Stor kamphelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Des 2012

Heile 4 GHK lag skal i elden på heimebane denne helga.  Og alle 4 kampane er skikkelege lokalderby.  På laurdag skal Jenter 15 møte Eid.  På søndag går det slag i slag med Gutar 16 kamp mot Eid/Haugen, før K3 damene brakar ihop med Dale. Til slutt skal H3 herrane opp mot Stryn.  Her er det berre for publikum å møte opp og spenne setebelta.

To store talent på GHK sitt J15 lag, Eli og Susann, er klar til å møte Eid på laurdag

Første kamp ut er jentene til Jostein sin kamp mot nabo Eid på laurdag.  Sist kamp til GHK var møte med Haugen, der jentene presterte årsbeste trass tap.  Om dei fortset framgongen mot Eid, kan det fort tyde to poeng til heimelaget.  Vi kryssar fingrane for at so skjer.

Første kamp på søndag er gutane sin kamp mot Eid/Haugen.  GHK gutane topper tabellen etter mange kampar med fantastisk flott handball.  Her møter dei truleg kvalifisert motstand, og må opp mot sitt beste for å vinne.  Det trur vi desse gutane klarer om Torbjørn klarer å få rette tenninga inn mot kampstart.

Så skal damelaget i 3.div opp mot fylkesnabo Dale.  Dale ligg to poeng føre GHK, men har fire kampar meir spela.  Her håper vi damene kjenner si besøkelsestid, og sender Dale heim utan poeng.  GHK har vore uheldig med skader denne hausten, og Amanda Veiteberg er ute i lengre tid med brot i foten.  Likevel trur vi jentene til Kjell er "supertende" til å kjempe til siste slutt for to viktige poeng.

Siste kamp ut på søndag er lokaloppgjeret i 3. div for herrar mellom GHK og Stryn.  Stryningane er så langt utan poeng etter fem spela kampar, medan karane til Bjørn har 3 sigrar og 2 tap på like mange kampar.  Om GHK herrane skal vere med i toppen av divisjonen til slutt, må denne kampen vinnast.  Og det trur vi dei gjer, om tenninga er der den skal vere.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline