GHK damene i treningskamp mot G17 laget

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Jun 2013

I kveldens treningskamp i Firdahallen var det GHK sine 17 års gutar (inkludert 16 åringane Jon Andreas Kornberg og Preben Indrebø) som synte størst fart og mest musklar.  Men sjølv om damene tapte klart, var her mange positive ting og ta med seg vidare for Geert Brinkman sine elevar.

Amalie Eikeset Mundal synte fine takter frå strek.

Kampen kom istand fordi vår nye dametrenar ynskte å sjå sine  elevar i kamp.  Torbjørn Sælen mønstra eit godt gutelag, og det var aldri i tvil kven som var det beste laget.  Men nyttig trening var det for begge lag.  Damelaget mangla nokre sentrale spelarar i kveld, men dei som var med fekk synt seg fram på ein flott måte.  Amanda Veiteberg er tilbake frå langvarig skade, og sette 5 mål. Både Eli-Anne, Marte og Ragnhild hadde 4 kvar.  Kjekt var det òg å sjå Elise Øygard i fint spelehumør med 3 mål, og den dagen skruballen sit, vert det mange mål frå den kanten.  Øvrige damer som var med i kveld var Ingvild, Amalie(2), Torill(1) Ingunn, Karoline(2) og Benedikte.  For gutane sin del brukte Sander venstreslegga godt og banka heile 12 mål bak keeper.  Erlend(8), Lauritz(7), Hans(7), Magnus(6),Jon Andreas(1),Peter(1),Preben, Daniel og Joakim var dei andre som var med her.  Sluttresultat 25-44 til gutane, etter 10-21 til pause.

Ikkje lett for Marte & co mot Mikael, Preben og Lauritz.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.