Nok ei seiershelg for J14!

Postet av Jenter 16 den 1. Nov 2015

Desse flotte GHK representantane var i dag på Eid og spelte mot Eid 1 og Eid 2. I kamp nr 1 spelte Eid 1 mot GHK 1. Gloppen opna sterkt og leia med 3 mål før Eidarane greidde å redusere. Etter det kom Eid meir inn i kampen og pauseresultatet var 6-7 til Gloppen. Etter pause var det imidlertid ingen tvil om kven som var best. Gloppen vann til slutt heile 12-19.

Også i kamp nr. 2 tok Gloppen leiinga og førte heile kampen, men Eidarane var aldri langt bak. Kampen enda til slutt med 9-12 seier til Gloppen.

I begge kampane er det Gloppen sitt gode forsvarspel og flotte keeperprestasjonar som legg grunnlaget for seier. Vi er blitt bra flinke på kontringar og har ellers mange flotte enkeltprestasjonar framover. For trenarane og laga er det no samhandling i angrepsfasen som bør stå på programmet.

No er det to internkampar som står for tur før det blir bortekampar mot Stryn og Florø i desember.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline