Pangstart for damelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2015

I dag var det endeleg klart for damekamp i Trivselshallen. På førehand var det knytt litt spenning til dette laget, då det før seriestart har vore litt usikkert kva lag ein kunne stille med i årets sesong.

Sotra 2 kom til Gloppen med to storsigrar i bagasjen, seinast med "stygge" siffer mot Jotun (29-10). Dette kunne ha skremt damene, men det virka heller for å tenne dei ytterlegare. Laget har hatt kort tid på å verte samspelte, men viste like vel fram mykje av potensialet som bur i laget.

I starten var kampen jamnspela, men rett før pause rykka GHK litt i frå og leia dermed med tre mål til pause. Etter kvilen heldt dei fram det fine spelet frå den fyrste omgangen, og var i ein periode oppe i ei sjumålsleiing. Sotra tok litt innpå mot slutten, men sigeren var aldri truga. Sluttresultatet vart 29-25.

Dette var ein kamp fleire viste seg fram i, til stor glede for ei fullsett tribune. Ekstra gledeleg er det at heile fire 16-åringar fekk sin debut i dagens kamp, og at dei på ingen måte gjorde seg vekk. Vi er sikre på at vi får sjå meir av dei i kampane som kjem.

Dagens spelar for GHK vart Irene Slagstad som, i tillegg til å skåre fem mål, var solid i forsvaret. Elles var det gledeleg å sjå Heidi Sægrov og Amanda Veiteberg tilbake i GHK-drakta.

Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Siri Oppheim, Ragnhild Ryssdal (5), Ingvild Slagstad (2), Marte Sunde Hjelle, Lena Fossen (3), Irene Slagstad (5), Toril Gaasø (5), Ingunn Tennebø, Malin Isane Førde, Ingebord Åsebø, Heidi Sægrov (5), Amanda Veiteberg (4).



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline