Herrane tapte mot BSI

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012

GHK sitt 3.divisjonslag for menn tapte heimekampen mot BSI 28-31, etter å ha lege under 15-20 til pause.  Sjølv om heimelaget sin Edvin Øygard sette inn 10 mål åleine, var det ikkje nok mot eit godt BSI lag.

Dagens spelar på heimelaget, Edvin Øygard, samt Jan Kristoffer Sletteland, prøver det dei kan for å stoppe BSI.  I bakgrunnen ser vi Runar Gåsemyr. (foto:Jan N Hansen)

Bortelaget kom best i gang i Firdahallen og tok leiinga tidleg.  Utover i første omgong var det tydeleg at heimelaget sleit med å demme opp for BSI sine spelarar Jørn Aadne Ram, Fabian Tandberg og Håkon Dalsbø.  Desse fekk gang på gang sette ballen bak ein ellers god Daniel Reed.  Desse 3 spelarane sette inn 25 av bortelaget sine mål.  I andre omgang kom GHK betre med, og etter 20 min var dei ajour på stillinga 21-21.  Dei mange tilskodarane i hallen venta då på at GHK skulle sette inn nådestøtet i kampen, men det var bortelaget som ville mest og som kunne juble for siger 31-28.  Best på heimelaget var utvilsomt Edvin Øygard, som sette inn 10 mål.  Men her er fleire sentrale spelarar som ikkje melde seg på i denne kampen, og når nivået er så høgt som det er i 3.div, er det vanskeleg å vinne slike kampar.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.