Framleis spel i 3.div. Tap for damelaget mot Os

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2013

GHK sitt damelag i 3.div kunne med siger i dagens kamp mot Os 2, ta eit langt steg mot opprykk til 2.div. Slik gjekk det ikkje, og Os kunne juble over ein klar siger 29-22, etter å ha leia 11-9 til pause.

Og for å ha sagt det med ein gong, 3.div er nok det nivået damene er på pr i dag.  Etter ein jevn start på kampen, var Os heile tida føre våre damer i målprotokollen.  For mange personlege feil og svake avslutningar førte til fleire og fleire kontringar til Os, som dei utnytta til fulle.  Sjølv om GHK var kun to mål bak til pause, vart det meir og meir klart utover i andre omgong at Os 2 var det beste laget.  Heidi Sægrov vart kåra til heimelaget sin beste spelar, og var saman med Elise H Hansen mestskårande med 7 mål.  Damelaget har no kun ein kamp att av årets sesong, heimekamp mot botnlaget Bjørnar 2.

Desse var med i dag: Heidi Sægrov(7), Elise H Hansen(7), Torill Henden Gaasø(2), Irene Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(3), Ingrid Gimmestad, Elisabeth Hansen, Ingunn Berg, Sintija Teicane(2), Benedikte Gåsemyr.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.