Viktig kamphelg i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2013

Både dame og herrelaget i 3.div skal til Bergen denne helga, og møter forventa hard motstand både laurdag og søndag.  På heimebane er det J15 laget som skal møte Skavøypoll i Firdahallen på søndag.

Damelaget med Torill, Irene, Ingrid og Ingvild i spissen, skal møte Asløy og Gneist på bortebane i helga. (bilde frå heimekampen mot Voss)

Herrelaget kjem frå ein imponerande forestilling på heimebane sist, der tabelltopp Viking 2 vart sendt heim att til Bergen med timålstap.  På laurdag skal dei møte Norønna i Haukelandshallen. Norønna kjem frå ein sterk siger mot Os sist, og vert venteleg ei tøff oppgåve for GHK.  Men med same innsats og forsvarsspel som sist helg, kan dette gå vegen for Bjørn`s menn.   På søndag skal ein så prøve å hevne eit forsmedeleg heimetap mot studentlaget BSI i Fantoft Idrettshall. I Firdahallen i oktober overraska BSI med ein sterk tremålssiger over heimelaget.  No trur vi gutane våre vil gjere det dei kan for å slå Martin Sivertsen & co.  Men lett vert det ikkje.

Damelaget til Kjell fekk seg ein etterlengta opptur sist helg då dei slo Fyllingen2 på heimebane.  No skal dei møte to lag som ligg føre dei på tabellen på bortebane.  På laurdag møter dei Gneist i Sandslihallen.  På heimebane vann GHK med to mål mot nettopp Gneist, men her får dei venteleg tøff motstand.  Men klarer dei å snøre att i forsvar, kan mykje vere gjort.  Søndagens kamp mot Askøy i Askøy Forum, vert truleg ein liknande kamp.  På heimebane i september overraska GHK med ein sterk siger 21-19.  Her trur vi kanskje motstanden vert vel hard, men alle kampar skal spelast før poenga vert delt ut.  Klarer GHK damene2 eller 3 poeng i helga, skal ein vere godt nøgde. 

Jenter 15 laget til Jostein skal møte Skavøypoll til heimekamp i Firdahallen på søndag.  Sjølv om laget ligg langt nede på tabellen, har dette fleire årsaker.  Blant anna har ein "mista" to kampar der ein ikkje har kunne stille lag.  Poeng her kunne ført dei lenger opp på tabellen.  Det som er heilt klart er at det bur mykje handball i mange av desse jentene, og når dei får litt meir tid på seg vil vi nok sjå ei flott sportsleg utvikling av dette laget.  Mot Skavøypoll trur vi dei har ein svært god moglegheit til å vinne. Bakover er dei i ferd med å samkøyre forsvarsarbeidet, og klarer dei å "gå" litt meir på mål i angrep skal dei verte vanskelege å slå.  Vi trur på 2 poeng i søndagens kamp.

Lukke til med kampane :)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.