Siger over serieleiaren

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2017

Etter to tap på rad var det i dag klart for ny herrekamp i Trivselshallen. Denne gongen var det serieleiaren Åsane som stod på motsett banehalvdel. Åsane kom til Gloppen med fem sigrar av fem moglege så langt denne sesongen, så glopparane hadde ei stor utfordring forran seg. 

Kampen starta jamnt, med GHK som det leiande laget. Forsvaret satt frå fyrste stund og bergensarane fekk det tøft. Etter 23 minutt tok dei timeout på stillinga 7-4. Dette såg ut til å hjelpe, for tre minutt seinare var stillinga 7-6, og GHK tok timeout. Til pause var stillinga 8-7 - ein veldig målfattig fyrste omgang, med andre ord. 

Tre og eit halvt minutt ut i andre omgang var Åsane i leiinga for fyrste gong i kampen. GHK tok seg saman og etter halvspela omgang var dei oppe i 16-13. Så trua Åsane på nytt, for fem minutt seinare var stillinga 17-17. Det vart ei uhyre spennande avslutning på kampen. Frå 17-17 vart det 18-18, trass i to minutt med ein mann mindre på bana. 

Med få minutt att skåra GHK, og heldigvis klarte dei å kjempe dei siste sekunda i forsvar, før dei kunne sleppe jubelen laus. Kampen enda 19-18.

Det er ingen tvil om at dagens kamp vart vunne i forsvar. Veldig gledeleg etter litt varierande prestasjonar dei siste kampane. Framover utmerka særleg Vegard Moritsgård Flatjord seg, med sine åtte mål. 

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Dusan Vasiljevic, Vetle Ottesen, Runar Gåsemyr (2), Bjørn Magnus Nystad (1), Vegard Sælen (1), Andreas Nyhagen Hole, Tarjei Bjørkum Vereide (4), Hans Sande, Ørjan Sundal (3), Vegard Moritsgård Flatjord (8), Magnus Ødven, Erlend Ulvestad. 



Storsiger i sesongopninga

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2017

I dag var det endeleg klart for den fyrste herrekampen for sesongen, då GHK møtte Viking 2 til kamp i Trivselshallen. 

GHK-laget er mykje det same som fjordårssesongen, med nokre endringar. Andreas Nyhagen Hole og Vegard Flatjord er tilbake i den raude drakta, i tillegg til at det er fleire unge spelarar som held eit godt nivå og dermed vil få prøve seg på seniornivå denne sesongen. I kampen i dag var det heile tre spelarar som fekk sin fyrste offisielle herrekamp; Erik Koopmans (målvakt), Magnus Ødven og Kjell Runar Horvli. Alle tre fekk speletid og viste seg fint fram. 

Sjølve kampen vart underhaldande for dei frammøtte. GHK hadde relativt god kontroll heilt frå starten, og leiinga auka gjennom heile kampen. Til pause var stillinga 16-9, mykje takka vere ein veldig god Paul Remi Kvandal i målet. Han vart òg kåra til den beste spelaren i kampen. 

Etter kvilen gav Viking 2 litt opp etter kvart. GHK auka leiinga og vann til slutt 35-22 og fekk med det ein veldig god start på sesongen. 

I tillegg til nye spelarar, debutantar og ei god målvakt var det mest gledelege med kampen at alle utespelarane teikna seg på skåringslista. Det lovar godt! Flest mål hadde Ørjan Sundal med sine åtte. 

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Erik Koopmans, Vetle Ottesen (4), Osmund Vereide (2), Runar Gåsemyr (6), Edvin Øygard (1), Bjørn Manus Nystad (1), Magnus Ødven (1), Vegard Flatjord (5), Tarjei Vereide (5), Andreas Nyhangen Hole (1), Kjell Runar Horvli (1), Ørjan Sundal (8). 



Innkalling til spissa gruppe 2003

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Aug 2017

Region Vest har no kalla inn til kartleggingssamling for spissa gruppe for jenter og gutar fødde i 2003. Smalinga går føre seg i Framohallen søndag 10.september og GHK er godt representert. 

På gutesida er det kalla inn heile fire spelarar. Desse er: Elias Gloppestad Solberg, Jonas Arnestad, Mathias Lothe og Markus Berle Fjellestad. 

På jentesida er det kalla inn to spelarar: Emma Lothe og Anna Fjellestad. 

Vi gratulerar med innkalling og ynskjer lukke til, samstundes som vi jublar litt for framtida til klubben! 

Heia GHK! 



Årsfest GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mai 2017

Søndag 7.mai avslutta GHK spelarane handballsesongen på Gloppen Hotell. Som ein del av sponsoravtala spanderte Gloppen hotell pizza og brus til alle spelarane. Tusen takk!

Norunn Sunde leia festen, delte ut blomar og takka alle som har delteke på ein eller anna måte i GHK for denne sesongen.

Tradisjon tru blei det delt ut ei rekkje prisar. Blandt anna fekk Tarjei Bjørkum Vereide prisen for årets spelar og Kjell Aske blei kåra til årets trenar i klubben. Spelarar for kvart av laga fekk utdelt innsatspris. Toppskårar for seniorlaga våre vart Heidi Marie Sægrov med 99 mål og Edvin Øygard med 82 mål.

Tusen takk til Norunn Sunde for jobbe du har gjort for klubben og velkommen til Geir Liavåg Strand som ny leiar i GHK.




​GHK-basaren 2017

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Feb 2017

Søndag 12. februar arrangerte GHK basar i Runnevang. Det var mykje flotte gevinsar på både hovudlotteriet og på årane. De var rikeleg med kaker og god basarstemning blant dei som møtte opp.

Takk til alle som har kome med kaker og gevinstar, og ei spesiell takk til Magne Devik som leia basaren på ein framifrå måte! Takk og til alle spelarane som har selt lodd rundt i bygdene våre. De har selt lodd for om lag 55 000 kr!

Totalt innsamla beløp er 68 590 kr. Dette er litt mindre enn i fjor, men oppmøtet på basaren var tilsvarande mindre også. Hadde gymsalen i Runnevang vore full hadde vi kanskje passert fjoråret.

Vinner av hovudgevinsten frå KA-Bygg vart Anette Støyva – Gratulerer!

Vi vil takke alle som støtta GHK med gevinstar til hovudlotteri og til basaren: KA-Bygg, Sveisen Frisør, REMA 1000, Gloppen kommune - Trivselshagen, SFE, Wagner, Din Frisør, Accontour, Glassikring, Lyslo foto, Aagård sko, Sandane omtrekking, Trucknor, Leiv Austrheim, Sandane tekstil og interiør, Ellinors hudpleie, G-sport, Pikant frisør, Sandane gullsmed, Glassmagasinet, Trebohus, Datainstituttet, Vereide blomster, Møbelringen, Luggen, Daiva, Tystad blomster, Vestoptikk, Bano, Auto-senteret, Fargerike, Chatlet, Nille, Sparebanken Sogn og Fjordane m.fl.

Ann-Kristin Hovstad, Økonominemnda i GHK



Levert av IdrettenOnline