GHK med flott innsats i Telehuset cup i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Sep 2013

Sist helg var vårt K3 lag i Førde for å delta i Telehuset cup, som ei oppkøyring til årets sesong.  Kampane gjekk over 1x25 min, og våre damer var ikkje snauare enn at dei kom heim med flott pokal og 2. plass i turneringa.  Frå "teammanageren" har vi fått følgande rapport:

Glade jenter i Førde

Glade jenter i Førde

K3 var forrige helg på Telehuset Cup i Førde. Påmeldt i klasse Senior2 hamna vi i pulje med Høyang (5. div) og Ålesund (3. div).
Som venta var det ikkje mykje motstand mot Høyang sitt nystarta damelag. Og det skal det heller ikkje vere med 2 divisjonar i forskjell. Vi kontra mykje og følte difor at vi stod mykje i forsvar i kampen. Nokre bomskudd vart det, men resultattavla synte til slutt 15 mål til oss. Etter nokre glippar i vårt forsvar endte Høyang på 3 mål. Ein god kamp med mange gode taklingar. Det skal også seiast at Eli-Anne ikkje var med denne helga. Med ho på plass hadde vi nok sett endå fleire gode taklingar.

Klare til kamp

Mot Ålesund vart det vesentlig meir motstand. Amanda var sterk framover på bana, og scora mange mål. Rita hadde også ein veldig god kamp og redda fleire 100% sjangsar. Ok forsvar, men nokre tekniske feil framover. Likevel førte vi heile kampen og den enda med 10-8 siger.

Søndag var vi klar for kvartfinale mot Osterøy (8. div), som vi vann 12-3, og deretter semifinale mot Førde (j16). Denne vann vi også, 16-7.

Konsentrerte jenter føl med når trenaren legg kampplan

 I finalen møtte vi igjen Ålesund (3. div). Underteikna var ikkje tilstades søndag, men i følge trenar Geert så var han godt nøgd også denne kampen, men dessverre var det ingen som torde skyte når vi hadde ballen i siste minuttet. Det blei tap 12-11.

Kjekt å sjå Ingunn Reikvam Hansen tilbake i GHK-trøya, og at nye spelarar som Malin Eikenes, Amalie Mundal og Eirhild Lovise Bruvoll Alme har tatt steget opp i 3. divisjon. Trur vi kjem til å få sjå mange kontringar frå Malin utover i sesongen, så det er berre å glede seg til kamp i Firdahallen.   


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline