn Nystad(3), Runar Åmot(5), Håvard Kjønås, Hans Sande.


Månadens talent for november

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2013

I samarbeid med ein av våre hovudsponsorar Sparebanken Sogn og Fjordane, deler vi kvar månad ut ein talentpris.  Før damekampen i dag, fekk Ragnhild Ryssdal  talentprisen for november.  Svært fortjent, og vi gratulerer så mykje.
Månadens talent for november, Ragnhild Ryssdal


Lokaloppgjer i damenes 3.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Des 2013

Det er duka for eit skikkeleg lokaloppgjer i Trivselshagen på laurdag når damelaget til Dale kjem på besøk for å møte GHK i damene sin 3.divisjon. Herrelaget får besøk av Sotra sitt andrelag, medan jentelaget tar i mot naboen frå Eid.  Også begge desse kampane går laurdag.

Først ute på laurdag er jentelaget sin kamp mot Eid.  Eid er eit av topplaga, medan jentene våre ligg midt på tabellen.  Vert ein vanskeleg kamp for heimelaget, men trenar Astrid Brinkman har "ei god hand" over desse jentene, og før eller seinare vil vi sjå at dei har tatt store steg utviklingsmessig. Kanskje i morgon?

Damelaget i 3.divisjon skal altså ut i eit skikkeleg lokaloppgjer mot Dale.  Desse to laga ligg midt på tabellen med sju poeng, men Dale har to kampar mindre spelt.  Forrige helg vart ein nedtur for GHK damene med to tap i Bergen, så dei er nok innstilt på å syne heimepublikummet at dei vil vere med å kjempe på øvre halvdel på tabellen. Vert nok ein tett og jevn kamp, der laget som vil mest vinn.

Til slutt på laurdag møter herrane Sotra sitt andrelag til kamp. GHK har 8 poeng sålangt og ligg på fjerde plass, medan Sotra ligg på sjuande plass med 4 poeng. Men Sotra har kun spela 4 kampar, mot GHK sine 8, så dette vert ei vanskeleg nøtt for ungdomslaget vårt.  No fekk gutane ein skikkeleg opptur med sigeren over Stryn i G20 serien på onsdag, men tapte sist i 3.div mot nabo Eid.  Med eit så ungt seniorlag som vi har i år, vil prestasjonane svinge frå kamp til kamp, og det er difor vanskeleg å spå utfallet på førehand. 



Revenge

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Des 2013

G-20 gik på et 29-19 tab i første kamp mod Stryn tidligere i sesongen. Idag skulle gutta rejse sig.  Kampen begynder bra fremover for begge lag. Stryn prøver med offensivt forsvar men gutta kommer lett til scoring og Stryn trækker sig længere tilbake. Preben Indrebø er tilbake fra skadespause og gør livet surt for Stryn forsvaret. Efter 8 min kommer Preben ud og har scoret 3 mål på det tidspunkt. Runar følger hak i hæl med 2 scoringer. Gloppen leder det meste af 1. omgang, men Stryn bliver ved med at komme tilbage. Mot slutten drar vi fra, ikke mindst fordi Sander er sikker som banken fremover. Til pause er stillingen 18-16 og GHK er på god vej. I andre omgang tager Stryn oss igjen til stillingen 18-18 men så drar GHK fra til 22-18 ikke mindst p.g.a strålende strekspil fra Indrebøen, i tillegg er Rocky on fire. Vi har flere chancer for at komme op på 23-18 men istedet bliver det til bum og teknisk fejl samt tab af overtal 0-2 som gør at Stryn kommer på 22-22 og siden går forbi os. Stryn er foran 24-26 men så tager vi alle sammen ansvar, især Vegard Sælen. Udligningen til 26-26 fra Hans Sande er fuld af vilje. Vi ser os ikke tilbake men øker til 30-28 og 34-30 til slut. Dette var bedst tænkelige opladning til GHK-Sotra i Firdahallen lørdag 14/12 kl 16.45. Velmødt. 
P.S Preben Indrebø er man of the match med Runar Åmot på andrepladsen. Vegard Sælen er stalltips til man of the match lørdag hvis han fortsetter der han slapp de sidste 6 minutter.  Vi sees i Firdahallen til god underholdning!


Svart helg for GHK!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2013

Det har vore ei særdeles svart helg for GHK. 4 av våre lag har spela tilsaman 6 kampar.  Fasit i alle: Tap.  No har riktignok fleire av tapa vore svært knepne, men likevel er dette i underkant av kva ein har lov til å forvente. No kan ein spekulere i det vide og breide om kva lag motstandarane stiller med frå kamp til kamp, men det er først og fremst internt i klubben at vi har ein jobb å gjere.


Lokaloppgjer i juniorserien

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2013

På onsdag er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer i juniorserien, då GHK møter Stryn til kamp i Trivselshagen.  Forhåpentlegvis er våre gutar lystne på å hevne det forsmedlege stortapet i motsatt oppgjer, der stryningane vann heile 29-19 på heimebane.  Kampen startar kl. 19.


SUM samling i Firdahallen i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2013

Det er sonesamling for jenter 98/99 i Firdahallen i kveld. Då heimesida var innom, var det terping på forsvarsspel som stod på programmet. Sonetrenar Einar Elde og GHK sin eigen Geert Brinkman hadde full kontroll på jentene.
Malene, Hilde, Sofie og Siri er flotte representanter frå GHK


VM-manager i full gang

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2013

Sjeducupen i VM-manager huser no 25 deltakarar, stort sett frå GHK. I år er det veldig prestisje i å vinne denne ligaen. Mange har brukt timar på å finsikte spelarar til laget sitt, men det er ikkje alltid spelarane innfrir forventingane.

Etter to runder er CornFlakes (Tarjai Bjøkum Vereide) i suveren ledelse. Han er på 7. plass i Norge??? Litt småfrekt av ein slik junior, men gamlegutta kjem nok sterkare ut gjennom turneringa. Ellers virkar det som Svenske disiplar (Daniel) har hatt litt flaks no i starten og har inntatt ein hyggeleg 2. plass føre Team Eikenes (Bjørnar).

I botnet slit Spider Pigs (Marius Moritsgård) og Bjørnens engle (Bjørn R.), men det er tidleg i turneringen og alt kan skje.

Lykke til


Spanande kamphelg i vente!

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Des 2013

Det går mot ei spanande kamphelg for mange av GHK sine lag. K3 damene skal på langtur til Stord på laurdag, før dei møter Os 2 i Os på søndag. Herrelaget i 3.divisjon skal ut i lokalderby på bortebane mot Eid på lørdag, medan G16 møter Florø på heimebane i Trivselshagen, også på lørdag.  Til slutt skal J16 ha dobbelkamp, også det på lørdag, på heimebane mot Florø og Florø 2.

GHK sitt jentelag skal møte Florø til dobbelkamp i Trivselshagen på laurdag

Damelaget i 3.divisjon skal altso ut på langtur denne helga.  På laurdag møter dei Stord 2 på Stord.  På heimebane vart dette laget "knust" 42-15, men no veit ein aldri kva desse andrelaga stiller med frå kamp til kamp, så her må ein ikkje ta noko på forskot.  Likevel bør dette vere 2 poeng til GHK.  På søndag møter ein så tabellnabo Os 2 på Os.  Dette vert nok ein langt tøffare kamp. Men klarer våre jenter å kome opp på det nivået dei synte sist dei var i Bergen, kan også denne kampen vinnast. Litt småskader i troppen, men også eit nytt bekjentskap.  Helene Stenseth frå Dale er klar for spel, og vert med sørover.

Herrelaget møter Eid på bortebane.  Dette vert nok ei langt tøffare oppgåve enn mange trur.  Eid imponerte i siste heimekamp då dei greidde uavgjort mot topplaget Bjørnar 2.  Fleire "importspelarar" gjer at dette Eidlaget er styrka på mange plassar.  Så her må våre gutar opp på toppnivået skal poenga sikrast.

Gutelaget møter Florø på heimebane.  Her bør Torbjørn Sælen sine gutar kunne kjempe om 2 nye poeng. Dei må unnvere Preben Indrebø som spelar med H3, men har etterkvart fått bra dreis på spelet sitt. Så med topp innsats frå heile laget, har vi trua!

Jentelaget må unnvere sterke Solgunn Reed Lote i lørdagens dobbelkampar mot Florø.  Ho får sin debut i 3.divisjon denne helga. Men også jentelaget syner stor framgong frå kamp til kamp.  Sist hadde dei eit av topplaga, Førde, i kne lenge, men måtte til slutt gje tapt.  Klarer dei litt av det same denne helga, trur vi iallefall på 2 poeng.  Kanskje fleire.

Lukke til i helga.



Endeleg, jenter!!!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2013

I ettermiddagens kamp i Trivsalshagen var det, etter ein høgdramatisk kamp, til slutt heimelaget som kunne juble for årets første poeng i 4.divisjon for damer. Til slutt stod det 22-21 på tavla, etter at GHK låg under 11-12 til pause.

Glade jenter og trenarteam etter siger og 2 poeng.

Det var ein svært jevnspela og spanande kamp vi var vitne til.  Det var tydeleg at jentene våre no ville vinne, etter å ha tapt stort for dette Florølaget sist. Laga skifta om å ligge eit mål føre gjennom store delar av kampen. Bakerst stod keeperane på begge laga godt, og Solgunn Alme redda mange skot.  Også Eli Kristin Arnestad, som kom innpå ut i andre omgong, hadde fleire matchredningar på slutten. Forsvarsmessig starta ein litt trått, der Florø fikk fleire lette mål frå strek og ved gjennombrudd.  Utover i kampen fikk ein rette opp dette, og Florø sleit meir og meir med å finne ut av heimelaget sitt god forsvarspel. Kjekt å sjå ungjentene Susann Solheim Gjærløv og Solgunn Reed Lote som stadig vert betre og betre, og som både bakover og framover tar ansvar. Sjølv om det var trioen frå K3, Torill, Lena og Guro som stod for tyngda av skåringar framover, bidrog heile laget til at ein drog sigeren i land. På slutten var dette handballdramatikk på sitt beste, og nettredaktøren hadde nok svært høg puls:) Men når jentene klarer "biffen", kan eg leve godt med det.

Torill Henden Gaasø bryt gjennom og set inn eit av sine sju mål.

Desse var med på vinnarteamet: Solgunn Alme, Eli Kristin Arnestad, Marte Sunde Hjelle(1), Anne Kristin Haraldsvik, Benedikte Lotsberg, Ingeborg H. Volle(1), Line Vereide, Solgunn Reed Lote(1), Susann Solheim Gjærløv(2), Marie Zachariassen, Torill H Gaasø(7), Lena Fossen(6), Guro Tennefoss(4).



Uttak til SUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Nov 2013

Det er gjort uttak til neste SUM samling, og GHK har som vanleg fleire med her.  Siri Henden, Hilde katrin Kvernevik, Malene Berle Naustdal og Sofie Pernille Hole er alle på lista til trenar Einar Elde.  Samlinga går, gledeleg nok, i Trivselshagen her på Sandane måndag 09.desember frå 17.45 - 21.00.  Vi gratulerer jentene med uttaket.

 



Hadde Førde i kne, men tapte til slutt

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2013

GHK sitt jentelag møtte i kveld ubesigra Førde på heimebane i Storhallen.  Etter ein svært god første omgong, der jentene våre leia 9-8, måtte dei til slutt sjå seg slegne 13-19.

Tøffe tak i dagens kamp!  Her er det Solgunn Reed Lote og Lena Fossen som vert pakka inn i Førde sitt forsvar.

Etter ein lengre kamppause, var jentene til Astrid Brinkmann i dag tilbake på golvet i den nye storhallen.  Motstandar Førde er ubesigra så langt, og vart til slutt for sterke også i kveldens kamp.  Men ikkje utan at dei måtte kjempe hardt for poenga.  GHK var gode i første omgong.  Anført av Lena Fossen tok dei Førde litt "på senga" med godt forsvarsspel og lure avslutningar, slik at dei ved pause leia 9-8. 

"Peptalk" frå Astrid i pausen.

I andre omgong la Førde frimerke ut på Lena, og dette vart litt vanskeleg for jentene våre å finne ut av.  Dei prøvde fleire ulike mottrekk, men opplevde istaden at Førde sakte men sikkert seig frå i målprotokollen.  Men jentene skal ha for at dei stod på kampen ut, og fleire spelarar stod fram med godt spel og flotte mål.  For nettredaktøren sin del, var det ei positiv oppleving og sjå den flotte utviklinga desse jentene har hatt utover i sesongen.  Om denne utviklinga held fram, har GHK ei flott rekrutering til seniorlaga på gong.  Her er svært mange flotte spelartyper på dette laget, som med litt meir "forming" garantert vil glede handballpublikummet i storhallen i framtida. 

Litt av GHK si framtid tar ein velfortjent pause.

Desse var med i dag: Siri Henden(1), Solgunn reed Lote(2), Jennie Falk, Eli Arnestad, Lena Fossen(6), Susan Solheim Gjærløv(1), Ariane Arnestad, Dina Rygg Eide, Julie Varpe, Silje Hole Hervik(2), Sofie Hole, Malene Berle Naustdal.



Kvelden der alt klaffer!

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Nov 2013

GHK guttar 20 møder Florø som har klaret sig bra mod Stryn, Fyllingen og Kjøkkelvik. Især mott Stryn har Florø klaret sig bedre end GHK. Vi må se om guttar lever op til favoritstemplet. 




Florø starter kampen best og leder 1-0 efter en suser fra deres venstre bak som truelig lægger mere end 100 kg på vægten. Ghk bummer på et par friløbere men står meget bra bakover. Ørjan åbner for Gloppen fra streken. Bakover spiller Åsmund meget bra fra 1 er position i 5-1 og Florø kommer ikke til kvalificerede afslutninger. Ghk drager fra til stillingen 5-1 takket være Åmot der spiller mot tidligere lagkammerater som trenes af moren hans. Florø svarer igen til stillingen 6-3 men herfra og resten af kampen er det GHK som styrer begivenhederne. Alander spiller en meget god kamp begge veje. Lauritz springer fra alle på venstre ving. Moritz gør det enkelt på høgre ving. Mot slutningen af omgangen herger magic åmot og magic magnus med Florø. 1) Daniel kaster flyver pasning til Åmot  som griber ballen i luften over feltet og Trikker 2) Åsmund Sælen snapper Ball og 2,5 sekund senere ligger den i nettet efter supersonic play af sælen-åmot-moritzgård. Stillingen til pausen er 18-5. 

I andre omgang fortsætter gutter i samme spor. Nu er det Sander Nesdal og Vegard Sælen som er ustoppelige. Sander bliver topscorer med 8 mål på 12 forsøk. Alander og Kjønås viser sig fra deres beste side. Sælen laver no look pass til Ørjan som snyder alle Florø væringer inklusivt treneren. Preben Indrebø spares i andre omgang p.g.a forkølelse men skal have skryt for fremragende forsvarsspil. 
Til slutt er stillingen 39-15 i en kamp hvor mange har dagen. Vi glæder os til bortekamp mod Eid d. 7/12 der vi håber på talstærk opbakning fra tribunen.


Damelaget med storsiger i Bergen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Nov 2013

Etter gårsdagens knepne tap mot serieleiaren Fyllingen, var det knyta forhåpninger om poeng i dagens kamp mot Bergen HK. Og damene skuffa ikkje.  Etter å ha leia 17-9 til pause, kunne dei til slutt notere ein solid 36-23 siger og to verdifulle poeng med i bussen heim att til Sandane.

Søsterduell i dagens kamp, der veslesyster Ragnhild var kampens toppskårar og gjekk sigrande ut av duellen. Kristine til venstre. 

Kampane i helga tyder på at damene er på veg mot storforma. To godt gjennomførte kampar lovar godt fram mot to nye kampar i Bergen om 14 dagar.

Desse var med i dag: Rita Monteiro, Benedikte Gåsemyr, Irene Slagstad(4), Ragnhild Ryssdal(9), Amanda Veiteberg(5), Line Vereide, Ingvild Slagstad(2), Ingun Reikvam Hansen(5), Elise H Hansen(4), Guro Tennefoss, Eli-Anne Birkelund(3), Torill Henden Gaasø(2), Elisabeth V Hansen(1), Lena Fossen(1).



Årsbeste av damelaget, trass tap mot Fyllingen

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Nov 2013

GHK sitt damelag i 3.divisjon var ikkje levna store moglegheiter for poeng i dagens kamp mot den suverene serieleiaren Fyllingen 2.  Men jentene til trenar Geert Brinkman leverte årsbeste, og var kun nokre enkle feil frå poeng mot topplaget.  Sluttresultatet vart 30-27 til Fyllingen, etter uavgjort 14-14 til pause.

Desse jentene laga 16 av måla i dagens kamp. Elise, Amanda og Ragnhild. (Arkivbilete)

Frå Bergen får vi meldt om ein god kamp mellom to gode lag.  For GHK sin del, var dette årsbeste, og lovar godt framom morgondagens kamp mot Bergen HK.  No må jentene nullstille seg, og levere like bra i morgon.

Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Rita Monteiro, Irene Slagstad(2), Elise H Hansen(6), Ragnhild Ryssdal(5), Elisabeth Vollstad, Torill Henden Gaasø(3), Line Vereide, Ingvild Slagstad(1), Ingunn Reikvam Hansen(2), Eli-Anne Birkelund(3), Lena Fossen, Guro Tennefoss, Amanda Veiteberg(5).



Bortehelg for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Nov 2013

Det er klart for ei ny, spanande handballhelg for GHK.  Damelaget skal til Bergen for å møte topplaget Fyllingen 2 på laurdag, medan dei søndag møter tabellnabo Bergen HK.  G18 laget skal til Florø på søndag for å møte heimelaget i Florø Idrettssenter.

Desse tre damene er klare for Bergenstur, Rita, Amanda og Irene

Damelaget i 3.divisjon skal møte det suverene topplaget i divisjonen, Fyllingen 2, i Framohallen laurdag kl. 15.15.  No skal ingenting vere avgjort på førehand, men poeng her vert nok ei nøtt for det unge laget til Geert Brinkman. Men, for å bruke ein gamal klisje, handballen er også rund :) På søndag derimot, møter ein Bergen HK i Landåshallen kl. 14.30.  Her bør absolutt jentene kjenne si besøkjelsestid, og gjere alt dei kan for å få med seg poenga i bussen tilbake til Gloppen.

Vårt G18 lag reiser til kystbyen på søndag, for å møte Florø.  Begge desse laga ligg i botnen av tabellen utan poeng i G20 serien. For GHK sin del, er nok dette ein stor nedtur i høve fjorårets suksess i same serie.  No trur vi vendinga kjem, og reknar med at gutane er innstillt på at poengfangsten skal starte her. 

På mandagskvelden møter vårt J16 lag Førde til kamp i Firdahallen/Storhallen kl. 20.00. Eit Førdelag utan poengtap så langt. Våre jenter står med to sigrar og tre tap, og syner framgong frå kamp til kamp.  Kanskje vert dette ein jamnare kamp enn ein skulle tru?

Vi ynskjer alle laga lukke til.



Uttak til RUM samling i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2013

Det er gjort uttak til RUM samling i Stryn 29.-30. november.  Frå GHK er desse tekne ut: Ragnhild Ryssdal, Sander Nesdal, Lauritz Bjørnereim, Mikael Alander, Håvard Kjønås og Preben Indrebø. 

 

 



4 poeng i Askvoll for G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Nov 2013

Gutane var til Askvoll i helga og spelte to kampar mot Askvoll Holmedal. Som venta var det ei grei sak å ta med seg poenga heim.

Tre sentrale spelarar i dagens kampar; Hans Kristian, Preben og Bjørnar

Stengde vegar og ruskeveir gjorde at vi i siste liten måtte framskunde avreisetidspunktet til Askvoll. Vi måtte til Dale for å ta ferga over til Eikenes og køyre til Askvoll derifå. Men i desse Facebooktider er det enkelt å effektivt å gje beskjedar til mange på kort tid, så det gjekk greit.

Vi spelte to kampar mot Askvoll/Holmedal sitt lag då vi i år spelar trippel serie. Askvoll har eit veldig ungt og ujamt lag og det er ei tolmodighetsprøve å stå i forsvar. Askvoll brukte veldig lang tid i angrep utan at det skjedde allverden, og når vi avslutta tidleg framme vart det stort sett å stå i forsvar idag.

Når hallen i tillegg er "klisterfri" hall der vi ikkje får nytte klister vert det håplaust å spele god handball. Å skyte med og uten klister er to ulike idrettar, men det var ingen sure miner av den grunn, og gutane gjorde det beste ut av det.

Vi fekk trent på mange ulike kombinasjonar og spelte oss til mange gode avslutningsjangsar.  Første kampen vann vi 20-11, og kamp nummer to vart vunnen 23-10. Best på Gloppen sitt lag i dag var Preben Indrebø, Bjørnar Eikenes og Hans Kristian Arnestad. Trioen sytte for mange mål framover idag.

I tillegg må vi nemne Eirik Hovstad som hadde fleire flotte susarar i første kampen.


Bortekampar for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Nov 2013

Komande helg skal to GHK lag i aksjon på bortebane. G16 skal til Askvoll på søndag, der dei møter heimelaget Askvoll/Holmedal til dobbelkamp. Også damelaget i 4.divisjon skal ut på tur. Dei møter nabo Eid til eit reint lokalderby.

Ragnhild Bakketun Vederhus & co møter Eid på bortebane (arkivbilete)

Torbjørn Sælen & co reiser til Askvoll, og er nok svært gira på å koma tilbake på vinnarsporet etter tap for Eid/Haugen sist.  Gutelaget vårt syner framgong frå kamp til kamp, og her trur vi ungfolane bankar til og tar med seg 4 poeng i bussen tilbake til Sandane.  Det fine med dette laget er at her er fleire og fleire som melder seg på i kvar kamp dei spelar, og dette lovar godt med tanke på resten av sesongen.

K4 damene til Ragnhild tar turen til Eid for andre gong i år.  På grunn av få lag i divisjonen, vert det spela trippel serie.  I forrige kamp vart det eit relativt klårt tap for naboen på Nordsida av Nordfjorden.  No trur vi jentene våre har tatt eit steg vidare, og at dei vil kjempe med "nebb og klør" for å lage dette til eit jevnt nabooppgjer.

Vi ynskjer begge laga lukke til på søndag.



"Gamle" stjerner vert som nye

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Nov 2013

Eit knippe flotte, unge og spreke damer i sin beste alder har inntatt golvet i den nye storhallen.  Meir eller mindre tidlegare aktive handballspelarar, har funne gleda i å trene saman ein kveld i veka.  Utifrå det nettredaktøren kunne oppfatte, var det ingenting å utsette verken på speleforståelse eller gleda av å ha det kjekt med likesinna.  Sjølv om tempoet kaaaanskje var høgare før, var iallefall damene like flotte. Reknar med at GHK får eit nytt lag i 5.divisjon neste sesong?

Var såvidt dei hadde tid til eit lagbilete. Fleire var også vekke denne kvelden. Skader?



Damelaget tapte treningskamp mot Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Nov 2013

Damelaget spelte i kveld treningskamp mot Førde. Førde stilte med eit ungt lag og hadde nok ikkje med dei største stjernene.

Kampen starta godt med eit veldig bra forsvar av Gloppen-jentene. Rita varta også opp med mange flotte redningar. Til pause var stillinga 8-11.

I 2. omgang gjekk det litt tråare. Det vart litt for mange tekniske feil framme, litt dårlege vurderingar og litt stang ut. Flaks hadde vi i allefall ikkje.

Vi hadde ein del jenter ute pga skade/sjukdom i dag, men Geert var likevel godt nøgd med innsatsen. Stillinga vart tilslutt 15-24



Tap mot Eid/Haugen for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Nov 2013

Det vart tap mot Eid/Haugen på bortebane idag. Vi møtte eit godt lag som til slutt vann komfortabelt 32-22. Trass i dette var det mykje positivt å ta med seg frå kampen.

Kampens store profil! Sindre Flatjord med heile 12 mål i kampen.

Vi sleit litt i innleiinga på første omgang der vi låg under 4-1 i starten av omgang. Eid sin storskyttar Kristian Rønnestad herja vilt med oss i starten, og når han ikkje skora sjølv spelte han inn til ein ledig strekspelar. 

Etter kart vart samarbeidet i midtforsvaret betre og vi fekk meir kontroll på han. Vi kjempa oss tilbake i kampen og utlikna på stillinga 6-6 etter halvspelt første omgang.  Då hadde Jon Andreas Kornberg fått stilt inn kanona og skora på fleire langskot. Uten Preben Indrebø som hadde fått fri idag vart det mykje ansvar på dei andre bakspelarane. 

Ein som tok dette ansvaret var Sindre Flatjord. Han var kampens stor profil, og presterte årsbeste idag. Han spelt opp andre, skora på langskot og finta seg gjennom forsvaret gang på gang. Når vi tar med at han er også var god bakover og sette alle straffene, blir det terningkast 6 idag.

På slutten av omganen byrja det å røyne litt på kreften. Vi brende for mange gode målsjangsar idag, og mot slutten av omgangen opparbeidde Eid seg ein fem målsleiing, og vi gjekk til pause med resultatet 17-11.

Vi kom ikkje nærare i andre omganen heller og Eid auka jevnt og trutt utover omgangen og vann til slutt klart 32-22.

Sjølv om vi tapte med 10 mål i dag var det mykje positivt å ta med seg frå kampen. Eirik Hovstad hadde ein god kamp på venstre bakspelarposisjon, der han gang på gang fekk sett opp kantsplarane vår. Bjørnar Eikenes skora mål og laga 3 straffer og er uredd i satsingane sine. Det same kan seiast om dei andre kantspelarane våre som verkeleg prøvde mykje idag. Når uttellinga vert litt betre skal vi bli vanskelege å slå.

Når vi til slutt nemner Marius på strek som lagar mål på omtrent alt han får å jobbe med er trenaren ganske nøgd med innsatsen sjølv om tapet skulle ha vore litt mindre.

Vi fekk 6 utvisningar idag mot Eid sine 3. Dette viser at innsatsen har vore på topp, sjølv om vi ikkje var einige i alle 2minutterane vi fekk.

Desse var med: Ole Kristoffer Sørland, Håvard Husevåg, Jon andreas Kornberg 5, Sindre Flatjord 12, Håvard Magnus Torvanger, Bjørnar Eikenes 1, Marius Moritsgård 3, Arne Nybø Gangeskar, Eirik Hovstad 1, Runar Hellerud, Hans Kristian Seim Arnestad, Tormod Aske.


