Hadde Førde i kne, men tapte til slutt

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2013

GHK sitt jentelag møtte i kveld ubesigra Førde på heimebane i Storhallen.  Etter ein svært god første omgong, der jentene våre leia 9-8, måtte dei til slutt sjå seg slegne 13-19.

Tøffe tak i dagens kamp!  Her er det Solgunn Reed Lote og Lena Fossen som vert pakka inn i Førde sitt forsvar.

Etter ein lengre kamppause, var jentene til Astrid Brinkmann i dag tilbake på golvet i den nye storhallen.  Motstandar Førde er ubesigra så langt, og vart til slutt for sterke også i kveldens kamp.  Men ikkje utan at dei måtte kjempe hardt for poenga.  GHK var gode i første omgong.  Anført av Lena Fossen tok dei Førde litt "på senga" med godt forsvarsspel og lure avslutningar, slik at dei ved pause leia 9-8. 

"Peptalk" frå Astrid i pausen.

I andre omgong la Førde frimerke ut på Lena, og dette vart litt vanskeleg for jentene våre å finne ut av.  Dei prøvde fleire ulike mottrekk, men opplevde istaden at Førde sakte men sikkert seig frå i målprotokollen.  Men jentene skal ha for at dei stod på kampen ut, og fleire spelarar stod fram med godt spel og flotte mål.  For nettredaktøren sin del, var det ei positiv oppleving og sjå den flotte utviklinga desse jentene har hatt utover i sesongen.  Om denne utviklinga held fram, har GHK ei flott rekrutering til seniorlaga på gong.  Her er svært mange flotte spelartyper på dette laget, som med litt meir "forming" garantert vil glede handballpublikummet i storhallen i framtida. 

Litt av GHK si framtid tar ein velfortjent pause.

Desse var med i dag: Siri Henden(1), Solgunn reed Lote(2), Jennie Falk, Eli Arnestad, Lena Fossen(6), Susan Solheim Gjærløv(1), Ariane Arnestad, Dina Rygg Eide, Julie Varpe, Silje Hole Hervik(2), Sofie Hole, Malene Berle Naustdal.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline