GHK banka naboen frå Eid i 5.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Feb 2013

GHK sitt damelag i 5.div slo i kveld Eid heile 35-26 i ein fartsfylt, om ikkje alltid like velspela, kamp i Firdahallen.  Stillinga ved halvtid var 19-13 til heimelaget.  Kampen var prega av høgt tempo frå heimelaget si side, og sjølv om ikkje alt gikk på "skinner" var heimelaget i føringa heile kampen.

Hoppande glade jenter etter nok ein siger i 5.div.

Kampen var òg prega av ein litt ufin spelestil frå bortelaget, som igjen førte til mange straffer for heimelaget og to min utvisning for bortelaget.  Mot slutten "kokte" det litt over frå Eidabenken si side, og trenaren må nok pårekne ein rapport om sin oppførsel.  Nok om det.   Våre jenter fekk ein pangstart på kampen og var oppe i 5-0 leiing etter 7 min, bl.a. etter 3 straffemål av Malin Eikenes.  Etter halvspela første omgong synte måltavla 10-5, og etter 20 min 14-7.  I denne perioden synte Maria Svedal fram skotarmen sin med fleire flotte mål frå distanse.  Også Sofie Djupegot hadde fleire flotte mål i første omgong, derav 2 på straffe.  Stillinga ved pause var 19-13.  GHK fortsette sitt gode spel også etter pausen.  Bakerst sto Benedikte Vederhus som ein levande vegg i perioder, og underteikna har kanskje ikkje sett ein betre kamp frå ho.

Ein av kampens store profilar, Benedikte Vederhus

Utover i kampen melde alle jentene seg skikkeleg på.  Ayla Seime synte fram flott vingspel, og hadde fleire flotte mål frå kanten.  Det same hadde Benedikte Lotsberg.  Alt i alt ein flott gjennomført kamp av alle jentene, og det er tydeleg at trenar Ragnhild B Vederhus har drilla elevane sine i å halde tempoet oppe.  At det i periodar fører til litt unødige balltap, må ein sjå som eit ledd i utviklinga til desse jentene.  Ein flott gjeng, er det :)  Sigeren i dag førte jentene opp på 3. plass på tabellen.

Slik jublar K5 damene etter siger over naboen frå Eid.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Åsebø(1), Malin Eikenes(10), Sofie Djupegot(7), Amalie Mundal(2), Turid V Aspheim, Maria Svedal(5), Benedikte Lotsberg(2), Ingeborg Volle(1), Marie Zachariassen(1), Elise Tystad, Eirhild Alme(1), Ayla Seime(5).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.