2 GHK kampar på søndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Nov 2013

Denne helga er det 2 vanskelege bortekampar som ventar for 2 av GHK sine lag.  K4 damene tar turen til Sogndal, for å møte heimelaget der. G16 laget til Torbjørn Sælen skal over fjorden for å møte Eid/Haugen.  Begge kampar går på søndag.

I damene sin 4.divisjon er det kun 4 lag.  I tillegg til GHK og Sogndal, finn vi Eid og Florø. Denne helga skal altså dei nest beste damene våre til Sogndal.  Eit Sogndallag som har to sigrar så langt.  GHK har to tap, men syner framgong frå kamp til kamp. Den dagen trenar Ragnhild B Vederhus kan mønstre fullt lag, er vi nok på talefot med dei andre laga i divisjonen.

Gutelaget skal møte Eid/Haugen på Eid.  Våre gutar har overraska positivt så langt, med to sigrar og eit tap. Sist med braksiger 35-11 over Årdalstangen/Jotun.  Med det ligg laget på andreplass i serien. Eid/Haugen står utan poeng etter to kampar, men har truleg møtt dei to beste laga, Stryn og Florø. Her ligg det an til eit rivande lokaloppgjer, der dagsforma kan avgjere kven som stikk av med sigeren.

Vi ynskjer begge laga lukke til.



Flott åpning av Kulturnatt i Nordfjord

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Nov 2013

Det var ei stilfull og flott åning av Kulturnatt i Nordfjord, då den nye Storhallen var arena for innmarsj av idrettslaga i kommunen.  Til tonar frå Gloppen Janitsjar, kom aktive, trenarar og leiarar frå alle idrettslaga i Gloppen inn i den nye storstova vår.  Etterpå var det ulike innslag frå det mangfaldige kulturlivet i Gloppen, før nokre av idrettslaga baud på aktivitet rundt om i hallen. For GHK sin del, var aktiviteten å tippe hastigheita av eige skot, før ein skaut mot ein radar.  Det viktige her var ikkje styrken på skotet, men å treffe med eiga tipping.  Alt i alt to flotte timar i ein fantastisk idrettshall.

GHK si tropp slapper av etter innmarsj.



Kulturnatt i Nordfjord - 8.november

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2013

På førstkomande fredag (8.nov) vert det kulturnatt i Nordfjord i og rundt den ferdigstilte Trivselshagen. Blant anna vert det innmarsj i den nye idrettshallen av alle idrettslaga i kommunen, under leiing av Gloppen Janitsjar.  GHK skal også ha ein aktivitet på den eine bana utover kvelden. Sjå heile programmet her: https://gloppen.kommune.no/Filnedlasting.aspx?MId1=1469&FilId=2910


Klar seier til G-16 i Årdal

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2013

G-16 feia Årdalstangen/Jotun av bana med 35-11 siger på søndag.

Vi hadde venta oss ein vanskeleg bortekamp mot sogningane denne dagen. 97-årgangen til Årdal vart nr. 2 i serien i fjor og hadde mange gode spelarar. No viste det seg at heile gjengen var slutta å spele handball, og at det var 98-lagen vi skulle møte.

Det vart ikkje noko motstand for våre gutar som etterkvart tok kampen som ei god treningsøkt. Pauseresultatet var 17-4 og gutane stod veldig godt i forsvar. Det som kom av langskot og gjennombrot tok ein knakande god målvakt Håvard Husevåg seg av.

I andre omgang var det imponerande å sjå at dei greidde å halde konsentrasjonen oppe og mange fekk vist seg fram i denne kampen. Spesielt gledeleg var at vi fekk laga ein del mål frå kant der Bjørnar Eikenes, Hans Kristian Arnestad og Runar Hellerud tilsaman laga 9 mål.

Neste helg er det ein vanskeleg bortekamp mot Eid/Haugen og då får vi ein peikepinn på kor gode vi eigentleg er.

Desse var med: Ole Kristoffer Sørland, Håvard Husevåg, Jon Andreas Kornberg 7, Sindre Flatjord 5, Håvard Magnus Torvanger, Bjørnar Eikenes 3, Marius Moritsgård 5,  Arne Nybø Gangeskar 2, Eirik Hovstad, Runar Hellerud 3, Hans Kristian Seim Arnestad 3, Preben Indrebø 7, Tormod Aske.

 

 

 



GHK viser tenner

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2013

Drengene har fået fart på spillet og pilene peger opover. Vi møtte Gneist for en måned siden og vandt med 4 mål. En 8 målssiger vil føre til positiv målstatistik.  

Tre sentrale spelarar i kampen: Sander(10mål),Ørjan(10mål),Runar(7mål)

 

Alle har fået ret ben ud af sengen og tendingen stemmer 100 %. Forsvaret dirigeres af bautaen fra sørstranda Bjørn Magnus Nystad og Gneist kommer til yderst få gode målchancer. Åmot og Nesdal skiftes til at skore på rush. Efter 10 minutter kommer 2. række ind og gør det like bra som første rækka. Vereide og Sælen har meget bra trykk mot mål og den ellers gode Gneist keeper har en meget vanskelig dag på jobben. Efter en solid insats går vi til pause med 17-8 ledelse.

Vi aftaler og have fokus på at presse op farten i 2.omgang. Paulen kommer in istedet for Daniel og kick starter 20 fantastiske minutter for GHK som vi vinder 13-2. Sander Nesdal er on fire og skorer 10 mål på 11 forsøg hak i hæl Runar Åmot med 8 skoringer. Ørjan spiller meget solidt begge veje og bidrager til fuldstængig overkøring af Gneist. Osmund Vereide spiller en flott kamp og skorer fra venstre bak i 1. omg samt midtbakk og højre bakk i 2. omg. Det er ikke mange spillere der evner ligebra spil på alle bakspilspladser. De sidste 10 minutter bliver det lidt show efter 2 min udvisning til Gneist keeper som fører til Gneist trener stiller sig imål. 58 år gammle superveteranen havde spillet i firdahallen første gang i 1970 og starter med et par gode redninger. Vi vinder kampen 39-18 og glæder os til at tage fat på treningen næste uke. Vi ser allerede nu frem til julecup på 5. dagen der 89 årgangen og 92-93 stiller med stærke lag. Bjørn Magnus får permission fra GHK i julecuppen for at deltage på 89 laget idet vi har 2 gode streker i Indrebø og Sundal.



Månadens talent for oktober

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Nov 2013

I pausen i herrekampen i ettermiddag, vart Jon Andreas Kornberg kåra til månadens talent for oktober. Denne kåringa er eit samarbeid mellom ein av våre hovudsponsorar Sparebanken Sogn og Fjordane og GHK.  Jon Andreas er ein sentral spelar på G16 laget, og har synt ei svært god utvikling denne sesongen.  Truleg er det berre eit tidsspørsmål før han får prøve seg på eit høgare nivå.  Vi gratulerer Jon Andreas med ein velfortjent pris.



Damelaget knuste Stord 2

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Nov 2013

I ettermiddagens kamp i gode gamle Firdahallen, hadde GHK damene full kontroll på kampen mot Stord 2 frå første minutt.  Dei gav seg ikkje før lystavla synte 42-15. Til pause var stillinga 21-7.

3 svært sentrale spelarar i dagens kamp. Elise (9 mål), Amanda (10 mål og dagens spelar) og Ragnhild Ryssdal (kampens toppskårar med 12 mål)

Etter forrige helgs litt "unødvendige" uavgjorte kamp mot Stryn, var det eit heiltent heimelag som i dagens kamp ville syne at dei kan spele glitrande handball over 2x30 minutt.  Og det gjorde dei til gangs.  Før kampen måtte førstekeeper Rita Monteiro "ta telling" då ho fekk kjeven ut av ledd under oppvarming.  Men Benedikte Gåsemyr kom inn og spela ein kjempekamp bakerst.  Godt for eit lag å ha to gode keepera!  Frå første minutt var jentene våre "på hugget", og det var aldri tvil om kven som var det beste laget.  Jentene var gode bakover i forsvar, og i angrep var det duka for skåringsshow av fleire spelarar. Ingunn R Hansen er alltid ein sentral spelar og noterte seg for 6 mål i kampen. Stortalentet Ragnhild Ryssdal fekk endeleg synt kva som bur i ho, og banka heile 12 baller i nota bak Stord sin keeper.  Ho vart med det kampens toppskårar.  Elise Heien Hansen var også i skåringshumør i dag, og hadde heile 10 mål i kampen. Med sin fart og kjappe finter, er ho ein trussel for eit kvart lag.  Så må vi også trekke fram dagens spelar på heimelaget.  Amanda Veiteberg er ei jente med eit stort handballtalent, og i dagens kamp fekk ho synt det fram for alvor. Med sin frykta skotarm, banka ho 10 mål i nettet og var god kampen gjennom.  Når det er sagt, må vi og legge til at i dagens kamp synte heile laget stor speleglede og var gode.

Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Elise H Hansen(9), Ingunn R Hansen(6), Torill H Gaasø(1), Ragnhild Ryssdal(12), Elisabeth Hansen(1), Irene Slagstad(1), Amalie E Mundal(1), Guro Tennefoss, Lena Fossen(1), Malin Eikenes, Amanda Veiteberg(10), Eirhild B Alme. Rita Monteiro.



Ny rekord, igjen :)

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Nov 2013

I september hadde vi over 10700 treff på heimesida vår, som var rekord. Vel, i oktober var 11069 innom. Ny rekord!!!


Ny kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Okt 2013

Laurdag er det klart for to spanande seniorkampar i Firdahallen.  Først ut er damelaget som møter Stord 2 til 3.divisjonskamp kl. 15.00.  Deretter møter herrane Gneist til kamp kl. 16.45, også dette i 3.divisjon.  Søndag reiser G16 til Årdal for å møte Årdalstangen/Jotun til kamp der.

Damelaget og Elise Heien Hansen møter Stord 2 på laurdag (Arkivbilete)

Først ut er altså damelaget, som møter Stord 2. Stord 2 kjem frå 5 strake tap, og har fått ein heller laber start på årets seriespel.  GHK på si side kjem frå uavgjortkampen mot Stryn, og bør vere lystne på å syne motstandar og publikum at dei kan spele god handball i 60 minutt.

Så skal gutane opp mot Gneist.  Eit Gneistlag dei slo i bortekampen i Bergen.  Etter onsdagens siger over Stryn, bør iallefall motivasjonen vere på topp.  Gneist ligg heilt sist utan poeng, medan GHK har raska til seg 6 poeng så langt.  Dette ligg an til heimesiger, men handball er uforutsigbart.

Torbjørn Sælen & co på G16 skal på langtur til Årdal på søndag.  Her møter dei eit heimelag so ikkje har spela kamp til no.  Såleis er dette ein vanskeleg kamp å tippe resultat i, men gutane har synt framgong frå veke til veke og vil truleg kjempe jevnt med Årdalstangen/Jotun her.  GHK har ein siger og eit tap til no.

Vi ynskjer alle laga lukke til med kampane.



We are back

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2013

Gutterne har været lidt nede efter 2 tap i Bergen for en uke siden der vi hadde marginalerne lidt imot os. Våre to seniorspillere kunne ikke være med og det var g-18 spillere som ville revansjere surt tab i 17-20 årsserien. Alle rammer dagen og vi spiller strålende håndbold i 60 minutter.

Vi går ud som lyn og torden. Forsvaret står bra og fremme er det opvisning af Alander, Sundal, Vereide og Åmot. Os går opp på venstre back og hamrer bolden forbi keeper som ikke bevæger sig før bolden er i nettet. Alander lægger stort press på forsvaret og vi glider fra til 4-1 og 8-2. Ørjan får en 2 minutter som Stryn bruker til at komme tilbake i kampen. Vi bytter på alle pladser og folk fortsætter og prestere. Vegard og Lauritz er gode og i mål tar Daniel godt fra. Mot slutningen af omgangen spiller vi en del undertal og Stryn ligger kun 2 mål under til pause, på stillingen 13-11. 
I andre omgang prøver Stryn med mere offensivt forsvar men Hans Sande bare takker for pladsen og scorer sikkert til 14-11. Gutta må have mye skryt for å spille med stor tålmodighed og vente på der kommer en god mulighed. Vi beholder koncentrationen i samtlige 60 minutter. Daniel snupper en 7m og Rocky bryder igennem på egen hånd når Stryn nærmere sig. Fantastisk indsats fra alle tilstedeværende. Vi leder fra første til sidste fløjt for det mest med 3-4 mål. GHK spøkelse er begravet og vi er på vej. Vi takker et tallrikt publikum for støtten og håper dere kommer tilbake på lørdag i gode "gamle" Firdahallen.


Klart for nytt lokalderby mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2013

På førstkomande onsdagskveld tar GHK imot Stryn til eit skikkeleg lokaloppgjer i herrane sin 3.divisjon.  Kampen går i nye Storhallen kl. 19.30. GHK sitt herrelag har til no 2 sigrar og 3 tap i årets 3.divisjon.  Laget har svinga noko i prestasjonane, og det er truleg mangel på rutine på dette nivået for mange av dei unge spelarane som er årsaka til dette.  Men dette vil truleg betre seg utover i sesongen.  Nyopprykka Stryn har så langt kun spela 2 kampar, 1 uavgjort og 1 tap.  Men Stryn har mykje godt på gong, både på dame og herresida.  Difor er det venta ein tøff kamp i storhallen, der laget som vil mest, truleg stikk av med begge poenga.


Nytt tap for G18 i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2013

Også i dagens kamp i juniorserien vart det tap for GHK sitt G18 lag.  FyllingenBergen vann til slutt 32-22. For GHK sin del var forskjellen frå i går at dei møtte eit betre lag, samt at gutane våre spela ein dårlegare kamp.


Uavgjort mellom GHK og Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2013

Denne kampen skulle vi vunne klart Etter nokre feiande åpningsminutt der forsvaret satt og skudda gjekk inn bak Stryn sin keeper, så øyna vi at her kom begge poenga til å gå til GHK damene. 11-1 stod det midtveis i 1.omgang. Alt gjekk på skinner. Men så falt jentene for fristelsen å avslutte på litt dårlege sjansar, ein var uheldig med avslutingane og dette medførte fleire sjansar for Stryn. Dei fekk etter kvart nettkjenningar og begynte å få trua tilbake. GHK damene seig litt sammen i forsvar og var ikkje like aggressive. Til pause:13-8. Medan Stryn skora 7, så skora vi 2 siste halvdel av 1.omgang.Tanken på at her har vi gitt frå oss 5 mål siste halvdel av første omgang fekk dei til å bli redd for å tape istaden for å tru at dette skal vi vinne. Dei stressa med for tidlege og dårlege avslutningar og Stryn nærma seg litt etter litt. På slutten av 2.omgang gjekk Stryn opp i leiinga. Noken av jentene heldt hovudet klart og dei klarte å snu det til ledelse igjen. I sluttminutta bomma Stryn på straffe og vi bomma på klare sjansar. GHK fekk også utvisning dei siste minutta. GHK leia med eitt mål til det var nokre få sekund igjen og på ein glipp i GHK forsvaret utlikna Stryn til 21-21.Det var mykje positivt å sjå i kampen. Irene hadde nokre fine skot i begynnelsen av 1.omgang, Elise heldt tempoet oppe i angrep og var ei klippe bakover. Ingunn blei av ein jury "Dagens GHK-spelar) med sine 7 mål. Ragnhild 3, Elise 3, Irene 4, Amanda 1, Torill 1, Eli Anne 1, malin 1, Ingunn 7.Sluttresultat: 21-21.


Kjempekamp av G18, trass tap

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2013

GHK sitt G18 lag og Kjøkkelvik spela ein svært underhaldane og god kamp, då dei møttes til kamp i juniorserien i Bøneshallen i ettermiddag.  Sluttresultatet vart 22-20 til Kjøkkelvik.   I første omgong var Kjøkkelvik det førande laget, og var ei stund oppe i ei 4 målsleiing. Men GHK gutane synte flott speleglede og kom tilbake og leiinga til Kjøkkelvik var berre med eit mål, 12-11 til pause.  I andre omgong følgde laga kvarandre heile tida, og byta på å ha leiinga.  Nokre tominutts utvisningar vart kostbare for GHK, og Kjøkkelvik drog sigeren i land, helit mot slutten.  Runar Helland Åmot vart toppskårar med 6 mål, og synte seg frå ei svært god side.
Desse var med: Daniel, Joakim, Sander(1), Preben(3), Lauritz, Ørjan(4), Åsmund(1), Vegard(3), Mikael(2),Håvard, Magnus, Runar(6)
Ny kamp i morgon mot Fyllingen.


3 GHK kampar til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Okt 2013

GHK sitt G18 lag skal til Bergen for å møte Kjøkkelvik laurdag og FyllingenBergen søndag.  Dette er kampar i G20 (junior) serien.  Damelaget i 3.divisjon skal møte nabo Stryn til kamp i Firdahallen på søndag.

K3 damene med viktig heimekamp mot Stryn

G18 tar turen til Bergen for to kamper i G20 serien.  På laurdag møter dei Kjøkkelvik i Bøneshallen, før dei søndag møter FyllingenBergen i Framohallen.  To, på papiret, vanskelege kamper for våre gutar.  Men dette er god matchtrening framfor viktige kampar i 3.divisjon, så her er det berre å senke skuldrane og trå til med finspel.

Damelaget skal ut i eit reint nabooppgjer når dei tar imot Stryn til kamp i den nye storhallen.  Jentene er nok innstilt på å rette opp inntrykket frå siste heimekamp, då dei vart "grusa" av Årstad 2.  Nokre av jentene slit med småskader, men det er venta at ein stiller med det beste mannskapet ein rår over.  Så får vi sjå om det er nok til å sende Stryn heim med tap.



Storsiger til damene i treningskamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2013

GHK sitt damelag i 3. div var over fjorden for å møte Eid til treningskamp i går kveld. Etter ein litt "rusten" førset omgong, kom damene for fullt i andre og vann til slutt 38-13. Dette lovar godt framfor helgas viktige lokaloppgjer mot Stryn i 3. divisjon.


Ny regional landslagssamling for gutar 96-97.

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2013

NHF Region Vest har kalla inn til sesongens andre regionale landslagssamling for gutar fødde i 96 og 97.  Som til forrige samling, er Sander Nesdal og Preben Indrebø teken ut til denne samlinga.  Samlinga vert i Haukelandshallen onsdag 6.november frå 09.45 til 15.15.  Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.


Kampoppsett

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2013

Skuleturnering 2013
Kampoppsett laurdag 26.oktober
Bane 1
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
10:00 1 4 1 Sandane 1 Sandane 4  
10:20 5 5 1 Breim 1 Sandane 2  
10:40 9 4 1 Sandane 4 Breim 2  
11:00 13         Utgår
11:20 17 4 1 Breim 2 Sandane 1  
11:40 21         Utgår
12:00 25 4 Semifinale Vinner P1 Vinner P2  
12:20 26 5 1 Sandane 3 Sandane 2  
12:40 28 4 3 Sandane 3 Breim 3  
13:00 30 5 1 Breim 1 Sandane 3  
13:20 32 4 Semifinale Vinner P3 Vinner P4  
13:40 33 5 Semifinale Vinner P1 Nr 2 i P2  
14:00 35 4 Finale Vinner K 25 Vinner K 32  
14:30 37 5 Finale Vinner K 33 Vinner K 34  
             
Alle kampar varer i 1x15minutt.  Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart.
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt
Bane 2
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
10:00 2 4 2 Sandane 2 Breim 1  
10:20 6 5 1 Nordstranda Sandane 3  
10:40 10 4 2 Breim 1 Nordstra. 3  
11:00 14 5 1 Sandane 2 Nordstranda  
11:20 18 4 2 Nordstra. 3 Sandane 2  
11:40 22 5 1 Breim 1 Nordstranda  
12:00 26 4 3 Nordstra. 1 Sandane 3  
12:20 27         Utgår
12:40 29 4 3 Sandane 6 Nordstranda  
13:00 31         Utgår
13:20            
13:40 34 5 Semifinale Vinner P2 Nr 2 i P1  
14:00 36 4 Bronsefinale Taper K 25 Taper K 32  
14:30 38 5 Bronsefinale Taper K 33 Taper K 34  
             
Alle kampar varer i 1x15minutt.  Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart.
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt
Skuleturnering 2013
Kampoppsett laurdag 26.oktober
Bane 3
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
10:00 3 4 3 Sandane 3 Sandane 6  
10:20 7 5 2 Breim 2 Sandane 1  
10:40 11 4 3 Breim 3 Nordtsr. 1  
11:00 15 5 2 Sandane 1 Sandane 5  
11:20 19 4 3 Sandane 6 Breim 3  
11:40 23 5 2 Sandane 5 Breim 2  
12:00            
12:20            
12:40            
13:00            
13:20            
             
Alle kampar varer i 1x15minutt.  Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart.
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt
Bane 4
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
10:00 4 4 4 Breim 4 Sandane 5  
10:20 8 5 2 Sandane 5 Sandane 4  
10:40 12 4 4 Sandane 5 Nordstra. 2  
11:00 16 5 2 Sandane 4 Breim 2  
11:20 20 4 4 Nordstra. 2 Breim 4  
11:40 24 5 2 Sandane 1 Sandane 4  
12:00            
12:20            
12:40            
13:00            
Alle kampar varer i 1x15minutt.  Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart.
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt
Skuleturnering 2013
Kampoppsett laurdag 26.oktober
Bane 1 Stor
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
12:20 39 7   Sandane 1 Sandane 2  
12:40 41 7   Sandane 3 Breim 1  
13:00 43         Utgår
13:20 45 7   Sandane 2 Sandane 3  
13:40 47         Utgår
14:00 49 7   Sandane 1 Sandane 3  
14:20 51 7   Sandane 2 Breim 1  
14:40 53 6 Semifinale Vinner P1 Nr 2  P2  
15:00 55 7   Sandane 1 Breim 1  
15:20 57 6 Finale Vinner K 53 Vinner K 54  
15:50 59 7 Semifinale Nr 1 Nr 4  
16:10 61 7 Finale Vinner K 59 Vinner K 60  
             
             
             
             
             
             
             
Bane 2 Stor
Klokka Kampnr: Klasse Pulje Heimelag Bortelag Resultat
12:20 40 6 1 Nordstranda Sandane 1  
12:40 42 6 2 Nordstra. 2 Sandane 2  
13:00 44 6 1 Breim 2 Nordstranda  
13:20 46 6 2 Sandane 2 Breim 1  
13:40 48 6 1 Sandane 1 Breim 2  
14:00 50 6 2 Breim 1 Nordstra. 2  
14:20 52         Utgår
14:40 54 6 Semifinale Vinner P 2 Nr 2  P1  
15:00 56         Utgår
15:20 58 6 Bronsefinale Taper K 53 Taper K 54  
15:50 60 7 Semifinale Nr 2 Nr 3  
16:10 62 7 Bronsefinale Taper K 59 Taper K 60  
             
Alle kampar varer i 1x15minutt.  Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart.
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt


Puljeoppsett

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2013

GHK Skuleturnering 2013
Påmelde lag:
4.klasse Sandane 1 Sandane 2 Sandane 3 Sandane 4 Sandane 5 Sandane 6  Breim 1
Breim 2 Breim 3 Breim 4 Nordstr. 1 Nordstr. 2 Nordstr. 3
5.klasse Breim 1 Breim 2 Sandane 1 Sandane 2 Sandane 3 Sandane 4 Sandane 5
Nordstr.
6.klasse Sandane 1 Sandane 2 Breim 1 Breim 2 Nordstr. 1 Nordstr. 2
7.klasse Sandane 1 Sandane 2 Sandane 3 Breim
4.klasse 4.klasse 4.klasse 4.klasse 5.klasse 5.klasse
Pulje 1 Pulje 2 Pulje 3 Pulje 4 Pulje 1 Pulje 2
Sandane 1 Sandane 2 Sandane 3 Breim 4 Breim 1 Breim 2
Sandane 4 Breim 1 Sandane 6 Sandane 5 Sandane 2 Sandane 1
Breim 2 Nordstr. 3 Breim 3 Nordstr. 2 Nordstranda Sandane 5
Nordstr. 1 Sandane 3 Sandane 4
6.klasse 6.klasse 7.klasse
Pulje 1 Pulje 2
Sandane 1 Sandane 2 Sandane 1
Breim 2 Breim 1 Sandane 2
Nordstr. 1 Nordstra. 2 Sandane 3
Breim 1


G16-tap mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2013

Det vart tap 33-25 mot Stryn sitt 16-årslag i kveld. Etter å ha lege under 17-10 til pause fekk gutane litt meir dreis på det i andre omgang som dei tapte 15-14. Vi visste på førehand at det ville bli ein vanskeleg kamp mot fotrappe og velspelande Strynegutar. Her har Strynetrenaren Odd Henrik Berge verkeleg fått opp ein fin gjeng.

Etter ein forsiktig start på kampen frå vår side gjekk Stryningane tidleg opp i ei god leiing som dei heldt utover første omgangen.  I andre omgang kom vi betre med og Preben Indrebø og Jon Andreas Kornberg skora jamnt og trutt. Sindren styrte bra i midten og vi heldt omtrent følge med Stryn i andre omgang.

Gutane skal ha ros for at dei aldri gav opp og hadde god motivasjon heile kampen gjennom Med litt meir kamptrening utover hausten trur eg det kan bli bra.

Stå på gutar.

Desse var med: Ole Kristoffer Sørland, Jon Andreas 7, Sindre 3, Håvard Magnus, Bjørnar 1, Marius 3, Arne 1, Eirik 1, Runar, Hans Kristian 1, Preben 9.

God dommar: Geir Dale, Eid

Gode sjåførar: Bjørn Kåre, Jan Ove og Torbjørn


To bortetap for herrane i 3. divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2013

Det vart diverre ingen poeng i helgas to kampar i Bergen for det unge GHK laget i 3.divisjon.  I går vart det eit klart 28-19 tap mot Bjørnar 2, etter at GHK leia 11-9 til pause.  I dag gjekk det ikkje stort likare då Sotra 2 vart for sterke og vann 30-24.

I kampen mot Bjørnar 2 på laurdag var GHK gode i 40 minutt.  I første omgong stod Daniel ein kanonkamp i buret, og gutane kunne gå til pause med tomålsleiing.  I andre omgong hang ein også godt med i starten, før "rullegardina" gjekk ned og Bjørnar kunne cruise inn til sikker siger.

Kampen i dag mot Sotra 2, var litt i same gata som gårsdagens.  Ein heng bra med totalt sett gjennom heile kampen, men slepp Sotra litt for lett til ved mange høve.  Daniel gjer ein ny bra kamp i mål, og Ørjan vert toppskårar med 8 mål.

No må gutane legge desse kampane bak seg fortast råd er, og starte jakta på "den gode følelsen" frå tidlegare kampar.



J16 og G16 med bortekamp denne veka

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2013

Våre gute og jentelag skal i elden på bortebane denne veka. Gutane skal til Stryn på onsdag, medan jentene skal over fjorden til Eid på torsdag.

Gutelaget opna sesongen med ein overbevisande siger over Askvoll/Holmedal, men møter her eit Strynelag som truleg er eit av dei sterkaste laga i serien.  Stryn har også spela ein kamp så langt, ein sterk bortesiger over Eid/Haugen. Truleg må gutane opp på sitt aller beste for å ta poeng her, men ingenting er umogeleg i handball.

Jentelaget har opna sesongen med to sigrar og to tap.  Sist rauk dei stygt mot Årdalstangen/Jotun på bortebane, men då mangla dei mange faste spelarar.  Eid skal vere eit lag det er mogeleg å ta poeng frå, så her er det berre å "fyre" frå start.



GHK sine J15/16 med siger i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Okt 2013

Sesongens første bortekamp. GHK sine J15/16 var spente foran kampen mot Førde2. Litt usikre fordi mange av jentene er nye for kvarandre på laget og maglar samtrening. 3 jenter frå Førde og Eid var speleklare for Gloppen og markerte seg godt i denne kampen. Kampens store spelar var Lena Fossen med sine 8 mål. Jentene beit godt fra seg i forsvar og slapp inn berre 5 mål i første omgang og skora 15. Solgunn Reed Lothe markerte seg med ein flott fightervilje. Mange av jentene melde seg på etterkvart som dei fekk tru på seg sjølv. Keeper Eli Kristin gjorde ein solid kamp i GHK buret. Sluttresultatet vart 25-14 og mange av jentene kom på skoringslista. Guro Tennfoss (5), Solgun Reed Lothe (4), Lena Fossen (8), Vilde Johansen (4), Dina Rygg Eide (2), Ariane Arnestad (1), Silje Iren Hole Hervik (2). Dette var første kampen til trenar Astrid Murer Brinkman som trenar jentene saman med Amanda Veiteberg, Elise Heien Hansen og Rita Moteiro (keepertrener). Neste kamp er mot Jotun/Årdalstangen komande held i Årdal.Ein tøff kamp i vente.


Vanskelege bortekampar til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Okt 2013

To GHK lag skal ut i vanskelege bortekampar komande helg. Herrelaget i 3. divisjon skal til Bergen for å møte Bjørnar 2 og Sotra 2, medan vårt gode jente16 lag skal til Årdalstangen for å møte heimelaget der.

Girls 16!! Klarer dei å slå Jotun/Årdalstangen?

Herrelaget skal, på laurdag møte formlaget Bjørnar 2.  Dette laget kjem frå to strake storsigrar og er venta å verta ei tøff utfordring for vårt unge lag.  Men, som vi veit, klarer gutane våre å prestere på det nivået vi veit dei kan, kan alt skje.  På søndag står Sotra sitt andrelag på motsatt banehalvdel. Kva vi kan forvente her er vanskeleg å spå, då Sotra 2 spelar sin første kamp for sesongen her.  Normalt sett skulle dette vere ei overkomeleg oppgåve for Bjørn Roth sine menn.

Jente16 laget skal til Årdalstangen for å møte Jotun/Årdalstangen.  Heimelaget har to sigrar av to mogelege, og vert ei hard nøtt for jentene våre.  På den andre sida feia våre jenter Førde 2 av bana denne veka, og sjølvtillliten herifrå kan gje jentene eit løft inn mot denne kampen.  Under leiing av Astrid Brinkman Murer, skal ein ikkje sjå vekk frå poeng her.  Vi ynskjer begge laga lukke til, og lover å fylgje nøye med kva som skjer laurdag og søndag :)



GHK J16 med storsiger i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Okt 2013

GHK sitt jentelag imponerte i kveld, då dei slo Førde 2 på bortebane i Førde med heile 25-14.  Meir om kampen kjem forhåpentlegvis etterkvart.


Køyreliste J16

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2013

Spele- og kjøreliste



Onsdag 16. okt. 13, kl. 18.00, Førde huset 2: Førde 2 – Gloppen

Avreise STIL -stova kl. 16.00.

Anders Eide kjører GHK bussen.

Dina vaskar draktene.



Laurdag 19.okt. 13, kl. 15.40, Årdalshallen: Jotun/Årdalstangen – Gloppen

Avreise STIL-stova kl. 11.45. ferja kl.13.40.

Dei som kjører er: Oda, Jennie og Solgunn.

Oda vaskar draktene.



Laurdag 26. okt.13, kl. 16.45, Eid Idrettshus: Eid – Gloppen

Avreise STIL-stova kl. 1530, ferja kl. 15.45.

Dei som kjører er: Thea-Marie, Susann og Frøydis

Thea-Marie vaskar draktene.



Måndag 25. nov.13, kl. 20.00, Firdahallen: Gloppen – Førde.

Jennie vaskar draktene



Laurdag 07. des. 13, kl. 11.10, Firdahallen: Gloppen - Florø

Og 13.20, Gloppen – Florø 2.

Sofie vaskar draktene



Laurdag 14.des. 13, kl. 12.25, Firdahallen: Gloppen – Eid

Ariane vaskar draktene.



Oppmøte 45 min før kvar heimekamp.

Bytt innbyrdes om det ikkje oppsette tider passer. Gi oppmann beskjed ved byte.





Mvh

Øystein Fjellestad

Mob: 91372647

-oppmann GHK J16-





Solgunn Alme var lyspunktet då K4 damene tapte mot Florø

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2013

I kveldens kamp i 4.divisjon mellom heimelaget GHK og Florø, var det gjestane frå kystbyen som var det beste laget.  Til slutt stod det 14-29 til Florø.

Solgun Alme var heimelaget sin suverent beste spelar i kveldens kamp.

I starten av kampen hang våre jenter bra med.  Sjølv om Florø heile tida var eit par mål føre, klarte dei ikkje å rykke frå før heilt fram mot pause.  I andre omgong vart heimelaget hardt straffa for mange personleg feil, og Florø drog sakte men sikkert frå i målprotokollen.  Det ein sakna mest frå heimelaget si side, var nok trykket mot mål i etablert angrep. Det store lyspunktet for heimelaget, var keeper Solgun Alme.  Ho stod fram som både heimelaget, og kampens store profil. 

Sjølv om det vart tap, var jentene i godt humør etter kampen.



2 GHK kampar på tysdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Okt 2013

På tysdag skal K4 damene møte Florø på heimebane i Firdahallen, medan G18 laget skal spele første kampen i juniorserien borte mot Stryn.

Årets 4.divisjon består av kun 4 lag, etter at Førde 2 trekte laget sitt.  I første runde måtte våre damer sjå seg slegne av naboen frå Eid, medan Florø tapte knepent for Sogndal på heimebane. Vanskeleg å spå utfallet i denne kampen, men om trenar Ragnhild Bakketun Vederhus mønstrar sitt beste mannskap skal dette i utgangspunktet vere ein kamp med moglegheit for siger.

Årets G18 serie vart istaden ein G20 serie (junior).  Her spelar, i tillegg til GHK sitt 18års lag, Florø, Stryn, Kjøkkelvik og FyllingenBergen.  Her vil nok kva lag dei ulike klubbane stiller med frå kamp til kamp vere utslagsgjevande. Korleis Stryn er, er vanskeleg å sei, men her bør vårt lag ha gode vinnarmoglegheiter.



GHK J16 spelar borte mot Førde 2 på onsdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Okt 2013

GHK sitt J16 lag spelar sin tredje kamp for året, då dei onsdag møter Førde 2 i Førdehuset.  I sine to første kampar vart det tap mot Sogndal og siger over Sogndal 2.  Førde 2 har ikkje spela kamp enno, så det vert eit spanande møte for våre lovande jenter. Gudd løkk :)


4 GHK jenter til SUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Okt 2013

Det er gjort uttak til årets andre SUM samling for jenter fødd i 98/99. Samlinga er i Nordfjordhallen måndag 28.10 kl. 17.45-21.00.  Frå GHK stiller Siri Henden, Hilde Katrin Kvernevik, Malene Berle Naustdal og Sofie Pernille Hole. Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.


Tap, også i siste kampen i SPAR kvallik

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2013

Også i dagens kamp mot Hortenlaget Falk, måtte våre gutar sjå seg slegne.  Mot puljevinnaren tapte ein til slutt 19-32, etter å ha lege under 12-19 til pause. Dermed er Haslum og Falk vidare frå denne pulja til landsserien.  FyllingenBergen og GHK er ute.

Glade gutar, trass tre tap i helga.

Som reultatet i helgas kampar fortel, har GHK eit stykke att før vi har den breidda og kvalitet i spelarstallen som skal til på dette nivået.  I lange periodar er vi fullt på høgde med motstandaren, medan vi i andre periodar gjer vekk ballen i kvart angrep.  I lørdagens første kamp mot Haslum, kjem vi frykteleg skeivt ut i første omgong.  Kun 2 skåra mål seier det meste.  Bakover står vi bra gjennom heile kampen.  I andre omgong tar vi meir tak, og spelar denne uavgjort.  Særleg Mikael Alander, Åsmund Sælen og keeper Joakim Hauge er gode i denne omgongen.  Mikael vart òg kåra til vår bestemann av ein lokal jury.

Også i gårsdagens andre kamp mot FyllingenBergen, er det første omgong som er dårleg.  Greit bakover, men dårleg framover. Vegard Sælen og Ørjan Sundal er piggare i denne kampen og hamrar inn høvesvis 4 og 5 mål.  Også Runar H Åmot får boltre seg på kanten og set inn 3 mål.  Ørjan Sundal vart i denne kampen kåra til vårt lags bestemann.

I dagens kamp mot det beste laget gjennom helga, Falk, var det jevnare i kampbiletet.  Sjølv om GHK skåra første målet, var det Falk som var det sterkaste laget og drog jevnt og trutt ifrå.  Den store skildnaden på laga var feilprosenten.  Men GHK fekk likevel betre tak på angrepsspelet i denne kampen.  Gong på gong fekk strekspelar Ørjan glimrande innspel frå lagkameratane, som igjen vart omsette i skåring.  Heile 10 mål skåra Ørjan i denne kampen.  Underleg nok, var det forsvarspelet som var langt under pari.  Men sjølv om ryk ut av SPAR kvalliken, syner kampane i helga at det bur mykje god handball i GHK gutane.  Når dei tar tak og bestemmer seg, er dei, som sagt, fullt på høgde med dei beste.  Men, som også sagt, feilprosenten må ned for at vi skal ta eit steg vidare. Dette er vi trygge på at gutane vil jobbe med framover, og då vert vi vanskeleg å slå.

Dei som var med i helga: (Mål tilsaman i alle tre kampane i parantes): Daniel Reed, Joakim Hauge, Magnus Morritsgård(2), Vegard Sælen(7), Odd Martin Hauge, Runar Åmot(8), Ørjan Sundal(16), Mikael Alander(4), Andreas Kissner(1), Hans Sande(6), Preben Indrebø, Håvard Kjønås, Sander Nesdal(2), Åsmund Sælen(4), Osmund Vereide(2), Erlend Ulvestad, Lauritz Bjørnereim(5)



Tøffe tak for G18 i SPAR kvallik

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Okt 2013

Det vart diverre to klare tap for vårt G18 lag i dagens SPAR kvallik.  To svake førsteomgonger vart avgjerande, for andre omgong spela vi uavgjort i den eine og vann med eit mål i den andre.  Meir om kampane og bilder kjem seinare i kveld.





Ny rekord for heimesida

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Okt 2013

I september hadde vi 10763 treff på heimesida vår.  Dette er over 2000 meir enn forrige rekord frå i fjor. Flottings :)


Klar for SPAR kvallik

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Okt 2013

Til helga reiser GHK sitt 18års lag til Bergen for kvallifiseringsspel til den landsomfattande SPAR serien.  Dette er den største oppgåva dette laget har stått ovanfor, og det er knyta stor spaning til korleis våre gutar vil klare seg mot FyllingenBergen, Haslum og Falk.  Troppa til Bergen tel 17 spelarar + eit sterkt støtteapparat.

Tre av GHK sine menn i helga: Lauritz, Joakim og Ørjan

Det ville vere ein av GHK sine største prestasjonar gjennom tidene, om gutane til Bjørn Roth-Andenes skulle klare seg gjennom denne kvalliken.  Her møter ein lag, hvis seniorlag spelar i landets øverste divisjon.  Det seier nok litt om kvaliteten på dei 18års laga vi møter.  Men med full moblisering og ein heiltent gjeng som set seg på bussen i morgon, har større undere skjedd før.  På sitt maxnivå er desse gutane våre heilt i toppen, og klarer dei å hente fram dette på laurdag og søndag, er alt mogeleg.  Første kamp er laurdag kl.12.00 mot Haslum, før ein møter FyllingenBergen kl. 16.30.  På søndag møter vi Falk kl. 11.30.  Alle kampane går i Framohallen i Fyllingsdalen.

Gudd løkk :)



Guttar på vej op og frem

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2013

Norrøna-GHK har haft mange drapelige opgjer de senere år. Før kampen havde Norrøna fortærket laget med blandt andet ringræven Per Matre. Spørgsmålet var om rutinen til Norrøna eller benene til GHK ville være afgørende.  


Norrøna kommer bedst fra start med forrige sesons topscorer med 9,4 mål pr kamp Jarle Crowo hamrer ballen ind til 0-1 og 1-3. GHK Guttar prøver at overliste Norrøna ræven med no-look-pass til linje, men ræven er som bekendt ikke så let lurt. Forsvaret til Norrøna står bra og keeperen tager også godt fra. Daniel var heldigvis hakket bedre som førte til viktige rush scoringer. Gamle guttar leder det meste af omgangen men vi kommer mere og mere ind i kampen. 10 sekunder før slutt af 1. omgang har Åmot et dårligt forsøg som går ret i magen til forsaveren. Heldigvis genvider vi bolden og Runar gør alt godt igen med triks 1 sekund fær pause. Vi leder 14-12 til pause og må være fornøjet med det efter at have ligget under det meste af omgangen. 
I andre omgang havde Paulen besluttet sig for at stenge buret. Åsmund Sælen spiler strålende som 1èr og vi glider fra gamle guttar. Vi brænder en del friløbere men det har vi råd til når vi har såpass med erobringer. Alander spiller sin bedste kamp i GHK trøjen ligesom Odd Martin Hauge gør næsten alt riktikt efter han kom ind i 2. omgang. Mange var gode idag og vi spiller langt bedre end sidste helg. Laget er i god udvikling og kan se frem til at møde Hasslum, Fyllingen og Falk Horten om plads i det gode selskab i G18 serien næste helg.  


Tap for damelaget i 4.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Sep 2013

I sin første kamp i 4.divisjon på Eid i ettermiddag, tapte K4 damene 34-15.  Stillinga ved pause var 12-6 til heimelaget Eid.  Har ikkje mykje info om kampen, men GHK brende 4 straffer, utan at det betyr så mykje frå eller til for sluttresultatet.  Neste kamp for K4 damene er heimekamp mot Florø 15.oktober.


Klart for ny kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2013

Til helga er det klart for nye kampar for våre seniorlag. K4 damene skal debutere i 4.div med bortekamp mot Eid på lørdag.  På søndag er det klart for sesongdebut på heimebane både for H3 og K3. Dei møter høvesvis Norønna og Årsatd 2.

GHK damer som er klare for kamp mot Årstad 2.

På lørdag skal vårt K4 lag prøve seg i 4. div. Dei skal til naboen på andre sida av Nordfjorden for å måle krefter.  Korleis styrekeforholdet er her, er vanskeleg å spå. K4 damene er i år ei blanding av fjorårets K5 lag, nokre frå K3 og ein del frå vårt nye J16 lag. Vi håper på ei positiv åpning av sesongen og spår ein jevn kamp på Eid.

Søndag er det klart for 3.div kampar.  Vårt "nye" og unge damelag skal møte Årstad 2. Forrige helg vart det siger og tap i Bergen, og denne helga reknar vi med at damene vil syne seg fram frå si beste side i Firdahallen.  På grunn av arbeid, må vi unnvere sentrale Ingun Reikvam Hansen i denne kampen.  Kor mykje det vil innvirke på denne kampen gjennstår å sjå, men uansett er det ein heiltent gjeng trenar Geert Brinkman sender på bana kl.12 på søndag.

Også herrelaget opna med siger og tap i Bergen sist helg.  No møter unggutane våre eit lag der mesteparten av spelarane kunne vore fedrane til våre gutar, aldersmessig sett.  Så gjennstår det å sjå kva rutine og musklar i haugevis kan utgjere, når Norønna skal møte eit lass av ungdomeleg talent og pågangsmot i årets GHK lag.  Vi trur at kjappe bein og hovud vil vere nok til at poenga vert att i Firdahallen.



BSI, eitt nummer for store.

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2013

Dei blei 27-19 tap mot BSI i serieopninga i Bergen idag. Studentane frå Bergen vart eitt nummer for store og ikkje alle våre hadde heilt dagen, det treng vi når motstandarane har ein del fleire kilo på skrotten enn vi. Men i morgon kjem atter ein dag, Gneist har vi lyst å ta!


G16 opna med storsiger

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2013

Det "nye" laget til GHK-16 var i akson i Firdahallen idag og gjekk til slutt av bana med storsiger 26-12 mot Askvoll/Holmedal.
Første omgang opna veldig nervøst og A/H fekk første målet før gutane omsider klarte å utlikne- 1-1 stod seg lenge utover omgange. A/H viste seg som eit ganske svakt lag der berre 2 av spelarane avlutta mot mål. For gutane våre var det lite tempo og trykk i det dei gjorde framover og det var tydleg at det var lenge sidan dei hadde spelt kamp. Ein god omgang mellom stengene av Ole Kristoffer Sørland gjorde at ikkje A/H drog ifrå i denne perioden.

Etterkvar løsna det, og utover omgangen sleppte dei seg meir laus. Dagens storscorar Jon Andreas Kornberg byrja etterkvart å treffe samtidig som ein fekk bra tak på A/H sin farlege midtpelar. Eirik Hovstad knalla til med ei super skotfinte og vips så var gutane på gli. Til pause var stillinga 13-5.

Utover i andre omgang fekk gutane fart på angrepsspelet sitt og dei fossa stadig gjennom forsvaret til A/H. Håvard Husevåg viste at vi har to gode målvakter og knallsterke Marius Moritsgård herja på strek. Dette kan bli bra. Sluttstillinga vart 26-12 mot laget som truleg er det svakaste i serien. Tøffare utfordringar står nok for tur seinare i haust, men med god trening skal vi bite frå oss.

I dag skora alle utespelarane, men dagens mann var nok Jon Andreas med heile 12 mål. 

Desse var med: Håvard Husevåg, Ole Kristoffer Sørland, Jon Andreas Kornber 12, Sindre Flatjord 3, Bjørnar Eikenes 1, Marius Moritsgård 4, Arne Nybø Gangeskar 1, Eirik Hovstad 2, Runar Hellerud 1, Hans Kristian Arnestad 1, Håvard Torvanger 1.


Herrelaget er igang

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2013

G18 med forstærkning af Bjørn Magnus og Paul Remi tog turen til Bergen for at måle kræfter med BSI og Gneist i 3. div. På forhånd var der knyttet spænning til hvordan GHK laget var kommet over generationsskifte med Arild, Edvin, Alex, Runar og Ole Martin som alle har forladt Sogn og Fjordane. 

Første opgjer var mod BSI et lag som vi har haft mange jævne oppgjer med og som truelig er 3. div bedste lag spiller for spiller. I begyndelsen har begge lag vanskelig for at skore. Sander bliver spillet fri og hamrer ballen på træværket og BSI kommer ikke gennem forsvaret. Efter 8 min er stillingen 3-2 til BSI som tager teten og øker til 5-2 efter 12 min. Gutta fighter sig tilbake og har kontakt ved 10-8 efter 22 min. I denne fase er Åmot, Bjørnarheim og Sundal gode. Vi roter veldig de sidste 2 minutter der BSI øker fra 12-9 til 14-9. Andre omgang bølger lidt frem og tilbake, men til sidst vinder BSI fortjent 27-19. Vi spiller en god kamp, lærer mye og taber til et bedre lag. Vi håber og få med oss Jonk Kåretil returoppgjeret, så skal vi bite bedre fra oss. 


Søndag gæster vi Gneist der stiller med et rutineret lag som er større og tyngre end vi. Drengene er lettere, raskere og bedre trent og forhåbentlig er det nok til at dra sejren i land. Vi kommer fort i 0-3 ledelse men så stokker det sig og vi brænder flere opplagte sjanser. Gneist kommer tilbake til 2-3 før Sander øker til 2-5. Hans Sande er i slag og snapper flere baller og går hele vejen og øker ledelse til 3-7. Nu bliver der en del tull og vi taber et overtal 1-0 og Gneist kommr tilbake til 6-9. Så tager Bjørn Magnus ansvar begge veje og vi går til pause med 12-7 ledelse. I begyndelse af andre omgang er vi oppe på 17-9 ledelse men så begynder vi og rote igen og slipper Gneist tilbake i kampen. Åmot studser balle i krydset til stillingen 20-15 som egentlig afgjer kampen. Sander får sit gennembrud som senior spiller idag med 4 scoringer, Ørjan og Hans var meget gode. Hans blev man of the match og Ørjan topskorer med 5 scoringer. Gutta har taget det 1. steg til at gjere en god sesong i 3. div. Nu bliver det spænnende hvordan det kommer til at gå mod Norrøna næste Søndag Kl 13.45 i Firdahallen. 


Damelaget tapte jevn kamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2013

I dagens kamp mot NHHI, måtte damelaget sjå seg slegne 22-19 av studentlaget NHHI. Stillinga ved pause var 10-8. Etter gårsdagens nedsabling av Askøy, var det i dag ein heilt anna motstand på andre banehalvdel.  To gode lag utkjempa ein tett og tøff kamp.  Etter at NHHI kom best i gong, var GHK heile tida godt med og var i tomålsleiing fleire gonger i første omgong.  Fram mot pause var det likevel NHHI som klarte å få ei tomålsleiing.  I andre omgong drog studentlaget litt ifrå, og var på det meste oppe i seks måls leiing.  Men GHK jentene samla seg og knappa inn fram mot kampslutt, utan at dei kom nermare enn tre mål.  Alt i alt ein godkjend kamp av det unge laget vårt, og spesielt forsvarsmessig var vi gode.  Irene Slagstad og Elise Heien Hansen stod fram som to bautaer, som ingen klarte å kome forbi.  Det som må jobbast med framover er spel i etablert angrep.  Her slit ein framleis med å få nok trykk mot mål.  Men dette skal jobbast godt med komande veke, fram mot neste helgs heimekamp mot Årstad 2.


Pangstart av damelaget i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Sep 2013

GHK sitt damelag i 3.divisjon fekk ein pangstart på årets sesong, då dei kuste Askøy smått utrulege 32-8 i kveld.  Stillinga til pause var 15-1!!!! GHK gjekk ut i hundre med feiande flott forsvarsspel, og lynhurtige kontringar.  Askøy viste nok ikkje kva som traff dei, før det stod 5-0 i protokollen.  Det gjekk heile 13 min før Askøy fekk sitt eine mål i denne omgongen, medan jentene våre skåra trytt og jevnt.  Alle jentene var kollektivt gode i dag. Ingunn Reikvam Hansen vart kampens toppskårar med 8 mål, tett følgd av Amanda Veiteberg med 6 mål.  I morgon er det ny kamp mot NHHI.


Sesongstart!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2013

Etter ein lang sommarferie og mykje godt treningsarbeid, er det no endeleg klart for å kaste i gong årets sesong.  Både dame og herrelaget i 3.divisjon skal til Bergen for dobbelkampar der, medan gute og jentelaget opnar på heimebane.

Fjorårets J15 lag (bilde) er, saman med årets 15 åringar, klare for J16 kamp mot Sogndal på søndag

Herrelaget skal møte studentlaget BSI i Fantoft Idrettshall på laurdag, medan Gneist står på motsatt banehalvdel i Fyllingsdalen Idrettshall på søndag.  Årets GHK lag er vel det yngste på lenge. Med unntak av 3 spelarar, er resten identisk med G18 laget.  Men dei har trena godt i haust, og dei har synt i treningskampane at dei har eit høgt maxnivå.  Diverre er den gode høgrebacken Magnus Årskog ute med langtidsskade.  Dette svekker nok laget noko, men vi håper likevel på ei god åpning av sesongen.

Damelaget har òg eit ungt lag denne sesongen.  Med ny trenar i Geert Brinkman, ny keeper i Rita Monteiro, samt ei treningsviljug gruppe av unge gode talent, vert det utruleg spanande og sjå kor langt dette rekk.  Ingunn Reikvam Hansen er tilbake i GHK trøya, og saman med Eli-Anne Birkelund utgjer dei rutinen i laget.  På lørdag skal dei møte Askøy i Askøy Forum, medan dei søndag møter NHHI i Lehmkuhlhallen.

G16 laget til Torbjørn Sælen skal møte Askvoll/Holmedal i Firdahallen på søndag.  Her er det mykje nytt sidan i fjor.  Ein ny årgang har tatt steget opp eit nivå, og saman med dei litt meir rutinerte frå i fjor, vert det spanande og sjå kva Torbjørn har fått til med dette laget.  Truleg er det første året på lenge at GHK ikkje er favoritter i denne serien, men dette kan slå positivt ut når gutane først kjem i gong.

Også J16 opnar denne helga med dobbelkamp i Firdahallen på søndag.  Dei skal møte både Sogndal og Sogndal 2.  J16 er i år samansatt av like deler 15 og 16 åringar.  Nye lovande spelarar har kome til, og stammen frå fjorårets 15års lag er inntakt.  På dette laget finn ein mange lovande handballspelarar, som heilt sikkert vil bidra til GHK handballen på damesida i framtida. Utfordringa her har vore at mange av spelarane er aktive innan fotballen, så treningsgrunnlaget reint handballmessig kanskje ikkje er det beste.  Men dette vil nok gå seg til utover i sesongen, og vi forventar mykje fin handball frå denne gjengen.

