Ny kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Okt 2013

Laurdag er det klart for to spanande seniorkampar i Firdahallen.  Først ut er damelaget som møter Stord 2 til 3.divisjonskamp kl. 15.00.  Deretter møter herrane Gneist til kamp kl. 16.45, også dette i 3.divisjon.  Søndag reiser G16 til Årdal for å møte Årdalstangen/Jotun til kamp der.

Damelaget og Elise Heien Hansen møter Stord 2 på laurdag (Arkivbilete)

Først ut er altså damelaget, som møter Stord 2. Stord 2 kjem frå 5 strake tap, og har fått ein heller laber start på årets seriespel.  GHK på si side kjem frå uavgjortkampen mot Stryn, og bør vere lystne på å syne motstandar og publikum at dei kan spele god handball i 60 minutt.

Så skal gutane opp mot Gneist.  Eit Gneistlag dei slo i bortekampen i Bergen.  Etter onsdagens siger over Stryn, bør iallefall motivasjonen vere på topp.  Gneist ligg heilt sist utan poeng, medan GHK har raska til seg 6 poeng så langt.  Dette ligg an til heimesiger, men handball er uforutsigbart.

Torbjørn Sælen & co på G16 skal på langtur til Årdal på søndag.  Her møter dei eit heimelag so ikkje har spela kamp til no.  Såleis er dette ein vanskeleg kamp å tippe resultat i, men gutane har synt framgong frå veke til veke og vil truleg kjempe jevnt med Årdalstangen/Jotun her.  GHK har ein siger og eit tap til no.

Vi ynskjer alle laga lukke til med kampane.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline