4 poeng i Askvoll for G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Nov 2013

Gutane var til Askvoll i helga og spelte to kampar mot Askvoll Holmedal. Som venta var det ei grei sak å ta med seg poenga heim.

Tre sentrale spelarar i dagens kampar; Hans Kristian, Preben og Bjørnar

Stengde vegar og ruskeveir gjorde at vi i siste liten måtte framskunde avreisetidspunktet til Askvoll. Vi måtte til Dale for å ta ferga over til Eikenes og køyre til Askvoll derifå. Men i desse Facebooktider er det enkelt å effektivt å gje beskjedar til mange på kort tid, så det gjekk greit.

Vi spelte to kampar mot Askvoll/Holmedal sitt lag då vi i år spelar trippel serie. Askvoll har eit veldig ungt og ujamt lag og det er ei tolmodighetsprøve å stå i forsvar. Askvoll brukte veldig lang tid i angrep utan at det skjedde allverden, og når vi avslutta tidleg framme vart det stort sett å stå i forsvar idag.

Når hallen i tillegg er "klisterfri" hall der vi ikkje får nytte klister vert det håplaust å spele god handball. Å skyte med og uten klister er to ulike idrettar, men det var ingen sure miner av den grunn, og gutane gjorde det beste ut av det.

Vi fekk trent på mange ulike kombinasjonar og spelte oss til mange gode avslutningsjangsar.  Første kampen vann vi 20-11, og kamp nummer to vart vunnen 23-10. Best på Gloppen sitt lag i dag var Preben Indrebø, Bjørnar Eikenes og Hans Kristian Arnestad. Trioen sytte for mange mål framover idag.

I tillegg må vi nemne Eirik Hovstad som hadde fleire flotte susarar i første kampen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.