Tap for damene

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2016

Den fyrste av totalt tre seniorkampar denne helga er no ferdigspela. Det enda diverre med tap for damene mot Åsane.

Åsane var rekna som eit sterkare lag enn GHK i utgangspunktet, men det skal seiast at GHK var heilt på høgde med gjestane store selar av kampen. Gjennom heile den fyrste omgangen veksla dei mellom å vere eit og to mål bak og å ligge på uavgjort. Rett før pause hadde dei høve til å utligne til 14-14. I staden vart det bom og Åsane kunne skåre, og gå til pause med tomålsleiing, 13-15.

Etter kvilen stemde det ikkje heilt bakover for damene. Det var litt for mange hol i forsvaret til at dei klarte å henge heilt på Åsane. Dette resulterte i at gjestane reiste litt ifrå og halvvegs i omgangen var stillinga 20-26 til Åsane.

GHK henta seg litt inn, og låg berre fire mål bak med ca. 10 minutt att på klokka. Litt rot og ein tominuttar gjorde diverre at det vart litt for langt opp til siger i dag. Åsane vinn 29-36.



Torill Henden Gaasø vart kåra til GHK sin beste spelar, i konkurranse med Heidi Sægrov og Amanda Veiteberg. I tillegg hadde Linn Kristin Øren fleire avgjerande og gode redningar.

Dette var ein kamp som var rekna for å verte tøff, og damene skal ha ros for å henge godt med store delar av kampen. I morgon er det blanke ark og nye sjansar - då kjem NHHI på besøk, og vi har trua på poeng til GHK-damene!

Desse var med i dag: Linn Kristin Øren, Heidi Sægrov (10), Ingrid Gimmestad (2), Amanda Veiteberg (4), Marte Sunde Hjelle, Ingvild Slagstad (1), Malin Isane Førde (1), Hege Roth-Andenæs (1), Lea Marie Glomnes, Torill Henden Gaasø (7), Rebekka Vereide Kroken, Lena Fossen (3), Ingeborg Aasebø.

Heia GHK!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline