Flott sesongstart for Gloppen J14!

Postet av Jenter 16 den 20. Sep 2015

Begge J14 laga våre sesongopna i dag i Firdahallen. Motstandar var Askvoll/Holmedal. Dette er eit lag vi tidlegare har hatt godt grep om, og vi forventa derfor ikkje noko anna enn seier. Det var uansett knytt spenning til sesongpremieren då det er fyrste året
at dei to tidlegare rivalane Breim og Sandane no er forena i GHK drakta. Vi har prøvd å dele laga inn i to like gode lag, noko det ser ut til at vi har lukkast bra med.

Det var Gloppen 2 som fyrst var i elden. Kampen bar preg av å vere den fyrste i år. Framover vart det litt stasjonert og litt lite samhandling, men godt forsvar og keeperspel gjorde at vi henta heim ein komfortabel 14-6 seier.


Gloppen 1 gjorde og sine saker godt, og her sat og kontringane litt betre enn i fyrste kamp. Keeperane våre Kristine Skinlo og Oda Lothe stod glitrande godt og til slutt kunne jentene gå av bana med 24-7 seier.

Dette lovar godt for resten av sesongen. VI har ein glimrande treningssituasjon der vi kan spele treningskampar mot kvarandre på trening, samt at vi kan dra vekslar på dei mange handballressursane som finnst i GHK miljøet.

På lagbileta er 17 av 20 spelarar tilstades.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline