Endeleg, jenter!!!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2013

I ettermiddagens kamp i Trivsalshagen var det, etter ein høgdramatisk kamp, til slutt heimelaget som kunne juble for årets første poeng i 4.divisjon for damer. Til slutt stod det 22-21 på tavla, etter at GHK låg under 11-12 til pause.

Glade jenter og trenarteam etter siger og 2 poeng.

Det var ein svært jevnspela og spanande kamp vi var vitne til.  Det var tydeleg at jentene våre no ville vinne, etter å ha tapt stort for dette Florølaget sist. Laga skifta om å ligge eit mål føre gjennom store delar av kampen. Bakerst stod keeperane på begge laga godt, og Solgunn Alme redda mange skot.  Også Eli Kristin Arnestad, som kom innpå ut i andre omgong, hadde fleire matchredningar på slutten. Forsvarsmessig starta ein litt trått, der Florø fikk fleire lette mål frå strek og ved gjennombrudd.  Utover i kampen fikk ein rette opp dette, og Florø sleit meir og meir med å finne ut av heimelaget sitt god forsvarspel. Kjekt å sjå ungjentene Susann Solheim Gjærløv og Solgunn Reed Lote som stadig vert betre og betre, og som både bakover og framover tar ansvar. Sjølv om det var trioen frå K3, Torill, Lena og Guro som stod for tyngda av skåringar framover, bidrog heile laget til at ein drog sigeren i land. På slutten var dette handballdramatikk på sitt beste, og nettredaktøren hadde nok svært høg puls:) Men når jentene klarer "biffen", kan eg leve godt med det.

Torill Henden Gaasø bryt gjennom og set inn eit av sine sju mål.

Desse var med på vinnarteamet: Solgunn Alme, Eli Kristin Arnestad, Marte Sunde Hjelle(1), Anne Kristin Haraldsvik, Benedikte Lotsberg, Ingeborg H. Volle(1), Line Vereide, Solgunn Reed Lote(1), Susann Solheim Gjærløv(2), Marie Zachariassen, Torill H Gaasø(7), Lena Fossen(6), Guro Tennefoss(4).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.