Handballskule vel gjennomført

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jul 2015




Tysdag 21. og onsdag 22. juli skipa vi til handballskule i samarbeid med Tine og Sparebankstiftinga. Til saman ca. 165 ungar/ungdomar var samla, fordelt på to dagar, for å ha det kjekt med handball.

Vi var så heldige at sjølvaste Thorir Hergeirsson tok ansvaret for å opne handballskulen. Han snakka litt til deltakarane om handball og kor viktig det er å vere sjølvdriven for å verte god. Det var tydeleg at alle hadde respekt for denne karen, for det var heilt stille heile tida han snakka.


Etterpå var deltakarane delt i tre grupper som rullerte mellom tre baner gjennom dagen. På den eine bana hadde Daniel Dammyr fokus på forsvar, på den eine hadde Sigvald Veim Andreassen kast/mottak, medan den lokale trioen Torbjørn Sælen, Kjell Aske og Ragnhild Vederhus hadde småspeløvingar på den siste. I tillegg hadde dei med seg gode hjelpetrenarar i Helene Aske, Mikael Alander, Sander Nesdal, Jon Andreas Kornberg og Eirik Hovstad. Desse ungdomane gjorde ein god figur og inspirerte truleg mange desse dagane.

Etter lunsj kom tre landslagsjenter inn i heile 90 minutt, begge dagane. Dei køyrde fyrst ei 30 minuttsøkt, skreiv autografar og snakka i 30 minutt, før dei avslutta med ei ny 30 minuttsøkt. Dette var stor stas for alle, og veldig sporty og kjekt gjort av jentene.


Begge dagane vart avslutta med at nokre heldige deltakarar vart trekte ut til å vere maskottar under kampane mot Russland på fredag og laurdag. Så dei som kjem springane ut saman med spelarane før kampen er deltakarar frå handballskulen.
Heilt til slutt fekk alle deltakarane òg ein billett til ein av landskampane.


Til slutt må vi få takke alle som har vore med på å bidra til at handballskulen gjekk så fint som den gjorde. Vi hadde dyktige trenarar, flinke deltakarar, kjekke landslagsjenter, ein fantastisk landslagssjef og flotte frivillige som hjalp til på ulike måtar. No gler vi oss til kampar og stor stemning i hallen både fredag og laurdag!

Du kan finne fleire bileter frå dagane på facebook-sida til GHK

Heia GHK!






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline