Kan dei halde fram utan tap?

Postet av Herrar 3.div den 13. Nov 2015

Laurdag kjem BI på vitjing til Trivselshallen for å freiste og slå GHK-herrane.

Så langt i sesongen er det ingen som har klart å slå GHK. Nærast var Kjøkkelvik førre helg som klarte uavgjort 25-25. BI ligg midt på tabellen så langt og har tapt like mange kampar som dei har vunne til no.

Det å møte eit lag som har til gode å tape denne sesongen kan ha to effektar; det kan anten skremme motstandaren, eller det kan tenne dei. Det er framleis tidleg i sesongen, så tabellen slik den er i dag kan fort endre seg. Ingen er uovervinnelege, men vi har trua på at det ikkje vert BI som påfører GHK det fyrste tapet for sesongen.

For å bidra til at det vert fest i hallen på laurdag håpar vi DU kjem for å heie karane fram. Trivselshallen kl. 15.45.

Heia GHK!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc