Avslutningsfest i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Apr 2014

I kveld var handballfamilien i GHK samla til avslutningsmarkering på Gloppen Hotell. Rundt 50 aktive, trenarar, oppmenn, tillitsvalde og sportsleg utval var samla rundt borda. Pizza og brus gjekk ned på høgkant, før det var tid for utdeling av ulike prisar og premiar. 

Årets trenar Torbjørn Sælen, og innsatsprisvinnar på G16 laget Marius Moritsgård.

Det var mange som fekk velfortjent ros under kveldens markering.  Pokalen til årets spelar på A laget gjekk til Ragnhild Ryssdal og Ørjan Sundal.         Toppskårarprisen gjekk også til desse to.  Ragnhild med 108 mål i damene sin 3.divisjon. Ho var også toppskårar totalt i divisjonen.  Ørjan stoppa på 105 mål i herrane sin 3.divisjon.  Han enda på 3. plass totalt i denne divisjonen.

Kveldens prisvinnara som var frammøtte: Frå venstre, Bjørn Roth Andenes, Ørjan Sundal, Irene Slagstad, Sander Nesdal, Ragnhild Ryssdal, Håvard Kjønås, Marius Moritsgård og Torbjørn Sælen.

Innsatsprisen (trenaren sin pris) gjekk til følgande: Damelaget i 3.div- Irene Slagstad.

Innsatsprisvinnar damelag: Irene Slagstad, her med trenar Geert Brinkman

Innsatspris damelag 4.div: Ingeborg Volle.    Innsatspris jentelag: Solgunn Reed Lote.     Innsatspris gutelag: Marius Moritsgård.     Innsatspris G18: Håvard Kjønås.     Innsatspris herrelag: Sander Nesdal.

Årets trenar vart Torbjørn Sælen for sitt glimrande arbeid med gutelaget.

Premie for 50 A lagskampar for GHK: Torill Henden Gaasø, Karoline Førde Oppheim og Benedikte Gåsemyr.

Ellers fekk Bjørn Roth Andenes blomster og ståande applaus for sitt lange trenararbeid i klubben.



Siste SUM samling denne sesongen

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Apr 2014

Det er kalla inn til siste SUM samling for jenter 98/99.  Samlinga vert i Eid Idrettshus 29.april, og frå GHK stiller som vanleg Siri Henden, Hilde Katrin Kvernevik, Malene Berle Naustdal og Sofie Pernille Hole.


Preben Indrebø til regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Apr 2014

Årets talent i GHK, Preben Indrebø, er på nytt teken ut til samling for regionslaget. Laget skal ha samling på Stord 25. til 27. april, og etter dennne samlinga vert den endelege troppen til NM teken ut.  Vi ynskjer Preben lykke til.


Årsmeldinga er no lagt ut

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Apr 2014

Årsmeldinga for sesongen 2013/14 finn du her Årsmelding 2014


Øystein Sundal held fram som leiar i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Apr 2014

I kveld var det årsmøte i GHK.  Øystein Sundal held fram som leiar, og med seg i det nye styret får han Knut Roger Nesdal, Jonas Alander, Helene Horne Sundal, Norunn Sunde og Eli Glomnes.

Desse 4 vart takka av for framifrå innsats i kveld. Sølvi Holme Sælen har vore leiar i økonominemnda, medan Ellen Skibenes, Bjørn Kåre Eikenes og Ingrid Heien går ut av styret.

 

Ellers vart årsmelding, rekneskap, og budsjett godkjent utan større merknadar. Valnemnda hadde gjort eit godt arbeid, og utanom det nye styret vart følgande valt inn i økonominemnda: Merete Sælen, Magne Devik, Knut Førde, Anvor Hauge og Grete Liv Tisthammer.  Ny valnemn er Hege Kristin Andenes, Ingrid Gimmestad og Magni Vereide Kroken.  Den fyldige årsmeldinga vert lagt ut via heimesida seinare i kveld.


Årsmøte i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Apr 2014

Minner om årsmøte i GHK på Gloppen Hotell onsdag 9.april kl.18.00.  Håper på godt frammøte.  I mellomtida kan du sjekke denne http://www.handball.no/p1.asp?p=43733


Uavgjort i siste sekund

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014

Det var dramatikk til tusen då damelaget berga uavgjort med eit direkte frikast etter at sluttsignalet var gått.  Amanda Veiteberg skåra til 20-20, og damelaget er klar for nok ein sesong i 3.divisjon til hausten.  Ragnhild Ryssdal vart heimelaget sin toppskårar med 9 mål.

Glade damer etter utlikning i siste sekund, Ragnhild og Amanda

I ein heller tam kamp, var det heimelaget som var det førande laget i første omgong og dei kunne gå til pause med ei sikker 15-10 leiing.  Men i andre omgong stokka det meste seg framover, og Os kom opp i ryggen og gjekk forbi i målprotokollen.  I siste sekund fekk GHK frikast, og utruleg nok klarte Amanda Veiteberg å finne luka ho trengde og berga det eine poenget.  Det betyr at GHK endar på 6 plass i årets 3.divisjon, og er på trygg grunn.

Desse var med: Rita, Irene(2), Elise(1), Ragnhild(9), Elisabeth, Ingvild(1), Guro, Amalie, Karoline(2), Torill(1), Amanda(4), Solgunn og Eli Kristin.



Høgdramatisk då 16-årsgutane slo Stryn i dag

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014

I dag vart det så spennande og dramatisk som berre handball kan vere, då gutane våre slo Stryn i Regionsluttspelet. Sluttresultatet vart 19-18 til våre gutar etter at Ole Kristoffer redda straffe i siste sekund. Puh!!

Nøgde gutar og trenar etter siger mot Stryn

Men før dette klimakset av ein handballkamp hadde vi møtt vinnarane av Hordalandsavdelinga dagen før.

Gloppen - Gneist 15-40
Første kampen var mot Gneist. Eit svært godt lag som var fleire hakk for store for våre gutar. Med det aggresive 3-2-1 forsvaret til Gneist vart det gjort mange feil i angrep, som resulterte i mange rushmål til motstandaren. I etablert forsvar klarte gutane seg bra, men når sluttsignalet gjekk stod det 40-15 til motstandaren.

Gloppen - Stord 21-30
Neste motstandar var Stord. Dette var eit lag med ein spelestil som passa oss mykje betre. Vi hang godt med gjennom heile kampen, men på utover i andre omgang brende vi for mange straffer og klare målsjangsar og tapte til slutt 30-21. 

Preben Indrebø vart kåra til banens beste spelar med heile 11 mål.

Gloppen - Stryn 19-18
Så var det siste kamp i sluttspelet. Det skulle avgjerast kven som kom på sigerspallen av Stryn og Gloppen. Gloppen gjekk raskt opp i ei 3-målsleiing, og heldt den gjennnom størstedelen av omgangen. Bakerst stor Håvard kjempegodt mellom stengene og bidrog sterkt til at vi heldt på leiinga. Stryn måtte ta timeout tidleg i første omgang for å finne ut av korleis dei skulle stoppe våre gutar.

Dette såg ut til å hjelpe og til pause leia dei med to mål.

Vi hadde på ingen måte gitt opp. Problemet i første omgang var at vi skaut for dårleg på klare sjangsar og var einige om å rette på dette til andre omgang.

Stryn starta best og var oppe i 4 målsleiing på det meste. Men så starta "Sindreshow". Sindre Flatjord (8 mål) som før kampen hadde blitt heidra som månadens tallent for februar kvitterte med ein praktomgang når det gjaldt som mest. I tett samarbeid med ein annan prisvinnar, "årets talent", Preben (6mål) var dei ein konstant trussel mot Stryn. 

Sakte men sikkert henta dei inn leiinga til Stryn, og når stryningane fekk fleire utvisningar nytta vi høvet til å stikke ifrå. 

Så gjekk vi inn i dei dramatiske sluttminutta. Vi brende ein del sjangar framme som gjorde at Stryn kom tilbake i kampen og med 1 minutt igjen var stillinga 19-18 til Gloppen. Vi feila i angrep og Stryn hadde ballen. Rett før tida gjekk ut vart Stryn idømt straffe. Tida vart stoppa og på tavla stod det "4 sekund att av kampen". 

Ole Kristoffer som hadde stått ein praktomgang skulle no ut i duell med ein Stryning.  Signalet går og skotet kjem-REDNING- returen kjem tilbake i henden på skyttaren som no lobbar ein perfekt lobb. Før lobben dalar i mål lyder sluttsignalet og vi har vunne. Eit fulltalleg publikum og spalarane kan juble for endeleg seier over Stryn.

Men dette var verkeleg ein -lagsiger. Forsvarsspelet desse karane viste fram i dag er noko av det ypperste underteikna har sett i 16 årsserien på lenge. Marius Moritsgård og Jon Andreas Kornberg saman med dei to overnende prisvinnarane utgjer eit imponerande midtforsvar. Når så vingane våre nekta motstandaren plass vert det tungt for motstandaren. Bakerst er vi velsigna med to solide målvakter og GHK si framtid ser stadig lys ut.

Takk for ein flott sesong.




Flott handballhelg i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014

Då er årets regionssluttspel og kampen om fylkestittelen over, og det er grunn til å takke alle som på ein eller anna måte bidrog til eit kjempeflott arrangement.  Frå alle kantar strøymer det på med positive tilbakemeldingar på anlegg og gjennomføring av sluttspelet.  Takk igjen til alle!!!  Frå facebooksida til NHF Region Vest fann vi følgande:

 Vi takker for Gloppen Handball for et fantastisk arrangement i Trivselshagen!

Et prikkfritt Regions- og Fylkesmesterskap i fantastiske rammer her i Sandane!



Sindre Flatjord fekk talentprisen for februar

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014

GHK sin sentrale spelar på årets 16 års lag for gutar, Sindre Flatjord, vart før kampen mot Stryn i dag heidra med talentprisen for februar.  At det var særs fortjent synte han i dagens kamp.  Makan til spel på dette nivået skal vi leite ei stund etter.  Talentprisen er ellers eit samarbeidsprosjekt med ein av våre hovudsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane.  Vi gratulerer Sindre med prisen.



Preben Indrebø årets talent i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014

Preben Indrebø vart i dag kåra til årets talent i GHK.  Preben har utvikla seg på ein svært positiv måte denne sesongen.  Han er ein sentral spelar for G16 laget, noko han også synte i bronsefinalen mot Stryn i regionssluttspelet i dag.  Preben er og fast på Gloppen sitt herreleg, der han har skåra mange flotte mål frå strek.  I tillegg har han også vore ein sentral spelar på G18 laget.  Han har gjennom sesongen synt at han vil noko med handballen, og han er ein særs verdig vinnar av denne prisen.  Vi gratulerer Preben med prisen og ynskjer lukke til med neste sesong.



Tap for gutelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2014

Det vart diverre eit stortap for gutelaget i dagens kamp mot Gneist.  Til slutt stod det 40-15 til laget frå Bergen.  Pauseresultatet var 23-6.  Nivåforskjell, mrn godt å få kjenne på nivået.


Bilder frå Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2014

For dei som vil sjå bilder fra dagens kampar i Trivselshallen, finn eit rikholdig album ved å nytte facebooksida til handball region vest.  Bruk denne linken http://www.facebook.com/nhf.rvn 


Tap for damelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2014

Det vart diverrre tap for damelaget i dagens kamp i 3.div mot Fyllingen 2.  Laga fylgde kvarandre  i målprotokollen gjennom heile kampen, men til slutt vart det ein velfortjent siger til årets seriemester frå Fyllingen.


Sesongavslutning for damelaget i 3.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Apr 2014

Komande helg skal vårt gode damelag i 3.div avslutte sesongen med 2 heimekampar i Trivselshallen.  På lørdag møter dei det suverene leiarlaget Fyllingen 2, medan dei søndag er vertskap for Os 2.

Alle desse tre er klare for kamp, Elise, Amanda og Ragnhild

Årets 3.divisjon er enno ein svært open og uavklara divisjon i høve opp- og nedrykk.  Det er heilt avhengig av opp- og nedrykk i 1. og 2. divisjon.  GHK kan enno klare opprykk, dei kan hamne midt på tabellen, og dei kan i ytterste fall måtte spele kvallik om å halde plassen i 3.divisjon.  På lørdag møter ein altso Fyllingen 2.  Eit lag som enno ikkje har avgjeve poeng i årets serie.  I utgongspunktet ei svært vanskeleg oppgåve.  Det som gjev ein liten grunn til optimisme, er at GHK stiller med sitt beste mannskap, og har trena godt i det siste.  Dessutan vann ein over NHHI i siste heimekamp, og synte mykje bra spel der.

Søndagens kamp mot Os 2 bør vere ei overkomeleg oppgåve, og kanskje ein nøkkelkamp for å unngå å måtte spele kvalifisering.  Her trur vi Irene Slagstad & co vil gje publikum og seg sjølve ei feiande flott avslutning på ein lang sesong.  Fest setebelta, folkens:)



Sluttspelet godt i gong!

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Apr 2014

Då er årets regionssluttspel og kampen om fylkestittelen godt i gong.  Kampane så langt har synt, til tider, stor nivåskildnad på laga frå dei to fylka.  Hordalandslaga har vunne fleire kampar med til dels store siffer.  Men stemninga i hallen er god, og arrangementet går så langt på skinner.  Akkurat no spelar GHK sitt gutelag mot Gneist.



Siger over Kjøkkelvik!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Mar 2014

GHK sitt herrelag sette i dag eit verdig punktum for sesongen då dei slo Kjøkkelvik 2 32-29 på heimebane i Firdahallen.  I ein god og underhaldane kamp mellom to gode lag, var det også GHK som leia til pause med 19-15.

Fornøgd gjeng etter kampen.

Anført av ein opplagt Hans Sande gjekk GHK rett i strupen på Kjøkkelvik.  Hans banka inn dei 3 første måla i kampen, og dermed var standaren for dagen sett.  Sjølv om laga følgde kvarandre utover i omgongen, var aldri Kjøkkelvik aldri oppe på uavgjort eller føre i målprotokollen.  Vegard Sælen traff endeleg frå distanse og då slit keeper hos motstander.  Hans Sande fortset med glitrande skyting, og vert òg kåra til dagens spelar på heimelaget.

Dagens mann på heimelaget, Hans Sande

Fram mot pause drar GHK litt frå og leiar med 4 mål halvveges.  Andre omgong er mykje lik første.  Sjølv om det av og til "kladder" litt for gutane våre, er dei heile vegen mellom 2 og 5 mål føre.  Runar Helland Åmot får fart på turboen sin og prikkar inn 6 mål etterkvart, samstundes som Ørjan Sundal set alle straffer og skårar 4 frå strek.  Åsmund Sælen er drivane god som midtspelar, og når han må ut gjer Mikael Alander ein flott innsats.  Og ikkje minst i dag, bakerst står to drivande gode keepera i dag.  Både Daniel og Paul Rune har mange flotte og avgjerande redningar når det buttar litt imot.  Alt i alt ei strålande avslutning på sesongen, og nok ein gong eit døme på kor gode denne gjengen er.  Om ein ikkje hadde reservert seg mot opprykk, hadde denne gjengen i dag vore klare for 2.div neste år. Det står det respekt av.

Her er dagens menn: Daniel H Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(8), Runar Helland Åmot(6), Vegard Sælen(6), Åsmund Sælen(3), Lauritz Bjørnereim, Osmund Vereide, Mikael Alander(1), Andreas Kissner(1), Hans Sande(7), Håvard Kjønås.



Endeleg!

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Mar 2014

Etter ein sesong med mykje "stang ut" var det knytt stor spenning til om jentelaget kunne hevde seg mot Jotun/Årdalstangen, som ligg på 3. plass på tabellen. Men i dag hadde jentene bestemt seg. Dei ville vinne. På underhaldande vis. Dei starta kampen med stor intensitet og særleg forsvarsspelet satt betre enn nokon gong, noko som gav ei 9-6 leiing til pause.  2. omgang starta like godt som den fyrste, med eit imponerande forsvarsspel, støtta av godt keeperspel av Kari-Anne som varta opp med fleire gode redningar. I midten av omgangen dabba det litt av, og etter nokre utvisingar og slurving i passningsspelet var Jotun/Årdalstangen oppe i leiinga for fyrste gong på stillinga 12-13, 5. minutt før slutt. 

Men jentene gav ikkje opp, Frøydis kriga til seg ballen og sentra til Dina som skåra sikkert. Når sluttsignalet gjekk stod det 14-13 på tavla og jubelen var stor blandt spelarar, trenarar og dei frammøtte. Ei flott avslutting på sesongen, og eit godt bevis på at det gror godt på jentesida i GHK. Dette lovar godt for neste sesong! 

Desse var med i dag: Kari-Anne Sørland, Eli Kristin Arnestad, Siri Henden (3 mål), Silje Iren Hole Hervik, Solgunn Reed Lote (5), Malene Berle Naustdal, Frøydis Seime Øygard (2), Susann Solheim Gjerløv (2), Sofie Hole, Julie Varpe, Dina Rygg Eide (2), Ariane Arnestad. 


Sesongavslutning for jentelaget og herrelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Mar 2014

Komande helg skal jentelaget og herrelaget avslutte årets sesong med heimekampar i Firdahallen.  Jentelaget møter Jotun/Årdalstangen på lørdag, medan herrelaget i 3.div møter Kjøkkelvik 2 på søndag.

Det har diverre gått litt "stang ut" for GHK sitt jentelag denne sesongen.  Sjølv om dei til tider har spela god handball, har dei slite med å avgjere kampane til sin fordel.  No møter dei laget som ligg på 3. plass på tabellen, Jotun/Årdalstangen.  På ein god dag er det absolutt mogleg å ta poeng i denne kampen.  Men då må jentene tru på det sjølve, og legge respekten att i garderoben.  Om dei samstundes har fokus på eige passningsspel, har vi trua:)

Herrelaget møter Kjøkkelvik 2.  Eit Kjøkkelviklag ein tradisjonelt sett har slite med å slå.  Men årets unge GHK lag har synt at dei kan slå kven som helst i gode stunder.  Laget har 7 poeng meir enn gjestane frå Bergen, og ligg i dag på 4.plass på tabellen.  Med siger her ville ein vore klar for opprykk til 2.div, om ein hadde gått for det.  Men dette har ein som kjent reservert seg mot, pga den usikre spelarsituasjonen neste sesong.  Uansett reknar vi med at gutane våre vil syne vårt trufaste publikum, og seg sjølve, at dei høyrer heime i toppen av divisjonen.  Til denne kampen manglar Preben Indrebø og Sander Nesdal, som er på regionslagssamling i Bergen.  Men GHK har ein god og brei stall, så vi trur på heimesiger.



GHK sitt gutelag til regionssluttspel

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Mar 2014

Då Florø i dag vann 21-20 over Eid/Haugen, er det klart at GHK, saman med Stryn, skal delta i regionssluttspelet som vert avvikla i Trivselshagen 5. og 6. april.  Florø vart nr 2 i serien, men har trekt seg frå sluttspelet.


Jentelaget tapte mot Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Mar 2014

Det vart som venta ein vanskeleg kamp då GHK sitt jentelag i dag møtte serieleiar Førde på bortebane.  Sluttresultatet vart 27-14 til Førde.


Preben og Sander på regionslag!

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Mar 2014

Preben Indrebø og Sander Nesdal er kalla inn til første samling med tanke på forberedelse til NM for regionslag.  Samlinga er i Framohallen lørdag 29 og søndag 30. mars.


God kamp av gutelaget, trass tap

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2014

GHK sitt gutelag leverte ein god kamp då dei møtte ubesigra Stryn på heimebane i ettermiddag.  Etter 10-11 til pause, måtte dei til slutt sjå Stryn vinne 24-20.  Men hadde dei hatt marginane på si side då dei hadde 19-19, kunne dette gått vegen.

Dagens toppskårar for heimelaget, Jon Andreas Kornberg

Gutane hadde ein vanskeleg kamp i vente, då dei måtte unnvere strategen Sindre Flatjord i dag.  Men dei gjekk respektlaust til verket og følgde Stryn gjennom heile første omgong.  Og la det vere sagt med ein gong: På dette laget er det mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil syne att på seniornivå, allereie neste sesong.  Preben Indrebø er allereie etablert på seniornivå.  Sterke Marius Moritsgård på strek, skotsterke Jon Andreas Kornberg, flotte spelartypar som Eirk Hovstad og Arne Gangeskar. Imponerande var det og å sjå vingspelet til Runar Hellerud og Hans Kristian Arnestad.  Mot slutten av første omgong fekk Stryn ei 2 min utvisning, men denne perioden vann Stryn 2-0.  Difor kunne dei gå til leiing ved halvtid.

I andre omgong datt gutane litt i konsentrasjon i starten, og Stryn kunne gå litt ifrå.  Men dei var aldri lenger føre enn 3-4 mål.  Ein ny 2min på Stryn, og denne gongen nytta gutane våre moglegheita og kom heilt opp i ryggen på Stryn. Og bakerst har vi to gode keepera i Håvard Husevåg og Ole Kristoffer Sørland.  Dei hadde mange flotte redningar gjennom heile kampen.   Som sagt, på stillinga 19-19 kunne ting gått heimelaget sin veg.  Men det var til slutt Stryn som drog sigeren i land.  No må ein berre vente på reultatet frå Eid/Haugen-Florø i morgon for å sjå om ein kjem til regionssluttspelet.  Alt i alt var dette ein flott gjennomført kamp av gutelaget vårt.

Desse var med:  Håvard Husevåg, Ole Kristoffer Sørland, Erik Hovstad, Arne Gangeskar, Hans Kristian Arnestad(2), Runar Hellerud(2), Jon Åge Strand, Jon Andreas Kornberg(6), Håvard Magnus Torvanger, Preben Indrebø(5), Marius Moritsgård(5), Bjørnar Eikenes. 



Vanskelege kampar for gute og jentelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Mar 2014

Komande helg er det gute og jentelaget som skal i aksjon for GHK.  Damelaget i 4.div skulle møtt Sogndal på bortebane, men denne kampen er avlyst pga sjukdom i spelarstallen til GHK.

Gutelaget til Torbjørn Sælen skal møte den suverene serievinnaren Stryn på heimebane i Trivselshallen på lørdag. Her må nok gutane overgå seg sjølve om det skal verta poeng.  Pr no ligg GHK på andreplass, noko som gjev regionssluttspel.  Men Eid/Haugen ligg berre poenget bak, og kan med siger over Florø i siste kampen ta plassen frå GHK.  Men med siger mot Stryn, er det ingen som kan ta frå GHK plassen i regionssluttspelet på heimebane 5. og 6.April.  Diverre er storskårar Sindre Flatjord ikkje med i denne kampen.

Jentelaget får, om mogeleg, ei enno tøffare oppgåve då dei møter serieleiar Førde på bortebane søndag.  Her må jentene fokusere på eige spel, og vere "på" heile kampen.  Dei har gjennom sesongen synt flott framgong, og er på sitt beste eit bra handballag.  Klarer dei å luke vekk ein del av dei enkle feila som ofte vert gjort, kan denne kampen fort bli jevnare enn utgongspunktet skulle tilseie.

 



RUM samling i Høyanger

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2014

Det er kalla inn til sesongens siste RUM samling for 96-99.  Samlinga er i Høyanger mandag 31.mars.  Frå GHK er desse tekne ut: Siri Henden, Sander Nesdal, Mikael Alander, Håvard Kjønås, Lauritz Bjørnereim og Preben Indrebø.  Heile uttaket finn du her: http://www.handball.no/p1.asp?p=43432

Siri Henden er eit av mange talent i GHK



GHK banka serieleiaren!

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2014

Det var venta ein tøff kamp for GHK i dagens møte med serieleiar Bjørnar 2 i herrane sin 3.div. I staden vart det ein "kattens leik med musa" kamp, då Bjørnar av ulike grunnar kun stilte med 6 mann til kamp.  Etter å ha leia 17-7 til pause, kunne GHK gutane "cruise" inn til 31-16 siger.

 

Når inngongen til kampen vart som den vart, skal våre gutar ha honør for å halde konsentrasjonen opp, iallefall i fyrste omgong.  I andre omgong var det ein jevn kamp, heilt til dei siste 10 min.  Tempoet var også mykje dårlegare i andre omgong, slik at Bjørnar hang betre med lenge.  Ellers var kampen ein orgie av brende 100% moglegheiter frå heimelaget sin del, så Bjørnar skal vere glad for at dei kun fekk 31 i sekken.  Når det er sagt, synte våre gutar mykje fint spel gjennom heile kampen.  Preben Indrebø har utvikla seg til å bli ein strekspelar av rang, og putta nye 6 mål i dag.  Ørjan Sundal vert kampens toppskårar med 11 mål, der kun 1 er på straffe.  Også hurtigtoget Runar H Åmot synte klasse med flotte mål frå kant, og Vegard Sælen synte fram skotarmen i periodar.  Alt i alt ein grei gjennomført kamp frå ungkalvane.

Desse var med: Daniel H Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(11), Runar H Åmot(4), Vegard Sælen(2), Åsmund Sælen(2), Lauritz Bjørnareim(3), Preben Indrebø(6), Andreas Kissner, Hans Sande(3).



Herrelaget møter serieleiaren!

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Mar 2014

GHK sitt herrelag i 3.div skal denne helga møte serieleiar Bjørnar 2 på heimebane i Firdahallen.  Kampen går på søndag kl. 15.00.

Som einaste GHK lag i aksjon, får gutane våre ei tøff utfordring når dei møter hittil ubesigra Bjørnar 2.  I motsett oppgjer i Bergen vart det eit 9 måls tap i fjor haust, og det vert venteleg tøft å vinne her.  Men med senka skuldre og riktig innstilling kan det unge GHK laget overraske dei fleste. Klarer ein å halde toppnivået noko lenger i denne kampen, kan alt skje.  Vi håper på topp underhaldning og ein spanande kamp.


Firda vgs tapte regionsfinalen

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2014

Firda vidaregåande skule vann guteklassa i fylkesmeisterskapen i handball for vidaregåande skular, og var i går i Bergen for å møte Stend vgs til kamp om regionstittelen.  Etter ein jevn første omgong der Stend leia 12-10, rakna det litt for gutane frå Firda i andre omgong.  Særleg forsvarsarbeidet var dårleg i denne omgongen, og Stend kunne "cruise" inn til 29-19 siger.  Stend var eit godt lag, og det var ikkje ufortjent at dei vann, men sigeren var i største laget.

Laget frå Firda, ikkje ulikt GHK sitt mannskap i 3.div:)



Siger i Florø!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2014

Gutelaget har nett slege Florø på bortebane 25-23.  Med Sindre i knallform vart det til slutt ein grei siger.

To glade spelarar etter kampen, Eirik og Marius

Florø tok leiing  1-0 og vi hadde litt vanskar med å spele oss til sjangsar i starten. Første målet kom etter at vi fekk armen for passivt og Eirik Hovstad vart tvinga til å avslutte. Han klemde til med ein susande underarm som fauk i langhjørnet for keeper.

Dette virka forløysande for dei andre og vi tok initiativet i kampen og førte heile første omgang. Håvard Husevåg i Gloppemålet storspelte og var imponerande i første omgang. Til pause leia vi med 13-9 etter at både Arne Nybø Gangeskar og Jon Andreas Kornberg hadde vist gode takter.
To knallgode keepera, Håvard og Ole Kristoffer

I andre omgang var det Ole Kristoffer Sørland som skulle stå i mål. Litt av eit press etter knallomganen til Håvard. Men han kvitterte med å redde to straffer på rad i byrjinga av omgangen, og hadde då fått sett seg i respekt. Han spelte supert og var svært delaktig i at vi heldt Florø godt bak oss utover omgangen. Vi låg føre med 4-5 mål stort sett heile tida og hadde bra kontroll.

Florø har eit veldig godt og ungt lag, og vi var veldig godt nøgde med at vi kom heim med 2 poeng.  Idag viste gutane skikkeleg innsats i forsvar og gjorde det vanskeleg for motstandaren. Marius Moritsgård og Sindre Flatjord i midforsvaret er svært gode og dei er også viktige splarar framover.

Om 14 dagar er det siste kampen mot den suverene serievinnaren Stryn. Med Preben tilbake og full skjerping er det råd å håpe på poeng i Firdahallen. 

Desse var med: Håvard, Ole Kristoffer, Håvard Magnus 1, Runar, Hans Kristian, Sindre 10, Jon Andreas 5, Marius 4, Arne 2, Eirik 3.



To tap i Sogndal, men flott innsats av jentelaget.

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2014

GHK sitt jentelag har vore i Sogndal i dag, og spela to kampar mot heimelaget sitt 1. og 2. lag.  Diverre vart det tap i begge, men jentene skal ha honør for innsatsen mot fysisk større og sterkare sognatauser.  Sluttresultata vart 17-8 og 22-10.

Dagens beste GHK spelar?  Keeper Kari Anne Sørland.  Bak ser vi Siri Henden.

Dagens første kamp var mot Sogndal 2.  Her sleit vi veldig i angrep i starten av kampen.  Bakover var det brukbart lenge, og Sogndal leia kun 3-0 etter 10 min.  Dei neste 10 min vinn Sogndal 8-0.  Deretter stenger Kari Anne buret og GHK skårar dei 4 siste måla i denne omgongen.  Susann, Siri, Solgun og Eli Kristin er målskårarar.  Andre omgong er mykje lik første.  Malene, Solgun(2) og Silje skårer våre mål her, slik at sluttresultatet vert 17-8.

Solgunn og, for dagen utespelar, Eli Kristin

Kamp nr 2 er mot Sogndal 1.  Her starter våre jenter langt betre.  Solgunn ordner 1-0, Malene utliknar til 2-2, før Eli Kristin set inn 2-3.  Deretter skårar Malene igjen til 2-4, og vi har spela i 11 min.  Deretter kom Sogndal voldsomt og skåra 8 på rappen, før Siri skåra på straffe til pausestilling 10-5.  I andre omgong vart jentene (og trenar+sjåfør) svært oppgitt over dommerparet som tillet mykje stygt spel frå heimelaget si side.  Litt krise når eine dommar har med spelar på heimelaget, spør du meg.  Men jentene heldt motet oppe, og Silje(2), Susann, Siri og Malene putta også i denne omgongen.  Sluttresultat 22-10.

Det bur mykje god handball i alle jentene våre.  Fokuset framover må vere å få lagspelet til å bli betre.  Når dette er på plass, ser det lyst ut med tanke på framtida.

Desse var med i dag: Kari Anne Sørland, Eli Kristin Arnestad(2), Siri Henden(3), Silje Hole Hervik(3), Susann Solheim Gjærløv(2), Solgunn Reed Lote(4), Jennie Falck, Ariane Arnestad, Malene Berle Naustdal(4).



Sander Nesdal til regional landslagssamling G96/97.

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2014

GHK sin gode venstrehandsskyttar Sander Nesdal, er teken ut til regional landslagssamling i Haukelandshallen torsdag 20.mars.  Sander er teken ut som kantspelar, og han har ved mange høve synt ein eminent avslutningsteknikk frå kant på klubblaget.  Vi ynskjer Sander lukke til på samlinga.



Fantastisk, jenter!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2014

I ein "triller" av ein handballkamp i damene sin 3.div i Trivselshallen i kveld, kunne GHK gå jublande av bana etter å ha knekt NHHI iløpet av dei to siste minutta av kampen.  Sluttresultatet vart 28-26 til GHK, etter at NHHI leia 17-15 til pause.  Dagens spelar på heimelaget var lagkaptein Irene Slagstad, som drog dei andre med seg til ein formidabel laginnsats som resulterte i siger over tabelltoer og opprykksrival NHHI.

Status før kveldens kamp var at NHHI låg på andreplass med 16 poeng, medan GHK låg på fjerde med 13 poeng.  GHK mangla i tillegg 3 sentrale spelarar av ulike grunnar, så utgongspunkt for poeng kunne vore betre.

Kampen starta i høgt tempo med vekslande leiing, men med GHK som det førande laget på bana.  Flotte mål av Elise H Hansen, Eli-Anne Birkelund og Guro Tennefoss, gjorde at GHK heile tida hang godt med i kampen. I tillegg treff sjølvsagt toppskårar Ragnhild Ryssdal både frå distanse og på straffer.  Likevel klarer NHHI, anført av sin storskårar Anne-Lise Akeberg med totalt 10 mål i kampen, å tilrive seg ei tomålsleiing fram mot pause(17-15)

Guro skårer frå strek

Andre omgong er mykje lik den første, lenge. NHHI klarer å halde seg frå 1 til 3 mål føre.  Etter 15 min av andre omgong noterer vi oss ei flott kantskåring av Ingvild Slagstad som reduserer til 21-23.  Også Elisabeth Vollstad Hansen skårer eit flott mål frå kant like etterpå.  Irene Slagstad treff krysset, og Elise H Hansen kriger inn nok ei redusering.  Når klokka runder 24 min utliknar Ragnhild på straffe til 25-25.  I tillegg "herjer" evigunge Eli-Anne Birkelund på strek med fleire avgjerande skåringar når det koker som verst.  Når det er to min att av kampen syner tavla 26-26.  Så skårar Ingvild Slagstad nydeleg frå kant, før Rita Monteiro redder ein 100% sjangse frå NHHI, som igjen fører til at Eli-Anne Birkelund kan punktere kampen frå strek.

GHK sin toppskårer, Ragnhild Ryssdal

Stor stemning i hallen etter kampslutt, og fortjent jubel til jentene som aldri slutta med å ha trua på siger.  No er det to kampar igjen, og trua på opprykk lever i GHK leiren.

Desse var med på vinnarlaget:  Rita Monteiro, Irene Slagstad(3), Elise H Hansen(5), Ragnhild Ryssdal(9), Elisabeth V Hansen(1), Ingvild Slagstad(2), Eli-Anne Birkelund(6), Lena Fossen, Guro Tennefoss(2), Amalie Mundal, Astrid Murer.



4 GHK kampar til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mar 2014

Komande helg skal damelaget i 3.div møte NHHI heime i Trivselshallen.  Denne kampen går fredag kveld kl.18.00.  På laurdag skal jentelaget til Sogndal for å møte Sogndal og Sogndal 2.  Desse kampane går i Sogndal Idrettshall.  Til slutt skal gutelaget til Florø for å møte heimelaget i Florø Idrettssenter på søndag.

Damelaget skal som nemnt møte NHHI til kamp fredag.  Truleg er damene lystne på å syne heimepublikummet at kampen i Stryn forrige helg var eit arbeidsuhell.  Slik tabellane ser ut no, kan ikkje Fyllingen 2 og Årstad 2 rykke opp.  Då vert det ein kamp mellom NHHI, GHK, Dale og Stryn om dei to opprykksplassane.  Korleis dette vil gå veit ingen, men truleg må denne kampen vinnast om håpet om opprukk skal leve i Gloppen.

Jentelaget skal møte begge Sogndalslaga på laurdag.  Her trur vi mest på siger i første kampen mot Sogndal 2.  Det vert nok ei verre nøtt å slå Sogndal sine beste jenter, men i handball kan alt skje.

I guteserien kjempar 3 lag om å slå fylgje med Stryn til regionssluttspelet.  Florø, Eid/Haugen og GHK ligg side om side på tabellen.  Med siger i Florø vil GHK gutane ligge på andreplass, og då er det berre å brette opp ermane til suverene Stryn kjem på besøk litt seinare.  I Florø må trenar Torbjørn unnvere sentrale Preben Indrebø, som er i England og ser på nokre smålag som spelar fotball:)))

Gudd løkk:)



Tap for damelaget i 4.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mar 2014

Det vart diverre tap for GHK sitt damelag i 4.div når dei var i Florø i går kveld for å møte heimelaget der.  Sluttresultatet vart 37-20 til Florø.


SUM samling i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2014

NHF Region Vest har kalla inn til den 5. SUM samlinga for jenter 98/99 i sone 1.  Samlinga vert i Strynehallen måndag 17.mars kl.17.45-21.00.

Frå GHK er som vanleg desse fire jentene kalla inn: Siri Henden, Hilde Karin Kvernevik, Malene berle Naustdal og Sofie Pernille Hole.



Årsmøte i Gloppen Handballklubb

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2014

Det vert årsmøte i Gloppen Handballklubb onsdag 9.april kl. 18.00 på Gloppen Hotell. 

Saker ein ynskjer å ta opp, må vere styret i hende seinast 2.april.

Ellers vanlege årsmøtesaker.



Strynekompleks!

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2014

Det gjekk ikkje vegen for damelaget til GHK i 3.div då dei var i Stryn i dag.  Etter ein frykteleg dårleg kamp frå vår side, kunne Stryn juble for ein klar 32-23 siger.  Stillinga til pause var 19-12 til Stryn.  Vi veit ikkje så mykje meir frå kampen, enn at det var dårleg, særleg bakover.  Ragnhild Ryssdal var GHK sin toppskårar med 9 mål.


Uavgjort mellom GHK og BSI

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Mar 2014

Det vart til slutt uavgjort 34-34 i dagens 3.div kamp i Firdahallen mellom GHK og BSI. I ein velspela og spanande kamp, var det heimelaget GHK som leia ved pause på stillinga 21-17.  Kampens toppskårar og heimelaget sin beste spelar, vart Ørjan Sundal med 11 mål.

Toppskårar og dagens spelar, Ørjan Sundal

Det var eit heiltent og topp motivert GHK mannskap som gjekk på bana i dag.  Dei ville hevne eit 8 måls tap i motsett kamp i Bergen.  Og GHK gjekk i føringa frå start.  Gjennom heile første omgong låg dei mellom to og fem mål føre BSI. Godt forsvarsspel og høgt tempo i angrep resulterte i ei firemåls leiing til pause.  Med høgt tempo i angrep, fekk kantspelarane godt med arbeidsrom, og Sander Nesdal "trikka" inn fleire mål i denne perioden.  Også Vegard Sælen traff bra i denne omgongen.  Når så Ørjan set alle straffer, og i tillegg skårar fleire frå strek, såg det bra ut for andre omgong.

Den starta som første avslutta.  GHK med føringa.  Utover i omgongen kom BSI inn att i kampen med fleire flotte kontringar etter at GHK i ein periode starta med "gamle synder".  Det verka som GHK gutane ville lukke kampen for godt, og dei starta med altfor tidlege avslutningar som enten gjekk over eller utanfor.  På stillinga 33-34 eit halvminutt før slutt, var BSI i føringa for første og einaste gong i kampen.  Men ei avslutning frå strek ved Preben Indrebø, redda eit poeng for GHK.  Ein lokal jury kåra Ørjan Sundal til dagens GHK spelar.

Alt i alt ein god kamp av GHK gutane, mot eit godt BSI lag med den "gamle" GHK spelaren Nicolay Mundal som ein sentral spelar. 

Kampfakta: Daniel HJ Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(11), Runar Helland Åmot(4), Vegard Sælen(3), Åsmund Sælen(3), Osmund Vereide(1), Sander Nesdal(5), Mikael Alander(1), Lauritz Bjørnereim(1), Preben Indrebø(3), Andreas Kissner(2).



RUM samling i Sogndal

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2014

Det er kalla inn til RUM samling i sone 1-3 for gutar og jenter fødde i 96-99.  Samlinga vert i Sogndal Idrettshall tysdag 11.marsFrå GHK er desse tekne ut: Lena Fossen, Siri Henden, Sander Nesdal, Mikael Alander, Håvard Kjønås, Lauritz Bjørnereim og Preben Indrebø.  Trenar for jentene er Andreas Bertsen, medan Daniel Birkelund og Geir Giil trenar gutane.  Vi gratulerer alle med uttaket og ynskjer lukke til.


Heime og bortekamp til helga.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2014

Komande helg skal herrelaget til GHK møte BSI heime i Firdahallen på laurdag, medan damelaget reiser til Stryn på søndag for å møte heimelaget der.  Begge kampar er i 3.divisjon.

Laurdag møtast GHK og BSI i Firdahallen.  Desse to laga ligg likt, midt på tabellen. I motsett kamp i Bergen, som var første seriekampen i årets 3.divisjon, vann BSI med 8 mål.  Korleis styrkeforholdet er no, er vanskeleg å spå, men truleg vert det ein jevn kamp.  GHK stiller som vanleg med omlag reint G18, og dette vert også Geert Brinkman sin første kamp som trenar for herrelaget.

På søndag reiser så damene til Stryn.  Truleg for å revansjere eit litt surt uavgjortresultat i heimekampen.  Der leia GHK 11-1 etter glitrande spel, men måtte til slutt sjå at kampen enda 21-21.  Damelaget er på jakt etter opprykksbillett, og då må denne kampen vinnast.  Laget til trenar Geert reiser innover med fullt lag, og så får vi sjå om det er godt nok for å ta med seg 2 poeng i bussen heimatt til Gloppen.



Firda og Stryn vann fylkesfinalane

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Feb 2014

Førehandsfavorittane Firda vgs vann i dag finalen i guteklassa, under fylkesmeisterskapen i handball for vidaregåande skular som vart arrangert i nye Trivselshallen.  I finalen slo dei Stryn vgs.  I jenteklassa vart det ein jevn og spanande finale, der Stryn til slutt vann over Hafstad vgs.  Firda vgs sine jenter rauk diverre ut i semifinalen.  Arrangementet vart prikkfritt gjennomført av 3.idrett ved Firda.

Firda vgs får overrekt pokalen som synleg prov på finalesigeren av Barbro Kroken frå NHF Region Vest.



Basar i Runnevang søndag 16.februar

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Feb 2014

Økonominemnda i GHK arrangerer basar i Runnevang førstkomande søndag.  Her håper vi at bygdefolk og andre møter fram for ei triveleg stund i lag.  Det vert ulike innslag og sjølvsagt ein matabete å få.


Ny promofilm GHK/Firda vidaregåande skule

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Feb 2014

Er du ein ungdom som skal søke vidaregåande skule, og vil du bli best mogeleg som handballspelar?  Då skal du søke deg til Firda vidaregåande skule på Sandane i Gloppen Kommune.  I samarbeid med Gloppen Handballklubb tilbyr skulen valfaget Toppidrett Handball.  Her får du moglegheit for trening og oppfølging i skuletida, under kyndig leiing av høgt utdanna trenarar.  Samstundes kan du følge treningane til GHK sine lag på kveldstid.  Ein liten smakebit på kva dei driv med på toppidrett handball får du her http://youtu.be/M5LS42M_Yfk


GHK herrane slo Stryn borte!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2014

GHK sitt herrelag i 3.divisjon har nett slege Stryn 27-21 i Strynehallen.  I går vann dei 29-25 over Eid heime.  Meir om desse kampane kjem seinare.


Vi ligger nummer 3

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2014

Denne helg har været en ordentlig manndomsprøve med 2 lokalopgjer i 3. divisjon og en G20 kamp mod Florø. 20 GHK spillere var i aksjon og sikrer 6 poeng til klubben.  

Det hele starter lørdag kl 14 mod Eid der vi har revansje tilgode. Gutta kommer godt fra start og går op i 4-0 ledelse. Vi er raskere i alle spillets faser og Eid har store vansker med at komme inn i kampen. Paulen er solid i mål mens Arild og Ørjan binder forsvaret godt sammen. Efter hvert slipper vi oss lidt ned og Eid kommer til enkle afslutninger. Ved stillingen 9-6 tager vi time-out og får aftalerne i forsvaret til at sidde. Rocky, Ørjan og Sander hærjer med Eid. De sidste 9 minutter vinder vi 8-2 og går til pause med 17-8 ledelse. 
2. omgang starter efter planen Eid kommer ud i 5:1 forsvar og vi spiller høje baller ind til Bjørn Magnus og øker ledelsen til 19-8. Ghk toget kører i fuld fart frem til 22-11 der Arild får en meget hård 2 minutter. Vi mister lidt konceptet og brænder mange skudd frit for mål. 5 minutter før slut er det nesten spænnende ved 27-23 men gutta holder nerverne i ro. Eid får direkte rødt og 2 minutter i slutfasen og vi vinder 29-25. Idag var der klasse forskel på laga. Runar Åmot alias Rocky var banens bedste. 


Klokken 17 er det Florø i G20 som gester trivselshagen. Daniel, Lauritz, Preben, Odd Martin, Håvard og Petter havde siddet over H3 kampen og Åsmund spiller begge kampe pga meget god fysisk form. Vi har med 4 gutter 16 spillere: Sindre Flatjord, Jon Andreas Kornberg, Eirik Hovstad og Marius Moritsgård som skal prøve sig mod lidt tøffere motstand. Kampbilledet var meget lik H3 kampen med betydelig raskere balltempo hos GHK. De kommer ligeledes foran 4-0 hvilket giver unggutta tru på siger. Åsmund bygger spillet godt opp og de to Førde gutta, Håvard og Preben, knuser til fra hver sin sideback. Odd-Martin får det til at fungere på streken og GHK siger fra. Efterhvert er det G16 som er i fleretal på banen og 15 årige Marius spiller meget solid på strek fremover og bakover. Sindre har ikke brug for mere end 30cm luke for at komme alene med keeper og vi leder fortjent 14-6 til pause. I andre omgang går Preben amok og knuser Florø nærmest på egen hånd 9 mål på 12 forsøk. Meget bra spil bakover gjør Preben til toppskorer, man of the match og MVP. Preben havde, tidligere på dagen, fået månedens talentpris og viste at dette var rette valg. 



Søndag kl 16.45 møder vi Stryn som vi har haft mange drapelige bataljer med. Lagene følges ad i begyndelse. Vi kommer til gode chancer men en blanding af stang ud og dårlige afslutninger gjør at Stryn tager ledelsen fra midten af første omgang. Vi kommer opp på 2 mål, 10-8, men Stryn drager fra til 14-10 ved pause. I pausen aftaler vi mere kontant forsvar og bedre afslutninger fremme. Paulen havde sin plan som gikk ud på at stenge målet. De første 12 minutt af omgangen er en magt demonstration af Paulen. 10 redninger på 11 forsøk, fører til at vi vender kampen fuldstændig og pludseig leder 15-19. Bakspillerene til Stryn har mistet mye af troen på sig selv og vi cruiser ind til sejer. Bjørndalen sitt guld var helgens største prestasjon, men GHK gutta kommer ikke så langt ned på listen. Ørjan scorer 11 mål på 15 forsøk men det rækker ikke til man of the match når Paulen har 27 redninger af 34 skud og vi snur 14-10 pausestilling til 21-27 siger.   


Månadens talent for desember

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014

Etter ein lengre kamppause på heimebane, er det ei stund sidane vi har delt ut talentprisen.  Dette er ein pris som er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og GHK, og går til eit talent kvar månad som har ei god utvikling på si karrierer.  Talentprisen for desember går til Preben Indrebø.  Han har gode kampar for H3, er ei viktig brikke på G20, og ein sentral spelar på G16.  Vi gratulerer med ein velfortjent pris, Preben.

Talentprisen for desember går til Preben Indrebø



Talentprisen for januar

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014

Talentprisen for januar går til Solgunn Reed Lote.  Ho er ein sentral på GHK sitt 16 årslag, og har og tatt steget opp på 3.divisjonslaget.  Der har ho synt at høgde på spelar ikkje alltid er det viktigaste. Ho er ei sterk og kjapp jente, og mange motspelarar har fått kjenn på hennar fysikk.  Ein velfortjent pris til Solgunn, og vi gratulerer så mykje.

Månadens talent for januar, Solgunn Reed Lote



Kjempekamp av damelaget. Slo Bergen HK 29-17

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014

Damelaget i 3.divisjon var verkeleg i støtet i ettermiddagens kamp mot Bergen HK i Firdahallen.  Etter ein solid førsteomgong kunne dei gå til pause med 16-7 leiing, og etter ein nesten like solid andreomgong synte sluttresultatet 29-17 til heimelaget.

Bergen HK kom frå to gode kampar mot topplaga Fyllingen og Os, så det var venta at dagens kamp kunne bli tøff å vinne.  Men etter nokre mållause åpningsminutt, tok dagens GHK dame, Torill Henden Gaasø, tak i kampen og sette inn det første målet. Ho vart og GHK sin toppskårar i kampen med 7 mål.  Etter det såg jentene våre seg ikkje tilbake.  Torill, Amanda Veiteberg, Irene Slagstad og Elise H Hansen og dei andre hadde tydlegvis bestemt seg for at dette skulle vinnast.  Med eit kanonforsvar og tempo i angrep, starta ballane å rulle inn i Bergen HK sitt mål.  Bakerst sto Rita Monteiro ein fantomkamp, og synte keeperspel av høgste klasse.  I andre omgong starta og Ragnhild Ryssdal å treffe mål, og med sine 5 mål hadde ho like mange som syster Kristine hos Bergen HK.  Alt i alt ein strålande lagsiger for våre jenter der, som sagt, forsvarsspelet og tempoet imponerte oss storleg.  Flott å sjå Amanda tilbake frå skade i god gamalt driv, og at desse jentene no liknar meir og meir på eit skikkeleg topplag i 3.divisjon.

Dagens spelar på heimelaget: Torill Henden Gaasø.

Desse var med: Rita Monteiro, Eli Kristin Arnestad, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(5), Ragnhild Ryssdal(5), Elisabeth V Hansen, Torill Henden Gaasø(7), Ingvild Slagstad(2), Lena Fossen, Guro Tennefoss(1), Solgunn Reed Lote, Amalie Mundal, Amanda Veiteberg(5).



Solid av G18 då dei slo Florø i ettermiddag.

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014

Ein spelesugen gutegjeng hadde få problem med å feie Florø av bana idag. Sluttresultatet 29-17 (14-6) viser at det gror godt i dei yngre klassane i GHK.


Anført av dirigent Åsmund Sælen og månadens talent for desember, Preben Indrebø, viste gutane mykje flott spel i dag. 

Vi gjekk tidleg opp i 4-0 leiing, og auka jamnt og trutt utover omgangen.  Gutane stod godt i forsvar og Daniel tok omtrent alt mellom stengene.

Preben som for anledninga spelte høgre back viste at han også beherskar dette. Han sklei gjennom gang på gang og sette fleire skot frå distanse.

Odd Martin Hauge var utruleg effektiv og skora på omtrent alt av sjangsar han fekk, og hadde ein knallkamp  dag.

I dag fekk fleire gutar frå G16-laget prøvd seg og dei viste at dei snart er klar for spel på litt høgre nivå. Spesielt Sindre Flatjord viste eit herleg driv, og var ein konstant trussel når han var på bane.

Flott levert gutar.

Desse var med: Daniel H. Reed, Lauritz Bjørnereim 3, Åsmund Sælen 4, Preben Indrebø 9, Håvard Kjønås 2, Sindre Flatjord 2, Peter Wilke 1, Jon Andreas Kornberg 1, Marius Moritsgård 1, Eirik Hovstad, Odd Martin Hauge 5, Sindre Flatjord 2.





Lokaloppgjer til helga.

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Feb 2014

Komande helg vert ei særdeles spanande handballhelg.  Herrelaget i 3.divisjon skal møte naboane Eid heime og Stryn borte. Dette vert på mange måtar kampar som vil syne kven som har det beste herrelaget i Sogn og Fjordane.  Damelaget i 3.divisjon møter Bergen HK heime på lørdag, der systerduellen Ryssdal vil vere eit av høgdepunkta.  Til slutt skal G20 laget møte Florø, også det på heimebane lørdag.  Her er det berre å feste setebelta:)

Den store duellen på lørdag, Kristine mot Ragnhild

Herrelaget skal altså prøve å syne at dei er det beste herrelaget i S&Fj.  Lørdag skal dei møte Eid heime i Firdahallen.  Eit Eidalag som knuste våre gutar i kampen på Eid.  No er det tid for revansje, og kjenner vi gutane til Bjørn Roth rett, vil dei nok gjere alt for å vinne denne kampen.  På søndag ventar Stryn i Stryn.  På heimebane greidde våre menn ein knapp siger, og får det nok like tøft i Stryn med tanke på siger.  Vi trur på ein jevn kamp, der laget som vil mest, vinn.  Måtte det vere GHK.

G20 laget møter Florø på heimebane på lørdag.  I tilsvarande kamp i Florø, vart det ein solid siger for våre gutar.  No veit vi at til denne kampen vil, på grunn av herrelaget sine kampar, trenar Bjørn bruke 96 modellane og spe på med gode gutespelarar som får teste seg på eit høgare nivå.  Korleis dette vil slå ut gjennstår å sjå, men uansett trur vi på ein heimesiger her.  Spanande her vert det å sjå korleis dei unge gutane taklar nivået.

Vårt damelag i 3.divisjon skal møte Bergen HK på lørdag.  I motsatt kamp i Bergen, vart det ein grei siger for Geert Brinkman sine damer.  Men sidan den gong har Bergen HK synt stigande formkurve, og dette vert nok ingen lett kamp å vinne.  Eit flott moment i denne kampen er duellen mellom systrene Kristine og Ragnhild Ryssdal på kvart sitt lag.  Her håper vi sjølvsagt at ungdomen syner seg som best, og at Ragnhild sender Kristine tilbake til Bergen med tap.  Dei som møter opp får sjå:)

Vi ynsker alle laga våre lukke til!



Preben og Sander til regional landslagssamling.

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2014

NHF Region Vest har gjort uttak til regional landslagssamling for gutar fødde 96-97.  Frå GHK er vår gode strekspelar Preben Indrebø og venstreslegga Sander Nesdal teken ut.  Samlinga er i Framohallen tysdag 18.februar, og vert leia av Jørn Arntzen og Steinar Hesthammer.  Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.


Tap for K4 mot topplaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2014

GHK sitt damelag i 4.divisjon måtte sjå seg slegne av den suverene serieleiaren Sogndal i kveldens kamp i Trivselshallen.  Sogndal vann til slutt 28-17, etter å ha leia 15-11 til pause.

"peptalk" i pausen

Sjølv om det var leiarlaget i 4.divisjon som var på besøk i kveld, gjekk GHK damene til kampen utan nemneverdig respekt.  Vi såg fleire flotte kombinasjonar og avslutningar, og i første omgong heldt dei nokonlunde fylgje med Sogndal.  Den største skildnaden på laga var nok tempoet og feilprosenten. Her har våre damer enno litt å jobbe med framover, men med litt meir trening på detaljer kan dette laget ta enno nokre steg mot slutten av sesongen.  Sjølv om avstanden vart større utover i kampen, var her mange flotte prestasjonar som lovar godt for damesida i GHK.

Desse var med: Eli Kristin Arnestad, Marte Sunde Hjelle, Anne Kristin Haraldsvik(1), Benedikte Lotsberg, Ingeborg Volle(1), Marie Zachariassen, Ayla Myklebust Seime(4), Natalie Refvik, Amalie Mundal, Frøydis Seime, Ragnhild Ryssdal(8), Lena Fossen(2), Guro Tennefoss(1).



Flott siger for jentelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Feb 2014

GHK sitt jentelag vann i kveld 24-22 over Førde 2 i ein underhaldane kamp i Trivselshallen.  Stillinga ved pause var 13-10, sjølv om det skulle vore 13-9.  Eit mål vart feilaktig godkjent, sjølv om dommarane dømde overtramp. Men, pytt,pytt:) Og at ordtaket "det er av sine eigne ein skal ha det" er gjeldane av og til, fekk vi eit godt døme på då 16 av heimelaget sine mål vart skåra av GHK sine Førdejenter Guro Tennefoss og Lena Fossen.

Skåringskåt duo: lena og Guro.

Det vart ein retteleg underhaldane kamp, der GHK tik komandoen frå start.  Anført av playmaker Solgunn Reed Lote og to målhungrige førdejenter i Guro og Lena, var GHK i føringa heile kampen.  I første omgong var jentene våre gode i forsvar og nekta Førde å kome gjennom gong på gong.  Framover såg vi mange flotte trekk og særs gode innspel til strek Guro. Skal noko negativt seiast om spelet til heimelaget, må det i så fall vere litt for mange dårlege kontringsballar.  Men det kjem med meir trening.  I andre omgong fortsette GHK sitt gode spel, og vi såg fine mål av Siri Henden, Frøydis Seime Øygard og Susann Gjerløv Solheim.  Også Sofie Hole teikna seg for ei skåring frå kant.  Sjølv om Førde knappa litt inn på leiinga mot slutten, var sigeren aldri truga.  Flott gjennomført kamp av heile laget.

Glade jenter etter sigeren.

Desse var med: Eli Arnestad, Siri Henden(1), Solgunn Reed Lote(4), Jennie Falck, Frøydis Seime Øygard(1), Eirin Lothe, Lena Fossen(8), Guro Tennefoss(8), Julie Varpe, Susann Solheim Gjerløv(1), Dina Rygg Eide, Sofie Hole(1).



Kampar til veka.

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2014

GHK skal ha to heimekampar i starten av komande veke.  I morgonkveld skal vårt jentelag møte Førde 2, medan damelaget i 4.div møter Sogndal på tysdagskvelden.

Vårt J16 lag møter Førde sitt andrelag i Firdahallen i morgon kl.20.  Førde 2 ligg bak våre jenter på tabellen, så her bør det absolutt vere mogeleg med siger og to poeng.  Vi trur Siri Henden & co klarer dette.

Tysdag møter vårt K4 lag Sogndal kl. 19.  Her møtes topp og botn til duell.  Sogndal har vunne sine fem kampar sålangt, medan GHK står med ein siger og fem tap.  Kanskje kan GHK damene overraske her?



Tap mot Stryn for G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Jan 2014

Her er dei "FRISK" gutane i eit sjukdomsherja G16-lag

 

Det vart tap mot serieleiaren i Stryn onsdagskvelden. Med eit redusert lag vart det til slutt 31-24 tap.

Influensaen herjar i bygda og det var så vidt vi klarte å stille lag til kampen i Stryn onsdag. Vår gode målvakt Håvard Husevåg måtte vikariere som utespelar slik at vi hadde ein innbytar. Han var både ving og strek, og laga til og med eit mål. Herleg med positive spelarar som set laget framfor seg sjølv.

Kampen byrja rett så fint for vår del og vi GHK gjekk opp i 5-2 leiing i byrjinga av kampen, og Stryn måtte ta timeout. Dei kom tilbake i kampen og gjekk i føring og leia 16-11 til pause.

Andre omgangen var jamnspelt og Jon Andreas byrja etterkvart å treffe med storeslegga. Før det hadde Sindre og Preben bidrege med mange flotte mål, ilag med Arne Nybø Gangeskar.

Desse tre storskorarane laga tilsaman 22 mål onsdag. Sindre 6, Preben 9, Jon Andreas 6.

Sluttresultatet vart 31-24 til Stryn og det forsvaret vårt som ikkje var godt nok idag. Saknet av Marius i midtforsvaret vart merkbart utover kampen og Stryningane slapp for lett til.

No gjenstår ein kamp mot Florø og ein mot Stryn. Skal vi kapre 2.plassen i serien og få vere med i Regionsluttspelet må nok desse kampane vinnast.

 

Desse var me: Ole Kristoffer, Havard Husevåg 1, Preben 9, Jon Andreas 6, Sindre 6, Tormod, Bjørnar, Arne 2.



G16 til Stryn på onsdag.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2014

Etter to strake sigrar over Eid/Haugen og Florø, skal vårt gode G16 lag i morgon til Stryn for å møte den suverene serieleiaren på deira heimebane.  Stryn har enno ikkje avgjeve poeng i årets serie, og framstår som eit homogent og teknisk godt lag.  Her får gutane til Torbjørn verkeleg prøvd seg mot fylkets beste lag på gutesida, og må nok spele over evne for å ta poeng. Men, alle handballkampar lever sitt eige liv, og større under har skjedd enn at GHK slår Stryn.  Vi ynskjer lukke til!


2 poeng i Florø for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2014

Gutane viste solid form i dag og hadde få vanskar med å tukte eit ungt Florølag. Det vart 29-19 seier til våre gutar, og ei god gjennomkøyring før vi skal til Stryn onsdag og møte serieleiaren. Eit heiltent Gloppelag tok føringa frå starten av. Gode finter av Sindre, gjennombrot av Jon Andreas, langskot av Preben og innspel til Marius gjorde at vi hadde god kontroll gjennom første omgang. Bak stod vi godt og tøft i forsvar og Ole Kristoffer plukka det meste mellom stengene. Til pause leda vi komfortabelt 15-8.

I andre omgang starta Florø med 5-1 forsvar, og vi trøbla litt med å finne ut av det. Vi gjorde ein del tekniske feil i starten, men etterkvart løyste gutanee det fint og vi heldt oss ca. 10 mål føre gjennom det meste av omgangen. Håvard stod godt i mål i andre omgang og hadde mange flotte redningar. 

Desse var med: Håvard, Ole, Sindre 4, Jon Andreas 6, Marius 7, Jon Åge 1, Arne, Eirik 2, Runar 1, Hans Kristian 1, Preben 7, Bjørnar.


Gutane våre møter Florø

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Jan 2014

Til helga er det kun ein kamp for våre lag.  Det er GHK sitt G16, som skal til Florø for å møte heimelaget i Florø Idrettshall på søndag.

Ein av fleire komande storspelarar i GHK, Jon Andreas Kornberg, er klar til kamp mot Florø.

Under kyndig leiing av evigunge Torbjørn Sælen, har vårt lovande G16 lag tatt store steg etter oppstarten i fjor haust.  Vi ser allereie no at her er mange talent som heilt sikkert vil prege GHK sitt herrelag om kort tid.  Laget ligg på 3. plass på tabellen, kun eit poeng bak motstandar Florø.  Med andre ord, siger søndag er lik 2. plass.  Vi trur at dette er eit realistisk mål, og håper på to poeng med i bussen tilbake til Sandane.  Lukke til, boys!


Sterk bortesiger i Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2014

GHK sitt damelag i 3.divisjon har nett slege Dale 23-21 i Fjalerhallen.  Stillinga til pause var 14-8 til GHK.  I fjor tapte vi begge kampane mot Dale, men årets GHK lag har dermed vunne begge, og ligg no på ein sterk 3.plass på tabellen, kun 1 poeng bak NHHI på 2.plass.

Frå Dale får vi meldt om ein gnistrande god første omgong, det Karoline Førde Oppheim og Elise H Hansen herja med Dale sitt forsvar.  Solgunn Reed Lote vart sett som oppasser for Dale sitt stortalent Kjersti Boge Solås, med resultat kun 1 spelemål for Solås.  Kanon, Solgunn.  I andre omgong kom heimelaget betre med i kampen, og var heilt oppe i ryggen på GHK 5-6 min før slutt.  Men jentene våre held hovudet klart, og kunne gå sigrande av bana.  I følge kamprapporten har GHK skåra 25 mål, men det står kun 23 til slutt.......utan at det har nemneverdig betyding.

Laget: Rita Monteiro, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(7), Ragnhild Ryssdal(3), Elisabeth V Hansen, Torill H Gaasø(2), Ingvild Slagstad, Lena Fossen, Guro Tennefoss, Solgunn Reed Lote, Karoline Førde Oppheim(8), Astrid Brinkman Murer(1)



GHK møter Dale på bortebane!

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Jan 2014

GHK sitt damelag i 3.divisjon skal møte Dale på bortebane denne helga.  Kampen går på søndag.  Søndag skal også jentelaget ut på tur.  Dei møter Florø og Florø 2 i Florø Idretssenter.

Før kampen i helga ligg GHK og Dale på høvesvis 4. og 5. plass med like mange poeng (11). Dale har ein kamp mindre spela.  Dette vert nok eit tøft lokaloppgjer, der laget som vil mest vinn.  Både GHK og Dale kjem frå sterke bortesigrar i Bergen sist, og begge lag vil nok gjerne vinne denne kampen.

For jentelaget sin del, er nok kampen mot Florø 2 den som bør vinnast.  Med siger her, vil dei gå forbi Florø 2 på tabellen.  Kampen mot Florø 1, er i utgongspunktet vanskeleg, men ikkje umogeleg.  Med rett innstilling og glød, kan også denne kampen vinnast.

Vi ynskjer begge laga våre lukke til med kampane. 



Trivselshagen er opna!

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Jan 2014

I dag vart den komplette Trivselshagen offisielt opna av friidrettspresident Svein Arne Hansen. Men ei flott ramme av publikum i alle aldre, prominente gjestar, kulturinnslag av svært høg kvalitet, kunne Hansen avfyre ein startpistol som det synlege teiknet på opninga.  Sermonien vart leia av Gloppen si eiga NRKstemme, Gro Ravnestad.  Både før og etter sermonien, var det Trivselshagen sin "far", kultursjef Jan Kjetil Øygard, som losa alle trygt rundt i det fantastiske anlegget vårt.  Ein stor dag for Gloppen, og for heile fylket.

Fridrettspresident Svein Arne Hansen stod for den offisielle opninga.



GHK oppretter sportsleg utval

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Jan 2014

I arbeidet med å styrke den sportslege utviklinga i klubben, har styret i GHK vedteke å opprette eit sportsleg utval.  Medlemmane i dette utvalet er Kjell Aske, Torbjørn Sælen, Arvid Gimmestad og Ragnhild Bakketun Vederhus.  Utvalet vil ha sitt første møte førstkomande søndag, og er operative frå neste veka av. 

Torbjørn Sælen er ein av fire dyktige medlemmer i sportsleg utval



Heimekampar vår 2014

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2014

Oppgåvefordeling i samband med heimekampar i GHK vinter / vår  2014.
Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte,
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ).
Trykk på tidspkt Trykk på aktuelt kampnr. Trykk på Bane Trykk på lag Trykk på lag
Får kampinfo Får terminliste og resultater Får anleggsinfo. Får lagsinfo Får lagsinfo
Der ligg: kamprapport
Arrangemangsansvarleg ansvar for billettar SEKRETARIAT
  Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag Ringer dei i sekretariatet. TIDTAKAR-SEKRETÆR, heng opp og ta ned reklamesegl. Rydder etter kampen.
LØRDAG 11.01.2014
1300 56K04A2011 Firdahallen Gloppen 2 Eid Bjørn Kåre Eikenes Inga / Nils Moritsgård
1610 56G16A2006 Firdahallen Gloppen Eid/Haugen    
SØNDAG 26.01.2014
1300 56K0301072 Firdahallen Gloppen NHHI Eli Reed Lothe Norunn Sunde
  Aslaug Valaker
LØRDAG 01.02.2014
1530 56M03A1008 Trivselshagen 1 Gloppen Eid Anne Neteland Torbjørn Sælen
  Per Andenæs
MANDAG 03.02.2014
2000 56J16A4043 Firdahallen Gloppen Førde 2 Åse Margrete Seime Edgard Kvernevik
  Eirun Arnestad
TIRSDAG 04.02.2014
1900 56K04A2006 Firdahallen Gloppen 2 Sogndal Lars Ulvestad Ragnhild Bruvold
  Marit Stette Alme
LØRDAG 08.02.2014
1700 56K0301063 Firdahallen Gloppen Bergen HK Jon Inge Sørland Tom Wilke
1515 56G2001010 Trivselshagen 1 Gloppen Florø   Sølvi Holme Sælen
LØRDAG 01.03.2014
1300 56M03A1059 Trivselshagen 1 Gloppen BSI Bjør Kåre Eikenes Staffa Hjolmann
Vert truleg flytta  1.helg april 1415 56G2001012 Trivselshagen 1 Gloppen Kjøkkelvik   Margret Sande
   
Vert truleg flytta  1.helg april 1530 56G2001016 Trivselshagen 1 Stryn FyllingenBer Bjør Kåre Eikenes Knut Roger Nesdal
Vert truleg flytta  1.helg april 1750 56G2001015 Trivselshagen 1 Florø Kjøkkelvik   Janne Alander
SØNDAG 02.03.2014    
Vert truleg flytta  1.helg april  900 56G2001004 Trivselshagen 1 Gloppen FyllingenBer Lars Ulvestad Bente Sundal
Vert truleg flytta  1.helg april 1015 56G2001003 Trivselshagen 1 Stryn Kjøkkelvik   Gunnar Atle Vereide
Vert truleg flytta  1.helg april 1130 56G2001007 Trivselshagen 1 Florø FyllingenBer    
SØNDAG 16.03.2014
1500 56M03A1020 Firdahallen Gloppen Bjørnar 2 Torill Rygg Eide Odd Flatjord
LØRDAG 22.03.2014   Merete Sælen
1500 56K0301081 Firdahallen Gloppen Askøy Eli Reed Lothe Oddrun Slagstad
LØRDAG 29.03.2014   Audun Mundal
1715 56J16A4060 Firdahallen Gloppen Jotun/Årdals Åse Margrete Seime Vidar Eide
SØNDAG 30.03.2014   Biger Gjerløw
1300 56M03A1034 Trivselshagen 1 Gloppen Kjøkkelvik 2 Torill Rygg Eide Nils Egil Moritsgård
LØRDAG 05.04.2014   Magne Moritsgård
1500 56K0301023 Firdahallen Gloppen Fyllingen 2 Anne Neteland Anne Britt Henden
SØNDAG 06.04.2014   Kari Anne Slagstad
1300 56K0301041 Firdahallen Gloppen Os 2 Jon Inge Sørland Marit Reikvam Hansen
  Inge Eikenes
Truleg regionskampar
4.5. og 6.april 0900 - 2000
3 baner samtidig Reserve
Ann Kristin Wolstad
Frode Hansen
Bjjarte Gangeskar
Per Ståle Husevåg
Turid Torvanger
Inge Bent Arnestad


Ny dugnadsliste lagt ut

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2014

Oversikt over arbeidsoppgåver i høve heimekampar for vårsesongen 2014 er no lagt ut.  Du finn den i menyen til venstre under fana "dugnadsliste"


Siger over tabellleiaren!!!!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2014

GHK sitt herrelag i 3.divisjon har nett slege tabelleiar Norønna 25-24 i ein høgdramatisk kamp i Haukelandshallen.  Meir om kampen kjem forhåpentlegvis seinare i kveld.   I går vart det tap mot Kjøkkelvik 2 i Olsvikhallen 27-20.


Siger også for damelaget!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2014

Damelaget i 3.divisjon ville ikkje vere dårlegare enn herrelaget, og tok ein sterk 29-25 siger over Årstad 2 i ettermiddag.  Stillinga ved pause var 11-11.

Kampen gjekk i Haukelandshallen.



Siger over Norrøna

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2014

Ungguttar fra gloppen vinder over tabeltopp Norrøna 25-24 efter 60minutter med hård fight. GHK står med en fantastisk statisktik mott ringrævende med 7 siger og bare 1 tap på de sidste fire år.  Norrøna har bare tabt 2 kampe i år og er suveren leder af 3. divisjon. Karene fra Gloppen hadde en revansje tilgode efter surt 27-20 tap for Kjøkkelvik der vi aldri rigtig kom opp i gear. Jeg skal ikke kunne sige om det var de 5 timer i bus til olsvikhallen eller det mentale som ikke stemmer i kampen mod Kjøkkelvik, men vi fikk ikke spillet til at glide. 
Inden kampen gav gutta hinanden hånden på at mot Norrøna skulle der kæmpes til sidste blodsdråbe. Vi kommer godt fra start med flott trekantsspil ind til streken som Arild Tystad omsætter i mål. Ørjans hammer suser og keeper flytter ikke på sig før han samler ballen op ad nettet og Os Vereide gjør det enkle med underarmen som ikke er set bedre siden Gunnar Atles sagnomsuste afslutninger. Vi kommer foran 4-2 og det ser rigtig fornuftigt ud. Vi kunne have økt til 7-3 de næste to minutter men Rocky og Åsmund Sælen brænder alene med keeper og Ørjan brænder på straffe. Vi bliver frustreret og Norrøna tager styringen. Jarle Alvær er i det umulige hjørne og scorer på alt han rører ved. Norrøna tager ledelsen 6-4 og 10-7. Vi sliter skikkeligt og afslutter alt for rask fremme på dårlige sjanser. Mod slutningen af omgangen fungerer spillet bedre og vi går til pause ved stillingen 13-10. 
Vi bliver enige om at tage de voksne på motsatt side igen  løbet af de første 5 minutter og så køre over dem. Det skulle dog ikke gå sådan som planlagt. Vi henter ind på de og de drager fra igen og igen. Runar Åmot holder os inde i kampen i denne periode med 3 flotte scoringer. Vi greier føst å udligne 8 minutter før slutt til stillingen 22-22. Vi øger derefter til 24-22 men klarer ikke at lukke kampen der. Norrøna kommer opp til 24-24 to minutter før slutt. Vi tager time out og får Preben på høgre ving som kommer i overgang ind på linja. Ingen kommer frem til Osmund som sikkert skorer til slutstillingen 24-25.   


Stortap for damelaget i 4.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Jan 2014

Det vart diverre eit stortap for GHK sitt damelag i 4.divisjon då dei i ettermiddag møtte nabo Eid til dyst i storhallen.  Etter å ha lege under 5-17 til pause, måtte dei til slutt sjå at Eidajentene kunne reise heimatt over fjorden med ein solid 36-15 siger. Det einaste dramatiske i denne kampen var då ei GHKjente støytte saman med ei Eidajente.  Resultat: Ei tann mindre for Eidajenta, medan GHK si Ingeborg Volle måtte lappast saman i tinningen etter å ha fått eit blødane kutt.  Då 3.divisjonslaget er i Bergen denne helga, var det eit redusert GHK mannskap på bana i dag.


Endeleg seier for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Jan 2014

Etter to tap mot Eid denne sesongen ville gutane vinne i dag. Det vart ein triller av ein handballkamp i Firdahallen, og våre gutar drog til slutt det lengste strået i ein jamn kamp. Første omgang starta med overtak frå våre gutar. Vi gjekk tidleg opp i ei 4 målsleieing etter flott spel og sikker avslutninar av Sindre, Jon Andreas og Hans Kristian. Eid kom tilbake og til pause leda vi med 13-12.

Andre omgang var spanande heile vegen. Laga skifta på å ha leiinga og heldigvis hadde Marius og Sindre ein god dag i  dag. Marius skorar på alle skota sine, og lagar straffer som Sindre sette sikkert i  mål.

I sluttminutta var det veldig hektisk, men vi greidde å avgjeree i siste sekund med gjennombrot av Bjørnar Eikenes og ein heleg to-målssiger.

Desse var med: Ole Kristoffer, Håvard, Håvard Magnus, Sindre 11, Jon Andreas 4, Tormod 1, Bjørna 1, Hans Kristian 1, Marius 5, Runar 1, Eirik 2, Arne 2.


Klart for 5. SUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2014

NHF Region Vest har gjort uttak til den 5. SUM samlinga for jenter 98/99 denne sesongen.  Samlinga vert i Strynehallen fredag 31.01 og laurdag 01.02.  Frå GHK er våre fire dyktige jenter, Siri, Hilde Katrin, Malene og Sofie framleis med.  Vi gratulerer med uttaket, og ynskjer lukke til:)



Handballen i gong att for fullt i det nye året

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2014

Sjølv om G16 laget var i aksjon forrige helg, er det først denne helga handballen ruller for alvor for GHK.  Både dame og herrelaget skal til Bergen, medan G16 og damelaget i 4.divisjon spelar heime i Storhallen.  Herrelaget møter Kjøkkelvik 2 i Olsvikhallen på laurdag, medan dei søndag møter Norønna i Haukelandshallen.  Damelaget møter Årstad 2 i Haukelandshallen på søndag.  Gutar16 møter Eid/Haugen, medan K4 damene møter Eid.  Begge kampane går i Storhallen på laurdag.

Ingvild Slagstad & co møter Årstad 2 i Haukelandshallen

Herrelaget møter tabellnabo Kjøkkelvik 2 på laurdag.  Ein kamp mot eit andrelag der ein aldri veit kva lag motstandaren stiller med.  Normalt eit lag ein bør vere på talefot med. På søndag møter ein tabellleiar Norønna.  Norønna sine "seniorspelarar" må tydlegvis ha fått eit løft utover i sesongen, for på heimebane i Firdahallen vart dette laget banka av GHK.

Damelaget møter også ein tabellnabo i Årstad 2.  Som sagt, håplaust å spå då ein aldri veit kva lag motstandaren møter med.  GHK har mista fleire sentrale spelarar, men har fått gode Karoline Førde Oppheim inn i stallen. Håper på ein jevn kamp.

Damelaget i 4.divisjon står med ein siger så langt.  Her kan siger nummer to komme, mot naboen frå Eid.

Gutelaget møter også ein tabellnabo, og vil med siger her gå forbi Eid/Haugen på tabellen.

Lukke til med kampane.



Fylkesmesterskap for dei vidaregåande skulane i Trivselshagen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2014

Firda vidaregåande skule står som arrangør for årets fylkesmesterskap i handball for dei vidaregåande skulane i fylket.  Kampane vert spela i den nye storstova vår torsdag 13. februar.


Program for opninga av Trivselshagen

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2014

Neste veke er det klart for offisiell opning av den ferdig bygde Trivselshagen.  Det vert arrangement heile veka til endes, og programmet finn du her:Opning av Trivselshagen


Foredrag med Rasmus Mo.

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jan 2014

Trivselshagen jubilerar og feirar opning av idrettsanlegga!

Vi inviterar dermed alle innan kultur og idrettslag, trenarar og oppmenn, styremedlemmer, sponsorar, næringsliv og andre frivillige til eit humoristisk foredrag med Rasmus Mo. Onsdag 15. januar klokka 19:30 kan du oppleve Rasmus i fri utfolding i kultursalen i Trivselshagen. Vi håpar at flest mogleg kan ta seg tid til å møte. Dette er viktig for oss, og vi trur dette kan vere viktig for nettopp deg. Saman kan vi bygge eit endå bedre kultur og idrettsmiljø i Gloppen (sjølv om vi allereie er i landstoppen). Det er fri inngong til foredraget. Ta med deg alle i ditt idrettslag eller organisasjon.

Rasmus Mo er kjent som ein solid foredragsholdar med humor og snert. Han er mentor og motivator i Sogndal fotball. Foredraget Dønn Ærleg handlar om stoltheit, eigarskap og ansvar.

Korleis tek me ansvar for eigen trivsel gjennom å byggja stoltheit og ta eigarskap til suksessar. Å ha suksess handlar om å ha tru på eigne ferdigheiter og hegna om eigen identitet.



Køyreliste J16 vår14

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Jan 2014

Spele- og kjøreliste



Søndag 19.jan. 14, kl. 13.40, Florø Idrettssenter: Florø 2 - Gloppen

Og 16.45, Florø - Gloppen

Avreise Stil-stova kl. 10.50.

Dei som køyrer er: Ariane, Siri, Julie

Julie vaskar draktene.



Måndag 03.feb.14, kl. 20.00, Firdahallen: Gloppen – Førde 2

Eirin vaskar draktene



Laurdag 08.mars.14, kl. 12.45, Sogndal Idrettshall: Sogndal 2 - Gloppen

Og 15.40, Sogndal - Gloppen

Avreise Stil-stova kl. 10.15.

Vi køyrer GHK bussen

Susann vaskar draktene.

Søndag 23 mars. 14, kl. 12.00, Førdehuset 1: Førde - Gloppen

Avreise Stil-stova kl 09.45.

Vi køyrer GHK bussen

Eli Kristin vaskar draktene.

Laurdag 29. mars. 14, kl. 17.15, Firdahallen: Gloppen – Jotun/Årdalstangen

Malene vaskar draktene.



Oppmøte 45 min før kvar heimekamp.

Bytt innbyrdes om det ikkje oppsette tider passer. Gi oppmann beskjed ved byte.





Mvh

Øystein Fjellestad

Mob: 91372647

Epost:oystein.fjellestad@hotmail.com

-oppmann GHK J16-











Nytt tap for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Jan 2014

Gutane tapte 24-19 mot Eid/Haugen idag etter å ha lege under 12-8 til pause Det vart nok eit tap for 16-åringane idag mot Eid/Haugen. Vi kom tidleg etter i første omgang og greidde ikkje å spelle oss til gode målsjansar. Bakover sleit vi med å få kontroll  på Kristian Rønnestad som laga tilsaman 12 mål for Eidarane. 

I andre omgang heldt vi bra følge og då det var 10 min. att av kampen var stillinga 18-17 til Eid og trenaren hadde god tru på at vi skulle klare å knipe ein siger på Eid.

Mange tekniske feil i påfølgande fase gjorde at Eidarane kunne stikke ifrå mot slutten og vinne greitt med 5 mål.

Best på Gloppen idag var begge keeperane, Ole kristoffer i første omgang og Håvard i andre omgang.

Desse var med : Ole Kristoffer, Håvard Husevåg, Sindre 1, Jon Andreas 2, Håvard Magnus, Hans Kristian 2, Runar, Preben 7, Marius 4, Jon Åge 1, Bjørnar, Arne 1, Eirik 1


Levert av IdrettenOnline