Sesongstart!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2013

Etter ein lang sommarferie og mykje godt treningsarbeid, er det no endeleg klart for å kaste i gong årets sesong.  Både dame og herrelaget i 3.divisjon skal til Bergen for dobbelkampar der, medan gute og jentelaget opnar på heimebane.

Fjorårets J15 lag (bilde) er, saman med årets 15 åringar, klare for J16 kamp mot Sogndal på søndag

Herrelaget skal møte studentlaget BSI i Fantoft Idrettshall på laurdag, medan Gneist står på motsatt banehalvdel i Fyllingsdalen Idrettshall på søndag.  Årets GHK lag er vel det yngste på lenge. Med unntak av 3 spelarar, er resten identisk med G18 laget.  Men dei har trena godt i haust, og dei har synt i treningskampane at dei har eit høgt maxnivå.  Diverre er den gode høgrebacken Magnus Årskog ute med langtidsskade.  Dette svekker nok laget noko, men vi håper likevel på ei god åpning av sesongen.

Damelaget har òg eit ungt lag denne sesongen.  Med ny trenar i Geert Brinkman, ny keeper i Rita Monteiro, samt ei treningsviljug gruppe av unge gode talent, vert det utruleg spanande og sjå kor langt dette rekk.  Ingunn Reikvam Hansen er tilbake i GHK trøya, og saman med Eli-Anne Birkelund utgjer dei rutinen i laget.  På lørdag skal dei møte Askøy i Askøy Forum, medan dei søndag møter NHHI i Lehmkuhlhallen.

G16 laget til Torbjørn Sælen skal møte Askvoll/Holmedal i Firdahallen på søndag.  Her er det mykje nytt sidan i fjor.  Ein ny årgang har tatt steget opp eit nivå, og saman med dei litt meir rutinerte frå i fjor, vert det spanande og sjå kva Torbjørn har fått til med dette laget.  Truleg er det første året på lenge at GHK ikkje er favoritter i denne serien, men dette kan slå positivt ut når gutane først kjem i gong.

Også J16 opnar denne helga med dobbelkamp i Firdahallen på søndag.  Dei skal møte både Sogndal og Sogndal 2.  J16 er i år samansatt av like deler 15 og 16 åringar.  Nye lovande spelarar har kome til, og stammen frå fjorårets 15års lag er inntakt.  På dette laget finn ein mange lovande handballspelarar, som heilt sikkert vil bidra til GHK handballen på damesida i framtida. Utfordringa her har vore at mange av spelarane er aktive innan fotballen, så treningsgrunnlaget reint handballmessig kanskje ikkje er det beste.  Men dette vil nok gå seg til utover i sesongen, og vi forventar mykje fin handball frå denne gjengen.

Lukke til med kampane.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline