Møbelringen Cup

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2012

GHK si toppgruppe reiste i går til Bergen for å sjå nokre av verdens beste damelandslag i aksjon. Først såg vi Frankrike slå Danmark, før vi var vitne til ein spanande kamp der Norge til slutt slo Sverige med to mål.

Fullsett hall, Norge-Sverige, stor stemning:)

Grytidleg laurdag morgon var det avreise frå Firdahallen med 15 forventningsfulle ungdomar, som stort sett nytta turen nedover til Bergen til å forlenge nattesøvnen:)  Vel framme i Haukelandshallen, var vi dei første som inntok tribuna og kunne på den måten få dei plassane vi ville.  Fram mot kampstart Frankrike-Danmark, var det mange som nytta høve til å sikre seg dei norske landslagsdraktene.  I den første kampen var det Danmark som sat i førarsete i starten, men Frankrike var alt i alt det beste laget og vann til slutt fortent.

Dagens spelar for Norge, Heidi Løke varmer opp

Fram mot Norge sin kamp mot Sverige, seig det på mykje publikum og hallen var stappfull (3300) då kampen starta. Norge hadde stort sett kontroll på sine svenske søstre, men kampen var jevn heilt til slutt.  Stor stemning i hallen, og ei flott oppleving for GHK sine talentfulle ungdomar.  På heimvegen måtte vi sjølvsagt innom burgersjappa i Åsane, før vi rulla inn mot Sandane ved midnatt.

Godt med mat etter ein lang dag.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.