Bra spel i periodar, trass tap mot Eid for J15

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Des 2012

GHK sitt J15 lag tok i dag imot nabo Eid til kamp i Firdahallen.  Periodevis syner desse jentene at det bur mykje handball i dei, og den dagen desse periodane vert lange skal dei bil vanskelege å slå.  I dagens kamp vart det tap 15-24 mot Eid, etter 7-13 til pause.

Ingen "sure miner" frå denne gjengen etter kampen, trass tap

Jentene til Jostein V Ryssdal har tatt store steg sidan første kampen i haust.  No byrjar ein verkeleg å sjå kva som bur i kvar enkelt av dei.  I periodar syner dei stor speleforståelse og spelar "ball i hatt" med motstandaren, men dett litt for langt ned i andre periodar.  Viljen til å truge motstandaren sitt forsvar vert stadig større, og bakover ser ein òg ein tydeleg framgong. 

Silje Iren Hole Hervik er ei av mange flotte talentfulle jenter på dette GHK laget.

 I dagens kamp mot Eid, var det i første rekke Eid sitt tvillingpar Cecilie og Helga Leivdal som var den store trusselen mot våre jenter.  Dei to laga over halvparten av Eid sine mål, og var vanskelege å få tak på. På heimelaget var det mange som tok ansvar framover, og heile seks teikna seg på skåringslista. Best av desse var stortalentet Susan Solheim Gjærløv med 4 mål.  Men både Solgunn, Linda og Frøydis var tett bak med 3 mål kvar.  Det skal verta spanande å fylgja denne gjengen framover, for ein sit heile tida med følelsen av at når dei først "knekker koden" vert dette strålande.

Jostein med "pep talk" i pausen

Med i dagens kamp: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Lote(3), Linda Årdal(3), Susann Solheim Gjærløv(4), Oda Eide, Silje Iren Hole Hervik(1), Frøydis Seime Øygard(3), Julie Varpe(1), Jennie Falck.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.