Lokaloppgjer i Trivselshallen

Postet av Herrar 3.div den 31. Okt 2015

Søndag 01.november brakar det laust i Trivselshallen. Då kjem nemleg nabo Eid på vitjing for å prøve og stoppe sigersrekkja til GHK i herrane sin 3.divisjon.

Til no har Eid kun spelt ein kamp, då dei vann med to mål mot Bjørnar 2. Det er difor vanskeleg å seie noko om kva lag karane våre møter, men det som er sikkert er at glopparane har bygd opp ein stor sjølvtillit etter ein forrykande seriestart.

Under kampen vil det verte eit lynlotteri med høve til å vinne landslagstrøyer som vi fekk av landslaget i sommar.

Vi håpar så mange som mogleg tek turen i hallen for å lage stemning kring kampen og for å heie fram karane våre. Trivselshallen, søndag 01.11. kl. 15.45, altså. Vi går for publikumsrekord! Dette vil du ikkje gå glipp av!

Heia GHK!



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline