Stortap for K3 damene mot Voss

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2012

Det gjekk diverre ikkje vegen for damene våre i dagens heimekamp mot Voss.  Til slutt kunne jublande Vossatauser gå av bana med ein solid 30-18 siger over eit tafatt heimelag.  Stillinga ved pause var 16-9 til Voss.

Dagens GHK spelar Torill H Gaasø, prøver å stoppe ei Vossetaus.  Bak Irene, Ingrid og Ingvild. (foto:Jan N Hansen)

Det var knytta visse forhåpningar til at heimelaget skulle kunne slå gjestane frå Voss i denne kampen.  Men bortelaget tok tak i kampen frå start. Sakte men sikkert drog dei frå heimelaget og kunne gå til pause med ei komfortabel 16-9 leiing.  Der det gjekk stang inn for Voss, gjekk det stang ut for GHK.    Amanda Veiteberg var toppskårar for heimelaget med 4 mål.  Prisen for dagens GHK spelar gjekk til Torill H Gaasø, som saman med Helene Sundal i mål, var dei mest positive i eit heller "bleikt" heimelag.  Denne kampen må ein berre gløyme snarast råd er, og heller sjå fram mot neste kamp.

Desse var med: Benedikte, Helene, Ingrid(1), Ingunn(1), Heidi(3), Elise(3), Irene(1), Torill(3), Marte SE, Katrine, Ingvild(2), Amanda(4), Ragnhild, Elisabeth.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline