Lokaloppgjer i damenes 3.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Des 2013

Det er duka for eit skikkeleg lokaloppgjer i Trivselshagen på laurdag når damelaget til Dale kjem på besøk for å møte GHK i damene sin 3.divisjon. Herrelaget får besøk av Sotra sitt andrelag, medan jentelaget tar i mot naboen frå Eid.  Også begge desse kampane går laurdag.

Først ute på laurdag er jentelaget sin kamp mot Eid.  Eid er eit av topplaga, medan jentene våre ligg midt på tabellen.  Vert ein vanskeleg kamp for heimelaget, men trenar Astrid Brinkman har "ei god hand" over desse jentene, og før eller seinare vil vi sjå at dei har tatt store steg utviklingsmessig. Kanskje i morgon?

Damelaget i 3.divisjon skal altså ut i eit skikkeleg lokaloppgjer mot Dale.  Desse to laga ligg midt på tabellen med sju poeng, men Dale har to kampar mindre spelt.  Forrige helg vart ein nedtur for GHK damene med to tap i Bergen, så dei er nok innstilt på å syne heimepublikummet at dei vil vere med å kjempe på øvre halvdel på tabellen. Vert nok ein tett og jevn kamp, der laget som vil mest vinn.

Til slutt på laurdag møter herrane Sotra sitt andrelag til kamp. GHK har 8 poeng sålangt og ligg på fjerde plass, medan Sotra ligg på sjuande plass med 4 poeng. Men Sotra har kun spela 4 kampar, mot GHK sine 8, så dette vert ei vanskeleg nøtt for ungdomslaget vårt.  No fekk gutane ein skikkeleg opptur med sigeren over Stryn i G20 serien på onsdag, men tapte sist i 3.div mot nabo Eid.  Med eit så ungt seniorlag som vi har i år, vil prestasjonane svinge frå kamp til kamp, og det er difor vanskeleg å spå utfallet på førehand. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.