Damelaget med viktig siger!

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Jan 2013

Damelaget i 3.divisjon vann i ettermiddatg 32-31 over tabellnabo Fyllingen 2 i Firdahallen.  Stillinga til pause var 14-15. I dag imponerte jentene med ein kollektiv laginnsats, og synte stor vilje til at denne kampen skulle vinnast. Likevel må vi trekke fram kampens to store profilar, Marte Heien Hansen og Heidi Sægrov, som med sin skuddstyrke var ei avgjerande årsak til heimesiger.

Dagens spelar Marte H Hansen og Heidi Sægrov spela ei avgjerande rolle då GHK vann i Firdahallen i ettermiddag.

Etter tapet for Dale i siste kampen før jul, var det eit revansjesugent heimelag som tok imot Fyllingen 2 til viktig kamp i Firdahallen i ettermiddag.  Med siger ville heimelaget kome opp i ryggen på laga framføre på tabellen.  GHK kom godt igong og leia 3-0 før Fyllingen reduserte.  Etter dette vart resten av kampen ei jamn batalje, der laga bytes på å ha leiinga.  Vi noterte fleire flotte mål av unge Ragnhild Ryssdal, samt prikkskyting av Marte H Hansen. Fram mot pause klarte Fyllingen å kome eit mål føre, men dette var ikkje avgjort på nokon måte.

Katrine Nyhagen Hole set inn eit av sine to mål i dagens kamp. (foto: Jan Hansen)

Pausen må Kjell ha brukt til ein skikkeleg "peptalk" med jentene. GHK gjekk rett opp i ei firemålsleiing før Fyllingen fekk sitt første mål i andre omgong.  Flotte langskot av Heidi og Marte H, samt nokre feiande flotte vingavslutningar av Ingvild Slagstad gjorde at GHK kom fleire mål føre mot slutten av kampen. Trass i at Fyllingen mot slutten gjekk ut "kvinne mot kvinne" og reduserte GHK si leiing, var sigeren i boks til stor jubel spelarar og publikum. Dette var ein viktig siger for heimelaget, og alle spelarane skal ha ros for at dei bidrog til denne sigeren. Likevel må dagens spelar Marte H Hansen med 11 mål og Heidi Sægrov med 8 mål, trekkjast fram.  Marte har nokre vinkelskot som eg trur berre ho kan gjere, medan Heidi, forutan å skåre mål, også tar tak i kampen når ein slit litt i motgong.   No er det klart for dobbelkamp i Bergen neste helg for damene våre.  Måtte ein få poeng der òg :)

Desse var med i dagens kamp: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(3), Marthe H Hansen(11), Ragnhild Ryssdal(4), Heidi Sægrov(8), Torill H Gaasø(2), Elisabeth Hansen, Irene Slagstad, Martha Sofie Eide, Katrine N Hole(2), Ingrid Gimmestad(2), Ingunn Berg.

PS! Fleire bilete kjem etterkvart.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.