Storsiger i sesongopninga

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2017

I dag var det endeleg klart for den fyrste herrekampen for sesongen, då GHK møtte Viking 2 til kamp i Trivselshallen. 

GHK-laget er mykje det same som fjordårssesongen, med nokre endringar. Andreas Nyhagen Hole og Vegard Flatjord er tilbake i den raude drakta, i tillegg til at det er fleire unge spelarar som held eit godt nivå og dermed vil få prøve seg på seniornivå denne sesongen. I kampen i dag var det heile tre spelarar som fekk sin fyrste offisielle herrekamp; Erik Koopmans (målvakt), Magnus Ødven og Kjell Runar Horvli. Alle tre fekk speletid og viste seg fint fram. 

Sjølve kampen vart underhaldande for dei frammøtte. GHK hadde relativt god kontroll heilt frå starten, og leiinga auka gjennom heile kampen. Til pause var stillinga 16-9, mykje takka vere ein veldig god Paul Remi Kvandal i målet. Han vart òg kåra til den beste spelaren i kampen. 

Etter kvilen gav Viking 2 litt opp etter kvart. GHK auka leiinga og vann til slutt 35-22 og fekk med det ein veldig god start på sesongen. 

I tillegg til nye spelarar, debutantar og ei god målvakt var det mest gledelege med kampen at alle utespelarane teikna seg på skåringslista. Det lovar godt! Flest mål hadde Ørjan Sundal med sine åtte. 

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Erik Koopmans, Vetle Ottesen (4), Osmund Vereide (2), Runar Gåsemyr (6), Edvin Øygard (1), Bjørn Manus Nystad (1), Magnus Ødven (1), Vegard Flatjord (5), Tarjei Vereide (5), Andreas Nyhangen Hole (1), Kjell Runar Horvli (1), Ørjan Sundal (8).