Heimekamp både for dame og herrelaget i 3.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2012

Det går mot ein spanande ettermiddag i Firdahallen på laurdag når K3 damene tar imot Gneist, og herrelaget får besøk av nabo Førde til eit skikkeleg lokaloppgjer.  Fest setebelta, her vert det liv!!

Damene til Kjell får den ultimate test kor laget står, når ubesigra Gneist kjem på besøk.  Bergenslaget står med to strake sigrar, og er venta heilt i toppen av 3.divisjon.  GHK kjem frå oppløftande sigrar i Bergen sist helg, og har med seg ein god porsjon sjølvtillit inn i denne kampen.  Til denne kampen er Celina Nordbø ikkje med, og fleire slit med småskader etter sist helg.  Likevel håper vi at det unge GHK laget vil gje Gneist kamp om poenga, og får synt seg fram frå si beste side ovanfor heimepublikumet.  Underteikna tar gjerne ein ny "gysare".

Herrelaget får besøk av naboen frå Førdebyen.  Førde har spela kun ein kamp, og den enda med "braktap" for BSI.  GHK kjem frå tap i toppoppgjeret mot Os sist helg, og er nok meir enn gira på å koma attende på vinnarsporet i denne kampen.  Faren her er at dei er overtende, men vi trur Bjørn klarer å motivere dei rett slik at publikum får ei feststund når Edvin & co entrar golvet på laurdag.  Vi trur Førde må reise heim utan poeng!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline