Seier og uavgjort mot Skavøypollen i dag.

Postet av Jenter 16 den 17. Okt 2015



Etter fleire veker med pause var det endeleg tid for handball for J14 igjen. Vi reiste til Nordfjordhallen med begge laga våre i dag for å møte Skavøypollen. Dette er eit lag vi har hatt bra tak på tidlegare, men vi veit og at dei på ingen måte er ein enkel motstandar.
Det var Gloppen 1 som fyrst skulle i elden. Vi vart litt for stilleståande i forsvar, noko som gjorde at Skavøypollen sprang igjennom gong etter gong. For keeper blir det då ei vanskeleg oppgåve. Måla trilla derfor inn bak Gloppen målvakta, og framover fungerte det heller ikkje godt. Vi vart for stilleståande, og avslutta på dårlege halvsjansar. Vi kom dermed dårleg ut, og vart liggande 2-4 mål bak i heile 1. omgang. Etter pausen vart forsvaret betydeleg betre, og angrep og kontringspelet begynte og å fungere.
Til slutt hadde vi henta inn igjen forspranget Skavøypollen hadde, og etter nokre spennande sluttminutt kunne dommaren blåse av på stillinga 10-10.
Gloppen 2 kom mykje betre ut i sin kamp. Med flatt forsvar og god sideforskyving tok det lang tid før polljen scora, Samtidig var vi meir bevegelege framover, og scora jamt og trutt. Vi fekk derfor tidleg ein ganske trygg leiing i kampen, og kontrollerte inn til 13-8 seier.
Bildet viser jublande Gloppen 2 jenter etter at seieren var sikra.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.