Lukke til med kampane.



Bjørn Roth-Andenes er klar for årets sesong!

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2013

Sjå kva herretrenar Bjørn Roth-Andenes meiner om årets sesong, fortalt til NHF RegVest sine sider http://www.handball.no/p1.asp?p=41321


Gloppenshow

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Sep 2013

Etter kampen mot Stryn på tysdag, har vi fått denne rapporten frå K3 sin "teammanager":

Tysdag 17. september reiste K3 til Stryn for å spele treningskamp. Gloppen knuste, som kjent, det meste av motstand forrige gong laga møttest i Firdahallen, så i denne kampen ville Geert prøve ut litt andre forsvarsformasjoner. Dette førte til at Stryn leia 5-0 når det var spelt 7 min av kampen. Med kun 1 treningsøkt med 4-2-forsvar så vart det for store rom for linjespelaren til Stryn. Geert la om til vanleg forsvar etterpå og tok raskt innatt forspranget. Stillinga var 17-8 til pause.
I 2. omgang fekk Eli-Anne litt meir pause for å sleppe innpå dei yngre linjespelarane våre. Dette takla dei godt, og Gloppen gjekk sigrande av bana med resultatet 32-19. Rita imponerte med å redde alle straffene til Stryn! Ein sterk lagsiger!!

 



Innkalling til regional landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Sep 2013

Det er gjort uttak til denne sesong s første regionale landslagssamling for gutar født i 96-97.  Samlinga er i Haukelandshallen onsdag 02.oktober, og frå GHK er både Sander Nesdal og Preben Indrebø teken ut.  Vi gratulerer, og ynskjer lukke til.

Sander Nesdal til regional landslagssamling



K3 damene til Stryn for siste test før sesongstart

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2013

Trenar Geert Brinkman tar med seg damelaget til Stryn i kveld, for ein siste test før det er seriestart i Bergen til helga.  I ein tilsvarande kamp i Firdahallen for ei tid tilbake, vann GHK med 34-19. Det er venta ein tettare kamp i kveld.

Etter siger mot Stryn sist!



Nordfjord Laks med raus gåve til GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2013

Fiskeoppdrettsfirmaet Nordfjord Laks AS, har utstyrt alle spelarane på GHK sitt dame og herrelag i 3. divisjon med nye bagger for bruk til utstyr til kamp og trening.  Ikkje minst ved reiser til bortekampar vil dette auke lagfølelsen til spelarane, og bidra til at GHK framstår på ein enno betre måte.  Vi takker så mykje for gåva, og ynskjer samstundes Nordford Laks velkomen som sponsor til GHK.



Ny storsiger over Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2013

I kveldens treningskamp mot Stryn, i Stryn, synte GHK damene at nivået frå 4. til 3. divisjon kan bli ei tøff utfordring for strynetausene.  Etter å leia 17-8 til pause, kunne GHK kruse inn til ei grei siger 31-20.  Trenar Geert Brinkman brukte store delar av andre omgong til å eksprimentere med laget, så sigeren kunne nok vore langt større om ein hadde hatt "gassen" på.  Men det er langt viktigare kampar til helga, så dette var ei grei treningsøkt.  Heile laget synte at serieforma er i anmarsj, og bakerst stod Rita ein ny fin kamp i mål.  No er det berre å finpusse forma fram mot at Askøy står på motsatt banehalvdel på laurdag.


GHK G18 tapte mot Bergsøy

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2013

GHK sitt G18 lag tapte kveldens treningskamp mot herrelaget til Bergsøy 21- 27, etter å ha lege under 11-12 til pause.  Bergsøy stilte med eit godt lag, som seinast i fjor spela i 2.divisjon. Og tar ein så med at GHK hadde eit halvt lag på skadelista, gjorde gutane våre ein grei kamp. Det er trass alt mot god motstand ein vert betre.

Før kampen var det klart at sentrale spelarar som brødrene Sælen, Runar Åmot, Mikael Alander og Andreas Kissner måtte stå over kampen med skader frå helgas kamper i Bergen.  Heller ikkje Erlend Ulvestad var kampklar.  Våre gutar gjekk likevel respektlaust ut frå startblokkene, og leia store deler av første omgong. Midt i den gode GHK perioden, måtte Magnus Årskog forlate bana med ein stygg vridning.   Bergsøy kom likevel tilbake fram mot pause og kunne gå i garderoben med eitmåls leiing.  I andre omgong var det Bergsøy som var det førande laget.  GHK gutane gjorde fleire dårlege val, og det vart mykje stang ut ein periode.  Dette nytta Bergsøy til å stikke frå og vann 27-21.  Tatt i betraktning dei mange skadane før kampen, og at sentrale Magnus måtte ut tidleg, var dette likevel ei nyttig god og gjennomkøyring for gutane.  Tida fram mot sesongstart må nyttast til å få flest mogeleg kampklare. Og med heile gjengen på plass, vil nok mange lag få merke at GHK ikkje er enkle å skubbe seg på.

Med i dagens kamp: Daniel, Joakim, Lauritz(3), Preben(1), Magnus Å(1), Magnus M(3), Håvard(1), Osmund(1), Ørjan(8), Hans(3), Bjørn(trenar).



Herrelaget spelar treningskamp mot Bergsøy

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Sep 2013

GHK sitt herrelag skal møte Bergsøy til treningskamp i Firdahallen onsdag 11.sep kl 19.00.  Etter helgas kampar for G18 laget i Bergen, er det fleire som slit med småskader, og som venteleg vil stå over denne kampen. Men trenar Bjørn Roth får tilbake nokre som ikkje var med til Bergen, og vil venteleg mønstre eit slagkraftig mannskap.


Nye GHK jenter til SUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Sep 2013

Då er uttaket til årets første SUM samling gjort kjent. Frå GHK er heile 4 jenter tekne ut.  Vi gratulerer Siri Henden, Hilde Katrin Kvernevik, Malene Berle Naustdal og Sofie Pernille Hole med uttaket, og ynskjer lukke til.  Samlinga finn stad i Strynehallen torsdag 26.09 kl. 17.15 - 20.30. 


Fortsettelse på Thon cup med g18

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Sep 2013

Idag spiller vi mod Kjøkkelvik og Sotra, 2 lag vi kjenner godt fra før. Etter fin frukost der tre stk var lovlig seint ute bar det avsted mot Sotra arena. 

Først ute er Kjøkkelvik. Det første kvarteret spiller vi fantastisk god handball og leder 7-4. Alle er fullstendig på hugget og alt sitter. Så har vi litt stang ut og trener og spillere mister litt fokus. Det er ikke mer der skal til på dette nivå, og lige plutselig står 7-8. Kjøkkelvik siger fra og vi fighter for å holde oss inne i kampen. Til pause står det 11-16 til Kjøkkelvik. Vi spiller en fornuftig 2.omg, men står for dårlig i forsvar til å kunne vere med. Sluttresultatet blir 19-26.
Målscorere: osmund 2, Vegard 3, Åsmund 1, Mikael 1, Magnus André 1, Ørjan 5, Håvard 3, Runar 1, Lauritz 1.

I annen kamp møter vi Sotra, der vi har en revansje tilgode frå forrige helg. Sotra kjem best frå start, men gutane bevarer trua, etter å ha ligget under heile første omgang, går vi til pause med 10-10. Etter pausen tek Gloppen styringa og vinner dei fyrste 5 minutta 3-0 og held denne utover i omgongen. Sotra vinn tilbake ledelsen  etter 23 minutts spel 18-17. Den nye Moritsgård utliknar til 18-18 frå vingen. Vi har sjansen for å få begge poeng, men mangler rutine i sluttminuttene. Dette er ein glimrande måte å få trent på jamne kampar. Med Vegard og Osmund på benken for å skåne benene er dette godt gået. Dagens uheldigste er Nikolai Eikås med brudd i høyre pekefinger.
Målscorere: Lauritz 2, Åsmund 1, Mikael 1, Magnus André 1, Ørjan 6, Runar 4, Kissner 4.

Vi ser frem til Fjellhamar og Fyllingen i morgen! 
Vi gratulerer GFIL med super medaljefangst til UM! 


G18 til Bergen i helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Sep 2013

GHK sitt gode G18 lag, reiser denne helga til Bergen for å delta i Thon Hotels Sport Cup.  Dette er ei turnering med mange gode lag, så våre gutar får verkeleg testa nivået sitt her. Trenar Bjørn Roth-Andenes reiser med ei 14 manns stor tropp, men har nokre fråfall av spelarar som ikkje er disponible denne helga.  I tillegg er det litt småsjukdom i troppa, men gutane reiser med innstilling om å bite godt frå seg.  Fredag kveld skal vi møte Drammen, medan vi laurdag skal møte både Kjøkkelvik og Sotra M02.  På søndag ventar Fjellhamar og FyllingenBergen.  Tøft program, men gutane likar det :-)


GHK mot nye høgder

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Sep 2013

Denne helga er første skikkelige prøve for g-18 gutta til gloppen. På programmet står 5 kamper mod Drammen HK, Fjellhammer, Fyllingen, Kjøkkelvik og Sotra. Første kamp mod Drammen HK fredag aften kl 20.00. Gutta er lidt tafatte fra begynnelsen og Drammen får skyde fritt og kommer lett til mål. Vi kommer også overraskende lett til scoringer i modsat ende. Efter 5 min er stillingen 3-3 og treneren er den eneste som tror på mulighet for siger. Drammen drar fra flere ganger, men Gloppen kommer tilbage i kampen selvom laget mangler de siste 10%. Siste gang vi har skikkelig kontakt er ved 9-7 efter 18 min. De sidste minutter mister vi koncentrationen og Drammen går ifra til 14-9.
I pausen får vi opp gutsen og får avtalene til at sidde bedre. Det er et helt andet lag der kommer på banen. I forsvaret får Drammen bank dersom de prøver at krysse 9 meteren. Efter 7 minutter er stillingen 15-14 og Drammen tager time out. Det er Gloppen som har trua og Drammen som skjelver. Lagene knives og ingen får avstand til motstandern. 2 minutter før slutt drar Drammen fra til 21-19 og nogen ville have set mørkt på det. Gloppen sine gutar ville det anderledes to perfekte angrep med 100% sjanse gør at slut sifre bliver 21-21 og vi kan fejre et point mod et af Norges beste klubber. 
I aften nevnes ingen enkeltspillere, for det var en lagsiger...alle var gode.


GHK med flott innsats i Telehuset cup i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Sep 2013

Sist helg var vårt K3 lag i Førde for å delta i Telehuset cup, som ei oppkøyring til årets sesong.  Kampane gjekk over 1x25 min, og våre damer var ikkje snauare enn at dei kom heim med flott pokal og 2. plass i turneringa.  Frå "teammanageren" har vi fått følgande rapport:

Glade jenter i Førde

Glade jenter i Førde

K3 var forrige helg på Telehuset Cup i Førde. Påmeldt i klasse Senior2 hamna vi i pulje med Høyang (5. div) og Ålesund (3. div).
Som venta var det ikkje mykje motstand mot Høyang sitt nystarta damelag. Og det skal det heller ikkje vere med 2 divisjonar i forskjell. Vi kontra mykje og følte difor at vi stod mykje i forsvar i kampen. Nokre bomskudd vart det, men resultattavla synte til slutt 15 mål til oss. Etter nokre glippar i vårt forsvar endte Høyang på 3 mål. Ein god kamp med mange gode taklingar. Det skal også seiast at Eli-Anne ikkje var med denne helga. Med ho på plass hadde vi nok sett endå fleire gode taklingar.

Klare til kamp

Mot Ålesund vart det vesentlig meir motstand. Amanda var sterk framover på bana, og scora mange mål. Rita hadde også ein veldig god kamp og redda fleire 100% sjangsar. Ok forsvar, men nokre tekniske feil framover. Likevel førte vi heile kampen og den enda med 10-8 siger.

Søndag var vi klar for kvartfinale mot Osterøy (8. div), som vi vann 12-3, og deretter semifinale mot Førde (j16). Denne vann vi også, 16-7.

Konsentrerte jenter føl med når trenaren legg kampplan

 I finalen møtte vi igjen Ålesund (3. div). Underteikna var ikkje tilstades søndag, men i følge trenar Geert så var han godt nøgd også denne kampen, men dessverre var det ingen som torde skyte når vi hadde ballen i siste minuttet. Det blei tap 12-11.

Kjekt å sjå Ingunn Reikvam Hansen tilbake i GHK-trøya, og at nye spelarar som Malin Eikenes, Amalie Mundal og Eirhild Lovise Bruvoll Alme har tatt steget opp i 3. divisjon. Trur vi kjem til å få sjå mange kontringar frå Malin utover i sesongen, så det er berre å glede seg til kamp i Firdahallen.   



Også Ragnhild til RUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Sep 2013

I tillegg til dei 5 gutane frå GHK som skal til RUM samling i Førde 16.september, har også Ragnhild Ryssdal no fått klarsignal til same samling.  Vi gratulerer sjølvsagt, og ynskjer Ragnhild lukke til.


Heimekampar haust 13

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2013

Oppgåvefordeling i samband med heimekampar i GHK haust 2013.
Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte, 
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ).
Trykk på tidspkt Trykk på aktuel kampnr. Trykk på bane Trykk på lag Trykk på lag ARRANGEMENTSANSVARLEG  SEKRETARIAT
og få kampinfo og få terminliste  og få  og få og få  har ansvar for billettar TIDTAKAR-SEKRETÆR, heng opp og ta ned reklamesegl.
og kamprapport og resultater anleggsinfo. lagsinfo. lagsinfo. og ringer dei i sekretariatet.  Rydder etter kampen.
Tid Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag
SØNDAG 22.09.2013
1750 56J16A4052 Firdahallen Gloppen Sogndal 2 Torill Rygg Eide  (90932738) Vidar Eide    Inge Bent Arnestad 
SØNDAG 29.09.2013
1345 56M03A1027 Firdahallen Gloppen Norrøna Lars Ulvestad  (91745787) Odd Flatjord     Magne Devik
TIRSDAG 15.10.2013 Eli Reed Lote  (48030112)
1900 56K04A2003 Firdahallen Gloppen 2 Florø Åse Margrete Seime  (97189779) Ole Johnny Djupegot   Solgunn Myklebust
SØNDAG 27.10.2013
1130 56J13A5072 Firdahallen Sandane Florø Bjørn Kåre Eikenes  (95133343) Anne Britt Henden        Karianne Slagstad
1300 56K0301054 Firdahallen Gloppen Stryn
1415 56J13A5032 Firdahallen Sandane Florø 2
1545 56M03A1052 Firdahallen Gloppen Stryn  Tom Wilke   Torbjørn Sælen  
LØRDAG 02.11.2013
1500 56K0301005 Firdahallen Gloppen Stord 2 Jon Inge Sørland  (91360534)   Anne N. Andenæs  (97782544) Ernfred Øygard     Audun Mundal
1645 56M03A1040 Firdahallen Gloppen Gneist
MANDAG 25.11.2013 Eli Reed Lote  (48030112) Olaf Henden    Øyvind Hervik
2000 56J16A4093 Firdahallen Gloppen Førde Åse Margrete Seime  (97189779)
SØNDAG 01.12.2013
1735 56K04A2023 Firdahallen Gloppen 2 Florø Lars Ulvestad  (91745787) Norunn Sunde    Liv Djupegot
LØRDAG 07.12.2013
1110 56J16A4084 Firdahallen Gloppen Florø Eli Reed Lote  (48030112) Jørn Lothe   Beate Kornberg
1215 56G16A2015 Firdahallen Gloppen Florø
1320 56J16A4034 Firdahallen Gloppen Florø 2
LØRDAG 14.12.2013
1130 56G14B3072 Firdahallen Breimsbygda Førde 2 Torill Rygg Eide  (90932738) Kjersti Nyhagen Hole   Kjell Jacobsen
1225 56J16A4010 Firdahallen Gloppen Eid
1330 56G14B3034 Firdahallen Sandane 2 Førde 2
1500 56K0301014 Firdahallen Gloppen Dale Anne N. Andenæs  (97782544) Odd Flatjord    Per Andenes
1645 56M03A1066 Firdahallen Gloppen Sotra 2
SØNDAG 15.12.2013
1645 56G16A2044 Firdahallen Gloppen Syril Åse Margrete Seime  (97189779) Turid Hansen Torvanger    Bjarte Gangeskar
LØRDAG 01.02.2014
1530 56M03A1008 Trivselshagen 1 Gloppen Eid
LØRDAG 01.03.2014
1300 56M03A1059 Trivselshagen 1 Gloppen BSI
SØNDAG 16.03.2014 Reserve:
1500 56M03A1020 Trivselshagen 1 Gloppen Bjørnar 2 Edvard Kvernevik
SØNDAG 30.03.2014 Eirunn Arnestad
1300 56M03A1034 Trivselshagen 1 Gloppen Kjøkkelvik 2 Per Ståle Husevåg
Nils Egil Moritsgård
Inge Eikenes
Marit Reikvam Hansen


Dugnadsliste heimekampar hausten 2013

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2013

Det er no lagt ut liste over dei som skal hjelpe til under heimekampar fram til jul.  Lista finn ein ved å trykke på linken "Dugnadsliste" i menyen til venstre, deretter vel ein "Heimekampar haust 2013".


Sesongens første RUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2013

Då er det snart klart for sesongens første RUM samling.  Den går i Førdehuset mandag 16. september.  Frå GHK er følgande teken ut: Håvard Kjønås, Mikael Alander, Lauritz Bjørnereim, Sander Nesdal og Preben Indrebø.  Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.

Heile troppen her http://www.handball.no/p1.asp?p=41117



Stigende formkurve på Bergenshelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Sep 2013

Det yngste GHK lag på længe drog sørover for at teste formen. Laget består af 2 seniorspillere og 10 G-18 og 2 G-16. Mye talent, lite rutine samt 2 Førdianere, som ikke har været med tidligere,  det er en uforudsigbar cocktail.


I første kamp møder vi Bjørnar som rykker ned fra 1. div i fjor. De har høgre balltempo og mere trykk end vi er vandt til. Vi er rimelig med i begyndelsen av kampen takket være Lauritz og Vegard som begge scorer 5 mål. Efter 15 min ville vi have været nede med 3 mål dersom vi havde scoret på vores rush. Indenfor 1 minutt blir både Hans Sande og Erlend Ulvestad skadet. Hans fikk kutt over øjet og Erlend blev trakket på. Treneren er optaget med og standse blødning og laget går helt svart. Vi taber de sidste 15 min 11-1 og går til pause med chokcifre 22-6. I pausen får vi rettet opp på aftalerne og gutsen. Andre omgang kommer et langt bedre GHK lag på banen som spiller periodevis meget flott håndball. Vi taber andre omgang 12-15, men fik rejst kjerringa. Ørjan og Åmot var gode i andre omgang og noteres for 3 scoringer hver. Begge keepere var gode, Paulen især efter at have fået ballen i trynet. 

Sotra venter kl 17.30 og gutterne starter meget bra og leder de første 10 minutter af kampen. Os er flyvende efter nærbesvimelses tilfælde under bjørnar kampen. I forsvaret bryder han rytmen i Sotra spillet. I angreb scorer han3 mål og sætter spillet op på en fremdragende måde. Efter 10 minutt kommer GHK spøgelset forbi en tur og 5-4 GHK ledelse bliver til 9-6 for Sotra. Gutterne kommer flott igen til sidst og går til pause med 12-8. I andre omgang slipper vi op for krefter og mærker godt at Hans og Erlend sidder ude med skade. Sotra som ikke havde spillet tidligere den dag løber over os. Gode for GHK var Ørjan og Bjørn Magnus med 3 mål, samt Vegard og Laurits med 2 hver. 


BHK trak sig i 12 time og vi skulle møde Bjørnar en gang til. Det var vanskeligt at motivere gutta, men Erlend var klar igen og stemningen blev gradvis bedre under oppvarmningen. Kampen går igang og Mikael Alander begynder med trylleshow på midtbakken. 3 no-look-passes til Bjørn Magnus og vi leder 3-1. Efterfølgende skorer han på underhånd og gennembrud. Føringen skifter frem til stillingen 9-9 hvor Bjørnar overtager ledelsen. Vi er helt med frem til 3 minutter før pause da stillingen er 17-14. Vi brænder en 100% som kunne have givet 17-15 istedet bliver det 18-14, pausestillingen er 20-14. Vi spiller et brag af en 1. omgang og holder stand i 27 minutter. Alle spiller bra begge veje og laget har hævet sig mange hakk på 24 timer. 2. omgang bliver envejskjøring, men med gode GHK indslag. Bjørn Magnus fører an med 6 mål på 7 forsøg, Ørjan og Åmot følger efter med 4, Vegard med 3, Alander 2 mens mens Ulv, mini-Moritz og Preben har hver 1. Preben leverer en gjennomsolid indsats og er helgens bedste 97 årgangs spiller. Ørjan og Åmot afslutter med en flyver og nu glæder vi os til næste helg der vi møder spillere på samme alder fra Drammen, Fjeldhammer, Fyllingen, Kjøkkelvik og Sotra.   


Herrelaget til Bergen for kamptrening

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Aug 2013

GHK sitt 3.divisjonslag reiser denne helga til Bergen for å møte kvalifisert motstand i 3 treningskampar. Dei skal møte 2.divisjonslaga Bjørnar og Sotra på laurdag, samt 2.divisjonslaget Bergen Vest på søndag. Det unge GHK laget får noko å "bryne" seg på, men det er med tøff motstand ein vert betre.  Vi ynskjer lukke til.


K3 damene med storsiger over Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Aug 2013

I kveldens treningskamp i Firdahallen, varta "nye" GHK opp med feiande flott spel i lange periodar. Jentene gav seg ikkje før dei hadde netta heile 34 gonger, mot divisjonskollega Stryn sine 19.  Heile laget må få godkjent for innsats, og til tider spel som lovar godt fram mot sesongen. Likevel må vi trekke fram ei (endeleg) skadefri Amanda Veiteberg, som banka 12 ballar i nota.

Blide og glade jenter og trenar etter kampen.

Treningane i det siste har gjeve bod om ein treningsviljug og fartsfylt gjeng, og før tavla synte 6 min leia GHK med 5-0.  Stryn kom etterkvart betre med i kampen før pause, men var aldri nermare enn 3 mål bak. Fram mot pause synte mange seg fram, og etter flotte kombinasjonar og mål frå før nemnde Amanda, samt Elise og Irene, kunne GHK gå i garderoben med 15-8 leiing. Her må vi òg nemne vår nye keeper Rita, som hadde mange flotte redningar, og som stod ein meir enn godkjent debykamp.

Tre sentrale spelarar i kveldens kamp, Rita, Amanda og Irene.

Utover i andre omgong fekk jentene våre meir og meir rom å springe i, og auka leiinga jevnt og trutt.  Hurtige kontringar vart avløyst av godt etablert angrepsspel, som stort sett endte med skåring.  Om ein skal trekke fram noko som ikkje var like bra, må det vere at ein sleit med å få tak på strekspelaren til Stryn.  I tillegg til fleire spelemål, skaffa ho Stryn 6 straffer, som alle vart omsett i skåring av Stryn sin store spelar, Vanessa Sunde Hoel.  Totalt skåra ho 10 mål for Stryn.

Jenter med nettsus,,Amanda(12) og Elise(8).

Kjekt var det òg å sjå Ingunn Reikvam Hansen attende i GHK drakta.  Ho syner stor speleforståing og har ein god skotarm (5 mål).  God dommar (som alltid) var Einar Eimhjellen.

Desse var med: Rita Monteiro, Irene Slagstad(4), Malene Støylen, Amanda Veiteberg(12), Amalie Mundal, Torill Henden Gaasø(1), Lene(Førdespelar som trenar med oss)(2), Guro(Også Førdespelar som trenar med oss), Elise Heien Hansen(8), Ragnhild Ryssdal, Ingunn Reikvam Hansen(5), Ingvild Slagstad, Eli-Anne Birkelund(2).



Jente 16 har starta oppkøyring

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Aug 2013

GHK sitt 16årslag for jenter starta med oppkøyringa til årets sesong i kveld.  I fråvær av trenarane, var det damelaget sin trenar, Geert Brinkman, og vår nye damekeeper Rita Monteiro, som tok dagens økt.

Lydhøyr gjeng når Geert forklarar

Årets jente 16 lag er ei fin blanding engasjerte og læringsviljuge jenter frå fjorårets jente 15 lag, og ei fin samling av nye 15 åringar, som utifrå dagens økt er ein fin tilvekst til GHK.  Trur vi får mange fine økter i Firdahallen når desse jentene skal ut i kamp om ei stund.

Eli Kristin fekk god keepertrening av Rita Monteiro



Portugisisk keeper klar for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Aug 2013

GHK har  henta det portugisiske keepertalentet Rita Monteiro som forsterkning til damelaget i 3.div. Klubben har i lengre tid vore på utkikk etter spelarar, då mange av dei eldre på laget har takka av etter forrige sesong. No er Rita på plass, men klubben er fortsatt på utkikk etter fleire spelarar for å styrke stallen.

Rita Monteiro på plass i Firdahallen

Gjennom vår nye trenar, Geert Brinkman, har vi lykkast i å få på plass ein solid keeper til damelaget. Når vi i tillegg har Benedikte Gåsemyr i stallen, er vi trygge på at den lagdelen er i boks før årets sesong.  Rita kjem som sagt frå Portugal, er 22 år og eit keepertalent vi er svært glade for å ha fått til klubben. Trass sine unge år, har ho handballerfaring på nasjonalt nivå i Portugal i mange år. Først på aldersbestemt nivå, seinare på seniornivå. Ho har fleire ulike trofe å syne til i denne perioden.  Vi gledar oss til å sjå ho i aksjon i GHK trøya :)

Geert Brinkman er glad for å endeleg ha Rita på plass i treningsgruppa.

Rita i aksjon på første trening for GHK



God treningskamp i Firdahallen i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Aug 2013

GHK sitt H3/G18 lag starta kampsesongen med treningskamp mot eit svært godt "old star" GHK lag i kveld.  I ein fartsfylt og til tider velspela kamp, var det til slutt "old star" som drog sigeren i land med 34-28. Men GHK si nåtid/framtid leverte ein godkjend kamp.

Underteikna vil påstå at "old star" laget kunne hevda seg i toppen av 3.div, kanskje midt på treet i 2. divisjon. Såleis lovar det godt at "ungfolane" held kontakt gjennom heile kampen.  Kjekt å sjå Magnus Årskog attende i GHK.  Med sin venstrearm vil han vere ei klar fortsterkning for H3 laget.  Nye i laget er òg dei to førdianarane Preben Indrebø og Håvard Kjønås. Desse to synte at det vert kamp om plassane på G18 laget i år.  Trenar Bjørn Roth har eit luksusproblem når han skal komponere lagoppstillinga.   Etter kampen spelte GHK ein internkamp over 20 minutt.

Desse var med: Daniel Hj Reed, Runar H Åmot(1), Osmund Vereide(1), Mikael Alander(3), Åsmund Sælen(1), Vegard Sælen(2), Magnus Årskog(4), Bjørn M Nystad(1), Preben Indrebø(2), Håvard Kjønås(2), Ørjan Sundal(7), Sander Nesdal(1), Lauritz Bjørnereim(3), Erlend Ulvestad, Hans Sande



June Andenes til Russland og Lada

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Jul 2013

Byåsen (og "vår eiga" ) sin gode strekspelar, June Andenes, reiser til Russland for å spele handball for Lada.  Ho seier sjølv i ein kommentar til NRK at ho håper dette steget ho no tar, skal bidra til landslagsplass for Norge.  Vi ynskjer ho sjølvsagt lukke til, og skal heretter fylgje nøye med, også på russisk damehandball.

Foto: Mario Gentzel / pictureteam



Kontrakta med Geert er signert

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Jun 2013

Før vår nye trenar reiste tilbake til Nederland for å ta ferie, vart kontrakta signert i eit møte på Gloppen Camping. Kontrakta bind Geert Brinkman til GHK i eit år, med ytterlegare opsjon på to år til.  Geert er tilbake i Gloppen i slutten av juli, for å ta fått på oppkøyringa mot årets sesong frå 1.august.

Ein nøgd leiar i GHK med kontrakta som gjer Geert Brinkman til ny dametrenar i GHK



Tøff motstand for GHK i SPAR kvallik

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Jun 2013

GHK sitt 18 årslag for gutar skal ut i tøff kvalifiseringsrunde, før dei eventuelt er klare for den landsdekkande SPAR serien.  Helga 05. og 06. oktober skal dei til Bergen for å møte arrangørlaget FyllingenBergen, samt dei to austlandslaga Haslum og Falk-Horten. For å sette motstanden vårt lag møter i perspektiv, har alle dei 3 laga vi møter, lag i neste års Postenligaen.  Så gjennstår det å sjå kva 18 årslag dei stiller med! Men tøft vert det.



GHK damene i treningskamp mot G17 laget

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Jun 2013

I kveldens treningskamp i Firdahallen var det GHK sine 17 års gutar (inkludert 16 åringane Jon Andreas Kornberg og Preben Indrebø) som synte størst fart og mest musklar.  Men sjølv om damene tapte klart, var her mange positive ting og ta med seg vidare for Geert Brinkman sine elevar.

Amalie Eikeset Mundal synte fine takter frå strek.

Kampen kom istand fordi vår nye dametrenar ynskte å sjå sine  elevar i kamp.  Torbjørn Sælen mønstra eit godt gutelag, og det var aldri i tvil kven som var det beste laget.  Men nyttig trening var det for begge lag.  Damelaget mangla nokre sentrale spelarar i kveld, men dei som var med fekk synt seg fram på ein flott måte.  Amanda Veiteberg er tilbake frå langvarig skade, og sette 5 mål. Både Eli-Anne, Marte og Ragnhild hadde 4 kvar.  Kjekt var det òg å sjå Elise Øygard i fint spelehumør med 3 mål, og den dagen skruballen sit, vert det mange mål frå den kanten.  Øvrige damer som var med i kveld var Ingvild, Amalie(2), Torill(1) Ingunn, Karoline(2) og Benedikte.  For gutane sin del brukte Sander venstreslegga godt og banka heile 12 mål bak keeper.  Erlend(8), Lauritz(7), Hans(7), Magnus(6),Jon Andreas(1),Peter(1),Preben, Daniel og Joakim var dei andre som var med her.  Sluttresultat 25-44 til gutane, etter 10-21 til pause.

Ikkje lett for Marte & co mot Mikael, Preben og Lauritz.



GHK sine damelag held formen vedlike

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jun 2013

I samband med at vår nye dametrenar Geert Brinkman er på besøk, gjennomfører han ein del treningsøkter med K3 og K4. I denne omgong for å betre kjend med sine nye elevar, og for å legge litt premissar for vidare arbeid framover.  Frå august er han og familien på plass for å ta fatt på oppkøyringa fram mot neste sesong.

Viktig med "teamtalk" etter endt trening



GHK og Firda vgs samarbeider om ny trenar

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jun 2013

GHK og Firda vgs samarbeider om tilsetjing av trenarkapasitet frå Nederland.  Geert Brinkman har topp trenarutdanning frå Nederland og Tyskland, og har vore handballtrenar på ulike nivå i Nederland i 20 år.  Mange av dei på toppnivå.  For GHK sin del skal han primært trene damelaget i 3.divisjon, samt ha eit overordna ansvar for toppgruppesatsinga i klubben.  På Firda skal han ha ansvar for treningane til dei som har toppidrett handball som valfag.

Geert under sitt første møte med damelaget.

Geert har allereie vore i Gloppen ein tur, der han hadde trening både med GHK damelag og med toppgruppa, samt at han hadde ei økt med toppidrett handballgjengen på Firda. Tilbakemeldingane frå dei aktive har vore utelukkande positive, og det er med forventning vi ser fram mot neste sesong.  I desse dagar kjem Geert oppover att saman med familien sin for å bli betre kjend med bygda og spelarane.  Han vert her ei veke, og skal ha ein del treningar i denne perioden.  Samstundes skal han legge planer for spelarane fram til han er på plass i august. 


Ope møte om skulebruksplanen 21. mai

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mai 2013

Det vart i dag kjent at fylkesrådmannen i sitt framlegg til skulebruksplan får dramatiske konsekvensar for Gloppen og Firda vidaregåande skule, om den vert vedteken i fylkestinget 11. og 12. juni. Blant anna vil han legge ned idrettslinja på Firda vgs. Gloppen kommune og Gloppen næringsorganisasjon inviterer til orienteringsmøte om skulebruksplanen for fylket i kultursalen i Trivselshagen tysdag 21. mai kl 19.00.

Kommune, politikarar og næringsliv orienterer og svarer på spørsmål kring temaet: Ny skulebruksplan – kva konsekvensar får dette for næringslivet- og lokalsamfunnet Gloppen?
Viktig at idretten møter opp og syner at vi vil kjempe for tilboda ved Firda vidaregåande skule.  Ein skule som er nøkkelen til dei mange store idrettsprestasjonane ungdom frå vår kommune og ungdom frå andre stader i fylket som har gått på Firda, har oppnådd.  For handballen sin del, håper vi at Idrettskrinsen står ved det dei tidlegare har gått inn for, og at Handballregionen syner "musklar", og at begge no gjer det dei kan for at idrettsfag ved Firda også skal vere eit val i framtida for idrettsungdom frå heile fylket.  Søkjartala hit, anleggssituasjonen, dyktige lærarkrefter, trivsel blant hybelbebuarane er kun nokre av punkta som burde gjere valet til fylkespolitikarane enkelt.


Regionslaget nr 6 i NM

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mai 2013

Region Vest sitt lag, med GHK sine spelarar Runar H Åmot, Daniel H Reed og Ørjan Sundal på laget, vann første kampen mot Nord på fredag kveld, men etter det har det blitt tap i alle kampane.  I dag vart det tap 21-25 mot Øst2 i kampen om 5. plassen.   Laget enda med det på ein 6. plass i NM.  Det vert meldt om høgt nivå på alle lag.


Gåve frå Sparebankstiftinga

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mai 2013

Også dette året vart GHK tilgodesett med ei raus gåve frå Sparebankstiftinga. 30 000 blanke kroner som går uavkorta til arbeidet rundt toppgruppa i klubben. GHK er svært takksame for tildelinga.



Flott avslutningsfest på Gloppen Hotell i kveld!

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mai 2013

GHK markerte slutten av ein lang sesong med pizza og brus på Gloppen Hotell i kveld.  Over 50 stk var møtt fram, og ein av våre kjære hovudsponsorar (Gloppen Hotell, sjølvsagt), hadde laga ei flott ramme rundt arrangementet.  Knallgod pizza, flotte taler og mange verdige prisvinnarar....høgdepunkta stod i kø.

 

For å ta det heile i ei slags kronologisk rekkjefølgje:  Vinnarar av innsatsprisen i årets sesong er: Jenter 15, Eli Kristin Arnestad. Gutar 16, Jon Andreas Kornberg. Gutar 18, Åsmund Sælen. Damer 5.div, Ingeborg Volle. Herrar 3 div, Aleksander Moritsgård. Damer 3.div, Ingvild Slagstad.

Innsatsprisen for damer i 3.div: Ingvild Slagstad.

Toppskårar for herrar i 3.div: Edvin Øygard(72mål). For damer 3.div: Marte Heien Hansen (94 mål).  Årets spelar herrar: Bjørn Magnus Nystad.  Årets spelar damer: Heidi Sægrov. 

Årets spelar for damer: Heidi Sægrov

Årets trenar: Bjørn Roth Andenes (Sjølvsagt for at G18 vart regionsmestre).

Miljøprisen: Ragnhild Bakketun Vederhus ( For det miljøet ho har skapt rundt K5 damene, og sjølvsagt for opprykket til 4.div)

I tillegg vart Jens Christian Andenes heidra for 50 kampar for GHK.  Paul Remi Kvandal, Heidi Sægrov og Edvin Øygard fekk utmerking for 100 kampar, medan Arild Fjellestad Tystad fekk premie for heile 200 kampar i den raude drakta.

Til slutt tar vi med (usensurert frå facebook) dametrenar Kjell Aske sine mange utmerkelsarar (kjende og ukjende):

 

 Følgjande prisar vart utdelt i kveld:
 Lettskremt-prisen til Ingvild Slagstad.. (bør jobbe litt med og bli altso noko tøffare..:))
Høflighets-prisen til Irene Slagstad, (einaste spelar eg har opplevd som sa unnskyld til ein motstandar som brøyta på ho..:))
... Pris for "beste" filming til Ingrid Heien, ( enkelt.. Sjå ein av filmane..:))
Går det an og vere so uheldig prisen til Amanda Taline Veiteberg, (seie seg litt sjøl, må ho få ein skadefri sesong neste år!!!)
Fair play prisen til Torill Henden Gaasø, (rett og slett aldri nåke tull med Torill..:)!!)
Råtassprisen til Elise Heien Hansen, (enkelt.., mest utvist pr. spelte kamp.)
Toppscorerprisen til Marte Heien Hansen, ( enkelt.., scora mest mål..!!)
Innsats prisen til Ingvild Slagstad, ( for godt oppmøte, god treningsinnsats, og vore den som eg tykkjer har hatt størst utvikling i sesongen.)
Årets spelar er Heidi Sægrov, (scora mykje mål, styre spelet, og god i rolla som "indianar"..:))

So gratulerar igjen til alle prisvinnarane..:)

Takk for årets sesong, og tusen takk for fine bukse :)

 

 

Heilt til slutt kan vi ta med at dei med flest treningar i GHK si toppgruppe siste året er tvillingane Åsmund og Vegard Sælen, tett følgd av Andreas Kissner, Irene Slagstad, Daniel Hjohlman Reed, Lauritz Bjørnereim og Ørjan Sundal.

Ein kjekke kveld i lag med Gloppens finaste ungdom.

 



Avslutningsfest på Gloppen Hotell

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mai 2013

Fredag 3.mai vert det avslutningsmarkering for årets sesong på Gloppen Hotell.  Det vert pizza og brus i magen, samt at det for mange òg vert ein premie i handa. Vi skal blant anna kåre årets spelar og toppskårar for A-laga, samt innsatspris for alle laga. I tillegg vert det fleire andre premieringar.

 



Grei avslutning av sesongen, trass tap mot Kjøkkelvik

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Apr 2013

G18 laget var i dag i Bergen for å spele den utsette kampen mot Kjøkkelvik.  I ein jevn batalje var det til slutt heimelaget som drog det lengste strået og vann 27-24.  Til pause leia Kjøkkelvik 14-12.

Den lange bussturen til Bergen er ikkje akkurat god oppladning til kamp, og det såg ut som reisa sat i beina på våre spelarar frå start.  Kjøkkelvik var heile tida litt føre i målprotokollen gjennom første omgong.  I andre omgong kom GHK langt friskare på bana og var oppe i ei tomålsleiing midtveges.  Runar Åmot briljerte frå kant med fleire flotte mål, og Osmund Vereide hadde flotte gjennombrot med påfølgande skåring.  Bakover var det litt meir "ruskete" i dag, og Kjøkkelvik kom vel lett til utover i omgongen.  Når ein i tillegg brenn tre straffer på rad, vart det til slutt ein grei heimesiger.  Men som før sagt, kampen hadde ikkje noko å sei for utfallet av serien.  Den har GHK vunne!!!  Og til sjuande og sist, er det det viktigaste.  Men kampen var ein grei "kickstart" på vegen mot Sparkvallik.

Desse var med: Daniel Reed, Olav Devik, Lauritz Bjørnereim(2), Åsmund Sælen(2), Osmund Vereide(3), Ørjan Sundal(6), Sander Nesdal, Vegard Sælen(1), Andreas Kissner(1), Runar Åmot(6), Odd Martin Hauge, Aleksander Moritsgård(3).



3 frå GHK til regionsNM!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Apr 2013

Då er det endeleg klart! Både Daniel Hj Reed, Runar H Åmot og Ørjan H Sundal er teken ut i den endelege troppen til NM for regionslag i Oslo neste helg.  Dette er først og fremst ein fantastisk prestasjon av dei tre gutane våre, som gjennom siste åra har lagt ned svært mange timar i seriøst treningsarbeid.  Men det må òg vere eit signal på at det vi gjer i klubben, i samarbeid med Firda vgs, er eit steg på rett veg for å utvikle handballtalent.  Vi er utruleg stolte over uttaket, og ynskjer gutane og regionslaget lukke til i Oslo.



G18 spelar utsett kamp på søndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Apr 2013

Den utsette kampen i G18 serien mellom Kjøkkelvik og GHK vert spela i Olsvikhallen søndag kl. 15.00.  Kampen har ingenting å sei for utfallet i serien.  Her har GHK vunne, og er regionsmestre.  Troppen som reiser nedover er samansatt av neste års G18 lag (dvs 95 og 96 modellane), og er såleis ei nyttig kampøkt for desse.


Flott stimulansesamling i Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Apr 2013

Vår "eiga" June Andenæs var ein av foredragshaldarane, då prosjektet Topp Idrettsutvikling vart avslutta på Fosshaugane Campus i dag.  Ho fortalde på ein fin måte om opp og nedturane i karriera og vegen frå tida i GHK, fram til ho no er etablert toppspelar i Byåsen. 

June held tilhøyrarane i ånde.

Også "Honndølen" Anders Fannemel fortalde om sin veg frå å vere ein, som han sa sjølv, ei kjempepingle med høgdeskrekk, til han i dag har verdens andre lengste skihopp og har fallskjermsertifikat.  Den gamle fotballkjempa Stig Inge Bjørneby, held foredrag om kvifor dei beste vert best utifrå si eiga erfaring som spelar og trenar. 

To flotte "stjerner" frå Sogn og Fjordane, June og Anders.

 



G18 sin kamp mot Kjøkkelvik går 28. april

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Apr 2013

GHK sitt 18årslag har allereie vunne serien, men har ein utsett kamp mot Kjøkkelvik igjen.  Den vert spela i Olsvikhallen søndag 28.april kl. 15.00. 


GHK trio til viktig regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Apr 2013

Daniel H Reed, Runar Åmot og Ørjan Sundal reiser denne helga til Bergen for den siste todagerssamlinga før regionsNM.  Den endelege troppen vert teken ut etter denne samlinga, så no gjeld det for gutane.

For jentene sin del, var det "stang ut" for Elise H Hansen sin del.  I den endelege troppen til NM, er ho teken ut som reserve. Så for ho er det berre å vente og halde seg i form :)



Kontinuitet i GHK styret

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Apr 2013

Under årsmøtet i GHK i kveld, vart Øystein Sundal attvald for som leiar for nok eit år.  Med eit unntak, får han med seg heile det gamle styret inn i ein ny periode.

Ragnhild Bruvoll hadde sagt frå seg attval, og i hennar stad kom Norunn Sunde inn i styret. Nye folk i økonominemnda er Magne Devik og Merete Sælen, og som ny revisor er Kari Anne Slagstad komen inn.  Ellers var det eit roleg årsmøte der årsmelding, rekneskap og budsjett vart godkjent av møtelyden, før ein gjekk over til meir uformell diskusjon rundt handballklubben.

Årsmeldinga finn ein her Årsmelding 2013



Årsmøte i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Apr 2013

Minner om årsmøte i GHK tysdag 16.april kl 18.00 på Gloppen Hotell.  Vel møtt


Siger i siste kampen

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Apr 2013

GHK sitt gode gutelag har denne helga vore i Bergen for å delta på regionssluttspelet.  I går vart det diverre 2 klare tap mot Kjøkkelvik og Årstad, medan dei i dagens kamp slo Årdalstangen 30-22.  Meir om kampane kjem kanskje når trenaren kjem heim.
Sander, Magnus Andre, Erlend og Mikael kjempar det dei kan mot Årstad


GHK G16 til regionssluttspel i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Apr 2013

GHK sitt G16 lag reiser denne helga til Bergen for å kjempe om regionsmeistertittelen.  Der møter dei Årstad og Kjøkkelvik på laurdag, før dei møter fylkesrival Årdalstangen på søndag. Trass litt småsjukdom i troppen, reiser trenar Torbjørn med full tropp og det vert spanande og sjå kor ein klarer seg mot dei beste laga.  Vi ynskjer iallefall lukke til.
Klar gjeng


NM gull til Hans Sande

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Apr 2013

Då GHK sitt 18års lag var i Bergen i helga for å kjempe om gullet i serien, mangla vi ein mann i troppen.  Men denne mannen, råsterke Hans Sande, gjekk istaden bort og tok NM gull i vektløfting.  Samstundes fekk han òg bestemannsprisen.  Vi gratulerer så mykje, og er stolte av prestasjonen.

Norgesmeister og Bestemannsutmerking!!!

Råsterk handballspelar, Hans Sande (bilde frå Sjedu.no)



Fleire frå GHK til regionlagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Apr 2013

NM for regionlag skal avviklast i starten av Mai, og det er tett mellom samlingane for dette laget framover.  I morgon ettermiddag reiser Runar Åmot, Daniel Hj Reed og Ørjan Sundal til Bergen for samling, medan Elise H Hansen tar same turen på onsdag. Kampen om plass i den endelege troppen er knallhard, så det vert spanande å sjå kor mange frå GHK som vert med til slutt.


Kampen om Seriegullet

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Apr 2013

Gutter 18 har muligheden for at blive første lag fra Sogn og Fjordane til at vinde region vest sin G-18 serie. På søndagen møder vi de to håndballstormagter på vestlandet, Fyllingen og Stord. Regnestykket er enkelt med en siger i de to kampe sikrer Gloppen sig serigullet. Det eneste som var sikkert på forhånd var at det vil blive to tøffe kampe.

Jubel etter kampen  


I første kamp møder vi Fyllingen som stiller med næsten rent 94 lag med midtbak som har erfaring fra elitedivisjon og strek fra ungdomslandslaget. Begge lag sliter med at score og keepere i begge ender gør en god job. Joakim Hauge har et par pragtredninger. Lagene følges til 3-3 og så kommer Fyllingen lettere til scoringer end glopparene. Vi har ikke helt troen og gutsen som skal til for at hævde sig på det nivå. Rocky(Runar Åmot) kommer ind på midtbakken og udstrålerden troen og det smitter på medspillere. Vi kommer tilbake til stillingen 10-7 med Fyllingen i undertal, Rocky og Kissner er meget gode i denne fase. Vi har mulighed for at komme på 10-8 men pga teknisk fejl bliver det til Fyllingen scoring. De drar fra de sidste 3 minutter og vinder første omgang 14-9. 
I  anden omgang prøver vi at tette luken i begyndelsen af omgangen men Fyllingen er for stærke. Jeg vælger at spare de vigtigste spillere i andre omgang idet Stord venter på oss bare 1 time efter afsluttet kamp. Ørjan er man of the match med 8 scoringer, det var truelig den kamp til dato der Ørjan tog mest ansvar.
 
Stord møder med et lidt yngre lag end Gloppen. Der Fyllingen i 1. kamp var større og stærkere end oss, så er vi det i nå. Stord biter godt fra sig i begyndelsen og leder med 1 mål indtil midt i første omgang. En del af spillerene mærker godt RUM samling fredag og lørdag og 2 kampe søndag. Mod sluttet of omgangen kommer vi lettere til scoringen og Gåsemyr på høgre og Vegard Sælen på venstre har indstilt sigtkornet og skyder GHK i front. Bakover er især Ulvestad en fornøjelse at følge, så lenge motspilleren er indenfor hans rækkevide er det gameover. 
Til pause er stillingen 8-8 og vi føler vi har mere at gå på. Vi vinder de første 5 minutter med 6-0 til stillingen 14-8 der stord tager timeout. De kommer opp på 14-10 men drengene har besluttet sig. Gåsemyr scorer 6 mål på 8 forsøg, Ulvestad og Sundal er gode på streken. Moritz har, lagt om længe, fundet ud af at med den spænst han har er det bare og satse enten forbi blokka eller vente til blokka er nede igen og så banke ballen i mål, 4 identiske scoringer fra venstre back slukker det sidste håb for Stord. De scorer igen 8 mål i andre omgang men Gloppen klarer 14 scoringer, sluttresultatet blir 22-16 og vi og tager gullet med til Sogn og Fjordane. Treneren er ikke så rent lite stolt af de  g-18 spillere som har stået for mange flotte prestationer i år. 


Klart for seriefinale..G18 til Bergen på søndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2013

GHK sitt ubesigra G18 lag skal denne helga til "løvens hule" for å møte både tabelltoar Stord Elite og tabelltreer FyllingenBergen til avgjerande kampar om kven som kan kalle seg regionsmester.  Ulempen til GHK er at dei må spele desse kampane med kun ein times pause mellom.

 

Tøffe kampar for desse gutane på søndag
Eigentleg skulle våre gutar også ha spela mot Kjøkkelvik på laurdag, men denne kampen er flytta grunna RUM samling i Firdahallen der mange av GHK gutane er med.  Konklusjon; Eit uheldig kampoppsett for andre halvdel av G18 serien, men det skal vi la ligge.  No må gutane ha full fokus på å vere på same nivå som då dei møtte desse laga i Firdahallen i haust.  Klarer dei det, vil det truleg verte to, i overkant spennande for enkelte, tette kampar der laget som vil mest vinn til slutt.  Men her må keeperane ha dagen, forsvarsspelet må vere på høge med det beste i utlandet, kantspringarane må starte på rush før nokon skjønar nokon ting, og i etablert angrep må ein køyre både "undergong" og "overgong" samt "Kjell" og alt det andre som kun dei innvidde skjønar........heile tida.  Uansett, det vert spanande og sjå kva dette laget kan klare mot så gode motstandarar...på bortebane.  Vi ynskjer lukke til og kryssar fingrane.  Sjekk gjerne tabellen her  http://www.handball.no/kamper.asp?AvdId=17205&mal=2&lag=


RUM samlinga godt i gong

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2013

I ettermiddag starta RUMsamlinga opp med liv og lyst i Firdahallen.  Etter ei økt med handball, vart gutane losa gjennom ei flott økt i turnhallen der Steffen Sandene & co drilla dei i turnøvelsar.  Etterpå var det jentene sin tur.  Utifrå tilbakemeldingar og lydnivå, var dette ein artig og flott vri på ei handballsamling.  Seinare i kveld er det heimelaga pizza og sosialt samvær, før samlinga fortset i morgon med nye treningar, samt ein tur i det flotte badeanlegget.



Stimuleringssamling på Fosshaugane Campus

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Apr 2013

Prosjektet "Topp" idrettsutvikling innbyr til stimuleringssamling på Fosshaugane Campus laurdag 20.april. Blant forelesarane denne gong er mellom andre vår eiga "stjerne" June Andenes.  Ho vil snakke om korleis nå toppen i ein lagidrett som utøvar frå Sogn og Fjordane.  Set av dagen no, så skal vi prøve å ordne buss innover.  Sjå heile programmet her stimusamling vår13


Firda idrettsseminar

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Apr 2013

Det vart ei gripande avslutning av Firda idrettsseminar, då den tidlegare toppløparen på mellomdistanse i friidrett, Kristin Roset, i kveld fortalde si historie om spiseforstyrring.  Ho fortalde om ein tøff kamp for å bekjempe, som ho sjølv sa det, "monsteret" i hovudet.  Det var ei sterkt bevega forsamling som takka Kristin etter foredraget med ståande aplaus. Firda idrettsseminar er eit samarbeidsprosjekt mellom Firda vidaregåande skule og idrettslaga GHK, STIL, GFIL, Fjellhug/Vereide og BBIL.  Frå tidleg morgon har elevane på Firda vore gjennom foredrag om belastningsskader med kiropraktor Eigil Instebø, sirkeltrening i Firdahallen ved GFIL, Zumba i Firdahallen ved Kari Aasebø og Ingvild Helle Bolstad, samt eit fordrag om friluftsliv ved rektor Hallgeir Hansen.  I kveld var det så samling i kultursalen i Trivselshagen, der to spreke elevar frå toppidrett turn gav oss eit innblikk i kroppsbeherskelse på høgt nivå.  Jørund Årdal fortalde oss i lyd og bilete kva som må til for å utvikle seg og å nå langt i kastøvelser, og Jørund Walseth synte fram litt av aktiviteten i utviklingsarbeidet med unge talent i STILfotballen.  Også GHK fekk synt fram litt frå vår aktivitet, då ein film frå G18 sin kamp mot FyllingenBergen vart synt på storskjerm.  Men dagens hødepunkt var utvilsomt Kristin Roset si ærlege og opne framføring av sin lange kamp for å kome tilbake til den flotte jenta ho er i dag. Takk Kristin!


Storsamling for RUM miljøet.

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Mar 2013

 

Komande fredag og laurdag (5. og 6. april) vert det RUM samling i Firdahallen for gutar og jenter.  Samlinga tek til fredag kl. 17.00, og vert avslutta laurdag ca kl. 18.00.  GHK stiller som vanleg med ein relativt stor tropp. Det er NHF Region Vest som har kalla inn over 50 spelarar frå dei fleste klubbane i fylket, og dei stiller med 4 trenarar.  GHK er teknisk arrangør.

 

 

Frå GHK er desse tekne ut til samlinga: Elise Heien Hansen, Irene Slagstad, Amanda Veiteberg, Ørjan Sundal, Vegard Sælen, Daniel Reed, Runar Åmot, Osmund Vereide, Sander Nesdal, Lauritz Bjørnereim, Magnus-Andre Moritsgård og Mikael Alander.

 



Elise Heien Hansen til Regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Mar 2013

GHK sitt multitalent, Elise Heien Hansen, er kalla inn til Regionslagssamling i Framohallen onsdag 3.april.  Samlinga er ei kveldssamling, og varer frå 17.45 til 20.00.  Vi gratulerer Elise med eit velfortjent uttak, og ynskjer lukke til på samlinga.



GHK og Firda vidaregåande skule søkjer trenar/lærar

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Mar 2013

Firda vidaregåande skule søkjer, i samarbeid med GHK, etter lærar til bl.a. toppidrett handball. Deler av denne stillinga vil vere aktuell som ei trenar/utviklingsrolle i GHK.  Primært som trenar for damelaget i 3.divisjon, men og som ei rolle i talentutviklingsarbeidet i klubben.  Sjå heile utlysinga her: http://www.handball.no/p1.asp?p=15676


Lett siger for G18 laget i treningskamp mot Eid A lag

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Mar 2013

GHK sitt gode 18 årslag for gutar var i kveld ein snartur over fjorden for å møte Eid sitt herrelag til treningskamp.  Kampen vart spela over ein omgong og 10 min, då gutane våre måtte tilbake for å arrangere Open kveld i Firdahallen.  Våre gutar var Eid overlegne i det meste, og vann 19-13, etter at stillinga til pause var 17-9.  Det einaste ein av trenarane, Torbjørn Sælen, kunne sette fingen på, var mange bomskot :)  Alt i alt ei god treningsøkt fram mot den viktige kamphelga i Bergen første helga i april.
Mestskorane for GHK var Runar G. 6, Ole 4, Runar Å 3.


GFIL inviterer til foredrag.

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2013

FØREBYGGING AV SKADER-FOTBALL/FRIIDRETT OG HANDBALL

Onsdag 10 april klokka 1900 - SFE lokaler i Bukta

Eigil Instebø vil halde foredrag om førebygging av skader i idrettane Fotball, Handball og Friidrett. Idrettsskader er eit stort problem i idrett, og mange lovande utøvarar får konkurransar, sesongar og eventuelt karrierar spolert grunna skade. Dette foredraget vil rette søkelyset på kvifor skadene oppstår, og kva som kan gjerast for å unngå å bli skada. Foredraget er GRATIS.

Eigil Instebø er utdanna Kiropraktor, og Helse og Treningsterapeut. Han har erfaring som langdistanseløpar på nasjonalt nivå, men måtte sjølv legge konkurranseskoa på hylla grunna langtidsskade.

Dette er eit foredrag både aktive utøvarar, trenarar og foreldre bør få med seg.




OPPRYKK, trass tap i siste kamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2013

GHK sitt damelag i 5. divisjon var i kveld i Sogndal for å møte heimelaget der.  Spelemessig var det sesongens dårlegaste kamp, og eit klart 33-24 tap.  Men damelaget vårt var klare for opprykk før denne kampen, så det var kanskje det som påvirka jentene i kveld.  Uansett har Ragnhild sine jenter hatt ein kanonsesong, og er som kjent klare for spel i 4.divisjon til neste sesong.  Vi gratulerer med opprykket.

GHK lag med suksess. (arkivbilete)



K5 damene avsluttar sesongen borte mot Sogndal 2 i morgon.

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Mar 2013

Den siste kampen i damene sin 5.divisjon vert spela i morgon kveld, då GHK 2 møter Sogndal 2 i Sogndal Idrettshall.  Med siger vil GHK ta andreplassen på tabellen framføre nettopp Sogndal.  Reknar med at damene våre vil avslutte med stil, og at 2 poeng vert med bussen tilbake til Sandane.


Siger i siste kampen

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2013

GHK sitt herrelag i 3.divisjon hadde små problem med å slå "pensjonistlaget" Norønna i sin siste kamp for sesongen.  Resultatet vart 30-19, og no må ein avvente resultata frå resten av kampane for å sjå om det vert opprykk eller ein ny sesong i 3.divisjon.

Nøgd gjeng etter siger i siste kamp.

GHK sin toppskårar og dagens spelar i kampen, Edvin Øygard, og årets talent i klubben Ørjan Sundal etter kampen.



GHK sitt gutelag vann mot Eid/Haugen på bortebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2013

Etter to "litt under pari" kampar, var gutelaget i dag tilbake på vinnarsporet og avgjorde guteserien med ein sterk bortesiger over Eid/Haugen. Sluttresultatet vart 19-25 til GHK, etter at gutane våre leia 8-12 til pause.

Vinnarlaget av årets guteserie.

Første omgong var lenge ein svært jevn batalje, men GHK gutane seig litt ifrå fram mot pauseresultatet 12-8.  Andre omgong starta litt trått for våre gutar og Eid/Haugen kjempa seg heilt opp i ryggen.  På dei første 9 min av andre omgong laga GHK kun 2 mål, og sigeren var litt i fare.  Men då tok alle ansvar og seig sakte men sikkert ifrå heimelaget igjen.  Godt forsvarsspel og ein god Måge i mål, gjorde att GHK kunne sikre sigeren og er no klare for regionssluttspel i Bergen i april.  Frå Eid får vi meldt om ein arbeidssiger, og sterk vilje til å vinne serien.  Vi gratulerer så mykje med sigeren.

Desse var med: Hans Sande(6), Lauritz Bjørnerheim(5), Magnus Moritsgård(5), Erlend Ulvestad(4), Mikael Alander(2), Sander Nesdal(1), Peter Wilke(2), Andreas Måge, Kristian Henden, Jon Kornberg, Håvard Torvanger, Sindre Flatjord.



Elise Heien Hansen månadens talent for februar

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2013

Elise H Hansen vart, under herrekampen mellom GHK og Norønna kåra til manadens talent for februar.  Kåringa er eit samarbeid mellom vår hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane og trenarteamet i klubben.  Vi gratulerer Elise med ein velfortjent pris.



Ørjan Sundal kåra til årets talent i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2013

Før heimekampen mot Norønna i ettermiddag, vart Ørjan Sundal kåra til årets talent i GHK.  Kvar månad sidan september har trenarteamet i klubben kåra månadens talent.  No var tida komen for å kåre årets talent, og eit samstemt trenarteam meinte Ørjan var ein verdig vinnar av denne prisen.  Vi gratulerer og ynskjer lukke til vidare.



Damekampen i morgon er avlyst

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Mar 2013

GHK damene sin motstandar i morgondagens kamp i Firdahallen, Bjørnar, har meldt frå om at dei ikkje kjem til Gloppen.  Kampen, som skulle starta kl. 15.00, er difor avlyst.


Årsmøte i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Mar 2013

Det vert årsmøte i GHK på Gloppen Hotell tysdag 16.april kl.18.00.  Vanlege årsmøtesaker.  Saker ein ynsker skal takast opp, må meldast styret innan 9.april.  Dei som ikkje ynskjer attval, må melde frå til leiar i valnemnda, Arnar Kvernevik.
Velkomen til årsmøte.


Tap i toppkampen for K5 damene.

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Mar 2013

GHK sitt 5.divisjonslag for damer tapte 15-18 for leiarlaget Florø 2 i kveldens kamp i Firdahallen. I følge trenar Ragnhild Bakketun Vederhus var det ein dårleg første omgong somm øydela mykje for resultatet.  Stillinga til pause var 7-13.  No gjennstår det kun bortekampen mot tabellnabo Sogndal 2, før jentene kan feire opprykket.


Slut på den vonde sirkel

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Mar 2013

GHK herrene rejser til Stryn med 3 tab på stribe og skulle rejse kjerringa i lokal oppgjøret. Vi har tidligere hatt mange tette kamper med fjordingane og trener var spendt om den dårlige steam kunne afsluttes. 

Gloppem kommer foran 1-0 og står brukbart bakover. Stryn scorer ikke de første angreb og GHK har mulighed for at øke føringen. Mange tekniske fejl gør at Stryn kommer på tavlen og siden fører 4-2 og 6-4. Ved denne stilling tager GHK time out og får forsvaret på plads. Stryn scorer ikke de følgende 10 minutter og vi kommer foran 7-6. Vi laver færre fejl men er nu gået over til at skyde på stængerne istedet for i målet. Moritz og Gåsemyr går foran og hamrer bolden gange flere på træverket fra gode positioner. Osmund Vereide viser vilje i denne kampen med flott spil bakover og sikkerhed fremme. Edvin er sikkerheden selv fra 7 m og Gloppen glider fra til 10-8 og siden 12-9 til pause. 

Både dommere og Stryn skal have skryt for bra prestationer på banen. I andre omgang trækker vi fra og øker ledelsen til 15-10. Moritz glider flott igennem forsvaret til Stryn flere gange og Jan Kristoffer viser strekspillerene hvordan en vending skal laves. Vi mangler lige de sidste 5% i skarphed for at score 5-10 mål mere i kampen. Til sidst er det 28-19 på tavlen og trener og spillere glæder sig til sesongafslutning Firdahallen på lørdag.


Dei to beste laga i damene sin 5.div møtes i Firdahallen på torsdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2013

GHK sitt gode damelag i 5.div møter leiarlaget Florø 2 på heimebane i Firdahallen torsdag.  GHK er allereie klare for opprykk, og ingenting hadde vel då smakt betre enn skalpen til Florø 2.  Og klarer Malin & co framleis å halde tempoet oppe og sette moglegheitene dei får, hadde ein seier her vore prikken over i'en.  Møt opp og hei dei fram!


Ørjan spela regionlagskamp i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2013

Ørjan Sundal spelte i går kveld kamp for regionslaget, då dei møtte 2.div laget til Åsane i Åsanehallen.  Sjølv om det vart tap for regionlaget, synte både Ørjan og resten av gjengen godt spel i lange periodar.  Særleg i forsvar var Ørjan god.

Ørjan (midt i bilde) i kjent forsvarsposisjon :)



Lokalderby i herrane sin 3.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2013

GHK sitt herrelag reiser i morgon til Stryn for å møte heimelaget til dyst i Strynehallen.  GHK har 3 tap på rad, og er nok lysten på siger her.  Men sjølv om Stryn kun har 2 poeng i årets serie, har dei mange kampar med relativt liten skildnad i målprotokollen.  Og mot naboen frå Gloppen vil nok Stryningane selje seg dyrt.  Likevel trur vi Bjørn Roth sitt mannskap tar med seg poenga heim over Utvikfjellet.  Med siger i sine to siste kampar kan GHK ta nokre steg oppover på tabellen, men då må Stryn og Norønna slåast!


Tap for GHK sine 15 års jenter

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Mar 2013

GHK sitt 15årslag for jenter var i dag i Stryn for å møte eit av topplaga i serien.  Det enda med eit 13-6 tap for våre jenter.  Trass tapet skal ein vere nøgd med eit så passe resultat mot eit godt Strynelag.


Malin Eikenes med skåringsshow mot Aurland

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Mar 2013

K5 damene var i dag i Aurland for å møte heimelaget der.  Det vart som venta ein enkel kamp, ein kamp der Malin Eikenes ikkje gav seg før 17 ballar sat i nota bak Aurland sin keeper.

Malin Eikenes med privat skåringsshow mot Aurland

Frå Aurland får vi meldt om ein relativ grei kamp å vinne, dog utan at ein spelar opp mot maxnivå. I tillegg til Malin sine mål, er det også verdt å nemne GHK sin keeper for dagen.  I mangel på andre, sette likegodt trenar Ragnhild seg sjølv i mål.  Kun 12 ballar måtte ho sjå bak seg, så eg seie det igjen:  Alder er berre tal :)   Som gamal toppkeeper, osar det rutine av Ragnhild.

Desse var med i dag: Ingeborg Volle(4), Amalie Mundal(2), Malin Eikenes(17), Elise Tystad, Benedikte Lotsberg, Ayla Myklebust Seime(4), Eirhild Bruvoll Alme(1), Anne Kristin Haraldsvik, Marie Zachariassen(4), Turid Aspheim(1), Ragnhild Bakketun Vederhus



Tap for jente15 laget mot Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2013

GHK sitt jente15 lag tapte i dag heimekampen mot Dale 11-14, etter 4-4 ved pause.

Før dagens kamp var håpet om poeng tilstades.  GHK og Dale har omtrent like mange poeng, og skulle såleis stå godt til kvarandre.  Og det vart ein jevn kamp stort sett heile vegen. Men Dale har ein svært god høgreback i Kjerstin Boge Solås.  Ho vart den avgjerande faktoren, då Dale drog ifrå mot slutten.  Ho skåra akkurat halvparten av Dale sine mål, og er ein svert spanande spelar på dette nivået.  På heimelaget var skåringane fordelt på mange, og gjev med det ein peikepinn på at dette var ein kamp på det jevne for GHK sin del der alle var bra, men ikkje opp mot sitt beste.

Desse var med: Eli Kristinb Arnestad, Solgunn Lote(2), Linda Årdal, Susann Solheim Gjærløv(2), Oda Eide, Sile Iren Hole Hervik(1), Frøydis Seime Øygard(2), Julie Varpe(2), Maria Kvamme(2), Jenny Falck.



Stimulanseprisen til Daniel og Ørjan

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2013

Gloppen Idrettsråd deler kvart år ut ein stimulansepris til lovande talent innan alle idrettar.  I år gjekk prisen til to av GHK sine store talent, Daniel Hjolhman Reed og Ørjan Horne Sundal.  Prisen vart delt ut av leiar i GIR Sigtor Tveit, i samband med G18 kampen mot Sotra i kveld.

Glade vinnarar av årets stimulansepris, Daniel og Ørjan.  Leiar i Gloppen Idrettsråd, Sigtor Tveit til høgre.

Glade prisvinnarar saman med leiar i idrettsrådet, Sigtor Tveit. Bak står glade lagkameratar.

Dei to karane får prisen for sine prestasjonar både for klubblag (G18 og seniorlag), og for at dei også er inne på regionslaget for Hordaland og Sogn &Fj. I tillegg er begge med på regionale landslagssamlingar.  I grunngjevinga får dei også ros for sin treningsvilje, og sin medvitne satsing for å bli best mogeleg innan idretten sin.  GHK er svært stolte av at to av våre gutar har fått årets pris, og vi gratulerer begge så mykje. 


G17 mot Sotra

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2013

Sotra kommer til Firdahallen med et knepent 3 målstab til Fylllingen, og ønsker at revancere 2 målstab for GHK i Bergen. GHK stiller med  95 og 96 årgnger i dagens kamp for at vurdere om disse gutter kan klare sig mot meget tøff motstand i eventuel landsdækkende sparserie til næste år. Daniel J Reed og Andreas Kisner meldte afbud i sidsten liten pga influensa. Ville de resterende kunne tage op kampen med Sotra? 

Tre sentrale spelarar i dagens kamp.  Joakim Hauge som debuterer for GHK med ein praktkamp i mål, Lauritz og Ørjan med 6 og 7 mål i kampen.

Kampen starter lidt nervøst fra begge lag og GHK må takke keeper Joachim Hauge for at Sotra ikke scorer på de chancer de får. Samspillet mellem linje og bakspillere fungere bra og Gloppen går fra 1-0 til 4-1. Erlend Ulvestad is in the house og gode spilninger fra Rocky og Sundal gør det meget vanskelig for Sotra forsvaret. Ved stillingen 5-2 har vi flere tekniske fejl og Sotra kommer op på 6-6. Sotra har stang innog Gloppen sliter med at hænge på. 2 minutt før halvspildt leder Sotra 10-8. Godt keeperspill og godt ankomstspil gør at vi går til pause 10-10. Første omgangs bedste var Erland Ulvestad og Joachim Hauge. 

Vi tager selvtillden fra 1. omgang med og leder fra begyndelsen af anden omgang. Begge lag spiller flott håndbold og dommerene har god kontroll. Når Sotra tager ind på er Sundal som regel sikkerheden selv fra 7 meter. Ved 17 minutter spillet leder vi 17-15 og en af GHK bautaerne må have lidt hvil. Erlend Ulvestad får pause og dette synes især bakover. Ved stillingen 18-18 kommer Erlend ind på streken og Osmund Vereide på høgre back. Lauritz får ballen på høgre bakplads og knalder ballen i det lange hjørne til 19-18 ledelse. Vi får en ny keeper redning, opprulling fra venstre mod høyre. Osmund laver kongefinte og punkterer kampen ved stilling 20-18 med 1 minutt igen. Gutterne vinder fortjent 22-19 efter en helt igennem velspillet kamp, de viser mental styrke når modstanderen udligner med få minutter igen. De viser så afgjort at de har potentiale for at kvalificere sig til Spar serie 2013.  
 
Desse var med:Olav Devik, Joakim Hauge, Mikael Alander, Odd Martin Hauge, Åsmund Sælen(3), Osmund Vereide(1), Erlend Ulvestad(4), Hans Sande, Runar Åmot(1), Ørjan Sundal(7), Lauritz Bjørnerheim(6)


3 GHK lag i aksjon denne helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2013

Det er snart helg, og det tyder som regel kamp for GHK sin del.  Komande helg skal J15 laget til Jostein møte både Dale og Stryn. Dale på heimebane laurdag, medan kampen mot Stryn går i Stryn på søndag.  G18 skal møte tabelljumbo Sotra i Firdahallen på laurdag, medan K5 damene skal på langtur til Aurland på søndag.

 

Jente 15 laget overraska med uavgjort mot Haugen sist helg.  Då var svært godt forsvarsspel nøkkelen til poeng.  Klarer dei det same mot Dale på laurdag, bør utsiktene til to poeng vere gode.  Det jentene slit litt med enno, er etablert angrepsspel.  Klarer dei å få litt meir trykk mot mål, og endå fleire avslutningar frå distanse kjem dette laget til å ta fleire poeng i årets sesong.  På søndag skal dei til Stryn for å møte heimelaget der.  Dette er i utganspunktet ein vanskeleg kamp, men det trudde vi i kampen mot Haugen og.  Difor skal ein gå på bana der inne med tanke på at dette er mogeleg.

Vårt strålande G18 lag skal endeleg i kamp att. Dei er sålangt ubesigra, og har vunne alle kampane.  No møter dei Sotra, som sålangt står utan poeng i botnen av tabellen.  Det som er greia med kampen i Firdahallen på laurdag, er at 94 modellane er vekke på tur og sentrale Vegard Sælen er ute med skade.  Såleis vert det eit reint G17 lag med fleire 16 åringar på laget som møter til kamp.  Korleis dette vil slå ut resultatmessig gjennstår å sjå, men uansett skal dette laget vere godt nok til å gje Sotra kamp til døra.  I forkant av denne kampen vil det vere ei overrasking for dei som møter opp i Firdahallen på laurdag.

Dei glade K5 damene skal til Aurland for å møte heimelaget der på søndag.  Aurland er tabelljumbo, og bør vere ein overkomeleg motstandar for våre jenter.  No er også dette laget råka av forfall til denne kampen, så her er ikkje poenga i boks før kampen er ferdigspela.  Sjølv om GHK ligg på tredjeplass i 5.div, er det dei som ligg best an til opprykk til 4.div.  Dette fordi både Sogndal og Florø sine andrelag som ligg før GHK på tabellen ikkje kan rykke opp då deira førstelag ikkje ligg an til opprykk frå 4.div.  Så her er det berre å gje gass, jenter :-)



Herrelaget tapte mot Os

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2013

GHK sitt herrelag  tapte heimekampen mot Os i går kveld 24-29.  Tapet var fortjent nok, og syner at nivået på laget pr no er 3.divisjon. Desse var med: Paul R Kvandal, Daniel H Reed, Ole M Flatjord(2), Arild F Tystad, Jan K Sletteland(6), Åsmund Sælen, Osmund Vereide, Edvin Øygard(7), Bjørn M Nystad, Runar Gåsemyr(5), Aleksabder Morritsgård(2), Jon K Lundestad, Runar H Åmot(1), Ørjan Sundal(1).


Strålande kamp av jentelaget, uavgjort mot Haugen

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2013

GHK sitt jente15 lag spela i ettermiddag uavgjort 15-15 mot Haugen.  Haugen har 8 poeng meir enn våre jenter på tabellen, men i dag var våre jenter minst like gode som rivalane frå nordsida av Nordfjorden.

Nok ein strålande kamp av denne gjengen

Først og fremst var det gjennom svært godt forsvarsspel at grunnlaget for poenget vart lagt.  I dag gnistra det av jentene, og i store delar av kampen var GHK i føringa. Anført av toppskårar Susann Solheim synte dei ingen respekt for gjestane frå Haugen.  Først heilt mot slutten var Haugen i føringa, men ei skåring av Linda Årdal i siste minutt redda poenget og jubelen kunne sleppast laus.  Den dagen desse jentene får meir trykk mot mål i angrepsspelet sitt, vert dei vanskelege å slå.  Og kjenner vi trenar Jostein Ryssdal rett, vil dette terpast på under treningane framover.

Desse var med: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Lote(2), Linda Årdal(3), Susann Solheim Gjærløv(5), Oda Eide, Silje Iren Hole Hervik(2), Frøydis Seime Øygard(2), Julie Varpe(1), Jenny Falck.



Ny flott kamp av K5 damene. Slo Vik med 4 mål.

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2013

Vårt gode damelag i 5.div hadde små problem med å sende Vikjatausene heim sør om Sognefjorden utan poeng, etter å ha vunne 21-17.  Stillinga ved pause var 13-7 til GHK.

Ragnhild med klare instruksar til blide jenter i ein timeout.

Frå start av var jentene heiltende og synte eit forsvarsspel av høg klasse.  Vik fekk ingenting gratis, og det som kom forbi forsvaret tok målvakt Benedikte Vederhus seg stort sett av.  Benedikte hadde ein ny strålande kamp i dag, og stod i periodar som ein levande vegg bakerst.  Framover har ein enno litt å gå på, men med toppskårar Malin (10 mål i dag) i spelehumør, drog ho med seg også dei andre så sigeren var aldri truga.  Vi såg fine kombinasjonar og flotte mål av både Eline Åsebø, Anne Kristin Haraldsvik, Benedikte Lotsberg, Eirhild Bruvoll Alme og Marie Zachariassen.  Og så la vi ekstra godt merke til fotrappe og viljesterke Ayla Myklebust Seime med fleire flotte skåringar.  På dette laget er det mange flotte talent som har ei framtid på handballbana, ingen tvil om det.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Åsebø(3), Malin Eikenes(10), Sofie Djupegot, Anne Kristin Haraldsvik(1), Amalie Mundal, Benedikte Lotsberg(2), Ingeborg Volle, Elise Tystad, Eirhild B Alme(1), Ragnhild Ryssdal, Ayla M Seime(3), Marie Zachariassen(1).



Framleis spel i 3.div. Tap for damelaget mot Os

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2013

GHK sitt damelag i 3.div kunne med siger i dagens kamp mot Os 2, ta eit langt steg mot opprykk til 2.div. Slik gjekk det ikkje, og Os kunne juble over ein klar siger 29-22, etter å ha leia 11-9 til pause.

Og for å ha sagt det med ein gong, 3.div er nok det nivået damene er på pr i dag.  Etter ein jevn start på kampen, var Os heile tida føre våre damer i målprotokollen.  For mange personlege feil og svake avslutningar førte til fleire og fleire kontringar til Os, som dei utnytta til fulle.  Sjølv om GHK var kun to mål bak til pause, vart det meir og meir klart utover i andre omgong at Os 2 var det beste laget.  Heidi Sægrov vart kåra til heimelaget sin beste spelar, og var saman med Elise H Hansen mestskårande med 7 mål.  Damelaget har no kun ein kamp att av årets sesong, heimekamp mot botnlaget Bjørnar 2.

Desse var med i dag: Heidi Sægrov(7), Elise H Hansen(7), Torill Henden Gaasø(2), Irene Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(3), Ingrid Gimmestad, Elisabeth Hansen, Ingunn Berg, Sintija Teicane(2), Benedikte Gåsemyr.



Sander Nesdal er månadens talent i januar

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2013

I samarbeid med ein av våre hovudsponsorar Sparebanken Sogn og Fjordane og trenarteamet i klubben, kårar vi kvar månad eit talent som syner framgong og innsats på handballbana.  For januar månad gjekk denne prisen til Sander Nesdal.  Han er ein sentral spelar for G16, og har og vore innom både G18 og herrelaget denne sesongen.  Vi gratulerer Sander med prisen og ynskjer lukke til vidare med handballen.

Månadens talent for januar, Sander Nesdal.



GHK jenter til SUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2013

Til SUM samling (soneutviklingsmiljø) for jenter 97-98 i Eid Idrettshus måndag 11.03, er følgande GHK jenter tekne ut: Eli Kristin Arnestad, Frøydis Seime Øygard og Susann Solheim.  Vi gratulerer desse talentfulle jentene med uttaket.


GHK gutar på regional landslagssamling i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2013

På nytt er fleire GHK gutar tekne ut på regional landslagssamling for gutar 94/95.  Til samling i Haukelandshallen torsdag 14.mars, er både Daniel Hjohlman Reed, Runar Helland Åmot og Ørjan Sundal tekne ut.  Samlinga vert leia av landslagstrenar for G94, Tom Eirik Skarpsno, samt Daniel Birkelund.  Vi gratulerer med uttaket.


Ørjan Sundal teken ut på regionslag.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2013

Ørjan Sundal er teken ut i 14 mannstroppen på regionslagslaget til kamp mot Åsane sitt herrelag i Åsanehallen måndag 11. mars. Som vanleg er Ørjan teken ut som strekspelar.  Vi gratulerer og ynskjer lukke til.


Fire GHK i aksjon på heimebane til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2013

Laurdag og søndag er det klart for fleire spanande heimekampar i Firdahallen. Laurdag er det 3.div som gjeld, når damene og herrane begge skal møte Os.  På søndag skal først jente15 laget spele mot Haugen, deretter skal damelaget i 5.div møte Vik.

K3 damene, som før sesongen trudde på ein kamp for å unngå nedrykk, har imponert i årets sesong.  Om alle brikker fell på plass, kan ein faktisk klare opprykk til 2.div. Sjølv om dei i fleire kampar har gått på knepne tap, er tabellsituasjonen likevel veldig jevn i årets serie.  No har dei to kampar att av sesongen, og den første av dei er altså mot Os sitt andrelag på laurdag.  I den omvende kampen på Os vart det eit knepe tomålstap for jentene til Kjell. No er det kanskje tid for revansje, men i denne kampen må GHK klare seg utan målmaskina Marte H Hansen.  Korleis det vil slå ut for laget gjennstår å sjå.

Herrelaget ligg no i ei pulje på fire lag midt på tabellen i 3.div.  Men her er det svært jevn, så ein siger på lørdag vil føre dei opp på tredjeplass.  Etter ei sterk opning av sesongen for Os sin del der dei blant anna "knuste" GHK med 10 mål på heimebane, har det gått litt tråare utover i sesongen.  Vi vil tru at gutane til Bjørn Roth tenkjer revansje når dei går på bana laurdag.

Jente15 laget til Jostein har, til tross for stadig stigande formkurve og stadig betre spel, hatt ein mager poengfangst så langt i sesongen.  Men fleire kampar gjennstår, den første mot Haugen på søndag.  Haugen er eit lag GHK kan slå med full tenning frå start, men då må angrepsspelet fungere optimalt.

Til slutt på søndag skal gladjentene på K5 laget møte Vik.  GHK slo til med ein sterk siger over Eid på tysdag, og er inne i ei fin flysone for tida.  Vik er eit godt lag, men jentene til Ragnhild klarte uavgjort i Vik i forrige møte mellom desse laga, og vil nok gje alt for ein ny siger på søndag.  K5 damene har også ei målmaskin på laget i Malin Eikenes, og truleg vil ho på nytt gjere livet surt for motstandaren sin keeper....i dette høve Vik sin.



Tap for GHK sine 15 års jenter

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Feb 2013

Topplaget Førde vart som venta eit nummer for store for våre jenter i 15års kampen i Førde i går.  Sluttresultatet vart 21-5 til heimelaget.


GHK banka naboen frå Eid i 5.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Feb 2013

GHK sitt damelag i 5.div slo i kveld Eid heile 35-26 i ein fartsfylt, om ikkje alltid like velspela, kamp i Firdahallen.  Stillinga ved halvtid var 19-13 til heimelaget.  Kampen var prega av høgt tempo frå heimelaget si side, og sjølv om ikkje alt gikk på "skinner" var heimelaget i føringa heile kampen.

Hoppande glade jenter etter nok ein siger i 5.div.

Kampen var òg prega av ein litt ufin spelestil frå bortelaget, som igjen førte til mange straffer for heimelaget og to min utvisning for bortelaget.  Mot slutten "kokte" det litt over frå Eidabenken si side, og trenaren må nok pårekne ein rapport om sin oppførsel.  Nok om det.   Våre jenter fekk ein pangstart på kampen og var oppe i 5-0 leiing etter 7 min, bl.a. etter 3 straffemål av Malin Eikenes.  Etter halvspela første omgong synte måltavla 10-5, og etter 20 min 14-7.  I denne perioden synte Maria Svedal fram skotarmen sin med fleire flotte mål frå distanse.  Også Sofie Djupegot hadde fleire flotte mål i første omgong, derav 2 på straffe.  Stillinga ved pause var 19-13.  GHK fortsette sitt gode spel også etter pausen.  Bakerst sto Benedikte Vederhus som ein levande vegg i perioder, og underteikna har kanskje ikkje sett ein betre kamp frå ho.

Ein av kampens store profilar, Benedikte Vederhus

Utover i kampen melde alle jentene seg skikkeleg på.  Ayla Seime synte fram flott vingspel, og hadde fleire flotte mål frå kanten.  Det same hadde Benedikte Lotsberg.  Alt i alt ein flott gjennomført kamp av alle jentene, og det er tydeleg at trenar Ragnhild B Vederhus har drilla elevane sine i å halde tempoet oppe.  At det i periodar fører til litt unødige balltap, må ein sjå som eit ledd i utviklinga til desse jentene.  Ein flott gjeng, er det :)  Sigeren i dag førte jentene opp på 3. plass på tabellen.

Slik jublar K5 damene etter siger over naboen frå Eid.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Åsebø(1), Malin Eikenes(10), Sofie Djupegot(7), Amalie Mundal(2), Turid V Aspheim, Maria Svedal(5), Benedikte Lotsberg(2), Ingeborg Volle(1), Marie Zachariassen(1), Elise Tystad, Eirhild Alme(1), Ayla Seime(5).



Klare for kamp!

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Feb 2013

Etter ei spelefri helg for våre lag, er det i kveld klart for kamp i Førde mellom GHK sitt jente 15 lag  og det suverene leiarlaget i denne serien, Førde.  I morgon skal våre nest beste damer møte nabo Eid til ein toppkamp i 5.divisjon i Firdahallen..

 

Vårt talentfulle 15års lag for jenter skal altso til Førde i kveld.  Førde har vore det klårt beste laget i denne serien, og alt anna enn ein klar heimesiger ville overraske.  Samstundes er det viktig at våre jenter får spele mot dei beste, for på den måten sjå kor lista ligg. Og klarer jentene til Jostein å få til angrepsspelet sitt, kan denne kampen verta jevnare enn forutsetningane skulle tilseie.  Vi ynskjer iallefall lukke til med kampen.

I morgon (tysdag) skal så vårt gode 5.div lag for damer møte nabo Eid til eit skikkeleg toppmøte i Firdahallen.  GHK ligg på fjerde plass i divisjonen, men kun eit poeng bak Eid på tredje.  GHK har òg to kampar mindre spela, og vil med siger i desse koma heilt opp i ryggen på tetlaga Sogndal og Florø.  I bortekampen mot Eid i november, klarte jentene til Ragnhild å vinne ein jevn og tett kamp med eit mål (27-28).  Truleg vert det like jevnt i morgon, men heimebane og publikum i ryggen vert kanskje avgjerande.  Lukke til!

 



Tap i toppkampen

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Feb 2013

GHK herrane tapte toppkampen mot Kjøkkelvik i Olsvikhallen i går med 26-31.  Som i den omvende kampen i Firdahallen i haust der GHK vann, var det to gode lag som møttest.  Kanskje var det heimebanefordelen og den største viljen til å vinne som avgjorde i Kjøkkelvik sin fordel.

Etter ein jevn start på kampen der laga følgde kvarandre i målprotokollen, drog Kjøkkelvik sakte ifrå med 3-4 mål. Men GHK var heile tida med i kampen, og både Jan Kristoffer og Edvin hadde fleire flotte mål i denne perioden.  Så kjem den episoden som underteikna trur avgjorde kampen.  Kjøkkelvik får ei 2 min utvisning, men vinn likevel denne perioden 2-0.  Derifrå aukar dei inn mot pauseresultatet 18-11.

GHK får ein god start på andre omgong og har kontakt med 3 mål bak på stillinga 23-20.  Men Kjøkkelvik har ein gamal ringrev i Jarle Rykkje.  Kanspelaren hadde fleire avgjerande mål i andre omgong.  For GHK sin del, var dei før nemnde karane sentrale, men også Runar Gåsemyr hadde fleire flotte mål.  Paul Remi Kvandal kom inn i målet i andre omgong og stod svært bra.

Desse var med: Daniel Reed, Ole M Flatjord(1), Arild Tystad(1), Jan Sletteland(7), Andreas Kissner(1), Åsmund Sælen, Runar Gåsemyr(4), Edvin Øygard(8), Bjørn Nystad(2), Paul R Kvandal, Alex Moritsgård(1),  Jan K Lundestad, Ørjan Sundal(1)



GHK damene med sterk bortesiger

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Feb 2013

GHK sitt damelag i 3.div slo til med ein overraskande og sterk bortesiger i dag, då dei slo serieleiaren Voss heile 31-25.  Etter ein litt variabel kamp i går mot Bjørnar, synte damene i dag for alvor kva dei er i stand til når alle melder seg på.

Denne sigeren smakte godt!!!! (foto: Celina Nordbø)

Har ikkje så mykje kampinfo, med trenar Kjell fortel over telefon frå Voss at dette var ein taktisk godt gjennomført kamp der laget var på hogget frå avkast. Verdt å nemne er sjølvsagt Marte H Hansen sine smått fantastiske 14 mål.  Grattis jenter:)

Glad jente etter 14 mål (foto: Celina Nordbø)



K3 damene med siger i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Feb 2013

GHK sitt damelag i 3. div vann i dag den viktige bortekampen mot Bjørnar 2 med 23-18, etter at dei leia 13-8 ved pause.  Dette var kampen ein skulle vinne, og jentene gjorde jobben.

Frå Bergen får vi meldt om ein positiv start på kampen, der vi raskt går opp i 4-0.  Benedikte står bra i mål, og alle melder seg på framover.  Ein har bra kontroll på kampen, og utover i første omgong kjem dei fleste på skåringslista. Linn Kristin kjem også inn i målet, og gjer fleire flotte redningar.  Elisabeth Hansen gjer ein flott jobb, og gjer kanskje sin beste kamp så langt i GHK drakta, med 4 mål.

Utover i andre omgong er ein fleire gonger oppe i 6-7 måls leiing, men i periodar kjem det "varme i topplokket" og jentene dett litt nedpå.  Bjørnar 2 har ein sterk venstreback som skårar over 10 mål, mange av dei på frikastoppstilling.  Celina Nordbø får ein kraftig smell mot slutten, og det er usikkert kor alvorleg skaden er.  Kanskje er det brot, men dette vert klårt utover kvelden.  Trenar Kjell Aske seier og at saknet av kaptein Heidi Sægrov, som er heime i Sogndal med sjukdom, var merkbart i dagens kamp.  Men siger er siger, så no er det berre å lade opp mot morgondagens kamp mot topplaget Voss.  Her har ein iallefall ingenting å tape, så det gjev kanskje ein positiv inngong til kampen.

Desse var med i dag: Sintija(1), Ragnhild(1), Marte(4), Torill(4), Elisabeth(4), Ingvild(3), Celina(3), Elise(3), Irene, Benedikte, Linn.



Viktig kamp for damelaget i helga!

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Feb 2013

Både dame og herrelaget i 3. div skal til Bergen denne helga.  Damelaget skal ut i dobbelkamp, der dei først skal møte botnlaget Bjørnar 2 på laurdag før dei skal møte topplaget Voss på søndag.  Herrane skal møte topprival Kjøkkelvik søndag ettermiddag.

For damene sin del er kampen mot Bjørnar 2 på laurdag ein kamp som skal vinnast om ei vil fortsette i 3.div neste sesong.  Bjørnar 2 har sålangt kun tatt 1 poeng, så denne kampen bør vinnast. Rett og slett.  I kampen mot Voss på søndag får ein det langt tøffare.  Voss leiar 3.div, så her må nok damene til Kjell overgå både seg sjølve og ha "stang inn" for å ha håp om poeng.

Herrelaget har framleis heng på tetlaga, og vil med siger her kome opp i ryggen på Kjøkkelvik igjen.  Dette er vonaleg ein god nok motivasjonsfaktor til at karane tar fram sitt beste spel.  For det er ingen tvil om at når GHK får spelet til å gli som dei kan på sitt beste, er det få lag i 3.div som kan oppvise makan.  La oss håpe at dette skjer i denne kampen :-)



Vellukka basar i Runnevang

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Feb 2013

I ettermiddag var økonominemnda i GHK vertskap for ein svært vellukka basar.  Eit fullsett Runnevang vart helsa velkomen av dagens "toastmaster" Jon Gimmestad.  Han leia forsamlinga gjennom både åresal, ein "haug" med kaker og kaffi og til slutt trekning av hovedgevinstane.  Økonominemnda hadde gjort ein framifrå innsats med å skaffe til vegs vinstar av ymse slag, og gjennomføringa av basaren står til terningkast 6.


Surt og knepe tap for G16 mot Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2013

G16 tapte den dramatiske kampen i Førdehuset i dag. Etter å ha leia med eit mål til pause vann Førde tilslutt 20-19.

Vi møtte eit heiltent Førdelag i dag med engasjerte Geir Eikås og Øyvind Indrebø på lagleiarbenken. Det var GHK som stort sett førte heile kampen med 2-3 mål føre. Andreas Måge stod godt i mål i denne kampen og var ein av grunnane til at vi gjekk til pause med ein knapp leiing.

Andre omgang starta bra og vi laga to kjappe mål og var i grei føring. Dette heldt seg store deler av omganen, men med 5 minutt igjen hadde Førde gått opp i leiing 18-16. Vi svarte og kom opp på 19-19. Denne stillinga heldt seg heilt til det siste speleminuttet. Med eit minutt igjen erobra vi ballen i forsvar, men istaden for å roe ned vart det satsa på ei rushpasning som ikkje nådde fram og det vart Førde som hadde ball i den dramatiske sluttfasen.

Så fekk Erlend to minutter utvisning på ei knallgod rein takling på skuddarm og det byrja å koke i toppen på gutane. Med 45 sekund igjen greidde vi å halde Førde vekke frå målsjangsar til det gjenstod 2 sekund. Då kom Førde sin storskyttar Nicolai Eikås på skothald, og idet ballen gjekk i mål stod det 24.59 på tavla. 

Eit formedeleg tap, men slik er handballen og idag var vi rett og slett ikkje gode nok. Best på Gloppen var utan tvil Sander Nesdal. Han fekk beskjed før kampen om å melde seg på og var heile tida på hugget i dag. Eit herleg trickskot og fleire susande langskot viser kva den karen er god for.

Det hektiske sluttminuttet medførte 2 raude kort til to av våre spelarar då det kokte litt over i den dramatiske sluttspurten. Vi veit ikkje enno om dette får konsekvensar for den siste kampen mot Eid/Haugen.

Desse var med: Måge, Håvard Magnus, Sindre, Jon Andreas 1, Peter 1, Magnus 2, Erlend 1, Hans 3, Mikael 2, Kristian, Lauritz 3, Sander 6,


Spanande då GHK tapte med eit mål mot NHHI

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2013

GHK sitt damelag i 3.divisjon tapte ein jevn og spanande kamp 25-26 mot NHHI i Firdahallen i ettermiddag.  Stillinga til pause var 12-13.

Marte H Hansen med 5 mål i dag (foto: Aadne Glopestad)

Framføre dagens kamp var forutsetningane desse: GHK ville ta eit langt steg mot fornya 3.div kontrakt med siger.  NHHI legg nest sist på tabellen, men har styrka stallen vesentleg etter nyttår og er i dag eit godt 3.div lag.  Kampen starta vanskeleg for heimelaget, og NHHI kom kjapt opp i ei firemålsleiing.  Utover i første omgong held studentlaget frå Bergen stillinga lenge, men GHK kjema seg sakte men sikkert innpå.  Til pause var NHHI kun eit mål føre. 

Dagens spelar på heimelaget, Heidi Sægrov (foto: Aadne Gloppestad)

 I andre omgong veksla laga på å ha leiinga, før NHHI drog ifrå att til ei 3 målsleiing midtveges.  Ein 2min utvisning til bortelaget, nytta heimelaget godt og kom ajour på stillinga 24-24.  Men bortelaget ville mest i avslutninga og vann 26-25.  Heidi Sægrov vart kåra til dagens beste GHK spelar.  Ho styrer mykje både framover og bakover, og vart i tillegg kampens toppskårar med 7 mål.  Målgarantisten Marte H Hansen vart passa godt på av motstandaren i dag, men hadde likevel 5 mål...., det same som lisjesysta Elise.  Ellers var det jevnt over brukbar innsats over heile linja i dag, men det held altså ikkje til siger.

Elise fyrer av!! (foto: Aadne Gloppestad)

Desse var med: Linn K, Heidi(7), Ingrid, Marte(5), Celina(2), Ingvild(1), Sintija, Elisabeth(1), Elise(5), Ragnhild(2), Benedikte, Torill(2), Ingunn.



GHK sitt jente 15 lag tapte mot Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2013

GHK sitt jente15 lag var i dag på nordsida av Nordfjorden for å møte nabo Eid.  Det enda med eit klårt 12-24 tap mot eit av dei beste 15 års laga i denne serien. Frå trenar Jostein får vi meldt om ein kamp med mange feil i angerp som resulterte i rushmål imot.  Eid hadde heile 12 slike mål.  GHK sleit stort sett i heile kampen i etablert angrep, og tapte fortjent mot eit godt heimelag. Vår eminente målvakt Eli Kristin Arnestad stod ein god kamp i mål, men i dag var ikkje dette nok.  Målskårara for GHK i dag var Susann(5), Silje Iren(3), Maria(2), Frøydis(1) og Solgunn(1).


K3 damene med viktig heimekamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2013

Det er klart for ei ny kamphelg.  Som einaste GHK lag med heimekamp, skal damelaget til Kjell Aske møte NHHI i Firdahallen på laurdag. Gutelaget skal til Førde for å møte heimelaget der, medan jente 15 laget skal møte nabo Eid på nordsida av Nordfjorden.

Torbjørn Sælen & co skal møte møte Førde i G16 serien(her etter vunnen heimekamp mot same motstander)

Første lag ut på laurdag er gutelaget.  Dei skal møte Førde på bortebane, og er nok svært "gira" på å rette opp tapet mot Stryn sist.  Førde ligg nest sist på tabellen, men har to kampar mindre spela enn laga framføre på tabellen.  GHK ligg åleine i toppen, men har Stryn jagande bak, og her er ikkje 1. plassen trygg enno.  Vi trur Torbjørn sine gutar klarer dette, og returnerer gjennom Våtadalen med to nye poeng.

Den mest spanande kampen, sett med underteikna sine auge, er nok kampen i damenes 3.div mellom GHK og NHHI.  Skal GHK halde seg på trygg avstand frå nedrykksspøkelset, bør denne kampen vinnast.  NHHI ligg på 9. plass på tabellen, og i den omvende kampen i Bergen vann damene til Kjell rimeleg greit.  Men.., NHHI kjem frå ein svært sterk bortesiger over Askøy, og er nok i langt betre form no.  Når vi så veit at GHK truleg stiller med eit noko redusert lag i høve til det som slo Årstad 2 i Bergen sist helg, vert det truleg ein tøff kamp om poenga i Firdahallen på laurdag.

Jente 15 laget har synt ei stigande formkurve utover i sesongen.  No ventar sterke Eid på bortebane.  I heimekampen mot same lag vart det eit klårt 15-24 tap.  Eid ligg på 3.plass, medan GHK ligg på 7.plass.  Dette vert nok ein vanskeleg kamp, men om jentene syner kampvilje og innsats, kan dette fort ende med bortesiger til GHK.  Men tøft vert det :)



Basar i Runnevang på søndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Feb 2013

Økonominemnda i GHK inviterer til god gammaldags basar i Runnevang på søndag 10. februar kl. 16.00.  Det vert åresal med mange fine vinstar.  Trekking av loddbøker med endå finare vinstar.  Bildeshow frå livet i GHK :)  Dessutan eit imponerande kakebord med tilhøyrande drikke.  Konfransier er sjølvaste Jon Gimmestad. Ynskjer alle glopparar hjarteleg velkomne til ei hyggeleg samkome på Rygg.



Damelaget med viktig siger

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Feb 2013

Damelaget vann i dag 20-19 over Årstad i Haukelandshallen. Etter gårsdagens leie tap for Os, var det kun siger som var godt nok i dag.

Marte har lada kanona (foto:Wim Hetland)

Og jentene til Kjell gjorde jobben.  Frå start var det vilje til å kjempe for poenga.  Utover i første omgong fekk vi sjå fleire flotte kombinasjoner.  Godt likte vi vingavslutningane til Ingvild Slagstad, som gong på gong lurte ballen inn i korthjørnet. 

Ingvild med eit av sine mål frå kant. (foto:Wim Hetland)

Men også venstreslegga til Marte H Hansen, fekk målnettet til å stå i boge kvar gong ho traff mellom stengene.  GHK gjekk til pause med ei tremålsleiing.  I andre omgong held jentene stort sett avstanden til Årstad, og var oppe i 20-15 leiing.  Mot slutten kom Årstad farleg nær i målprotokollen, men jentene reid stormen av og kunne, saman med eit tallrikt Gloppepublikum på tribuna, juble over to svært viktige poeng.  Neste helg ventar heimekamp mot NHHI.

Kjell gir sine instrukser i ein timeout. (foto:Wim Hetland)



Mye flot spil men poenga bliver i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Feb 2013

Gloppen H3 havde fuld kontrol på Viking2 i heimekampen for 1 måned siden. Med siger ville Ghk og Kjøkkelvik få lidt afstand til de andre toplaga.
Begge lag starter med høj tempo og meget bra håndbold. Viking dækker 3:2:1 og GHK spiller sig til mange gode chancer. Jan Kristoffer starter meget bra på venstre bak og scorer både på gennembrud og fra distance. Runar og Edvin er meget gode også i denne fasen. Efter 10 minutt kommer Alex ind og herjer med Viking forsvaret. Mod slutten af 1. Omgang knuser Edvin ballen på insiden af stolpen og i mål. GHK går til pause med 14-13 ledelse.

Andre omgang starter lidt daft for gutta. Viking står bra bakover og keeperen tager en del pragtredninger op ad hatten. Det fører til rush imod og Viking scoring. Vi får lidt momentum i midten af omgangen men straffebom og manglende scoring på rush gør at Viking drager fra til 23-17. Vi har en god slutspurt men må give tabt 24-22. Mye bra spil men ingen poeng.


Tap og siger i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2013

Damelaget i 3.div gjekk på eit nytt knepe tap, då dei tapte 30-28 mot Os2.  GHK lag bak med 5 og 6 mål gjennom heile kampen, men var oppe på uavgjort 27-27 rett før slutt.  Men det heldt ikkje heilt inn, diverre.

G18 laget derimot, slo Sotra 27-25 og er framleis ubesigra.  Men Sotra slit med å stille reint G18 lag, så i dag var det faktisk eit lag av mest seniorspelara vi møtte.  Kun 3 spelarar held G18 alder.  Så poenga hadde vi fått uansett, men det var likevel ein fin siger til gutane våre.  Vegard Sælen og Runar Gåsemyr vart mestskårande med 6 mål kvar, medan Ørjan Sundal stoppa på 5.
 
Glade gutar etter kveldens kamp
 


Bergenshelg for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Jan 2013

Komande helg reiser store delar av GHK familien til Bergen. Gutar 18 skal endeleg i elden att, og møter Sotra i Bildøyhallen på laurdag.  Herrelaget i 3.div møter tabelleiar Viking 2 i Haukelandshallen på søndag.  Damelaget i 3.div skal ha dobbelkamp og møter først Os 2 i Os Idrettshall på laurdag, før dei skal møte Årstad 2 i Haukelandshallen på søndag.

Desse glade gutane på GHK sitt G18 lag, skal møte Sotra på laurdag. (Bilde etter sigeren over Stord Elite på bortebane)

GHK sitt gode 18 årslag, skal altso møte Sotra på bortebane.  GHK leiar serien etter 3 strake sigrar over "tøff" motstand.  No møter dei botnlaget i ein kamp som gutane våre bør vinne.  No er det omlag 3 månader sidan siste kamp for GHK, så det knyter seg ei viss spaning til om dei gode taktene frå i haust framleis sit i dette laget.  Dei fleste av dei har spela kampar for herrelaget eller G16 i mellomtida, så vi er vel ikkje svært bekymra for kampforma.  Men vi har fleire dømer i den seinare tid at alle kampar lever sitt eige liv, så siger på forskot kan ein aldri rekne med.

Damelaget i 3.div skal møte lag som ligg rundt dei på tabellen, og møter såleis overkomeleg motstand.  Os 2 synte "musklar" forrige helg då dei slo tabelltopp Voss på heimebane, og er dette ein peikepinn på deira form no vil damene våre truleg måtte ta fram det beste for å ta poeng. Vår nye tilvekst på spelarsida, Sintija Teicane frå Latvia, vil truleg debutere her.  På søndag ventar truleg ei lettare oppgåve, då Årstad 2 er motstandar.  Årstad kjem frå eit stortap borte mot Askøy, og her må damene til trenar Kjell verkelg trå til for å sikre to verdifulle poeng.  Noko vi tru dei gjer :)

Herrelaget skal ut i ein ekte toppkamp på søndag.  4 lag kjempar pr i dag om opprykk i denne divisjonen.  Viking 2 leiar, tett følgd av Kjøkkelvik, GHK og Os.  GHK møter no topplaget Viking 2 i Haukelandshallen.  Det er ikkje meir enn ein månad sidan det omvende oppgjeret i Firdahallen, der GHK storspelte og vann 30-20.  Om GHK karane klarer å hente fram same spel i forsvar og angrep som i den kampen, kan ein håpe om to nye poeng og tabelltopp.  Viking 2 avga 1 poeng i siste kamp no i veka, etter uavgjort mot Os.  Dette vert nok ei "gysare" er eg redd for :)



Stortap for gutane i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2013

G-16 fekk bank i Stryn idag etter at dei tapte med heile 9 mål mot eit heiltent Strynelag. Starten på kampen var katastrofe der det var "gåhandball" både bak og framme. Stryn spelte ofensivt i forsvar og våre gutar kasta stadig ballen opp i hendene på dei. Det stod raskt 4-0 til Stryn og det gjekk ikkje lenge før vi måtte ta timout for å prøve å justere. 

Einaste som fungerer i slike tilfeller er bevegelse uten ball og overgangar. Kvar gong vi gjorde dette lykklast vi, men det vart gjort så altfor skjelden.  5 min. før første omgang var slutt leia Stryn 15-6 og slaget såg ut til å vere tapt. Til pause greidde vi å redusere til 15-10 og hadde håp om at vi var på veg inn att i kampen.

Andre omgang starta som første der Stryn putta 3 mål utan at vi klarte å reduser. Når også keeperen til Stryn har dagen i mål vert det vanskeleg for oss. Vi brende fleire straffer og rush åleine med keeper og greidde ikkje å henge med i returløpa våre.  Stryn kontrollerte greit kampen i land til ein solid siger 27-18.

