Endeleg i gang for G14 - og for ei opning 20 - 4 mot Høyang

Postet av Gloppen G14 den 22. Sep 2015

Vi kom godt i gang med vår første kamp for sesongen. Det er alltid stor spenning/usikkerheit knytt til opninga. Spesielt gjeld dette for G14, som er dei same spelarane som i 2014 spelte i G14. Det betyr at dei fleste (og truleg dei beste) av motstandarane frå 2014 sesongen i år spelar på G16.

Etter ein noko famlande og usikker/tam 1. omgang vart det ein 2. omgang med vesentleg meir trøkk og vilje. Lage 15 mål og sleppe inn 2 mål på 20 min er godt , sjølv mot eit lag som «har ein del å trene på» Vi må nok rekne med langt tøffare motstand når vi møter dei beste laga utover hausten/vinteren, men det er det som er moro og motiverande å trene for.