G-18 med ny siger

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Nov 2012

Daniel "The Wall" viste keeperspel vi knapt har sett maken til i Firdahallen før, då 18-åringane kunne putte ein ny skalp i beltet. I dag var det Kjøkkelvik som fekk kjenne på GHK -gutane sine musklar. Dei imponerer stort bakover og bergensgutane kom nesten ikkje til målsjangsar. (Arkivbilde)

GHK har verkeleg noko på gang med denne gjengen. Det virka som den auka treningsinnsatsen er byrja å gjere seg gjeldane, og vi står ikkje lenger med lua i handa nå vi møter gode lag frå Bergen.

Kampen i dag starta med to gode lag i forsvar og bakerst var det to svært gode målvakter. Kjøkkelvik sin gode keeper tok det meste i starten av første omgang, og i den andre enden var ikkje Daniel noko dårlegare. Etter 5 min kom det første målet på rush med Kissner. Kjøkkelvik kvitterte rett etter og utlikna til 1-1.

Neste målet til Kjøkkelvik kom når tavla viste 20.00 min. Då vart stillinga 6-2 til Gloppen. Erlend hadde laga mål frå strek, Ørjan på straffe og Vegard og Runar G. frå distanse. Bakerst hadde Daniel redda straffe, rush, langskot, og gjennombrot eller sagt på ein annan måte, stort sett alt.

Før pause hadde Osmund også meldt seg på frå høgre bakspelarposisjon og vi gjekk til pause med ei "smått" legendarisk stilling 10-4.

Andre omgangen starta litt svakt frå Gloppen si side, og Kjøkkelvik lagar 4 mål på rappen medan vi berre lagar 1. Det byrja å bre seg litt usikkerhet når Kjøkkelvik berre var 3 mål bak på stillinga 11-8. Men så tar kapteinen Morits grep og roar nervane med ei flott scoring. Runar G. og Sander Nesdal puttar to mål og vi er atter i trygg føring. Etter dette er sigeren aldri truga og dei drar sakte og sikkert ifrå, og vinn veldig fortent 25-16.

Flott innsats av heile gjengen, men dagens store namn er Daniel Hjolman Reed, men framfor seg hadde han idag ein kanon forsvar. Gledeleg med debutant Sander Nesdal som fortsett den gode trenden frå forige helg. Idag putta han to rushmål og er verkeleg byrja å få blod på tann.

Desse var med: Daniel og Olav i mål, Hans, Erlend 4, Ørjan 4, Runar G. 5, Vegard 3, Osmund 2, Alexander 1, Sander 2, Runar Å 2, Kissner 1, Ole Martin 1, Åsmund.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.