K5 damene med ny heimesiger (oppdatert)

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012

Damelaget i 5.divisjon gjorde ein ny flott heimekamp då dei knuste sognelaget Fjøra 30-20 på heimebane i Firdahallen i dag. Stillinga ved pause var 15-9 til GHK.  Kampens store profil var Malin Eikenes som skåra smått utrulege 13 mål.  K3 neste, Malin?

Malin Eikenes (til venstre) med 13 mål i kampen. Sofie Djupegot med 2 mål. (arkivbilde)

 

GHK sitt damelag i 5.divisjon har fått ein pangstart på årets sesong.  Lørdag ettermiddag kom den andre strake sigeren, då sognalaget Fjøra vart sendt heimatt til Sogndal med 10 minusmål i bagasjen.  Jentene til Ragnhild gav seg ikkje før det stod 30-20 i kamprapporten.  Kampen sin store profil må seiast å vere fotrappe Malin Eikenes som sette heile 13 ballar i nota bak Fjøra si målvakt.  Ellers var det gledeleg at Elise Øygard var tilbake på bana att, og at Helene Sundal, etter mange års fråvær, var på plass mellom stengene igjen. Håpet er at helsa "held", slik at desse to kan vere med å bidra på eit eller anna nivå i GHK framover.  Frå K3 laget var Ingunn Berg henta inn som forsterkning.                       

Frå start av kampen var det GHK som tok leiinga og held seg 2-3 mål føre.  Etter ein litt dårleg forsvarsperiode, tok Fjøra innpå og gjekk forbi med 2 mål.  Men jentene skjerpa seg  og kunne gå til pause med 6 måls leiing.  Andre omgong starta med eit par kjappe Fjøramål, men så gira jentene opp eit par hakk og såg seg aldri tilbake.  Godt forsvarspel og høgt tempo i angrep gjorde at GHK til slutt vann med 10 mål.

 Desse var med på den flotte sigeren: Benedikte Vederhus, Helene Sundal, Eline Aasebø, Malin Eikenes(13), Sofie Djupegot(2), Anne Kristin Haraldsvik(3), Turid Vilgun Aspheim, Benedikte Lotsberg(1), Marie Zachariassen(1), Ingunn Berg(5), Elise Øygard(4), Elise Tystad(1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.