Årets første kamphelg!

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Jan 2013

Jule og nyttårsferien er over, og det er klart for årets første handballkampar i Firdahallen.  På laurdag tar først damelaget i 3.div imot bydelslaget Fyllingen 2, før herrelaget skal måle krefter mot eit anna bergenslag, Viking2.  To tøffe kampar for våre lag, med moglegheitene for poeng bør vere tilstades.

 
Kan Runar Gåsemyr & co stoppe Viking si sigersrekkje? (arkivbilde frå kampen mot Stryn i desember)

I damene sin 3.divisjon er har laga svært ulikt spela kampar. Både GHK og Fyllingen ligg på nedre halvdel, men har fleire kampar mindre spela enn laga føre på tabellen. GHK kan med siger krype heilt opp i ryggen på topp tre. Siste kampen før jul enda som kjent med eit bittert tap for nabo Dale.  Fyllingen kjem frå storsiger over sin nabo, Os.  I motsatt kamp i fjor haust, vann GHK med eit mål etter ein svært spanande andre omgong.  Klarer Kjell å få jentene til å prestere på nivået frå den kampen, trur vi på siger.  Men då må ein opp fleire hakk frå Dalekampen.

Herrelaget skal møte eit formsterkt Vikinglag. Eit Viking som kjem til Firdahallen med 5 strake sigrar, og som er venta heilt i toppen av årets 3.div.  Men det har også heimelaget tatt mål av seg til å vere, så her er det duka for ein skikkeleg toppkamp med mykje forventa spenning og god handball. Kan GHK klare å få til sitt eige spel samstundes som nøkkelspelarane har dagen, kan dette gå heimelaget sin veg.  Men ein vanskeleg kamp å vinne, vert det.  Kanskje kan ein fullsett Firdahall med eit entusiastisk heimepublikum vere tunga på vektskåla.  Så folkens......, møt opp og hjelp GHK sine to lag til nye poeng.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.