Uavgjort for herrelaget....til slutt

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2013

Eit heiltent herrelag gjekk ut i "hundre" i dagens kamp mot Sotra sitt andrelag i herrane sin 3.divisjon.  Første omgong må vere årsbeste av gutane våre, og dei leia då heilt fortjent 17-11 til pause.  Men, til slutt stod det uavgjort 25-25 på måltavla.

I første omgong var det flott å sjå på denne kampen.  Ein suveren Daniel Reed tok det meste bakover, og vart også kåra til heimelaget sin beste spelar. I angrep var gutane bestemte og gode, og drog ifrå Sotra etter flotte mål av Ørjan, Runar og Bjørn Magnus. Til pause hadde dei ei seksmålsleiing, og trua på siger var stor.  Denne leiinga held seg utover i andre omgong ein periode, før Sotra starta med ei opphenting.  Anført av toppskårar Granderudbakken (12 mål), seig dei innpå GHK mot slutten. Fleire gonger var det uavgjort, så GHK eit mål føre.  Heilt på slutten var det mykje rot, og ein skal eigentleg vere glade for at ein ikkje tapte denne kampen i siste speleminutt.
Laget: Daniel Reed, Paul Kvandal, Åsmund Sælen(1), Vegard Sælen(3), Ørjan Sundal(7), Lauritz Bjørnereim, Peter Wilke, Preben Indrebø(3), Sander Nesdal, Osmund Vereide(3), Bjørn Nystad(3), Runar Åmot(5), Håvard Kjønås, Hans Sande.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline