Fire GHK i aksjon på heimebane til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2013

Laurdag og søndag er det klart for fleire spanande heimekampar i Firdahallen. Laurdag er det 3.div som gjeld, når damene og herrane begge skal møte Os.  På søndag skal først jente15 laget spele mot Haugen, deretter skal damelaget i 5.div møte Vik.

K3 damene, som før sesongen trudde på ein kamp for å unngå nedrykk, har imponert i årets sesong.  Om alle brikker fell på plass, kan ein faktisk klare opprykk til 2.div. Sjølv om dei i fleire kampar har gått på knepne tap, er tabellsituasjonen likevel veldig jevn i årets serie.  No har dei to kampar att av sesongen, og den første av dei er altså mot Os sitt andrelag på laurdag.  I den omvende kampen på Os vart det eit knepe tomålstap for jentene til Kjell. No er det kanskje tid for revansje, men i denne kampen må GHK klare seg utan målmaskina Marte H Hansen.  Korleis det vil slå ut for laget gjennstår å sjå.

Herrelaget ligg no i ei pulje på fire lag midt på tabellen i 3.div.  Men her er det svært jevn, så ein siger på lørdag vil føre dei opp på tredjeplass.  Etter ei sterk opning av sesongen for Os sin del der dei blant anna "knuste" GHK med 10 mål på heimebane, har det gått litt tråare utover i sesongen.  Vi vil tru at gutane til Bjørn Roth tenkjer revansje når dei går på bana laurdag.

Jente15 laget til Jostein har, til tross for stadig stigande formkurve og stadig betre spel, hatt ein mager poengfangst så langt i sesongen.  Men fleire kampar gjennstår, den første mot Haugen på søndag.  Haugen er eit lag GHK kan slå med full tenning frå start, men då må angrepsspelet fungere optimalt.

Til slutt på søndag skal gladjentene på K5 laget møte Vik.  GHK slo til med ein sterk siger over Eid på tysdag, og er inne i ei fin flysone for tida.  Vik er eit godt lag, men jentene til Ragnhild klarte uavgjort i Vik i forrige møte mellom desse laga, og vil nok gje alt for ein ny siger på søndag.  K5 damene har også ei målmaskin på laget i Malin Eikenes, og truleg vil ho på nytt gjere livet surt for motstandaren sin keeper....i dette høve Vik sin.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.