ÅRSFEST 2017-2018

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mai 2018

No er handballsesongen 17/18 over- og tradisjon tru avsluttar klubben med pizzakveld for spelarar og støtteapparat på Gloppen Hotell

Nærare 100 aktive og passive medlemar  kosa seg med deilig pizza og drikke.  I eit par timar var det rom for underhalding- utdeling av prisar til spelarar og oppmerksomhet til alle som hjelper til for at GHK skal kunne halde på med handball.

Gjennom sesongen er det blitt spelt mange handballkampar, reist på bortekampar og det er blitt lagt ned mange treningstimar i Trivselshallen.   Det er ikkje alltid ein er like fornøgd med resultata, men det er kanskje ikkje det ein hugsar best likevel. Det at ein har det moro ilag er viktig.  Arvid Gimmestad holdt eit fint innlegg på årsfesten,  der han fokuserar på at handball er for alle og handball skal vere kjekt!! Det ønskjer vi at spelarane i Gloppen handballklubb også tykkjer!

Til slutt vil vi takke alle som har bidrege til klubben på ein eller anna måte gjennom handballsesongen. Vi takkar også alle sponsorane våre for deira bidrag. 

Vi gler oss til ny sesong. 

HEIA GHK!!