Tap, også i siste kampen i SPAR kvallik

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2013

Også i dagens kamp mot Hortenlaget Falk, måtte våre gutar sjå seg slegne.  Mot puljevinnaren tapte ein til slutt 19-32, etter å ha lege under 12-19 til pause. Dermed er Haslum og Falk vidare frå denne pulja til landsserien.  FyllingenBergen og GHK er ute.

Glade gutar, trass tre tap i helga.

Som reultatet i helgas kampar fortel, har GHK eit stykke att før vi har den breidda og kvalitet i spelarstallen som skal til på dette nivået.  I lange periodar er vi fullt på høgde med motstandaren, medan vi i andre periodar gjer vekk ballen i kvart angrep.  I lørdagens første kamp mot Haslum, kjem vi frykteleg skeivt ut i første omgong.  Kun 2 skåra mål seier det meste.  Bakover står vi bra gjennom heile kampen.  I andre omgong tar vi meir tak, og spelar denne uavgjort.  Særleg Mikael Alander, Åsmund Sælen og keeper Joakim Hauge er gode i denne omgongen.  Mikael vart òg kåra til vår bestemann av ein lokal jury.

Også i gårsdagens andre kamp mot FyllingenBergen, er det første omgong som er dårleg.  Greit bakover, men dårleg framover. Vegard Sælen og Ørjan Sundal er piggare i denne kampen og hamrar inn høvesvis 4 og 5 mål.  Også Runar H Åmot får boltre seg på kanten og set inn 3 mål.  Ørjan Sundal vart i denne kampen kåra til vårt lags bestemann.

I dagens kamp mot det beste laget gjennom helga, Falk, var det jevnare i kampbiletet.  Sjølv om GHK skåra første målet, var det Falk som var det sterkaste laget og drog jevnt og trutt ifrå.  Den store skildnaden på laga var feilprosenten.  Men GHK fekk likevel betre tak på angrepsspelet i denne kampen.  Gong på gong fekk strekspelar Ørjan glimrande innspel frå lagkameratane, som igjen vart omsette i skåring.  Heile 10 mål skåra Ørjan i denne kampen.  Underleg nok, var det forsvarspelet som var langt under pari.  Men sjølv om ryk ut av SPAR kvalliken, syner kampane i helga at det bur mykje god handball i GHK gutane.  Når dei tar tak og bestemmer seg, er dei, som sagt, fullt på høgde med dei beste.  Men, som også sagt, feilprosenten må ned for at vi skal ta eit steg vidare. Dette er vi trygge på at gutane vil jobbe med framover, og då vert vi vanskeleg å slå.

Dei som var med i helga: (Mål tilsaman i alle tre kampane i parantes): Daniel Reed, Joakim Hauge, Magnus Morritsgård(2), Vegard Sælen(7), Odd Martin Hauge, Runar Åmot(8), Ørjan Sundal(16), Mikael Alander(4), Andreas Kissner(1), Hans Sande(6), Preben Indrebø, Håvard Kjønås, Sander Nesdal(2), Åsmund Sælen(4), Osmund Vereide(2), Erlend Ulvestad, Lauritz Bjørnereim(5)


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline