G16 opna sesongen med storsiger

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2012

Gloppen-Florø 31-20 (13-10)

16-åringane viste i sesongens første kamp at dei blir å rekne med i år også. Florø blei slått klart i ein tidvis velspelt kamp.
Fornøgde gutar etter at tre av dei fekk sin debut i GHK trøya i dagens kamp. Sindre Flatjord, Jon Andreas Kornberg og Hans Kristian Seim Arnestad kan alle vere førnøgd med sin eigen innsats i dag. Mats Sollid Eide vart ikkje spelaklar i dag, men er klar til neste kamp.
Etter ein nølande start der stillinga lenge var 1-1 og Førø gjekk opp i 2-4 leiing tok kampen etterkvart fyr for våre gutar. Erlend byrja å treffe på langskota sine og forsvarsarbeidet vart skrudd opp fleire hakk. Dette førte til mykje rushmål utover omgangen. Till pause leia GHK 13-10.
Mange slike situasjoner i dag, Erlend heng høgt over Florø sitt forsvar og dundrar ballen i mål

Andre omgang starta slik som første og våre gutar drog sakte og sikker ifrå. Florø hadde vanskar med å kome til gode målsjangsar etter eit intensivt og godt forsvarsarbeid. Særleg Magnus Andre sitt arbeid i midten er imponerande, med god timing i støting og låsing, og hurtig fotarbeid tilbake. (sjå og lær). Peter hadde full kontroll på Florø sin storskyttar Olav Arne Sundal og det var tydleg å sjå at mange har trent godt sidan i fjor. Med Hans Sande tilbake for fullt denne sesongen og Mikael i storslag vart det tungt for Florø å stå i mot på slutten. 
Magnus-Andre Moritsgård synte strektakter av høg klasse. Her med eit av sine mål

Bakertst i mål vikarierte Jon Andreas Kornberg på imponerande vis og tok det meste som kom. Grunnen til at han måtte vikariere var at Mats Sollid Eide sine overganspapir ikkje er klar, men er i orden til neste kamp.

Det var også veldig kjekt å sjå at dei nye 97-modellane på laget blir viktige tilvekstar. Debutant Hans-Kristian Seim Arnestad scora på sin første sjangse på 16-årslaget og Sindre Flatjord løyste oppgåva som både kant og bakspelar på ein framifrå måte. Dette lovar godt framover.

Desse var med: Jon Andreas, Hans 6, Erlend 9, Lauritz 3, Magnus Andre 4, Mikael 8, Peter, Hans Kristian 1, Sindre, Sander.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline