G16-tap mot Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2013

Det vart tap 33-25 mot Stryn sitt 16-årslag i kveld. Etter å ha lege under 17-10 til pause fekk gutane litt meir dreis på det i andre omgang som dei tapte 15-14. Vi visste på førehand at det ville bli ein vanskeleg kamp mot fotrappe og velspelande Strynegutar. Her har Strynetrenaren Odd Henrik Berge verkeleg fått opp ein fin gjeng.

Etter ein forsiktig start på kampen frå vår side gjekk Stryningane tidleg opp i ei god leiing som dei heldt utover første omgangen.  I andre omgang kom vi betre med og Preben Indrebø og Jon Andreas Kornberg skora jamnt og trutt. Sindren styrte bra i midten og vi heldt omtrent følge med Stryn i andre omgang.

Gutane skal ha ros for at dei aldri gav opp og hadde god motivasjon heile kampen gjennom Med litt meir kamptrening utover hausten trur eg det kan bli bra.

Stå på gutar.

Desse var med: Ole Kristoffer Sørland, Jon Andreas 7, Sindre 3, Håvard Magnus, Bjørnar 1, Marius 3, Arne 1, Eirik 1, Runar, Hans Kristian 1, Preben 9.

God dommar: Geir Dale, Eid

Gode sjåførar: Bjørn Kåre, Jan Ove og Torbjørn



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline