"Superlaurdag" i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2012

Då er det klart for ein ny spanande laurdag i Firdahallen.  Både dame og herrelaget i 3.divisjon skal ut i kampar mot høvesvis Voss og BSI, medan vårt unge jente15 lag skal møte Stryn 2.

Første kamp ut på laurdag er jentekampen mellom GHK og Stryn 2.  Stryn 2 er komen til etter sesongstart, og vert ein kamp eg trur Jostein sine jenter har gode moglegheiter til å vinne. I første heimekampen tapte ein mot Stryn 1, men den kampen synte at her er mange jenter, som med meir kamptrening og trening i lag, kan yte dei fleste laga i serien god motstand.

Så er det klart for damekamp mot Voss.  Det unge GHK laget har overraska dei fleste så langt i årets sesong.  Jentene står med 4 strake sigrar, og møter her eit lag som truleg er omlag på same nivå. Voss kjem frå ein storsiger over Bjørnar 2, og har truleg mykje sjølvtillit i bagasjen med til Sandane.  Korleis dette vil slå ut i kampen på laurdag gjennstår å sjå, men underteikna er budd på nye spanande minutt langs sidelinja.

Herrelaget møter så BSI. BSI har så langt 1 siger og 3 tap, men har møtt gode lag som Os og Kjøkkelvik.  Vi trur at om gutane til Bjørn Roth-Andenes skal halde liv i opprykksdraumen, skal denne kampen vinnast.  Utifrå kampane så langt i sesongen, og ikkje minst kampane til G18 laget, vil eg tru at GHK er favoritt.  Herrelaget til GHK denne sesongen er ei flott blanding av G18 laget og nokre fantastisk gode "veteranar".  Når laget får spelet til å gli som vi veit dei kan, er det truleg berre Os som er like gode i årets 3.divisjon. 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline