SAMLING FOR BYLAG J&G 2003

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Nov 2018

NHF Region Vest kallar inn til samling for Bylag J&G 2003 og GHK er heldige og får denne samling lagt til Sandane. 
Ein god dugnadsgjeng vil vere i sving og passe på at spelarane får måltid og trygg overnatting.
Det vil bli samla rundt 70 jenter og gutar 2003 som skal trene i fleire økter iløpet av helga.
Treningane vil vere open for publikum- for dei som vil sjå og lære.
Frå Gloppen er desse spelarane tekne ut:
Emma Lothe
Anna Fjellestad
Mathias Lothe
Elias Solberg

Vi er stolte👏

https://www.handball.no/…/nyheter_r…/2018/11/bylag-jg-2003/…



ÅRSFEST 2017-2018

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mai 2018

No er handballsesongen 17/18 over- og tradisjon tru avsluttar klubben med pizzakveld for spelarar og støtteapparat på Gloppen Hotell

Nærare 100 aktive og passive medlemar  kosa seg med deilig pizza og drikke.  I eit par timar var det rom for underhalding- utdeling av prisar til spelarar og oppmerksomhet til alle som hjelper til for at GHK skal kunne halde på med handball.

Gjennom sesongen er det blitt spelt mange handballkampar, reist på bortekampar og det er blitt lagt ned mange treningstimar i Trivselshallen.   Det er ikkje alltid ein er like fornøgd med resultata, men det er kanskje ikkje det ein hugsar best likevel. Det at ein har det moro ilag er viktig.  Arvid Gimmestad holdt eit fint innlegg på årsfesten,  der han fokuserar på at handball er for alle og handball skal vere kjekt!! Det ønskjer vi at spelarane i Gloppen handballklubb også tykkjer!

Til slutt vil vi takke alle som har bidrege til klubben på ein eller anna måte gjennom handballsesongen. Vi takkar også alle sponsorane våre for deira bidrag. 

Vi gler oss til ny sesong. 

HEIA GHK!!






Kjell Aske trenar GHK sitt herrelag i 2018-2019

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Apr 2018

Kjell Aske har sagt ja til å trene herrelaget til GHK i 3.divisjon i sesongen 2018-2019. Vi takker og bukker for at vi har slike eldsjeler i klubben vår!

Lukke til i jobben:)



Øyvind F Vraalsen er ny trenar for GHK sitt K3 lag

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Apr 2018

GHK har inngått avtale med Øyvind Fougli Vraalsen som trenar for damelaget vårt i sesongen 2018-2019😊

Vraalsen kjem frå Lørenskog og starta trenerkarriera si i Fjellhammer når han var 12 år og har trena ulike jente- og gutelag.

I sine 6 år i Sogndal, frå 2011, har han vore trenar for aldersbestemt og seniorlag- i tillegg å ha vore sportslig ansvarlig i handballgruppa i 4 år. For tida arbeider han på Firda VGS og har ein bachelorgrad idrett og master i idrettsvitenskap retta mot handball. Øyvind er også aktiv spelar og har spelt for både Fjellhammer, Vestli, Sogndal og spelar no på Gloppen sitt herrelag.

Vi er glade for å få Øyvind med laget og ønskjer han lukke til med trenarjobben😊