K3 damene med storsiger over Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Aug 2013

I kveldens treningskamp i Firdahallen, varta "nye" GHK opp med feiande flott spel i lange periodar. Jentene gav seg ikkje før dei hadde netta heile 34 gonger, mot divisjonskollega Stryn sine 19.  Heile laget må få godkjent for innsats, og til tider spel som lovar godt fram mot sesongen. Likevel må vi trekke fram ei (endeleg) skadefri Amanda Veiteberg, som banka 12 ballar i nota.

Blide og glade jenter og trenar etter kampen.

Treningane i det siste har gjeve bod om ein treningsviljug og fartsfylt gjeng, og før tavla synte 6 min leia GHK med 5-0.  Stryn kom etterkvart betre med i kampen før pause, men var aldri nermare enn 3 mål bak. Fram mot pause synte mange seg fram, og etter flotte kombinasjonar og mål frå før nemnde Amanda, samt Elise og Irene, kunne GHK gå i garderoben med 15-8 leiing. Her må vi òg nemne vår nye keeper Rita, som hadde mange flotte redningar, og som stod ein meir enn godkjent debykamp.

Tre sentrale spelarar i kveldens kamp, Rita, Amanda og Irene.

Utover i andre omgong fekk jentene våre meir og meir rom å springe i, og auka leiinga jevnt og trutt.  Hurtige kontringar vart avløyst av godt etablert angrepsspel, som stort sett endte med skåring.  Om ein skal trekke fram noko som ikkje var like bra, må det vere at ein sleit med å få tak på strekspelaren til Stryn.  I tillegg til fleire spelemål, skaffa ho Stryn 6 straffer, som alle vart omsett i skåring av Stryn sin store spelar, Vanessa Sunde Hoel.  Totalt skåra ho 10 mål for Stryn.

Jenter med nettsus,,Amanda(12) og Elise(8).

Kjekt var det òg å sjå Ingunn Reikvam Hansen attende i GHK drakta.  Ho syner stor speleforståing og har ein god skotarm (5 mål).  God dommar (som alltid) var Einar Eimhjellen.

Desse var med: Rita Monteiro, Irene Slagstad(4), Malene Støylen, Amanda Veiteberg(12), Amalie Mundal, Torill Henden Gaasø(1), Lene(Førdespelar som trenar med oss)(2), Guro(Også Førdespelar som trenar med oss), Elise Heien Hansen(8), Ragnhild Ryssdal, Ingunn Reikvam Hansen(5), Ingvild Slagstad, Eli-Anne Birkelund(2).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.