Bom,bom,bom og uavgjort for damelaget mot Årstad 2.

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012

Eit tydeleg "rustent og kampmanglande" heimelag måtte i ettermiddag nøye seg med uavgjort 24-24 mot Årstad 2 i damene sin 3.divisjon på heimebane i Firdahallen.  Ved pause leia GHK 13-9.

Dagens spelar Benedikte Gåsemyr, heimelaget sin toppskårar Heidi Sægrov, og dagens maskott Tuva :)

Det var knyta usikkerheit korleis over ein månad utan kamp ville slå ut for heimelaget i dagens kamp.  I tillegg måtte strategen og tempohaldar Elise H Hansen kaste inn handkledet før kampen på grunn av sjukdom.  Også Amanda Veiteberg var uaktuell pga skade.  Og det var heilt tydeleg at kamppausen ikkje var av det gode for heimelaget frå start. Dårleg tempo og mange personlege feil gjorde at Årstad 2 kunne leie i starten av kampen.  Utover i første omgong kom heielaget betre med, og spesielt Heidi Sægrov framover og Benedikte bakover, gjorde at GHK kunne gå til pause med ei 4 målsleiing.  Andre omgong vart ei framsyning i bomskot og enkle feil frå heimelaget si side.  Sakte men sikkert kom Årstad opp i ryggen på heimelaget, og kampen låg og vippa dei siste 15 minutta.  Benedikte Gåsemyr gjorde ein flott kamp i mål, og vart kåra til heimelaget sin beste spelar.  Framover var det mykje som ikkje var bra i dag, men med meir kamptrening vil nok fleire melde seg skikkeleg på her.  Kjekt å sjå unge Ragnhild Ryssdal med to flotte mål, og ho kjem nok til å markere seg på GHK framover. Heidi Sægrov får sjølvsagt godkjent med heile 9 skåringar.  Men alt i alt fekk ein med seg eit poeng i ein kamp som kunne vippa begge vegar mot slutten, så her er det berre å sjå framover til neste heimekamp som er mot Dale om 14 dagar.  Årstad sin beste spelar var Maylinn Hove, som sjølv med markering i størstedelan av kampen skåra 9 mål.

Desse var med: Marte H Hansen(4), Heidi Sægrov(9), Irene Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(2), Torill H Gaasø(2), Katrine Hole(3), Celina Nordbø, Ingun Berg, Ingrid Gimmestad(2), Linn-Kristin Øren, Martha S Eide, Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.