Dette er nok årets svakaste kamp frå vår side vi må opp fleire hakk derrsom vi skal ha håp om regionsluttspel i Bergen. Einaste som får godkjent idag er Lauritz som vart toppskorar på vårt lag med 6 mål, og nemnast må også ein småsjuk Peter som laga to frekke mål i første omgang.

Desse var med: Måge, Peter 2, Lauritz 6, Sander, Hans 3, Hans Kristian, Sindre, Magnus 3, Jon Andreas 2, Kristian 1, Mikael 1,  Peter 2.


Gutelaget spelar borte mot Stryn i morgon.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2013

GHK sitt suverene 16 års gutelag skal til Stryn i morgon for å prøva og revansjere sitt hittil einaste tap denne sesongen.  I heimekampen i november måtte GHK sjå seg slegne 20-17 av Stryningane.

Kristian Henden & co på revansjejakt i Stryn i morgon. (bilde frå heimekampen mot Eid/Haugen)

Trenar Torbjørn Sælen har verkeleg fått sving på gutane sine, og laget er i ein suveren leiing på tabellen. Mykje skal gå gale om ikkje desse karane allereie er klare for regionsluttspelet.  Laget har sanka 16 poeng på 9 kampar, medan morgondagens motstandar Stryn, har 8 poeng på 6 kampar. GHK sitt einaste tap hittil, kom nettopp mot Stryn på heimebane i november.  I den kampen vann Stryn 20-17.  Om GHK klarer å prestere på same nivå som mot Årdalstangen sist, trur vi Stryn skal få slite med å gjennta bedrifta frå Firdahallen.  Men handball kan vere ei uforutsigbar idrett, så her må gutane vere "på nett" frå start av.

PS! I kveld spelar GHK sine to damelag treningskamp i Firdahallen kl. 20.00.



K3 damene slo K5 damene i treningskamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2013

I ein treningskamp i Firdahallen i kveld, var det ikkje uventa damelaget i 3.div som vann ein komfortabel siger over sine klubbvenninner i 5.div.  Sluttresultatet vart 36-21, etter at stillinga til pause var 16-8. Elise H Hansen vart kampens toppskårar med 7 mål.


Sesongbeste av K5 damene

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2013

GHK sitt damelag i 5. divisjon storspelte og slo sognelaget Fjøra heile 33-16 på bortebane i Sogndal i dag, etter å ha leia 12-5 til pause.

Glade jenter etter ein strålande bortekamp og sesongbeste.

Frå Sogndal får vi meldt om ein strålande gjennomført kamp av trenar Ragnhild Bakketun Vederhus sine elevar.  Trenaren fortel om ein svært opplagt og løpsviljug gjeng, som kontra motstandaren i senk med høgt tempo både på ball og bein.  Mange mål vart skåra på kontringar, men også evnen til å finte seg gjennom forsvaret var på plass i dag. Omtrent heile laget teikna seg på skåringslista, og bakover fungerte forsvarspelet til toppkarakter.  Ragnhild nøler ikkje med å karakterisere dagens kamp som årsbeste av laget sitt, og at dette var ein skikkeleg lagsiger.  Dette lovar godt for kampane som kjem, og allereie på mandag skal desse damene opp mot 3. divisjonslaget til GHK i ein treningskamp i Firdahallen. 

Desse var med i dag: Benedikte Lotsberg, Eline Åsebø, Ingeborg Volle, Sofie Djupegot, Eirhild Alme, Malin Eikenes, Benedikte Vederhus, Ann Kristin Haraldsvik, Ragnhild Ryssdal og Ayla Myklebust Seime.



Kun ein GHK kamp komande helg

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2013

Komande helg er det damelaget i 5.divisjon som skal forsvare GHK si ære.  Dei møter sentrumslaget Fjøra frå Sogndal i Sogndal Idrettshall på laurdag.

Malin Eikenes var sentral i heimekampen mot Fjøra.

K5 damene har hatt ein god sesong til no, og ligg på ein fin tredjeplass på tabellen. Kun to poeng frå andreplassen, og tre poeng bak leiande Florø.  I heimekampen mot nettopp Fjøra i september, fekk vi ei framsyning i effektiv kontringshandball då Malin Eikenes var ustoppeleg framover og skåra åleine heile 13 mål.  GHK vann til slutt 30-20 i den kampen.  No er det bortebane som gjeld, og ein får venteleg ein peikepinn på kor godt ein har halde treninga vedlike sidan siste kamp som var tidleg i desember. I utgongspunktet ein kamp som bør vinnast, men det skal ikkje mykje "rusk" til i maskineriet før dette likegodt kan ende med tap.  Så her gjeld det for Ragnhild sine elevar å trø til frå start av.


Uavgjort i treningskamp mot Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2013

GHK sitt damelag i 3. divisjon var i kveld i Sogndal for å møte heimelaget til treningskamp. På grunn av ein del skada spelarar, reiste Kjell innover med kun 7 spelarar.  Kampen enda 25-25, eit greit resultat ifylgje trenaren.  Eit par spelarar måtte ta "teljing", men det ser ut til å gå bra med dei.


Regional dagsamling G95/96

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Jan 2013

NHF Region Vest har kalla inn både Daniel Hjohlman Reed og Ørjan Sundal til regional dagsamling tysdag 7. februar i Haukelandshallen.  Samlinga er leia av regional landslagstrenar Rune Kristiansen.  Lukke til, gutar.


ÅRSBESTE AV GUTANE

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jan 2013

I dag var det toppkamp i Firdahallen mellom Gloppen og Årdalstangen 2. Etter ein jamn og tøff batalje i Årdal i haust rekna vi med tøffe tak i Firdahallen, men idag var gutane verkeleg i spelehumør og feia golvet med Årdalsgutane og vann til slutt 31-17.

Praktkamp av Mikael i dag. Her lagar han eit av sine 5 mål.
Kampen starta jamt og Årdølane følgde med til 3-3.  Då hadde Mikael, Magnus og Kristian presentert seg med kvar si skåring. Erlend som slit med skulderproblem spelte berre forsvar og var krumtappen i ein solid forsvarsmur.  Sander fossa gjennom på "ein Kjell", og Magnus Andre fanga det meste av det som kom inn på strek og omsette i mål.  På venstre ving herja Kristian og når Jon Andreas dundra inn ein "Polakk" frå høgresida var det berre for trenaren å "halje seg tilbake".  10 minutt ut i omgangen entra Lauritz bana, då han bytte med Mikael som hadde vore svært god så langt. Han sette umiddelbart to kjappe mål og styrde spelet på ein glimrande måte. Kjekt for ein trenar å ha så mange solide og gode spelarar. Det virka som gutane hadde full kontroll gjekk til pause med solide 14-9 leiing.

Årsbeste av Kristian i dag. Solid vingspel.

I pausen var vi ganske nøgde med første omgang, men hadde som oppgåve til andre omgang å trykke på meir i framoverspelet og ankomstfasen. Vidare hadde Sander fått bskjed om å melde seg meir på, og han svarte skikkeleg i andre omgang.

Sander gav svar på tiltale idag og var outstanding i 2 omgang.

Andre omgang byrja med "Kjell venstre" der Hans fossa gjennom på høgresida. Fortsette med undergang og juggespel der Sander gang på gang steig i veret og prikkskaut på ein fortvila Årdalsmålvakt. Bakover sat forsvarsspelet som det skulle og trenaren vart pålag rørt til tårer av lojaliteten gutane viste i forsvarsjobbinga og det vi var blitt einige om i pausen. STRÅLANDE av samtlege.

Når vi til slutt tar med Måge som storspalar i mål verte Gloppen vaskelege å ha med å gjere når dei spelar på dette nivået.

Forsvarssjefen med full styring på troppane.

Hans som vanleg med solid spel i dag. 

Magnus vart dagens toppscorar med 7 mål. Vanskeleg for motstandaren å få stoppa han på lovleg vis.

Desse briljerte: Måge, Mikael 5, Hans 6, Magnus Andre 7, Laurits 4, Kristian 3, 
Sander 5, Jon Andreas 1, Sindre, Hans Kristian, Erlend.


GHK sitt jente 15 lag med ny siger

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2013

GHK sitt talentfulle J15 lag vann i dag bortekampen mot Stryn 2 med knappast mogeleg margin, 12-11. Men siger er siger, og jentene våre er no på 6. plass på tabellen.  Vi har ingen anna informasjon frå kampen no, men det kjem kanskje etterkvart.


Dei unge si kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Jan 2013

Denne helga er det GHK sitt 16 års gutelag, og 15 års jentelag som skal forsvare dei raude fargane.  Gutane skal møte Årdalstangen 1 og 2 til dobbelkamp i Firdahallen på søndag, medan jentelaget skal til Stryn for å møte heimelaget sitt andrelag der.

GHK sitt 15 årslag for jenter skal til Stryn på laurdag

J 15 fekk ein skikkeleg opptur sist helg då dei slo Skavøypoll på heimebane.  No ventar bortekamp mot Stryn sine nestbeste jenter.  I heimekampen vann jentene våre 8-4 over dette Strynelaget.  Klarer dei å syne like bra forsvarsspel som sist, trur vi jentene til Jostein kan klare å få med seg to nye poeng tilbake over Utvikfjellet.  På tabellen ligg desse laga likt plassert, men GHK jentene har to kampar tilgode.

GHK sitt gutelag skal møte Årdalstangen sine to lag på søndag. GHK leiar denne serien, og er nok favorittar på heimebane.  Årdalstangen 2 ligg hakk i hel, og vert venteleg den tøffaste kampen for Torbjørn sitt mannskap.  På heimelaget vert det meldt om litt skadeproblem i forkant av kampane.  Strategen Erlend Ulvestad er usikker, samt at nokre andre også slit med mindre skader.  Likevel håper og trur vi eit godt trena heimelag kan hamle opp mot sogningane, og ta nye poeng. Men, som sagt, Årdalstangen 2 vert ei hard nøtt å knekke.



Unge GHK jenter til SUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2013

Eli Kristin Arnestad, Frøydis Seime Øygard og Susann Solheim Gjærløv er alle tekne ut til SUM samling i Strynehallen fredag 1.feb og laurdag 2.feb.  Eit nytt prov på at stadig nye talent kjem opp og fram.  Vi gratulerer med uttaket, og ynskjer alle tre lukke til.

To av tre uttekne jenter, Eli Kristin og Susann.



Flott siger for GHK J15

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Jan 2013

GHK sitt jente 15 lag vann i ettermiddag 11-5 over Skavøypoll i Firdahallen.  Sigeren var svært fortjent, og jentene til Jostein syner at dei har tatt store steg reint spelemessig sidan starten i fjor haust.  Stillinga ved pause var 6-3.

Avslappa stemning i pausen. Denne kampen skulle vi vinne!

Frå start kunne ein sjå at jentene hadde bestemt seg for at denne kampen skulle dei vinne.  Forsvarsspelet sat som eit "skudd", og bakerst sto stortalentet Eli Kristin Arnestad som ein levande vegg.  Framover såg vi mange flotte tekniske detaljer frå fleire jenter.  Susann Solheim vart før kampen heidra som månadens talent for desember, og synte at her har GHK ei jente med framtid på handballbana.  Ho vart òg kampens toppskårar med 6 mål.  Men her er mange fleire som stadig vert betre, kamp for kamp. Ja, faktisk kunne ein ramse opp heile laget, for alle syner fin framgong.  Tydeleg at trenar Jostein har jobba godt med jentene, og det vert spanande å fylgje dei vidare i neste kamp.

Silje Iren Hole Hervik med 3 mål i dagens kamp.

Desse var med: Eli K Arnestad, Solgunn R Lote(1), Linda Årdal, Susann S Gjærløv(6), Oda Eide, Silje I H Hervik(3), Frøydis S Øygard(1), Julie Varpe, Maria Kvamme, Jenny A Falck.



Susann Solheim Gjærløv er månadens talent for desember

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Jan 2013

Susann Solheim Gjærløv er kåra til månadens talent i GHK for desember.  Kåringa er eit samarbeid mellom ein av våre hovudsponsorar Sparebanken Sogn og Fjordane og trenarkorpset i GHK.  Vi gratulerer Susann med prisen, og ynskjer lukke til vidare.

Månadens talent for desember, Susann Solheim Gjærløv



Nytt tap for damelaget i Bergen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Jan 2013

Også i dagens kamp mot Askøy, måtte GHK sitt damelag i 3.div sjå seg slegne av motstandaren.  Slutt resultatet vart 33-30, etter 17-16 til pause.

Som resultatet syner, var det ein jamn kamp der reultatet kunne bikka begge vegar.  Men med litt måltørke på slutten, samt at det kom nokre lette mål bakover, måtte jentene til slutt sjå at poenga vart verande att i Bergen.  Trenar Kjell Aske seier at det positive i dagens kamp er at fleire melder seg på framover, og at 30 mål i grunnen er bra.  Men ein lyt jobbe knallhardt med forsvarsspelet på treningane framover.

Målskårarar i dagens kamp: Marte H Hansen(9), Heidi Sægrov(6), Celina Nordbø(4), Irene Slagstad(4), Ragnhild Ryssdal(2), Ingrid Gimmestad(2), Ingvild Slagstad(3).



Sejerens sødme leger alle sår

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Jan 2013

Efter en meget stærk præstation mod Viking 2 havde gutta mulighed for at 1. Pladsen med 4 point i Bergen. Norrøna var modstander lørdag og ghk står med 4 strake sejre på de sidste 4 opgør. Ghk kommer bra fra start og Vegard Sælen og Runar Gåsemyr var ustoppelige. Road runner havde 4 af 4 og Vegard 2 af 2. Jan kommer ind og springer gennem forsvaret uden nogen særlige vansker. Alt kunne være så godt men så slutter vi med og fighte i forsvaret. Bjørn Helge Risti skyder os i senk fra distancen og Norrøna går fra 7-9 til 13-10 ved pause. Vi kæmper os tilbake og de talrige tilrejsende gløppare havde troen da Morits sætter ind 24-23 på flott gennembrud. Vi kom ikke nærmere og Norøna vinder kampen 28-26. 

Dagen efter var 14 revanche lystne karar som mødte op mod BSI. Der var en helt anden tending i laget og forsvaret sat virkelig bra. Ole Martin og Åsmund leverer flotte lob og ghk trekker fra til stillingen 2-5. BSI knapper inn og GHK trekker fra. Ved stillingen 8-11 har vi flere muligheder for at skabe større afstand men tekniske fejl og lidt mangel på rutine gjorde at stillingen var 10-13 til pause. I andre omgang fortsætter gutta med flot spill begge veje. Det ser længe ud til at kampen er uhørt for BSI. Vi leder med 18-23 men så stogger det sig 2 brændte straffe flere tekniske fejl og stillingen er 23-24. BSI nummer 50 skyter frit fra 4 M og Paulen hiver en matchvinder redningen op ad lommen. Edvin banker det 9 ende mål ind for dagen. BSI reducerer til 24-25 og får mulighed for at udligne men Edvin blokker 3 sekunder før slut og gutta slipper jublen løs.


Tap for damelaget mot Gneist

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2013

GHK sitt damelag i 3.div tapte i dag 26-22 for Gneist på bortebane i Bergen. Stillinga til pause var 16-10 til Gneist.

Nye 16 mål på desse to i dagens kamp. Marthe med 10 og Heidi med 6 mål.

Frå Bergen får vi meldt om ein relativt jamn kamp rein spelemessig, men der litt for mykje bomskot av GHK vart avgjerande for sluttresultatet.  Første omgong var prega av at GHK spelarane feila i avgjerande situasjonar, samt at Gneist var flinke til å gjera akkurat det motsatte.  I andre omgong var faktisk kampbilde litt endra.  GHK vann denne omgongen med to mål, takka vere at ein lukkast betre framover og at forsvaret og keeper tok betre hand om Gneist sine forsøk. Faktisk var ein oppe på 19-21, der ein hadde fleire forsøk på å koma opp på uavgjort.  I staden var det Gneist som lukkast og kunne sikre sigeren. Trenar Kjell Aske seier i ein kommentar at dette var ein kamp med marginer litt imot, men at spelargruppa er positive og går mot morgondagens kamp med friskt mot.  Målskårarar i dagens kamp var Marthe med 10 mål ( ho er verkeleg ein garantist for mange mål i alle kampar ho er med), Heidi (6), Torill(4), Ragnhild(1) og Ingrid G(1).  Ny kamp mot Askøy i morgon


Hans Sande utteken på landslaget i vektløfting

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2013

Etter å ha debutert på GHK sitt herrelag i handball med 2 mål på laurdag, kom i dag beskjeden om at allsidige Hans Sande er teken ut på landslaget i vektløfting.  Landslaget skal møte Sverige og England, i Sverige, i februar. Hans er eit godt eksempel på at med mykje, og riktig trening, kan ein nå langt i fleire idrettsgreiner, samt lukkast svært godt i ei spesialgrein.  GHK gratulerer så mykje med uttaket og ynskjer lukke til i landskampen.

Hans Sande er eit stortalent både i handball og vektløfting. (bilde frå kamp mot Eid/Haugen)



Viktig kamphelg i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2013

Både dame og herrelaget i 3.div skal til Bergen denne helga, og møter forventa hard motstand både laurdag og søndag.  På heimebane er det J15 laget som skal møte Skavøypoll i Firdahallen på søndag.

Damelaget med Torill, Irene, Ingrid og Ingvild i spissen, skal møte Asløy og Gneist på bortebane i helga. (bilde frå heimekampen mot Voss)

Herrelaget kjem frå ein imponerande forestilling på heimebane sist, der tabelltopp Viking 2 vart sendt heim att til Bergen med timålstap.  På laurdag skal dei møte Norønna i Haukelandshallen. Norønna kjem frå ein sterk siger mot Os sist, og vert venteleg ei tøff oppgåve for GHK.  Men med same innsats og forsvarsspel som sist helg, kan dette gå vegen for Bjørn`s menn.   På søndag skal ein så prøve å hevne eit forsmedeleg heimetap mot studentlaget BSI i Fantoft Idrettshall. I Firdahallen i oktober overraska BSI med ein sterk tremålssiger over heimelaget.  No trur vi gutane våre vil gjere det dei kan for å slå Martin Sivertsen & co.  Men lett vert det ikkje.

Damelaget til Kjell fekk seg ein etterlengta opptur sist helg då dei slo Fyllingen2 på heimebane.  No skal dei møte to lag som ligg føre dei på tabellen på bortebane.  På laurdag møter dei Gneist i Sandslihallen.  På heimebane vann GHK med to mål mot nettopp Gneist, men her får dei venteleg tøff motstand.  Men klarer dei å snøre att i forsvar, kan mykje vere gjort.  Søndagens kamp mot Askøy i Askøy Forum, vert truleg ein liknande kamp.  På heimebane i september overraska GHK med ein sterk siger 21-19.  Her trur vi kanskje motstanden vert vel hard, men alle kampar skal spelast før poenga vert delt ut.  Klarer GHK damene2 eller 3 poeng i helga, skal ein vere godt nøgde. 

Jenter 15 laget til Jostein skal møte Skavøypoll til heimekamp i Firdahallen på søndag.  Sjølv om laget ligg langt nede på tabellen, har dette fleire årsaker.  Blant anna har ein "mista" to kampar der ein ikkje har kunne stille lag.  Poeng her kunne ført dei lenger opp på tabellen.  Det som er heilt klart er at det bur mykje handball i mange av desse jentene, og når dei får litt meir tid på seg vil vi nok sjå ei flott sportsleg utvikling av dette laget.  Mot Skavøypoll trur vi dei har ein svært god moglegheit til å vinne. Bakover er dei i ferd med å samkøyre forsvarsarbeidet, og klarer dei å "gå" litt meir på mål i angrep skal dei verte vanskelege å slå.  Vi trur på 2 poeng i søndagens kamp.

Lukke til med kampane :)



Ørjan og Daniel er teken ut på regionslaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2013

Ein tropp på 13 spelarar er teken ut på regionslaget som skal møte Årdalstangen til kamp i Åsanehallen laurdag 19.januar kl. 15.30.  Blant desse er både Daniel og Ørjan. Ifylgje NHF Region Vest vil ein rullere litt på kven som vert teken ut til  treningskampane framover med tanke på å finsikte spelarar til den endelege troppen til NM for regionslag.  Men til denne første kampen stiller GHK med to mann.  Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.



Toppkamp i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Jan 2013

Viking 2 kommer til Firdahallen med 4 strake sejre og vinder af kampen vil ligge på delt anden plass.

Arild Fjellestad Tystad bryt gjennom Viking sitt forsvar, medan Ørjan Sundal overvåkar i bakgrunnen. (foto:Jan Hansen)

Kampen starter bra for begge lag. GHK prøver å dra fra og viking 2 henger på. Ole Martin er i storform og lobber 2 gange efter hverandre  til stillingen 5-3. Viking er nære ved at utligne til 6-6 men Runar roadrunner vil det anderledes og øger til7-5 på flott rush. Hen mod slutningen tager Edvin og Bjørn magnus ansvar og øker til 10-7 og siden pause resultat 13-10.
Ghk kommer med fra pause og drar fra takket være meget bra forsvarsspill. Jon Kåre Lundestads gjør comeback og forsvaret har ikke været bedre iår. Vinking stanger mod ghk muren og det fører til rush og scoring. Vi øker til 15-10, 17-11 og 20-13. Bergenslaget prøver at fighte tilbake og kommer på 20-15. Ørjan scorer et meget viktig mål i ankomst og når Bjørn Magnus snappet ballen i næste forsvar og går coast to coast til stilling 22-15 er kampen i realiteten punkteret. Hans Sande gør en flott debut med 2 mål og gutterne cruieser inn til en meget god 30-19 siger. Ghk er det første lag som holder viking under 20 mål. Forsvaret var outstanding og mye stemmer fremover også. Skryt til dommere for en god kamp og glæde over at være tilbake i toppen.


Damelaget med viktig siger!

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Jan 2013

Damelaget i 3.divisjon vann i ettermiddatg 32-31 over tabellnabo Fyllingen 2 i Firdahallen.  Stillinga til pause var 14-15. I dag imponerte jentene med ein kollektiv laginnsats, og synte stor vilje til at denne kampen skulle vinnast. Likevel må vi trekke fram kampens to store profilar, Marte Heien Hansen og Heidi Sægrov, som med sin skuddstyrke var ei avgjerande årsak til heimesiger.

Dagens spelar Marte H Hansen og Heidi Sægrov spela ei avgjerande rolle då GHK vann i Firdahallen i ettermiddag.

Etter tapet for Dale i siste kampen før jul, var det eit revansjesugent heimelag som tok imot Fyllingen 2 til viktig kamp i Firdahallen i ettermiddag.  Med siger ville heimelaget kome opp i ryggen på laga framføre på tabellen.  GHK kom godt igong og leia 3-0 før Fyllingen reduserte.  Etter dette vart resten av kampen ei jamn batalje, der laga bytes på å ha leiinga.  Vi noterte fleire flotte mål av unge Ragnhild Ryssdal, samt prikkskyting av Marte H Hansen. Fram mot pause klarte Fyllingen å kome eit mål føre, men dette var ikkje avgjort på nokon måte.

Katrine Nyhagen Hole set inn eit av sine to mål i dagens kamp. (foto: Jan Hansen)

Pausen må Kjell ha brukt til ein skikkeleg "peptalk" med jentene. GHK gjekk rett opp i ei firemålsleiing før Fyllingen fekk sitt første mål i andre omgong.  Flotte langskot av Heidi og Marte H, samt nokre feiande flotte vingavslutningar av Ingvild Slagstad gjorde at GHK kom fleire mål føre mot slutten av kampen. Trass i at Fyllingen mot slutten gjekk ut "kvinne mot kvinne" og reduserte GHK si leiing, var sigeren i boks til stor jubel spelarar og publikum. Dette var ein viktig siger for heimelaget, og alle spelarane skal ha ros for at dei bidrog til denne sigeren. Likevel må dagens spelar Marte H Hansen med 11 mål og Heidi Sægrov med 8 mål, trekkjast fram.  Marte har nokre vinkelskot som eg trur berre ho kan gjere, medan Heidi, forutan å skåre mål, også tar tak i kampen når ein slit litt i motgong.   No er det klart for dobbelkamp i Bergen neste helg for damene våre.  Måtte ein få poeng der òg :)

Desse var med i dagens kamp: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(3), Marthe H Hansen(11), Ragnhild Ryssdal(4), Heidi Sægrov(8), Torill H Gaasø(2), Elisabeth Hansen, Irene Slagstad, Martha Sofie Eide, Katrine N Hole(2), Ingrid Gimmestad(2), Ingunn Berg.

PS! Fleire bilete kjem etterkvart.



Årets første kamphelg!

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Jan 2013

Jule og nyttårsferien er over, og det er klart for årets første handballkampar i Firdahallen.  På laurdag tar først damelaget i 3.div imot bydelslaget Fyllingen 2, før herrelaget skal måle krefter mot eit anna bergenslag, Viking2.  To tøffe kampar for våre lag, med moglegheitene for poeng bør vere tilstades.

 
Kan Runar Gåsemyr & co stoppe Viking si sigersrekkje? (arkivbilde frå kampen mot Stryn i desember)

I damene sin 3.divisjon er har laga svært ulikt spela kampar. Både GHK og Fyllingen ligg på nedre halvdel, men har fleire kampar mindre spela enn laga føre på tabellen. GHK kan med siger krype heilt opp i ryggen på topp tre. Siste kampen før jul enda som kjent med eit bittert tap for nabo Dale.  Fyllingen kjem frå storsiger over sin nabo, Os.  I motsatt kamp i fjor haust, vann GHK med eit mål etter ein svært spanande andre omgong.  Klarer Kjell å få jentene til å prestere på nivået frå den kampen, trur vi på siger.  Men då må ein opp fleire hakk frå Dalekampen.

Herrelaget skal møte eit formsterkt Vikinglag. Eit Viking som kjem til Firdahallen med 5 strake sigrar, og som er venta heilt i toppen av årets 3.div.  Men det har også heimelaget tatt mål av seg til å vere, så her er det duka for ein skikkeleg toppkamp med mykje forventa spenning og god handball. Kan GHK klare å få til sitt eige spel samstundes som nøkkelspelarane har dagen, kan dette gå heimelaget sin veg.  Men ein vanskeleg kamp å vinne, vert det.  Kanskje kan ein fullsett Firdahall med eit entusiastisk heimepublikum vere tunga på vektskåla.  Så folkens......, møt opp og hjelp GHK sine to lag til nye poeng.



Levert av IdrettenOnline