Bergenshelg for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Jan 2013

Komande helg reiser store delar av GHK familien til Bergen. Gutar 18 skal endeleg i elden att, og møter Sotra i Bildøyhallen på laurdag.  Herrelaget i 3.div møter tabelleiar Viking 2 i Haukelandshallen på søndag.  Damelaget i 3.div skal ha dobbelkamp og møter først Os 2 i Os Idrettshall på laurdag, før dei skal møte Årstad 2 i Haukelandshallen på søndag.

Desse glade gutane på GHK sitt G18 lag, skal møte Sotra på laurdag. (Bilde etter sigeren over Stord Elite på bortebane)

GHK sitt gode 18 årslag, skal altso møte Sotra på bortebane.  GHK leiar serien etter 3 strake sigrar over "tøff" motstand.  No møter dei botnlaget i ein kamp som gutane våre bør vinne.  No er det omlag 3 månader sidan siste kamp for GHK, så det knyter seg ei viss spaning til om dei gode taktene frå i haust framleis sit i dette laget.  Dei fleste av dei har spela kampar for herrelaget eller G16 i mellomtida, så vi er vel ikkje svært bekymra for kampforma.  Men vi har fleire dømer i den seinare tid at alle kampar lever sitt eige liv, så siger på forskot kan ein aldri rekne med.

Damelaget i 3.div skal møte lag som ligg rundt dei på tabellen, og møter såleis overkomeleg motstand.  Os 2 synte "musklar" forrige helg då dei slo tabelltopp Voss på heimebane, og er dette ein peikepinn på deira form no vil damene våre truleg måtte ta fram det beste for å ta poeng. Vår nye tilvekst på spelarsida, Sintija Teicane frå Latvia, vil truleg debutere her.  På søndag ventar truleg ei lettare oppgåve, då Årstad 2 er motstandar.  Årstad kjem frå eit stortap borte mot Askøy, og her må damene til trenar Kjell verkelg trå til for å sikre to verdifulle poeng.  Noko vi tru dei gjer :)

Herrelaget skal ut i ein ekte toppkamp på søndag.  4 lag kjempar pr i dag om opprykk i denne divisjonen.  Viking 2 leiar, tett følgd av Kjøkkelvik, GHK og Os.  GHK møter no topplaget Viking 2 i Haukelandshallen.  Det er ikkje meir enn ein månad sidan det omvende oppgjeret i Firdahallen, der GHK storspelte og vann 30-20.  Om GHK karane klarer å hente fram same spel i forsvar og angrep som i den kampen, kan ein håpe om to nye poeng og tabelltopp.  Viking 2 avga 1 poeng i siste kamp no i veka, etter uavgjort mot Os.  Dette vert nok ei "gysare" er eg redd for :)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.